Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Zugzwang

Av Jan Hårstad

Når ein vert nøydd til å velja millom tvo dårlege løysingar, heiter det på internasjonalt sjakkspråk Zugzwang. Etter at USA i mange år hadde ført krig i Irak utan eigenleg å skyna at dei hadde fare fram som leigesoldater for Iran sine stormaktsambisjonar i regionen, gjekk det med kvart upp for Det Kvite Huset at det var Iran som var hovudfienden.

Desse innsynene fører no um dagen til ei bratt umleggjing av utanrikspolitikken til bate for Sunni-straumdragi i arabisk politikk. Problemet med denne umleggjingi er berre at den krigføringi som alt hev vore mot sunniar i Fallujah, Ramadi og Samarra, for ikkje å tala um i Gaza, hev ført til ei radikalisering av sunniar som no flytter seg nærare Al-Qaida og andre brutalitetar.

Både Israel og USA ynskjer seg eit Midtausten nyuppkløyvt med heilt nye kart, ikkje berre vert Irak kløyvt i tri bitar, dei hev jamvel eigne planar for Libanon, Syria, Iran og Saudi-Arabia. No er det i augneblinken den merkelege alliansen Saudi-Arabia/Israel/USA som køyrer den nye lina si mot aksen Syria/Hizballah/Iran.

Det mest fantastiske som hev hendt på norsk "vinstresida" i det siste året var uppfatningi av at khomeinistane i libanesiske Hizballah var heroiske modellar for demokrati og framsteg. Alt det dette fortalde var at me snaudt hev nokor vinstresida i Noreg, men nokre forvirra romantikarar som trur alle som kjempar mot Israel må vera nokre store karar.

Frå Libanon vert det no fortalt at Hizballah er åt å setja upp ein eigen ministat. Velståande entreprenørar er på farta for å kaupa upp sunni- og drusar-landsbyar som ligg nord for Litani-elvi og med ein sving frå Bekaa-dalen til havet ved Tyr. I nær framtid er det ting som tyder på at det innanfor denne enklaven kjem til å verta utropa ein islamsk republikk - inne i den sjølvstendige staten Libanon. Alle i Libanon veit at innan året er umme kjem det til å koma ein ny krig, og 10 000 av dei mest velutdana og velståande hev alt pakka kufferten og er på veg ut or landet.

Det som er tydeleg for nokon kvar er at Saudi-Arabia og USA veltar inn økonomisk og militær studnad til regjeringi Saniora, som atter distribuerar desse resurssene til ikkje berre heren og politiet,men jamvel til sunni-miljø som dei trur kann tena som militære støytputor mot Hizballah. Her hev det vore nemnt gruppone Fatah al-Islam og Asbat al-Ansar, som faktisk er å finna under Al-Qaida-paraplyen, og som dei kloke strategane no meiner må til for å få knekt "hovudfienden" Iran-Hizballah. Dette må ein karakterisera både som Zugzwang og gambitt på same tid um det er råd. Strategien ser burt frå at hatet til Israel/USA i ein krigssituasjon kann verta langt større enn motsetnaden millom sunniar og shiaer når det blæs upp til krig. Det same prosjektet vart sett i gong i Palestina der ein vilde byggja upp Fatah militært for at desse skulde taka seg av Hamas, og Saudi-Arabia gjorde ein kraftfull freistnad på å kaupa Hamas ut or Iran sitt famntak under møtet i Mekka.

Når den israelske heren i helgi 23-24 feb gjekk inn i Nablus og kjempa ut regelrette slag er det av di denne byen hyser dei aller fleste av Hizballah sine innsmugla militære instruktørar, rakettekspertar og bombemakarar. Ein ser no korleides det byggjer seg upp ein vev i Midtausten der trådane kverv burt og dukkar upp att i ein komplisert ornamentikk.

Offisielt skal Syria og Iran vera militært allierte,men dette vert ikkje like lett når det kjem til spursmålet um kven som skal ha kontrollen på Hizballah. Religiøst og økonomisk er det ikkje tvil um at Iran er den tyngste, men når det gjeld meir kvardagslege, konkrete saker i militære og logistiske spørsmål, er Syria langt nærare, må vita. Herfylkingar frå Hizballah-styrkane gjeng inn som komponentar i den syriske militære planleggjingi - og den nye Hizballah-staten - til dess at den syriske grensa er rusta opp med lengre rakettar og nye bunkerar, reiduge til krig mot Israel.

Vituge folk, kva dei no skulde finna på å setja på seg av merkelappar, lyt i denne stoda slå eit slag for Libanon sitt nasjonale sjølvstende og suverenitet. Libanon er ein småstat med nær norsk folketal som i augneblinken hev vorte ei slagmark for imperialistisk krigføring. Og dette er noko som i nær framtid kann råka ein kva som helst slags småstat.

Ein rett politikk i denne stoda er å stydja alle åtgjerder som styrkjer Libanon sitt nasjonale sjølvstende, og kvasst avvisa at serskilde sekter krenkjer dette med å setja upp ministatar studde av regionale stormakter. Her trengst det ei klår avvising av norsk "vinstreside"-romantisering av politisk islam som - um me skal tru desse - hev vorte den nye bolsjevismen. Verre på viddotta kann ein snaudt koma.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!