Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Men størst av alt er fridomen

Av Christen Krogvig

Hege Storhaug:
Men størst av alt er friheten.
Om innvandringens konsekvenser.
Kagge Forlag, 2006. 276 sidor.

Tidlegare dagbladjournalist Hege Storhaug er med kvart vorti kjend som leidar for "Human Rights Services". Ho hev jamnt og trutt vore med i ordskifte knytte til ulike fylgjor av islam sin frammarsj i Noreg. I høve til islam er det ei rad ulike gruppor som kjenner seg truga av denne politiske ideologien i religiøs drakt.

Storhaug er fyrst og fremst feminist. Tidlegare hev ho gjeve ut fire bøker. Tri av dei tek upp kvinnor si stoda under islam og ei onnor tek fyre seg kvinnor og eteforstyrringar. Og i denne boki med tek ho upp slike emne. Boki tek til med soga um den afghanske kvinna Anooshe som skilde seg frå ein sers valdeleg ektemann ho aldri hadde ynskt seg. Eit heilt lokalsamfund vart uppmoda um å passa på henne, men ektemannen drap henne då ho skulde møta honom i retten. Anooshe hadde brote med den islamske sharia-lovi med di ho skilde seg og gjekk saman med dei "vantru" nordmennene. Slik meinte muslimane at ho hadde brote med islam. Og det er eit brotsverk det er dødsstraff for i islamsk rett.

Boki held fram med å kasta ljos yver korleides muslimane nyttar giftarmål for å kunne busetja seg i Noreg og slik forsyna seg av norske materielle verdiar. Men dei demokratiske og humanistiske tradisjonane våre svivyrder dei. Sume muslimar meiner at nordmenner, og serleg kvinnone våre, er skitne. Men pengane våre stinkar ikkje. Dei vil innvandrarane ha, fortel Storhaug. Men arbeida for dei er det mange av dei som ikkje vil, eller kanskje ikkje ein gong fær lov til? Muslimske kvende vert stengde inne i heimen og skal helst ikkje få vita korleides fridomen smakar. Ofta gifter muslimane seg med skyldfolk i heimlandet. Mange unge vert tvinga til å gifta seg. Ikkje av kjærleik, men for at familien skal kunna føra fleire menneske hit som kann forsyna seg av dei pengane "dei skitne nordmennene" svarar i skatt for arbeidet sitt.

Storhaug held fram med å gjera greida for skikken med kynslemlesting, umskjering av kvinnor. Slik lemlesting var funni opp fyre islam uppstod, og lemlestingi er berre påbodi i èin av dei muslimske lovskulane. Men skikken vart tilrådd av Muhammed. Storhaug argumenterar difor for at dette er ein skikk som ikkje kann lausrivast frå islamsk religion.

Desse vandemåli er nok velkjende for mange. Men boki kjem med ei rad døme på konkrete einskildsaker slik at lesaren i større mun skynar kor fælslege yvergripi må være for dei som kjem ut for dei. Når ein les boki, fær ein soleides ei kjensla av kva som motiverar forfattaren. Ho tykkjest å ha ei djup medkjensla med ofri for islam. Ho arbeider på heiltid med å avverja det ho er yvertydd um kann verta ein katastrofe for heile Europa, medan andre påstadne feministar og humanistar anten ikkje skynar kva som hender, eller ikkje bryr seg. Jamvel um Storhaug ser seg sjølv som ein feminist, tek ho i boki ei uppgjerd med norske feministar som er upptekne av bagatellar medan dei vender det dauve øyra til redselsskriki frå kvinnor og born som vert råka av dei mest groteske yvergrip i namnet åt Allah. Storhaug syner til at det er norske karar, ikkje feministane, som er mest upptekne av lidingane til innvandrarkvinnone i Noreg. Avsnittet endar slik: "Jeg vil overhodet ikke assosieres med denne formen for feminisme."

Storhaug skriv ikkje berre um tema knytte til islam i Europa og den påfylgjande tyningi av kvinnor, jødar og homofile. Ho tek upp heile breiddi i innvandringspolitikken. Ho fortel om ein muslimsk strategi for ekspansjon ved folketalsvekst (det er verdt å merka seg at nazistane var inne på same tanken). Og ho syner at folkesetnaden i dei muslimske landi berre aukar på, endå so mykje utvandring det er. Muslimane eksporterar fattigdomen sin til Europa og arbeider samstundes for å verta ein maktfaktor i vår heimslut med.

I dei seinste åri hev det kome fram ei rad andre urovekkjande fakta um innvandringi til Europa. Storhaug nemner til dømes dei økonomiske analysane som syner at innvandringi kann kosta Noreg heile oljeformua. Ho tek upp kaoset og anarkiet i europeiske forstader. Ho viser til etterrøkjingar som hev synt at millionar av europeiske muslimar styd terror mot Europa - det Europa som hev gjeve deim alt. Og verst av alt syner ho til framskrivingane som syner at Noreg og andre europeiske land kann få islamsk fleirtal innan 50-100 år.

Det hev longe vore kjent at um lag 2/3 av valdtektene i Oslo vert gjorde av innvandrarar. Kvifor denne vondskapen mot kvinnone i det landet som hev gjeve deim so mange milliardar? Jau, ei kvinna utan slør og som gjeng ute um kvelden, vert rekna som ein ikkje-muslim. Dei kann dei difor valdtaka.

Eg tykkjer Storhaug er ein av Noregs største heltar. Boki hennar er spanande og godt skrivi. Dei påstandi ho set fram samsvarar med det eg hev lese andre stader, utan at det vil segja at alt er sant. Men på meg verkar dokumentasjonen solid, og boki hev 20 sidor med kjeldetilvisingar. Storhaug er verkeleg ein ekspert på dette temaet. Eg vil tilrå denne boki til alle som ynskjer å forstå kva som hender med Europa. Men det er viktugt å taka kvileykter i lesingi. Elles kann ein verta for vonsviken medan ein les.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!