Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Kva tyder namnet?

Av Lars-Toralf Storstrand

Erveminnet fortel oss at Harald Hårfagre fekk det tilnamnet av di han let håret og skjegget sitt veksa og veksa til dess han hadde samla alle småkongedømi i Noreg under seg. No samla han rett nok ikkje heile Noreg, slìk me kjenner det i dag, men det er helder ikkje det eg skal retta nokre peikepinnar mot her.

Det er gjengs historisk syn her til lands at det var marginalt samband med keltiske folkegruppor fyre Vikingtidi, og berre liten kontakt, og då ikkje nemneverdug vensæl etter at vikingtidi byrja og skreid fram.

Underskrivne trur ikkje at det er rett.

Ei av årsakene til det er tette band millom norrønt og gælisk i etter måten mange ord - utan at det her er råd å koma nærare inn på det, i denne samanhangen.

Eg skal for skuld argumentet taka fyre meg tvo namn her; eit tilnamn og eit fyrenamn. Lat oss sjå på fyrenamnet fyrst. Det er namnet Øyvind - eller Eyvind.

Etter å ha konsultert ei rad namnebøker og uppslagsverk um namnet Øyvind rår det liten tvik um at det ikkje finst nokor sakssvarande forklaring på kva namnet eigenleg tyder. Men sume hev slutta seg til at det visstnok skal tyda:

"Frå gamalnorsk Eyvindr, som kem frå 'Ey', som tyder 'Øy' og 'Vindr' som anten tyder 'Siger' eller 'Vind'"

Vandemålet med ei slìk forklåring er at det kolliderar med namngjevingssedvanen elles. For å konkretisera det: Kva skulde vel "Øy-Vind" eller "Øy-Siger" eller "Øy-Sigrar" tyda? Det næraste ein kann koma, men det verkar meir fåmeint enn truverdug - er at det handlar um ein mann som hev sigra i "Holmgang" - og ikkje eit lite barn. Det finst no kor som er eit irsk-gælisk namn "Aoibhín, Aoibheann", som uttalest "Eivin, Eiven". Det namnet tyder "fager, vakker", og det er ikkje atypisk når det gjeld namngjeving av born.

Mot dette skal det setjast fram at det i moderne irsk-gælisk evlaust er eit gjentenamn - men det tyder ikkje at namnet hev vore kynslaust i tidlegare tider - eller at det kann hava skift kyn i kontakten millom folkeslagi. Det hev hendt med andre namn.

So skal me venda attende til Harald Hårfagre. For her finst det eit keltisk namn, lite bruka i dag - som tyder Hårfager - men ikkje i vår moderne meining "fagert, vent hår". Og ein kann alltids spyrja um hår og skjegg som veks ustelt gjenom eit tiår er for serleg fagert å rekna.

Men dersom me tenkjer "fager" i tydingi fin, tynn, som fjonut hår å rekna og so tek me fyre oss det gæliske namnet "Fionnbharr" (namnet hev ulike uttalar på ulike gæliske dialektar og 'b' er etter alt eg hev grunn til å tru tagall i uttalen), som tyder "tynt, fagert, dunut hår", so er det ikkje urimeleg at me er nær sanningi.

Når dette er sagt, legg eg med dette hovudet på blokki og ventar på at dei profesjonelle namneforskarane skal lyfta øksi. Takk for meg.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!