Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Det handlar framleis um høgnorsk

Av Olav Torheim

I ein reportasje frå 4. januar i år melder Bergens Tidende at nynorsken er på vikande front i flestalle hordalandskommunane. I Fjell på Sotra er bokmålsbrukarane åt å koma i fleirtal. Som på Ågotnes skule der talet på bokmålselevar berre det siste tiåret hev auka frå 11 til 40 prosent. -Held det fram slik, ottast eg nynorsken kjem til å døy ut, fortel norsklærar Ulf Aronsen.

Dei fleste elevane hans fortel at det er lettare med bokmål enn med nynorsk:

- Vi møter bokmål overalt. Nynorsk har så mange vanskelige ord som vi ikke bruker, meiner Elisabeth Aase og Isabell Ågotnes.

For 15 år sidan var det enno nynorskfleirtal i hordalandsskulane. No nærmar bokmålsbrukarane seg seksti prosent. Og diverre er det likt til at det som hender i Hordaland er lekk i ein landsumfemnande trend. Under titelen “Nynorsken forsvinner” fortel NRK Telemark i eit nyhendeuppslag den 15. januar at talet på nynorskelevar i fylket hev vorte redusert dei siste 14 åri frå 21 til 14 prosent. Det skulde vera uturvande å slå fast at dette er dramatisk.

Noregs Mållag fortel på si sida at dei er svært medvitne på det som hender, og dei hev stødt kampanjar der dei freistar å få skuleelevar til å stå i mot språkpresset og halda på sin eigen identitet og kultur. Det fortel Hege Myklebust i ein kommentar til Bergens Tidende.

Diverre so trur ikkje me at fleire kampanjar er uppskrifti for å få ungdomar til å halda på nynorsken. Det kann måhenda demma upp, men det kann ikkje snu straumen. Dei ungdomane som BT hev tala med gjev eit klårt og greidt svar på kvifor dei hev bytt til bokmål, og det er ikkje ulikt den grunngjevingi me hev høyrt frå andre: Det er ikkje det at dei kjenner seg språkleg og kulturelt undertrykte, men at dei endå dei hev budd i ein nynorskkommune heile sitt liv uppliver nynorsken som vandslegare å skriva enn sidemålet bokmål.

Dette er vitnemål som me må taka ålvorlegt. For hev me nokon gong høyrt um bokmålselevar som vil skifta målform av di dei tykkjer nynorsk er lettare å skriva enn bokmål?

Når elevane på Ågotnes klagar yver at skulenynorsken inneheld so mange ord som dei ikkje nyttar i daglegtala, kann ein alltids leggja i mot at slik er det i bokmålet med. Men det hjelper berre ikkje, for her kjem ein til det andre poenget i argumentasjonen åt skuleelevane: Dei møter bokmål yveralt, og det er det som legg premissane for korleides dei tenkjer um språk. Som ein ungdom frå Nerstrand i Rogaland sa til meg i ein diskusjon: -Eg seier ikkje “høyra”, eg seier “høra”. Difor hev eg bytt til bokmål, der heiter det “høre”.

I festtalar vert det gjerne sagt at nynorsken stend sterkare enn nokon gong, og at det finst ein halv million nynorskbrukarar. Likevel er det slik at dei mest selde avisone i nynorskkommunane Volda og Ørsta ikkje er Møre og Møre-nytt, men Dagbladet og VG. Ungdomen i “nynorskland” fylgjer med på dei same TV-kanalane og surfar på dei same nettstadene som jamaldringane i Oslo gjer. Det må vera litt av eit paradoks at i eit lite språksamfund som Island, med sine 200.000 språkbrukarar, kann ungane sjå teiknefilmar um Ole Brumm og Mikke Mus med islendsk tala, medan det i Noreg er praktisk tala umogleg å få kjøpt ein einaste DVD med barnefilm på nynorsk. Det siste var det ein kamerat som nyleg gjorde meg merksam på. Ein av kollegaene hans hadde ein son som såg so mykje teiknefilm på bokmål at han heilt hadde slutta å tala dialekt. Når han tok til på skulen, undrast foreldri på um dei skulde be um at han fekk bokmål som hovudmål med.

Dei usystematiske rettskrivingsreformene framigjenom hev gjort nynorsken til eit språk ein stødt lyt ha siste utgåva av nynorskordlista for å kunna skriva, medan bokmålet greider jamvel tri-fireåringar å nytta korrekt når dei hermer det dei hev høyrt i radio og fjernsyn. Slik hev dagsens nynorsk - som skulde vera so pedagogisk med di han gav folk fridom til å skriva slik dei sjølve snakka - vorte til ei leikegrind for ein språkleg elite - dei fåe ressurspersonane som vil ha si eigi personlege rettskriving på repertoaret. Slikt er ikkje serskilt pedagogisk andsynes folk flest, som vil ha eit greidt og einskapleg mål, og som difor vel bokmål. So mykje for nynorsken som det “folkelege” og “motkulturelle” alternativet.

Men den nynorsken som Ivar Aasen sette upp var faktisk både einskapleg og lett å læra. Han hadde dei kvalitative fyremunene som gjorde honom tevlefør med norskdansken. Vil me snu dei negative straumdragi, er høgnorskspursmålet ikkje til å koma i frå.

For når nynorsken er so lite synleg i samfundet som han er i dag, er det di meir viktugt at den nynorsken som i røyndi kjem fram er markert og einskapleg. Slik kann skriftbilæti litt etter litt få festa seg, og lesarane fær øvd upp språkkjensla, so det med kvart kjem intuitivt - og utan Helleviks ordlista - kva som er godt eller låkt mål.

Til slutt vil eg syna til eit uppslag i avisa Smaalenene frå 12. januar i år. Her kjem det fram at 70 prosent av bokmålselevane er negative til å læra nynorsk. Når elevane vert spurde um kvifor, fær avisa fylgjande svar: – Vi forstår nynorsk uten å undervises i det, de to språkene ligger såpass tett opptil hverandre, fortel 17-åringen Petter Mælnes (som i det same uppslaget poserar med ei brennande nynorsk ordlista).

Ein klår og markert nynorsk vilde ikkje berre vera eit tydelegare språkleg alternativ for dei med nynorsk som sidemål. Han kunde gjeva nynorskelevane språklege ideal so dei i staden for å klaga yver “vanskelige ord” helder vilde gjera som bokmålsbrukarane - arbeida med språket sitt og læra det - jamvel betre enn sidemålet.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!