Bruce Bawer,
While Europe slept - How radical islam is destroying the west from within,
Random House, 2006,
237 sidor, engelsk tekst.
Forfattaren sitt hovudsynspunkt er samla i undertitelen, "korleides
radikal islam øydelegg Europa frå innsida". Bawer syner til ei rad
kjeldor og hendingar som syner at Europa er åt å verta kolonisera av
islamistar. Islamismen er etter det Bawer fortel ein ideologi som tvers
igjenom er i strid med dei mest grunnleggjande verdiane eit liberalt
samfund er tufta på. Toleranse andsynes menneske med anna livssyn,
toleranse andsynes menneske med onnor seksuell orientering og tanken um
jamstelling og likeverd for kvende er alle verdiar truga av islam. Bawer
syner her til store mengder dokumentasjon som underbyggjer at muslimske
innvandrarar ikkje vert assimilera i dei landi dei flytter inn i.
Snarare tvert i mot. Dei vel å halda seg for seg sjølve og fremja sin
eigen islamske kultur som den rådande og suverene. Soleides kann
muslimane kolonisera Europa, der dei litt etter litt byter ut
demokratiske og liberale verdiar med den udemokratiske tynarideologien
som heiter islamisme. Og som kolonistar flest syner mange av dei suveren
vanvyrdnad for verdiane åt dei som vert kolonisera, dei reknar oss for
dekadente og feige. Likevel er dei mer enn viljuge til å nytta seg av
dei velferdstilbodi som me gjev deim. Æra er viktugt for muslimane, men
å brødfø seg sjølv er ingi æressak for deim, skal me tru forfattaren.
For å illustrera dette poenget vert det synt til ei rad ulike døme på
skortande europeisk evna, eller vilje, til å hevda nasjonal suverenitet
og liberale vestlege verdiar: I Frankrike er det bydelar der franske
tenestemenner held seg heilt utanfor, av di dei hev age for muslimane
som no "eig distrikti". På same måten vert muslimske gjentor
kynslemlesta utan at styresmaktene grip inn, jødiske og kristne born
kjem ut for vald og trakassering på skulen og innvandrarar frå muslimske
land toppar valdtektsstatistikken. I Nederlend hev det gjenge so langt
at mange vel å reisa frå landet av di muslimane hev gjort det svært
vandsleg å bu vidare i eige heimland. Og slik kann ein halda fram. Dømi
på fæle konsekvensar i kjølvatnet av masseinnvandringi er tallause, men
den europeiske makteliten svarer med å stikka hovudet i sanden og
intensivera kampen mot dei som torer tala um det som hender.
Eit anna aspekt ved denne tilskeivingi er framvoksteren av jødehat.
Dette jødehatet hev langt på veg vorte drive fram av vinstresida sitt
krosstog mot Israel, men samstundes syg det ny næring frå den nedervde
muslimske antisemittismen. Det faktum at Israel, i motsetnad til Europa,
ikkje legg seg flate for islamistane, hev gjort sitt til at denne
antisemittismen hev loga upp att. Bawer syner til ei rad døme på
korleides jødiske born dagleg vert trakassera yver heile kontinentet.
Slik Bawer ser det er jødane sjølve atterhaldne med å tala um dette for
å ikkje skjerpa konflikten. Men i Frankrike hev yvergripi mot jødar
fenge eit slikt umfang at den tidlegare israelske statsministeren Ariel
Sharon i 2004 uppmoda alle franske jødar om å reisa frå landet. So snøgt
som råd var. Og Bawer fortel vidare i detaljar um korleides
antisemittismen atter er vorten politisk korrekt, millom anna i Noreg.
Endå det for etniske nordmenner rett nok er mest vanleg å pakka dette
huglaget inn i vendingar som "kritikk mot Israel".
Men forfattaren, som er homofil, er ikkje minst ihuga for dei rettane
som denne gruppa hev uppnått. Han hev tidlegare gjenge til åtak på
kristenfundamentalistar som ikkje godtek homofili. Men stelt andsynes
krefter som gjeng til åtak på honom fysisk (han fortel um at han sjølv
og sambuaren hans hev vorte utsette for fysisk vald på grunn av at dei
er homoseksuelle), innser han at dei kristne djupast sett er alliera med
honom, etter di dei likevel ynskjer å lata homofile liva i fred.
Og Bawer hev mange fleire gode poeng. Eitt av deim er illusjonen um kor
upplyste me nordmenner er. Takk vere millom anna pressestudnaden er
Noreg på verdstoppen i avislesing pr. ibuar. Då forfattaren flutte til
Noreg, vona han difor å møta eit upplyst folk. Men Bawer vart snart
vonbroten. For på ei rad spursmål var norske journalistar upplærde til å
meina det same. Bawer peikar på at i Europa er fyremålet med
kommenterande journalistikk som oftast ikkje å bringa inn nye
perspektiv, men å minna folk um kva dei skal meina. I USA, hævder Bawer,
er det langt større breidd innanfor journalistikken. Bawer peikar på at
det som i USA vert umtala som "europeiske synsmåtar" fyrst og fremst er
eliten sine synsmåtar, og at fråstandet millom det som vert rekna som
"europeiske synsmåtar" og det europearar faktisk meiner, kann vera
stort.
Umframt hovudsynspunktet tek forfattaren upp andre europeiske tilhøve
som han mislikar sterkt. Eitt av deim er anti-amerikanismen. Eit anna er
skort på realpolitisk innsikt. I faret åt antiamerikanismen fylgjer
pasifismen. Bawer er ein amerikansk skribent, og glad i heimlandet sitt
og den fridomsideologien som USA er tufta på. Men då Bawer for nokre år
sidan flutte fyrst til Nederland og seinare til Noreg, vart han
bombardera av sinnbilete som han ikkje lika.
Bawer er tydeleg nok svært arg på den europeiske hetsen mot USA, landet
som hev berga Europa mange gonger (skal me tru forfattaren kann ein koma
til å trenga fleire militære bergingsaksjonar!). For alt amerikansk vert
umtala i nedsetjande ordelag. Og europearar er uhøflege nok til å bretta
ut misnøgja si når amerikanarar kjem på gjesting. Noko slikt gjer ikkje
amerikanarar mot europearar som gjestar deim. Det gjer ikkje saki betre
at kritikken som oftast er bygd på vantande realpolitiske innsyner, og
Bawer er luta leid det heile. So leid at boki stend fram som eit motåtak
på heile tenkjingi og retorikken åt den europeiske "eliten".
Men den krasse kritikken vert diverre mest like unyansera som som den
europeiske kritikken mot USA. Til dømes syner han ingi skynsemd for den
misnøgja som kom med det amerikanske åtaket på Irak. Som me hugsar var
grunnlaget for krigen fåren for misbruk av massedråpsvåpen. Slike våpen
vart berre funne i sers småe mengder etter invasjonen.
Men Bawer hev rett i at det europeiske ynsket um fred for kvar ein pris
er fårlegt. Islamistane er berre so altfor viljuge til å slåst for
territorium, og for at deira eigne verdiar skal få råda. Amerikanarane
er viljuge til å kjempa for fridomen sin og dei vestlege verdiane, men
forfattaren vert forstøkt yver at europearane ikkje er viljuge til å
slåst for noko slag. Likevel hadde framstellingi styrkt seg på ei betre
forståing for at europearar flest ikkje tykkjer noko um at Bush gjekk
til krig på eit grunnlag som ikkje hev late seg underbyggja yvertydande
nok i den vestlege pressa i ettertid. Mange amerikanarar er samde med
europearane i dette, uten at det gjer deim til uvener av USA av den
grunn.
Det er ei rad andre døme med som illustrerar at europearane vantar
handlekraft. I Nederland er både ein leidande politikar, Pim Fortuyn, og
den kontroversielle filmskaparen, Theo van Gogh, drepne. Men eliten
vaknar ikkje upp. Den leidande opposisjonspolitikaren i landet, Geert
Wilders, lyt sova i ei fengselscella av di riksstyret ikkje kann, eller
ikkje vil, finna verksame åtgjerder til å kontrollera kreftene attum
terroren.
Det er denne skortande handlekrafti som leider boki fram til ein høgst
pessimistisk konklusjon. Men me kann gleda oss yver at Bawer ser eit
ljospunkt i Danmark. Her hev millom anna Dansk Folkeparti gjort eit
framifrå godt arbeid. Noko tilsvarande finst ikkje i Noreg enno. Men han
hev ei liti von for Noreg med. For her hev vinstresida enno ikkje makta
å stogga feiringi av 17. mai. Me hev sagt nei til EU og det er ikkje
alle nordmennene som svivyrder upphavet sitt, samheldeverdiane og dei
kristne verdiane.
Bruce Bawer hev tidlegare gjeve ut "Beyond Queer" og "Stealing Jesus"
som båe handlar um samfundet sitt syn på homofili. Då eg las "When
Europe slept," fekk eg tokken av at Bawer heldt seg godt ute til høgre i
Det republikanske partiet i USA, og at det er mykje av grunnen til det
store fråstandet han kjenner til europeisk vinstresida. Men Bawer skal
visst kalla seg sjølv for "libertarianar" og vera registrera som
demokratveljar.
I dei seinste åri hev det vorte gjeve ut ei rad bøker som handlar um den
fåren som masseinnvandringi og islamiseringi er for Europa. Dei ulike
bøkene hev litt ulike innfallsvinklar i høve til denne problematikken.
Sume tek fyre seg islam frå ein teoretisk ståstad. Andre forkynnar
kristendom og atter andre er nasjonalistiske. Innfallsvinkelen åt Bawer
er eit vern um liberale verdiar, men ikkje berre det, han stend jamvel
upp for verdiane åt dei europeiske nasjonane og serhåtten deira. For min
eigen part hev eg tykt godt um alle dei bøkene eg hev lese um slike
emne. Kann henda av di eg vert kveikt av at nokon i det heile torer og
idest å taka dette upp?
Styrken åt denne boki er ikkje teoretisk analyse av islam, men ei
verdfull mannjamning millom amerikanske og europeiske tilhøve og
dessutan eit fokus på nyhendeuppslag. Det siste er med på å få påstandi
frå forfattaren til å stå fram som godt dokumentera. Eg vil difor på det
sterkaste tilrå denne domedagsprofetien yver Europa sedd med amerikanske
augo.