Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

I skuggen av "Flommen"

Av Lars Bjarne Marøy

Jonny Halberg er ein av dei mest umtala forfattarane i samtidi. Halberg debuterte i 1989, då var han 27 år gamal. Han hadde fyrst prøvt seg som lyrikar, men fekk ikkje gjeve ut nokor lyrikksamling. Det var novellegenren som fekk forlaget til å få augo upp for forfattaren. Novellone er fyndige og hev serhått. Seinare hev Halberg freista seg som manusskribent saman med Pål Slettaune. Dei tvo hev havt lukka med filmane "Budbringeren" og "Amatørene". Men det var romanen "Flommen" som verkeleg fekk Halberg til å slå igjenom som forfattar. Boki vekte stor åtgaum. Romanane "Trass" og "Gå til fjellet" hev vorte sette i samband med "Flommen", og det hev vorte vanlegt å umtala dei tri bøkene som ein trilogi.

Endå Flommen-trilogien hev vorte mykje umtala, hev eg fest meg sterkt til filmane og boki "En uskyldig tid" med.

"Budbringeren"

Budbringeren gjekk på kino på slutten av 1990-talet. Filmen hev enno ikkje kome på DVD. Han ligg einast fyre i gamalt VHS-format. Filmen skildrar livet til ein noko mislukka postmann som vert nedslegen på jobben. Det skjer lite spanande i livet hans og kollegaene tergar honom. Han vert fascinert av ei tunghøyrd gjenta og lurar seg inn til henne etter at ho hev gløymt att lykjelen i postboksen. Medan han er heime hjå henne, kjem ho heim og freistar å taka livet av seg. Han bergar henne og fær henne til sjukehus.

Når dama er på sjukehus, inviterar han med seg ei hora inn i husværet hennar. Medan postmannen var åleine i husværet til gjenta, ringde ein sint mann som heitte Georg. Postmannen umtalar seg sjølv som Georg til hora. Hora tek seg til rette i husværet. Det fær postmannen til å verta sint, og han jagar henne på dør. Ho trugar honom med hemn.

Det syner seg at den tunghøyrde gjenta hev vore med på å lagra eit ransutbyte, når postmannen stikk av med nokre av pengane skapar dette forviklingar. Det heldige er at når Georg vil ha orden i sakene, kjem hora etter med tvo torpedoar. Dei bankar Georg, og postmannen og dama stikk av med ein møyrbanka Georg på slep. Det heile endar med at Georg vert slept burt til ein gøymestad av postmannen. Gjenta stikk av frå postmannen. Han fylgjer henne, men ho vil ikkje vita av honom av di ho hev funne ut at han hev lura seg inn til henne, medan ho var ute. Enden er uviss. Vert/er ho forelska i honom eller vil ho berre verta kvitt honom? Alle handlingstrådane vert ikkje knytte skikkeleg saman.

Det er likevel rimeleg å rekna postmannen for den mest dynamiske personen i filmen. Frå å vera ein nokso tafatt og varsam person som freistar å løyna seg når han fær nærgåande spursmål um privatlivet, byrjar det verkeleg å skjota fart etter nedslåingi på postruta og etter at han lurar seg inn i husværet til gjenta. Dette er tydelege vendepunkt. Dei hine personane verkar meir statiske og vert berre skildra på yta.

Undantaket er gjenta som me fær vita litt um. Me fær inntrykk av at ho hev havt eit ordna liv som reinserimedarbeidar, men at ho òg hev havt eit liv på skråplanet i tilknyting til det ransutbytet som ho hev havt liggjande heime. Ho må ha havt ei personleg krisa, ho med, som gjer at ho freistar å taka livet av seg, men i det store og det heile er det vanskeleg å segja anna enn at ho er ein litt mystisk karakter.

Synsvinkelen ligg fast på postmannen, og me fær sympati for honom, jamvel um sympatien sumtid vert fyld med skepsis. Vil han verkeleg kunna venda attende til jobben som postmann, etter at han hev rota burt ein masse post? Sumtid verkar han både viljeveik og rørute, men på slutten hev han nokre gonger evna til å skjera igjenom. Når Georg er på jakt etter gjenta med ransutbytet, verkar han sumtid sers resolutt og handlekraftig. Han syner seg som litt av ein luring når han umtalar seg sjølv som Georg til hora.

Miljøet er eit typisk Oslo-miljø. Hovudpersonen hev i starten mest kontakt med folki på jobben, og det er dei som utgjer det tettaste netverket hans, men med kvart fær han kontakt med eit nytt netverk som ikkje er like trygt og solid. Heile tidi hev me ein tokke av at hovudpersonen er eit bymenneske som kjenner bylivet, sjargongen og umgangsformi godt, men som likevel kjenner seg framandgjord i høve til å finna sin eigen plass i dette miljøet. Han lyg og diktar upp ting, spelar truskuldig og lurar undan post utan at det ser ut til å spela nokor stor rolla for han. Stiltonen verkar litt grå og kaotisk. Det er eit typisk bymiljø der det er rik tilgang på personar og situasjonar som kann få ein til å skifta stemning nokso kjapt.

Motivet ser ut til å vera å taka fram ein godt vaksen ungkar og syna korleis han møter nye sidor ved livet. Han er på sett og vis ein antihelt. Ein mann som vert nedslegen verkar ikkje serleg mandig. Postmannen vert likevel hylla for at han heldt fast på postveska og ikkje gav henne frå seg til yverfallsmennene. Men han avsannar straks at han var nokon helt når venene hans talar med honom. Eg heldt fast på veska av di eg ikkje greidde å sleppa henne, slær han fast og freistar å snu seg undan heile heltestatusen. Det er nesten som at han ikkje likar alt uppstusset. Det gjev honom størst status å bagatelisera det heile. Det ligg òg eit kjærleiksmotiv i filmen. Det er tydeleg at postmannen vert maktstolen av den tunghøyrde gjenta frå fyrste stund av. Han er forelska, og han skal finna ut av henne.

Temaet kann vera knytt til freistnaden på å få seg eit meiningsfullt liv når det skjer noko som gjer at dei daglege rutinane vert brotne. Kjærleiksmotivet fører tankane inn på at det er ein yvergang millom å vera åleine og å vera saman um livet. Når tvo skal leva saman fungerar det dårleg å ljuga og lura seg undan problem. Komplikasjonane rundt dei fortidige handlingane til gjenta fylgjer med henne, og postmannen rotar seg upp i nye forviklingar undervegs. Det er tydelegvis mykje å rydja upp i um dei tvo skal leva saman.

Bodskapen kann kanskje vera knytt til å finna ut kva ein vil med livet sitt, prøva seg fram og vinna nye sannkjenningar.

En uskyldig tid

"En uskyldig tid" er nok for mange kritikarar ei utypisk bok for Halberg. Dei hev vendt seg til og plassert Halberg inn i forteljingar frå bygde-Noreg der hovudpersonane er trauste verjesmenner for tradisjonelle sosialdemokratiske verdiar, noko som ikkje er upplagt, men som hev vorte ein etikett som hev vorte klistra til Halberg til liks med termen "skitten realisme". Medan “Flommen” vann kritikarane med storm og førde til at Halberg fekk Kritikarprisen, fekk "En uskylig tid" ei meir blanda mottaking. Forfattaren lika ikkje umtala frå Øystein Rottem som kalla boki ein "røvarroman". Forfattaren lyt derimot medgjeva at han verkeleg tok ut heile registeret av fantasi og morosame påfunn då han skreiv boki, og forfattaren kann vel òg vera med på at komposisjonen kunde ha vore litt stramare, sume einskildståande hendingar heng i lause lufti.

Det som fær meg til å verta uppglødd for boki er at ho er ei typisk gutebok. I ei tid då gutar vert uppmoda til å lesa fleire skjønnlitterære bøker, og då dei kvinnelege forfattarane tek grep um oss med store umsutskjenslor anten dei skriv romanar eller andre bøker, er det godt å ha ein forfattar som slett ikkje byggjer upp ein klam mur av umsut eller av innfløkte intrigar. I "En uskyldig tid" er det konfrontasjonane og viljen til å taka sterke og klåre uppgjerder som stend i sentrum. Dette er ei bok for dei som tenkjer på alt dei skulde eller kunde ha gjort. Det er ei bok for gutar og menn med store visjonar, men som samstundes vert tvinga attende til dei jordnære realitetane når dei møter sine yvermenn.

Boki tek til i Moss. Hovudpersonen, Jan, og dama hans, Julie, er kjende med eit anna par. På ein varm sumardag hev Jan samlægje med dama til venen sin. Det skal visa seg å vera lagnadtungt når ho seinare vert umhender (gravid). Jan og Julie hev mist sonen David i ei trafikkulukka. Mannen attum ulukka er gamal og slapp undan. Dette plågar visst samlivet millom deim. Når Julie finn ut um sidespranget hans Jan, fortel ho at ho hev havt ein elskar yver lang tid. Den mystiske Rein Skåde sviv ikring hovudpersonen og Julie. Ein stad fær me vita at han ikkje stend i folkeregisteret, men elles vert det fortalt lite um honom i starten av boki.

Når mannen til Linn finn ut at Jan hev lege med henne, fer han yver til Jan og bankar honom upp. Jan vert liggjande sjuk i mange dagar etterpå. I denne tidi er det Rein Skåde som tek seg av honom. Det er òg Skåde som hjelper Jan med å verta kvitt fare til Julie. Faren er svært uppteken av Julie, og han hev vore viljug til å skaffa Jan ein god bustad og trygg jobb. Men Jan ynskjer ikkje det - han vil heller jobba på fabrikk.

Med kvart som Jan kviknar til, vaknar tanken på å finna att Julie. Spori leider honom i fyrste umgang til Danmark og København. Rein Skåde eggjar Jan til å realisera desse planane, endå det vert økonomiske startvanskar. Skåde viser seg etterkvart som ein profesjonell kjeltring som ikkje gjeng av vegen korkje for tjuvskap av pengar eller bilar. I København finn dei ut at Julie hev reist til Tsjekkia. Det fører deim til byen Dubi som ligg på grensa millom Tsjekkia og Tyskland.

Etter mykje leiting er det òg her Jan finn att Julie. Julie er prostituert, og Jan og Skåde er innum eit utal av horehus fyre det lukkast å spora upp Julie. Sumtid er Jan åleine i lange bolkar. Skåde er innblanda i eit mafianetverk gjenom den godt tilårskomne sjefen Herder. Herder tek seg av Skåde, men Skåde hev ei blygsellaus framferd og hev lagt seg ut med andre av mafiafolki. Det gjer at Skåde heilt tydeleg er åt å missa kontrollen yver deim og dimed yver det som sikrar honom utkomet.

Det endar med at Skåde vert myrda medan Jan ser på. Jan sjølv vert teken til fange. Etter at han hev vorte grovt torturert, vert han funnen som eit mystisk psykiatrisk tilfelle med minnetap i Sveits. I millomtidi hev Julie rømt og kome seg attende til Noreg. Her syner det seg at ho hev teke livet av mannen som køyrde ned David. Ho hamnar i fengsel, medan Jan vert utskriven frå psykiatrisk sjukehus. Jan fær seg jobb som hestepassar på sjukehuset. Der vil han vera til Julie kjem ut or fengselet.

Personskildringi er knytt til ein 1. personforteljar, Jan. Jan kann vel tenkjast å vera i 30-åri. Han hev vore ute på skråplanet tidlegare. No hev han freista seg som kulturarbeidar utan å lukkast, og han ynskjer å leva eit einfelt og greidt liv, difor hev han ingenting i mot monotont arbeid som til dømes på golvet i ein fabrikk. Det er lett å få samhug for Jan. Han er eit menneske som hev slege seg til ro med det livet byd honom. Han verkar umtykt millom damone og er sers målretta når han set seg noko i hovudet. På same tid er han fyld med fleire mjuke sidor.

Han kjenner umsut for Skåde og tek seg av honom millom anna når Skåde vert for drjug på flaska og skeider totalt ut. Venskapen med Rein Skåde fær òg fram korleis han kann lata seg trollbinda av dei som er sterkare eller flinkare enn honom sjølv på ulike umkverve.

Ein lyt vel segja at Jan er ein nokso statisk person gjenom boki. Det er vel like fullt eit vendepunkt då Jan vil reisa saman med Rein Skåde til utlandet på jakt etter Julie. Men me fær ein tokke av at det er noko som er fastlagt ut frå at hovudpersonen hev mange ulike disposisjonar i personlegdomen sin. Han kann snøgt skifta millom åndsarbeid og kroppsarbeid, millom å stikka seg burt på ein viljeveik måte eller stiga fram som den handlekraftige. Det er soleis mykje som er fast hjå Jan endå det vert nokre umskifte kring honom, men på eitt umkverve skjer det noko drastisk etter torturen frå mafianettverket til Skåde. Jan gjev slepp på alle personlege upplysningar. Det vert sagt um honom at han var det mest giruge menneske på personlege upplysningar som dokteren på det psykiatriske sjukehuset hadde kome ut for. Ikkje ein gong eit møte millom Jan og Julie gjev dei tilsette på sjukehuset svar på um Jan er den dei trur han er. Slik sèt kann ein vel segja at turen hev sett varande merke hjå Jan. No hev han ikkje lyst til å gjeva seg til kjenne. Um han ikkje torer eller um det er sjølvpålagd tagnad, fær me ikkje vita. Hendingane millom torturen og den mystiske attendevendingi frå den kriminelle underverdi i Sveits kjem ikkje fram i boki. Her lyt ein lesa millom linone, men det er klårt at det hev skjett noko med Jan under fangenskapen og at dette på ein eller annan måte må ha sett uutslettelege spor. Slik sett må ein kannhenda konkludera med at Jan er ein dynamisk person, men han verkar ikkje som nokon lukkelegare person på slutten. Han verkar meir som ein herda person.

Fråstandet til Jan i sluttbolken er berrsynt og understrekar at dette er eit klimaks. I heile boki hev Jan fortalt si soga, men på slutten vert han berre skildra på ein ytre måte. Det verkar sers sterkt på lesaren som i realiteten ikkje ein gong kann vera viss på at det er Jan det vert fortalt um. Eg fær assosiasjonar til ein torturmetode som visstnok skal vera av dei meir makabre. Ein tek ein sekk yver hovudet på offeret, køyrer vedkomande til ein stad der det er audt og gjev seg til å skjota upp i lufti. Offeret kann ikkje vera viss på at det ikkje vert treft kva tid som helst og vert heilt ørvæn. Avslutningi av eg-forteljingi med at forteljaren ligg basta og bunden i ein myrk kjellar og yvergangen til ytre skildring set forteljingi inn i eit fint relieff. Det syner oss at han ikkje orkar å fortelja lenger. Evna til å fortelja um det som skjer med honom sjølv vert heilt burte, kannhenda jamvel minnet um det som hev vorte fortalt. Det er eit drastisk uppbrot og ein sers tydeleg slutt. Det syner at forfattaren hev ei god evna til å disponera forteljingi.

Rein Skåde spelar ei litt perifer rolla i byrjingi av romanen, men han vert meir sentral utyver i boki. Men alt i starten er hovudpersonen uppteken av kven Skåde er. Han fylgjer etter honom og uppdagar at han bur i eit hus som er falleferdugt. Han finn ut at Skåde ikkje er registrert i folkeregisteret. Me fær òg eit inntrykk av Skåde avdi hovudpersonen segjer at han ikkje bryr seg med kva Skåde driv med. Heile tidi nyttar forfataren ei ytre skildring av Skåde. Me fær kjennskap til Skåde gjenom tankane åt hovudpersonen og gjenom korleis Skåde fortel og måten han fer fram på. Mot slutten fær me òg høyra kva "Herder", sjefen i mafianetverket, meiner um Skåde. Til slutt fortel Skåde um kvifor det er folk etter han som skal taka honom. Um hovudpersonen vert nøgd med denne forklåringi er ikkje heilt visst. Skåde er ein samansett karakter. Med dei mange fylleorgiane sine og den kyniske haldningi si til alt som tener honom sjølv, fær me ikkje utan vidare noko sympatisk inntrykk. Det beste ein kunde segja um Skåde er vel at han hev stor umtanke for Jan. Men med kvart kjem me i tvil um dette òg. Me veit ikkje for vel kvifor han vil reisa frå Noreg, men når han fyrst kjem nedyver på kontinentet verkar det som at han hev etter måten mange gjeremål som tek honom burt frå Jan. Ein kunde kann henda tala um ei utvikling frå å verta uppfatta som sympatisk til å verta meir mangtydig og jamvel egoistisk.

Julie er nok den mest interessante personen. Serleg sidan ho ikkje vert umtala noko serleg etter at ho forlet hovudpersonen. For hovudpersonen verkar manisk uppteken av å finna henne att. Det er noko som bind honom til henne. Ho vert derimot framsteld som ein meir sjølvstendig og sterk person. I eit attendeblikk skildrar Jan korleis den gravide Julie skjer yver strupen på eit halvdaudt dyr som hev vorte påkøyrt. Det hev gjort eit uutsletteleg inntrykk på Jan, og han kjenner at han ligg under for Julie på dette umkvervet.

Det hev vore ein konflikt millom Jan og faren av di Julie er ei vestkantgjenta som hev forelska seg i Jan. Faren til Julie er rik, medan Jan og Julie lyt brødfø seg som best dei kann. Julie hev stukke av mange gonger både då ho var unggjenta og budde heime og etter at ho kom saman med Jan.

Forfattaren sparar på årsaki til at Julie forlet Jan heilt til slutt. Årsaki kunde vera so einfeld at ho forlet Jan av di ho var ferdug med honom etter at han hadde vore utru. Det verkar òg slik i Tsjekkia. Då Julie fyrst møter att Jan, freistar ho å snakka seg burt frå han. Ho talar tysk med aust-europeisk-aksent og nektar å skyna Jan når han talar norsk til henne. Men ho smeltar til slutt, og ho rømer til slutt attende til Noreg.

Det me ikkje fær vita er at det er eit mord som hev ført Julie på flukt til utlandet. Det fær oss til å tenkja yver um det var slik at Julie måtte taka ei uppgjer med fortidi når ho fær vita at Jan hev sett barn på veninna hennar. Det er under alle umstende noko byrgt og ærerikt, men samstundes sjølvpinande yver Julie. Med det utgangspunktet ho hev, skulde ho ikkje trenga å ha nokon økonomiske vanskar. Det er soleis ikkje pengeproblem som leider henne inn i prostitusjonen frå fyrst av. Det verkar meir som ei slags soning og ein måte å koma seg undan det offisielle systemet på. Det er neppe nokon frå politiet som vil venta å finna ei norsk kvinna som prostituert i Tsjekkia, slik sett er påfunnet slett ikkje so dumt.

Miljøet i romanen endrar seg ein del undervegs. Innleidingsvis er det småbylivet i Moss som merkjer framstellingi. Me kjenner oss godt att i Oslo og København, båe stadene vert skildra mest forbigåande. Når me kjem til Sentral-Europa, gjeng me inn i eit meir lugubert kringvære. Stemningi på dei ulike bordelli som Jan og Rein Skåde vitjar er ålvorleg. Her er me inne i ei verd der pengar og umsetnad er yverordna, og kvinnone hev sin pris. Rein ser ut til å kosa seg på bordelli, medan Jan ikkje hev eit einaste samlægje under heile turen.

Som ein kontrast til det hardbarka kringværet møter me i stutte tilbakeglimt skildringar av norsk natur både innleidingsvis og seinare i romanen. Jan likar å ferdast i naturen, til dømes på fisking, og hev mykje å fortelja frå slike turar. Faktisk hadde han planlagt ei vekes fisketur fyre han vart banka upp og vart sengjeliggjande. Det er fyrst då at Rein Skåde fær Jan med på at dei lyt reisa etter Julie. Kontrasten millom det sutalause livet i norsk natur og møtet med det ukjende utlandet vert på sett og vis eit uppbrot for Jan. Han gjeng frå å vera i eit viljeveikt tilstand til å koma yver i eit anna handlingsmodus, eit målretta handlingsmodus.

Stiltonen verkar spent. Frå starten av er det noko mystisk med Rein Skåde. Me anar uråd. Det same gjer me med hovudpersonen. Han hev tydelegvis nokre myrke instinkt, og han hev tydt til vald og vore ute på skråplanet tidlegare. Rein Skåde er ei tikkande bomba - mange gonger og serleg på slutten byrjar det å tikka kraftig. Jan må få plassert Skåde på ei hytta utanfor den landsbyen dei er, medan han sjølv greider upp i nokre praktiske ærend. Då Jan kjem attende, fær han sjå at Rein Skåde på brutalt og nådelaust vis vert avretta, og når han gjeng attende til bilen, vert han sjølv burtførd. Dinest fær me vita at Jan hev lege basta og bunden i ein kjellar i dagesvis, og det er det siste me fær vita frå 1. personforteljaren.

Eit motiv ein kann finna i boki er eit ulukkeleg par som hev mist eit barn og som båe vert utrugne. På sett og vis lyt ein kannhenda kunna segja at det er den mystiske Skåde som fær Jan på fote og som samlar deim att. Det er ikkje usannsynleg at Jan vilde ha stukke seg undan og ikkje tenkt meir på Julie. Julie vilde truleg ha vorte fanga i prostitusjonen i Tsjekkia. Men den mystiske Skåde, med sitt pågangsmot og sine kontaktar, er med på å spora Jan til å leita upp Julie. Til slutt finn dei einannan. Soningstidi på sju år verkar symbolsk. Jan skal arbeida i stallen på sjukehuset, medan Julie skal sitja i fengsel. Det verkar som at dei vil finna einannan etterpå. Det er sjølvsagt at dei då vil ha lagt attum seg mange prøvingar og at kjærleiken millom dei må vera sterk. Slik sett handlar kann henda denne romanen um kjærleik. Eit klassisk kjærleikmotiv kann i alle fall ikkje avvisast.

Men teksten lyt òg kunna lesast med fleire undertonar, og han tek upp mange ulike tema. Sex-industrien i Nord-Noreg hev me høyrt mykje um, men inngåande skildringar av liknande tilstandar i Sentral-Europa er absolutt eit tema som burde engasjera. Sex-industrien er ein av dei største illegale verksemder i verdi. Jan vert ståande litt smånaiv uppe i det heile, endå han med kvart vert ein driven bordell-gjengar.

Utruskap er ikkje noko nytt tema, men me slepp ikkje undan i denne boki heller. Det er likevel noko meir med dette enn berre utruskapen. Julie hev vore utru yver ein lang periode. Det eine samlægjet hans Jan er snaudt noko stort yvertramp, men det fær store fylgjor med graviditeten. Det er soleis eit spursmål um ikkje utruskapen på sett og vis vert uløyseleg knytt til etterverknaden av trafikkdødsfallet som Jan og Julie hev upplevt. Jan vitjar mannen som køyrde yver sonen, og Julie drep honom.

Nettverk av menneske som driv ljossky verksemd vert i grunnen ikkje noko tema, av di Rein Skåde er so mystisk. Me fær eigenleg aldri vita kva han driv på med, men det er i alle fall klårt at det i ein viss mun er tala um politisk verksemd. Organisasjonen hans Skåde hev millom anna til mål å infiltrera MacDonald-kjeda. Dei skal planta arbeidstakarar der som skal forgifta maten til kundar frå nettverket når dei kjem forbi, so skal dei pressa kjeda til å få eit dårleg gjetord. Den politiske verksemdi til netverket kann ikkje tonast fram som noko sentralt tema, meir som noko underliggjande, måhenda eit sidetema.

Det verkar som ein litt banal bodskap å segja at kjærleiken yvervinn alt, men det er i alle fall den mest endeframme måten å lesa boki på. Ein annan banal måte å lesa boki på er å segja at brotsverk fører til straff. Jan rotar seg burt i tvilsame affærar og lyt taka fylgjone av det. Julie må sona i fengsel for eit brotsverk. Skal ein ganga noko djupare til verks kann ein segja at verknadene av å missa eit barn er so store at det krevst umåtelege lidingar for å bøta på den skaden det påfører foreldri.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!