Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Hans Nielsen Hauge i Hemne

Av Kenneth Kiplesund

Innleiding

Dette stykket er ei nedstytta utgåva av ei uppgåva som eg skreiv i 2005, medan eg studera ved Høgskulen i Volda. Artikkelen tek fyre seg Hans Nielsen Hauge si verksemd i Hemne kommune i Sud-Trøndelag.

Stutt um H. N. Hauge

Hans Nielsen Hauge vart fødd på Rolvsøy i Østfold i 1771. Han voks upp i ein heim som var merkt av from pietistisme. Husandakt med bøn, salmesong og postillelesing var vanleg kost heime hjå huslyden Hauge.

I 1796 upplivde Hauge det religiøse gjenombrotet sitt. Han hadde ei heilt serskild åndsuppliving medan han arbeidde på åkeren heime i Rolvsøy (for fleire detaljar, sjå Thorvaldsen 1996). Denne upplivingi førde til at Hauge kjende seg kalla av Gud til å forkynna den kristne bodskapen. Han byrja difor å reisa ikring i Noreg med dette for auga. Men då han gjorde dette, braut den unge mannen Konventikkelplakaten.

Konventikkelplakaten var ei lov som i grove drag einast gav prestane lov til å driva forkynning. Styresmaktene og store luter av presteskapen såg med stor uro på at ein ulærd bonde skulde ganga ikring i landet og forkynna. Dette var nok serleg for skuld den ramsalte kritikken som Hauge rette mot prestane. Hauge refsa prestane av di dei forkynte ei rasjonalistisk, daud gudstru som ikkje gav seg utslag i noko nytt liv til teneste for Gud og nesten.

Hauge vart fengsla etter måten mange gonger for verksemdi si. Det lengste fengselsuppheldet fekk han i Kristiania, her sat han frå 1804 til 1813. Dette upphaldet knekte helsa hans. Det heile enda med at han vart dømd til å svara ei bot. Etter at han vart sett fri, busette han seg på garden Bredtvedt i Kristiania. Her livde han eit stilt, attendedrege liv til dess han døydde i 1824.

Hauge i Hemne

"Hauge-rørsla fekk overlag mykje å seie for det religiøse livet i Hemne, ja for heile folkelivet i bygda utetter det nittande hundreåret (…). Med noko rett kan ein seie at Hemne vart Haugianar-bygda framom andre bygder i Trøndelag."(Sødal 1968: 68).

Hans Nielsen Hauge var tvo gonger i Hemne, i 1802 og 1803. Det er den fyrste reisa hans me veit mest um.

I 1802 kom Hauge gangande yver fjellet frå Lensvik og ned til Snillfjord. Han tok inn på garden Snilldal, og var med folket der til Hemne kyrkje. Etter gudstenesta tala han med og forkynte for folket som hadde samla seg på kyrkjebakken. Mange vart gripne av preika hans, men det var og dei som spotta, eller dei arga seg yver at ein ulærd bonde gav seg til å læra folket frå Guds ord. Av dei siste var ein skulemeister med namnet Hans Isaksen. Han "ropa ut over folkehopen: "Såminsant, di som e presta, di må rop' høgt, dem gje sæ ut for presta, å dem kann ittje katkjesboka". Då er det fortalt at Hauge gjekk burt til skulemeisteren og tala med honom: "Si meg De som jeg hører er skoleholder, hvorfor har Gud lagt forgjettelsen til det fjerde bud og ikke til de tre første?". (Sødal 1968: 69). Isaksen kunde ikkje svara på dette, og sagde ikkje meir.

På ettermiddagen same dag tala Hauge for ei stor folkemengd på Kyrksæterøra, sentrum i Hemne. Denne tala greip folket sterkt, og mange hemnværingar vart nok med i Hauge-vekkjingi frå denne dagen av. Det er likt til at Hans Isaksen var millom dei, han med. Etter å ha høyrt tala, sagde han: "Guds Ånd må tale gjennem dette Menneskje" (Sødal 1968: 69). Hauge skal dessutan ha rettleidd folk i jordbruksarbeid og laga ein plog medan han var i Hemne.

Det er tydeleg at Hauge gjorde sterkt inntrykk på folket i Hemne, etter folketradisjonen heldt han seg der eit halvt år. Dette er mykje yverdrive, truleg var han i Hemne i um lag tvo vikor. Men mange hemnværingar vart tydelegvis vekte til ei livande kristentru under dette stutte upphaldet. Dette kann me sjå i eit dagboknotat frå embetsmannen Christian Pram i 1804: "I samtlige søbygder, men iser i Hevne, havde sværmeren Hans Hauges prædigener skaffet sekten så mange proselyter, at nesten hele Hevnes befolkning hørte dertil." (Sitera etter Orten 2000: 345).

Haugianarane i Hemne heldt uppe kontakten med Hauge gjenom brevskriving. Elias Hansen Heimsjø og Erik Olsen Holden gjekk jamvel heilt til Bredtvedt for å få råd og helsingar frå Hauge til veneflokken i Hemne. Desse tvo fungera som preikarar med, både i Hemne og andre stader. Dessutan var den kjende predikanten Elling Eielsen på vitjing Hemne i 1830-åri.

Haugiansk påverknad på bygdesamfundet

Si største markering gjorde nok haugianarane under den sokalla "Hevnestriden" i 1866. Denne striden vart umtala i dei fleste teologiske bladi som fanst i Noreg på denne tidi.

Soknepresten i Hemne, Johan Ernst Gunnerus, meinte han skulde få haugianarane under kyrkjeleg kontroll. Han var grundtvigianar, og var nok difor inderleg imot den pietistiske formi for kristendom som haugianarane hadde. For å få inn eit lysare livssyn, byrja Gunnerus å halda gudstenestor i båe kyrkjone i Hemne same dagen, i den eine kyrkja um fyremiddagen og i hi um ettermiddagen. Dette gjorde han for at haugianarane ikkje skulde få påskot til å halda samlingar. Men etter ein månad kom det honom for øyra at ein av dei leidande haugianarane, Daniel Strøm Lossius, likevel hadde halde samling ein sundag fyremiddag. Presten vart rasande, og skreiv til Lossius at dersom han ville halda fram med slike samlingar, "er De saa god at komme hen til mig, for at jeg kan faa anledning til at prøve Deres kristelige oppfattelse og indsigter" (Sødal 1968: 79). Presten gav ogso klår melding um at haugianar-leidaren laut melda frå kva tid han skulde halda samlingar, slik at presten fekk høve til å kontrollera honom. På denne måten fekk Gunnerus store lutar av kristenfolket imot seg. Ei yverstyring av eit slikt slag fall deim tungt for bringa. Etter at Konventikkelplakaten var upphevja i 1842, hadde presten helder ikkje løyve til slikt.

Det verste for haugianarane var likevel at dei meinte Gunnerus forfalska dåpsritualet. Etter altarboki skulde den tridje dåpsartikkelen lesast slik: "Tror Du på den Helligånd, en hellig, kristelig kirke at være, som er hellige Menneskers Samfund, Syndernes Forladelse, Legemets Opstandelse og efter Døden det evige liv?"

Men Gunnerus las den tridje artikkelen slik: " Tror Du på den Helligånd, den hellige, almindelige Kirke, de Helliges Samfund, Syndernes Forladelse, Kjødets Opstandelse og det evige Liv?".

Haugianarane meinte dette var ranglæra. Dette kivet kunde få etter måten krasse utslag, noko denne episoden viser: Berit Sagen, kona til den kjende haugianaren Erik Sagen, "skulle bera eit barn til dåpen. Ho stod på kyrkjegolvet med barnet, og presten las ritualet - slik han ville ha det. Så spør han: "Vil du at barnet skal døpes på denne tro?" "Nei", seier ho Berit (…). Det blir stor røre mellom folk, og presten er sint og brukar harde ord. Men ho Berit snur og går ut av kyrkja med barnet." (Sødal 1968: 79-80). Det heile enda med at Gunnerus laut reisa frå Hemne i 1872, etter at det var sendt inn mange klagor på honom.

Det haugianske synet gjorde seg gjeldande i meir kvardagslege ting med. Haugianarane såg på dansing, felespel, kortspel og pynt som synd.

Det er fortalt um ei gjenta som sat og sauma på brurserken sin. Mor var heilhjarta haugianar, og gav dotter si streng melding om korleides serken skulld vera. Gjenta kunde få brodere på honom, men det skulde ikkje vera kniplingar. Det var "forfengjeleg". Men gjenta vilde hava kniplingar, og lura seg bak fjøset og knipla medan mor kvilde middag.

Det er ei forteljing um ein tenestegut med, som var kjend som ein dugande spelemann. Han vart umvend, og ein kveld kom han inn til dei han tente hjå med fiolinen sin. Han vilde brenna honom. Dei freista å få honom frå det, men guten lagde fela på elden. Sidan spela han aldri meir. Folkemusikken i Hemne fekk ein knekk, og det er mykje mindre folkemusikk som er uppskrive i Hemne, enn i granneheradet Aure (som ikkje fekk eit stort haugiansk miljø).

Men alle vart ikkje med i vekkjingi. Sume gjorde aktivt motstand mot det pietistiske livssynet åt haugianarane. Det er fortalt at ein kar bruka å møta upp på haugianar-tilskipingane berre for å syngja grovkorna visor. Det hende òg at unge hemnværingar samlast um sundagane og dansa midt i kyrkjetidi. Men sopass age hadde dei, at dei ikkje torde å dansa når kyrkjefararane kom heim att. Difor hadde dei ein til å halda utkik.

Det vart jamvel eit skifte i skikkane når det galdt brudlaup og gravøl. Fyre haugianismen gjorde inntoget sitt i Hemne, kunde det ganga vilt fyre seg med drykk og dans på slike tilskipingar. Men frå midten av hundradåret er det likt til at det vart slutt med dans i gravøl, og at det vart mindre med drykk.

Noko anna som haugianarane i Hemne kann "skuldast for", er upptak til misjonsforeiningar. Då Hevne Missionsforening vart skipa i 1855, var det berre haugianarar med i styret. Denne foreiningi høyrde til samskipnaden Det Norske misjonsselskap, som vart skipa i 1842. Um lag 100 personar melde seg inn straks. Eit halvt år etter var 160 personar tilmelde. Av desse var det 12 kvende. Serleg mange var kvinnone ikkje, men dei fekk vere med. Den retten hadde ikkje kvinnone i grannebygdene Meldal og Rindal.

Skriftlege kjeldor

Aune, Kolbjørn (1979): Hemneboka, band 2 Orkdal: Bygdeboknemndi for Hemne prestegjeld
Aune, Kolbjørn (2005): Tradisjonskalender 2005 for Hemne og Snillfjord Kyrksæterøra: Hemne Bygdemuseum
Caplex (?): Hauge, Hans Nielsen, http://www.caplex.net/Web/ArticleView.aspx?id=9314026
Mo, Per J. (1948): Religiøse brytingar i Hemne på 1800-talet. I: Årsskrift for Fosen historielag 1948
Orten, Per Eilert (2000): Den nye dagen gryr. Bygdabok for Aure 1800 - 1900 Aure: Aure kommune
Steinnes, Dagfinn (2005 ?): Slik ble misjonsbevegelsen i Norge til, http://www.nms.no/portal/tjeneste.nsf/.vieShowWeb/B40C6891F9D24F8FC1256DF00049FEE3?Open
Sødal, Henrik (1968): Hans Nielsen Hauge og lesarane i Hemne I: Årbok for Fosen 1968
Thorvaldsen, Steinar (1996): Visjonen bak plogspissen, http://www.hitos.no/fou_pub/kristendom/hauge.htm

Munnlege kjeldor

Kolbjørn Aune, Per Eilert Orten og Jørgen Høgetveit


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!