Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Berre barnemat

Av Lars-Toralf Storstrand

Romet var helst myrkt. Einast blåljoset frå dataskjermen gav eit kaldt, iskaldt gys i romet. Det var ikkje nok ljos til å sjå alle bokstavane på tastaturet ein gong. Ikkje at det i seg sjølv utgjorde noko vande; Fredrik Håvard Nonnesæter visste vilkårslaust kvar på tastebrettet dei ulike tastane og teikni var, anten det no var med eller utan blokklås eller aksentmerke.

Attmed skjermen stod eit glas med babymat. Sørlandsgryta med torsk og tomat frå Småfolk. Næringsrik nok for små bryddande spirer og turvande politikarar, og næringsrik nok for ein datahekkar.

For det var hekkar han var. I eldre dagar vilde dei kann henda heller kalla honom ein gauk, i den meiningi at han rota i reir der han i røyndi ikkje hadde noko å gjera. Men Fredrik Nonnesæter lagde ikkje egg i andre sine reir i den tydingi. Nei, han sneik seg forbi tryggjingssystem på store datanetverk kring i verdi og lagde att eggi sine der. Alt som galdt datahekking var barnemat for Fredrik H, som det meste anna.

Det hadde byrja tidleg. Alt som 12-åring hadde han fenge sitt fyrste 14.4-modem, av typen Sportster frå US Robotics. Dette var på tidleg 90-tal då det framleides hadde sin pris å “ringja riks”, for ikkje å segja utanlands, so då han uppdaga at det fanst måtar å sleppa undan telefonrekningi på, fekk han blod på tann.

Han bygde eigne blåboksar og beigeboksar då han var fjorten. Utan at foreldri var klår yver det, sat han seine nattetimar med loddebolt og småe diskrete transistorar og andre elektroniske duppedittar og laga seg ein millomlekk millom telefon, datamaskin og veggutaket. Takk vere ein tone på 2600 hertz kunde han koma seg gratis ut i heile den store verdi. Det som den gongen heitte Televerket kalla han svivyrdsleg for Teleherket.

I eigne augo hadde ikkje Fredrik nokon feil sjølv. For Fredrik H. var det å gjera feil synonymt med å verta teken - og å verta straffa for det. Vart ein ikkje teken, filosoferte han seg fram til, var det helder ingen feil å tala um. Det same galdt brotsverk.

Anonymt gjorde han det òg, og ved hjelp av ymse slags hjelpemidlar, mange sjølvproduserte (the Anarchist's Cookbook var ei uvurderleg bok). Umgrip som EBS, LEC, IXC, PSTN, POTS, PBX og CC var like ålmenne for Fredrik som mjølk og brød var for andre.

Som 16-åring hekka han seg inn i militære netverk, men til skilnad frå andre hekkarar lagde han ikkje att fleire far enn dei han kunde styra utanum, og gav aldri medvite melding um at han hadde vore der. Fredrik H, eller "dethefender" som han kalla seg ute i den store, vide verda var eit kjent namn - som det til ymse tider og på ymse stader knytte seg både mytar og redslor til.

Fredrik H. skeia ut med pære- og bananpuré og let den linne og lette smaken kvila på tunga fyre han atter rette upp stolryggen og vende seg mot tastebrettet og skjermen.

Andlitsdragi og hudfargen hans var bleike, nær sagt likbleike. Ei naturleg fylgja av eit liv der hudi mest einast vert upplyst av det blåkalde ljoset frå ein dataskjerm. Han vilde helst ikkje ganga meir ut enn naudsynt var. Og handla, det gjorde han på ei rad småbutikkar, og alltid på kveldstid. Han måtte det, for at ikkje matvanane hans skulde verta kjende - og han skulde verta til ålmenn lått og løgje.

Han var litt hårsår. Difor handla han alltid i smått, fire-fem glas her, og to-tri glas der. Og so nytta han stødt ryggsekk, for det vilde vera sers øydeleggjande å verta uppdaga med ein Rema-pose med barnemat i, han som korkje var gift eller hadde etterkomarar enno.

Han hadde i grunnen ikkje bruk for nokor kvinna hell. Kvende var berre til heft for evige ungkarar. Han laut hava det litt rotut kring seg; utan at det dimed var rotut nok til at helserådet vilde protestera. Dessutan vilde kvende ha blomar og blomstrute gardinfag hengjande i vindaugo. For Fredrik H. hadde gardiner èin verknad: hindra folk i å sjå inn, og potteplantor var berre til for å skapa frisk luft i eit rom som elles var stint av karbondioksid og ozon, og som ikkje vart mindre godt å vera i - når ein rekna med all varmen som kom frå tri PC-ar og ei rad andre elektroniske apparat.

Sant sagt krinsa livet hans Fredrik Håvard Nonnesæter om ein ting, og ein ting åleine: Fredrik Håvard Nonnesæter.

Ja, og so var han til tider aktiv debattant i ei rad fora ute på den store heimsveven då. Her fekk han emosjonelt utlaup for all vande som samla seg upp, i skort på sosial innlevingsevna og frå sosial mistilmåting, tillærd gjenom ikkje so reint fåe år. Her fekk han aust ut frustrasjonane som flaska seg upp yver politikarar og andre menneske, same kor låghalte og uintelligente og upprørske desse var. Sant sagt var majoriteten av menneski, same um dei var samde med dethefender eller ikkje, same um dei hadde sympatiar med Fredrik H. Nonnesæter eller ikkje, ikkje meir enn småkryp. "Hitler hadde i grunnen rett på sume umkverve," hende det at han tenkte med seg sjølv.

Det hende meiningssykja tok seg upp hjå honom, og då kunde nettene gå fort; ordi rann som sildrande bekker frå dei vreidyrde fingrane der dei dansa mot tastebrettet. I slike tilhøve bruka han gjerne å kalla seg med namn av eit lamb, men for at ingen skulde skyna det beinveges, valde han å skriva lamb på eit anna språk, anten græsk eller latin. Men dei fleste skyna at dette var ein person med svin på skogen korsom er, for det var ikkje vandt å kopla honom til Openberringsboki si nemning av det andre dyret, det som såg ut som eit lamb, men som tala som ein drake.

Når det galdt fridom kolliderte filosofien til Fredrik totalt med ålmenn forståing av umgripet. For honom var fridom total lausriving, nær sagt anarkistisk. I motsetnad til kva folk flest vilde tru hadde Fredrik H. eit innbarka hat mot alt som var "kriste" og "høgreorientert". Fridom låg i fridom frå lovverk, moral og konvensjonar. Fridom var slik laga at han laut tvingast på folk, serskilt dei som hadde ei onnor syn.

Fredrik H. kjende seg meir svolten. Han poppa loket av eit glas med Grønsakgryte med Kylling og Kalkun, fyre han sjekka kontopplysning via netbanken. Det var mange fyremuner med å vera hekkar, til dømes fanst det alltid pengar tilgjengeleg - og han visste alltid kvar han kunde finna meir, utan at han under noko omstende var mistenkt for ureint spel. Og skulde han verta mistenkt; so var det berre å gjera nokre einfelde grip - so alle prov kvarv.

Og skulde det ganga for langt kunde han no slengja inn eitkvart klagemålet til einkvan rettsinstansen, det kosta ikkje so mykje at det gjorde noko - og målet var då berre å venda nosi åt styresmaktene sine blodhundar vekk frå seg sjølv lenge nok til at faret som eventuelt førde til honom sjølv vart for kaldt til å fylgja vidare…

-Gjev no katten i kva fylgjor det fær for andre, tenkte Fredrik H. Nonnesæter med seg sjølv. Ingen er viktugare for meg enn nett meg sjølv.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!