Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen Tlf: 99 15 64 28 Postgiro: 2291.14.45666 Epost: olaveth@gmail.com
Framsida
Um bladet Målmannen
Årgangar 2002-2012
Gratis prøvenummer!
Høgnorskportalen
Høgnorskgrammatikken
Høgnorskordlista

Målmannen på Facebook
Målmannen på Youtube
Radio Målmannen

Fleire låke sidor ved norsklæreplanen

Av Lars Bjarne Marøy

Me hev umtala den nye norsklæreplanen i vidaregåande skulen ved eit tidlegare høve, men det er meir å segja um denne planen. Det interessante med planen er at han kann tolkast svært ulikt. Det stend lite um kva konkrete mål som skal nåast, men di meir um ålmenne krav og ventnader. Den fyrre planen uttrykte ynskje um at elevane burde ha lese handfaste verk, men skreiv ikkje at desse verki skulde lesast. No vert det derimot sett krav til at elevane skal ha yversyner som i alle fall etter vårt syn krev at dei i praksis må ha lese mange sentrale verk, utan at det stend kva verk som skal lesast. Når planen er so rund som han er, kann det tolkast som alt frå at elevane skal lesa tjukke bøker til at dei skal ha kjennskap til ulike litterære former.

Den nye læreplanen krev at elevane skal: "gjøre rede for viktige utviklingslinjer og noen sentrale forfatterskap i norsk og europeisk litteratur fra middelalderen til og med romantikken og denne litteraturens forhold til øvrig europeisk kulturhistorie" (sida 46 Kunnskapsløftet, sept. 2005) og "gjøre rede for den modernistiske tradisjonen i norsk og internasjonal litteratur fra siste halvdel av 1800-tallet til i dag" (ibid. 47). Korleis skal undervisningi verta med utgangspunkt i desse måli?

Det interessante er kva som er sentrale forfattarskap i norsk og europeisk litteratur. Det kann det visseleg vera mange uppfatningar um, og det kann leggjast vinn på ulike bolkar frå denne perioden som er nokso lang. I norsk samanheng må hovudvekti naturleg nok kunna leggjast mot millomalderen for oss som ynskjer ei styrkjing av nynorsken. Den norrøne litteraturen finst under alle umstende på nynorsk. Men det er ikkje upplagt at det skal vera slik. I europeisk litteratur er det truleg andre forfattarskap som peikar seg ut, serleg må Shakespeare vera eit sers aktuelt namn i so måte. Det kann løna seg for målfolk å tenkja på og å draga fram europeiske forfattarskapar som er umsette til nynorsk.

Verre å tolka, men uråd å koma utanum, er det at det er nye krav til at elevane skal kunna nytta ulike tekstformer, sokalla samansette tekster. Slike tekster er definerte slik: "Hovedområdet sammensatte tekster viser til et utvidet tekstbegrep der tekst kan være satt sammen av skrift, lyd og bilder i et samlet uttrykk. Det innebærer arbeid med tekster som bildebøker, tegneserier, aviser, reklame, nettsider, sangtekster, film og teater. Hovedområdet omfatter både elevens egen tekstproduksjon og opplevelse, kritisk vurdering og analyse av sammensatte tekster." (side 38 - Kunnskapsløftet, sept. 2005). Det segjer seg sjølv at dette er ei formidabel uppgåva. Serleg frå ein nynorsksynstad er vandemåli store. Det må skaffast fram teikneseriar, biletbøker, reklame m.m. på nynorsk. Det er serleg ille at nynorsken ikkje hev gjenge inn som eit hovudspråk på DVD-filmar. Her hev islandsken kome lengre. Det må vera eit ufråvikeleg krav frå alle målfolk at det finst nynorsktilbod på alle DVD-filmar som vert utgjevne for den norske marknaden, den uppgåva skulde vera yverkomeleg reint teknisk. Det finst målfolk som snøgt kann umsetja mange filmar, mykje lettare enn lærebøker som skal ha nynorsk tekst. Det kann ikkje vera godtakande at eit so viktugt medium er heilt fritt for nynorsk.

Når det gjeld det mest handfaste og viktugaste - sjølve vurderingi og eksamineringi av elevane i den vidaregåande skulen- er det underleg nok slik at nynorsken vert trekkfag til eksamen i tridjeklasse på ålmennfag, medan det skal gjevast skriftleg upplæring i nynorsk for yrkesfagelevane innanfor det som med den nye læreplanen vert kalla vg1 og vg2. Det kritiske her er at lærarane ikkje kann rekna med at elevane skal prøvast til eksamen i nynorsk. Det fører til at den einskilde læraren i praksis og i dei fleste høve vert den einaste som skal vurdera nynorsklæringi til elevane. Det skjerpar ikkje innhaldet i undervisningi. Og ein kann berre venta på at det kjem nye krav som veikjer nynorsken meir.


Attende til hovudsida | Prøv Målmannen gratis!