Å setja um frå dansk til norsk

 

Dansken er allveldug innan embætsverket - enno. For kvart norske brevet vert det skrive minst 100 danske. Når då ein og annan legg i veg med å skriva norsk til embætsbruk, so tarv ingen undrast, at slike folk kjenner seg ustøde og tidt - kann trivla etter ordi. Dei hev ikkje til kvar dag ei norsk mynsterform for augo; mange torer då inkje sleppa seg heilt laus, men held det for tryggast å halda dansken i stakken.

So tek dei til med å umskriva det danske kansellimålet ord for ord, talemåte for talemåte, so langt råd er og endå lite lenger. Men dei kjem snart i beit. For .skilnaden millom norsk og dansk er so stor, at ein kann inkje venta å finna bilæte i norsken, som ord til ord svarar til dei danske.

Når t.d. ein av riksens tenestmenn skal svara på eit brev, so legg han oftast i vegen med eit: ”I anledning av…” Men no er det ulukka, at norsken inkje hadde noko ordlag, som beint fram svara til det dansk-tyske: ”I anledning af Deres skrivelse…” (In Veranlassung lhres Schreibens). Dette ”lyte” og fleire dilike ”lyte” gjorde, at mange reint ut sagt fælte seg av. - Med dansken var det so greidt; - for når dei hadde skrive ”i anledning av”, so var dei alt komne eit dugeleg stykke på veg. Men med norsk mål vart dei reint upprådde og fekk ikkje flutt pennen på pappiret.

Det såg speleg ut. Men det er råd mot uråd, og so vart det ei råd her med. For no fann dei på det ”norske”: ”Med tilføre av ditt høgvyrde brev…” Dei var berga.

Men i øyro mine læt denne talemåten ”Med tilføre av” berre som dansk-tysk-norsk knot. Han skjemmer skriftformi og reiser bolverk millom skrift og tale.

Lat meg segja, at eg hev fenge brev frå ein mann. No hev eg inkje svara på dette brevet enno; men so råkar eg karen på gata. Eg stanar, tek av meg hatten, bukkar og segjer: ”Med tilføre av Dykkar høgvyrde brev er eg so fri å …”

Eg trur, den same karen då vilde dra på smilen og spyrja,. hot eg var for ein løgjeleg kar?

Men vil du døma rettvist, trur eg du må sanna, at ein talemåte, som er løgjeleg eller meiningslaus, når du høyrer han med øyro - den må vera løgjeleg, når du ser han med augo i eit brev og. Anten ordi verkar på hjernen (heilen) gjenom øyro eller gjenom augo, so bør ein upartisk (jamnynd) mann døma deim på same måten.

Nei, i det tilfelle, eg nemnde, kom ordi venteleg til å falla, heilt onnorleis, t. d. slik:

”Du skreiv til meg her ein dagen og spurde…”

”Du spurde meg her ein dagen…”

”Eg fekk brev frå Dykk for eit par dagar sidan, De vilde hava greida på (vita, høyra)…” Jfr. brev nr. 22, 23, 27, 32, 36, 39, 40.

Her hev me den greide endeframme talen, som viser oss den leidi, som jamvel skrifti lyt stemna. Vil du skriva eit brev, då skal du fyrst spyrja deg sjølv: Korleis vilde eg ordleida meg, um eg råka mannen sjølv? - For all skrift bør byggja på livande tale.

Me målfolk; me er so hepne, at me inkje er bundne av noko norsk kantormål, som hev styrdna i stive former. Me kann difor la talemålet vera mynster for skriftformi; og her hev målfolket ein stor fyremun. Dei, som skriv dansk, dei hev stræva i mange år med å få ei naturleg målføring i våre embættsbrev. Men det syner inkje stort etter dette ”fornorskningsarbeide”. Det ser heller vonlaust ut.

Det gjeld no for oss målfolk, at me held målet vårt reint for ugras. Me bør då varast ved å knésetja slik kunstig ordleiding som dette: ”Med tilføre av” og meir av same slaget. Tek me til med slike talemåtar, då hev me gjort det fyrste stiget utfor håle svadberget, og me kann vera visse på, at fyrr eller seinare. so ber det ned i ei kansellistisk søkkmyr med oss målfolk au.

Og dei, som vil umsetja ord- for ord og krev eit norsk ord for kvart dansk, dei gjer norsken til ein husmannsplass under den danske storgarden. (Jfr.: Fyreord til Schjøtts ordbok sida XI2.)

Eg nemner eit døme, som viser, korleis ein ofte lyt umskriva dansken heilt:

”Loven har ikke villet indskrænke den ansættende myndigheds frihed."

Me kunde inkje -på norsk segja:

(Logi hev inkje vilja avgrensa [innryma] fridomen åt [til] den innsetjande magti.)

Nei, me laut segja:

”Logi hev inkje meint anna enn, at innsetjingsmagti skulde standa (råda) fritt."

Men setningi kunde, samstundes havt ei onnor meining: ”Logi vilde inkje minka den rett, utnemningsmagti

hadde frå fyrr.”

Næste | Fyrre | Attende til innhaldslista