Refleksiv og passiv

 

A. Norsk refleksiv.

Den danske passiven endar i infinitiv (nemnemåte) på ”s”, t. d.: gives, bestemmes, ventes.

Den norske refleksiv endar på ”st”, t. d. gjevast, skiljast.

No er det dei, som trur, at den norske refleksiven (st) svarar heilt upp til den danske passiven (s-formi). Skal dei skriva ei slik setning som denne:

”Andragende indsendes til skolestyret”,

so skriv del:

”Søknad sendest skolestjorni”,

og eg vil inkje tala um deim, som skriv: ”S. sendast s.” Slikt er inkje god målføring. Men det er i dette stykke, at dei syndar mest dei, som hev skrive dansk all sin skrivande dag og fyrst seinare, mest på eigi hand, hev lært seg norsk. Eg talar her av eigi røynsla.

Passiven (”s”) er svært mykje i bruk i vårt tyskdanske her-mål, ja næsta meir enn aktiven ("r'). Kann henda, dette heng ihop med den lange freden. Men skulde me no få refleksiven (st) inn i norsken alle stader, der, som dansken bruka passiv (s), då ottast eg, at vårt norske hermål i framtidi vart like so utskjemt og uklårt, som det danske no er. Norsk refleksiv og dansk passiv lyt difor hava ei liti umrøda her i dette skriftet.

No hev eg sjølv røynt, at. ein, som er ustød i å bruka refleksiv, han vil hava svært god studnad for rnålføringi si, når han kjem i hug, korleis den nynorske refleksiv (st) hev vakse fram or gamalnorsken. Og vilde han alltid koma dette i hug, so vilde han i alle fall inkje gjera noko større mistak!

 

Gamalnorsk

Ek kollumk

Han kallask

 

er samandrege av:

Ek kollu mik

Han kalla sik

 

nynorsk:

Eg kallar meg

Han kallar seg

 

Men dette eldgamle kallask vart alt i gamalnorsk til kallast (år 1200), og formi ”kallast” vann på formi ”kollumk” (1ste person) og rådde til slutt grunnen åleine i alle 3 personer både i eintal og fleirtal. Det kom soleis til å heita:

Eg (du, han, me , de, dei) kallast.

I st i ”kallast” gøymest (gøymer seg) soleis frå gamalnorsk tid eit: meg, deg, seg, oss, dykk.

Segjer me no på dansk: ”han ventes at komme med første båt” – so kann me inkje på norsk segja: ”Han ventast koma med fyrste båten.” For i dette ligg det: Han ventar seg å koma med fyrste båten : Han ventar sjølv, at han skal koma…

På norsk laut me segja: ”Han er ventande med fyrste båten”. Eller betre: ”Me ventar ’n med fyrste båten”.

Og det er eit serdrag ved norsk mål, at det helst krev aktive former med subjekt (eg, du, me, dei) i brodden.

Men vil du plent hava passiv, lyt du ordleida deg med hjelpeverbet ”verta”:

Brevet sendes i morgen = Brevet vert sendt i morgo. Men greidare og klårare er det å segja t.d.: Eg (me) sender brevet i morgo. Her fær du jamvel vita, kven det er, som sender brevet – Dem andsvarlege mann gjeng sjølv i brodden i setningi.

Døme: Vedlagte andragende oversendes hr. kapteinen.

Eg sender hr. kapteinen innlagde søknad.

 

            I nynorsk kann dessutan den refleksive formi (st) hava reciprok (attverkande) meining, liksom i gamalnorsk.

T. d.: gamalnorsk og nynorsk: berjast = slåst. I dette tilfelle gøymest (gøyrner seg) soleis eit: ”kvarandre” eller ”einannan” i ”st”. ”Berjast”  tyder soleis: berja (slå) kvarandre (einannan).

Fleire døme: ”Me møtest ved Filippi.” ”Dei laut skiftast på.” ”Lat oss skiljast.” ”Ja, me må finnast me tvo (tvau).” ”Dei hjelptest åt.” ”Dei drogst so busti fauk.“

Skulde me no samla det me her hev sagt, so kunde me segja, at i ”st” i den refleksive formi grymdest frå gamalnorsk tid eit: meg eller deg eller seg eller oss eller dykk eller kvarandre eller einannan.

Vilde du hugsa dette, når du skriv, so kom du aldri til å misbruka refleksiven (st) og skriva noko, som er reint burt i veggjerne.

 

B. Dansk passiv.

Den andsvarslause passive form, s-formi, fær meir og rneir magt i våre loger og fyresegner; ja det ser jamvel ut, som, ho var på veg til å driva aktiven, r-formi heilt ut or målet. Dette vert då meir og meir beinlaust for kvart år, som gjeng.

Men denne passiven er ein uhyggjeleg kar å dragast med.

Han er so lett å mistyda; subjektet er burte, og det er reint på ei von, um du veljer det rette; du kann soleis koma til å lesa ei passiv setning både på tvo og tri måtar.

Nokre døme på passive setningar, som du kann, lesa på fleire måtar:

Geværene utlaanes under fuldt personlig ansvar for laantagerne:

1. Eg (me, dei) låner ut byrsorne til låntakarar, som sjølve vil bera fullan vågnad.

2. Dei som låner byrsorne skal sjølve bera heile vågnaden.

3. Lån ut byrsorne; men låntakarane skal sjølve bera fullan vågnad.

Der gives han dessuten myndighet til…

1. Eg (me, dei) gjev honom dessutan (vil dessutan gjeva honom) fullmagt til…

2. Gjev honom dessutan fullmagt til…

 

No er det ulukka, at jamvel ordrar kjem i passive former. Og anten du er jurist eller filolog, kann du forsvara å lesa deim på tvo måtar – både som vanleg forteljande notid (som ei fråsegn eller melding) – og som bodord (som ei fyresegn eller eit pålegg). Av sjølve formi kann du inkje sjå, kva meiningi skal vera. Du må finna det or samanhenget eller or gamall røynsla.

Pålegg i imperativ (bjodemåte) er undantak i Norigs her!

Næste | Fyrre | Attende til innhaldslista