Norigs gamle log-mål

(Eldre gulatingslog)

 

Stilen i Norigs gamle loger er merkeleg greid og klår. Det er audsynt, at loggjevararne i dei tiderne skreiv for folket og inkje, for di dei vilde gjeva livebraud til so mange sakførararar, som råd var. I stilvegen kunde loggjevararne og riksens tenestmenn i vår tid ha mykje å læra av dei gamle.Eg legg her fram eit lite døme, som eg hev teke or eldre gulatingslog (§ 83). Dette stykke valde eg, for di storfjølden av ordi enno er livande i norske målføre, soleis at meiningi er lett å skyna. Samstundes vil eg visa, korleis dei same tankarne kom til å sjå ut, når dei vart hama i departemental brevstil.

Sá skal grindu aptr luka er upp lauk

Nu ganga menn i gegnum garðslið. Þá skal sá ábyrgiask er upp lykr grindu. at aptr sé lokinn. En ef þar gengr innangarðs bufé. eða ross. ok spillir akre. eða eng. allan þann skaða er gjorr er þar. skal sá gjalda aptr sem menn meta er upplauk grindu.

 

er = som

se = vert (konjunktiv), jfr. tysk: sei.

meta = nynorsk (austl.) meta = verdsetja, skynsetja

 

I departemental brevstil:

 

Da departementet har bragt i erfaring, at ofte stor skade forvoldes paa aker og eng ved at buskap eller hester gjennom aabenstaaende gjærdeled slipper ind i indmarken, undlader man ikke paa foranledning at meddele at naar folk gaar gjennen gjærdeled, er den som lukker gjerdeledet op, ogsaa ansvarlig for gjenlukningen, likesom han efter skjøn vil have at erstatte den ved forsømmelse herat eventuelt forvoldendes skade.

 

I dei gamle logerne stend det ofte eit ”nu” i brodden i fyrste setningi. Denne setningi fortel oss, kva det er for ei sak eller eit tilfelle, som er fyréhavt.  Ettersetningi (andre setningi) tek då ofte til med eit: ”Då skal . . ”', og her kjem andsvaret og plikterne. Tridje setningi set ofte i med eit: ”En ef eigi (er gjorr)…” Her kjem det tilfelle, at du inkje gjer din skyldnad. I ettersetningi vil me då ofte finna eit: ”Då skal… ” Og her kjem straffi.

Stilen i våre gamle loger kann sjå noko barnsleg ut for oss; men han er merkeleg greid og klår. Ein slepp her desse lange lekkjorne med undersetningar, som vrid seg i kramperider kringum hovudsetningi. Vårt gamle logmål brukar svært mykje av jamstelte hovudsetningar; tankarne ligg fint uppkveila i runde lykkjor med punktum imillom. Etter kvar ny tanke kann du stogga lite og festa tanken, fyrr det ber i veg på nytt lag. Og når du kjem til subjektet, tarv du inkje vera rædd for å rnissa det, fyrr du finn predikatet; for subjekt og prædikat del fylgjest oftast åt som kar og kjerring.

I det dømet, eg nemnde or Gulatingslogi, er det verd å merka seg, at objektet: ”Allan þan skaða” gjeng i brod. den i setningi. Desse ordi fær dermed ei svær magt - serleg ordet ”allan”. Det er andsvarstyngdi, som her med velde sig frami!

I dei gamle logerne vil du bak ordi merka mannen, som skreiv. Logi fær liksom ein personleg dåm yver seg. Loggjevaren stend andsynes med deg og talar til deg.

Bak bolkarne i Gulatingslogi øygner du landvorden sjav (1), gamall og grå. Han sit uppe på høge nut og skodar ut yver alt land. Og han ser alt og alle. – ”No” ser han det kjem nokre karar; del gjeng upp mot ein innegjérd åker. Han ser bufé beita utangards. Og han fylgjer folk og fé med augom:

”Nu ganga menn i gegnum garðslið”.

Gjev gaum på alle bokstavrim i dette vesle stykket og serleg på dei sterke rimi og den tunge båregangen i fyrste setningi: ”Nu ganga menn i gegnum garðzlið”! Det er, som du enno høyrer fotslag frå kararne sjave, der dei, kjem stigande.

Dei gamle logerne er elles rike på bokstavrim. Og desse rimi gjev målet farge. Det vert inkje allstad berre turre jussen - nei, han hev fenge ein svip av skaldskap. Og bokstavrimi samverkar med den tunge båregangen til å lyfta vigtuge logstelle fram, so dei stend som i høgskurd hoggen i stein.

Det heiter soleis i § 81 i Gulathingslogi (eldre): ”Gqtur allar ok garða lið skulu vera sem verit hava at forno”.

§ 84 talar um hamningsret på fjellet. Millom anna les me  dette:

" ... Þar må eigi smale fara... Þar skal møta horn horne. oc hofr hove."

I § 85 finn me millom anna forbod mot å stengja for laksen, so han inkje slepp upp og ned gjenom åi. Ein stad heiter det:

”Ganga skal guðrsgæfa til fjalls sem til fjoru. ef gengit vill hafa.”

Den gamle einslungne formi var greidare å skyna og lettare å lesa for folk, enn vårt logmål no er. Den gamle stilen hadde dermed til logbruk ein stor fyremun. Kvar den, som skriv log og fyresegn, han må setja seg den fyreloga, at dei, som lesa skal, lett må finna fram til den meining, han, loggjevaren sjølv hev lagt i ordi. - Ei form kann vera aldri so barnsleg og endefram - er ho berre den greidaste og klåraste, so hev ho dermed til logbruk ein fyremun so stor, at ho vinn på alle andre.

Alt i Jyske log av 1241 heiter det: ”Logh scal væræ ærlic, ræt, tholie æfter landens wanæ, quemlic oc thyrftelic, oc openbar, sua at allæ men mughæ ito oc understandæ huat logh sægher.”

”Log skal vera ærleg, rett, tolleg (?) efter landsens vane, høveleg og turvande (?) og openberr, so at alle menn mima vita og skyna, hot logi segjer.”

Ingen svare, at dei gamle einslungne stilformerne lite vilde høva åt alle dei høge tankar, våre styremagter no ber fram i brev og fyresegn.

Nei, me må inkje gløyrna, at dei største tankar, som hev vorte framborne i verdi, - tankar, som hev sett all heimen på ende, - dei er hama i ei form, som ser barnsleg ut i våre augo.

Men i denne barnslege formi vart djupaste tanken som klåraste kjelda, der alle vilde sjå til botnar - lik barnet, som stirer i speglblanke sjø. Dette gjorde, at tanken vart allemanns eiga, og derigjenom fekk han denne ovmagti.

Men tenk um bergpreika hadde vore skrivi i dansk-tysk-norsk departémentsstil? - - ho hadde aldrig livt den dagen, ho såg andre upplaget!

 

Fotnotar:

1.      Eg brukar stundom den telemark-setesdalske formi: sjav i staden for: sjølv, serleg, når det gjeld å leggja tyngd i ordet.

Næste | Fyrre | Attende til innhaldslista