Kvifor skal norske hermenn skriva norsk?

 

Ein her kann leggja land under framand stjorn; men på landsens mål bit inkje sverdet hans.

Ein her kann valdgå eit folk med våpn i hand; men tyna tjodskapen vinn dei framande fyrst, når folket gløy- mer sitt gamle mål. Då slitnar alle band. Då sloknar tjodkjensla.

Men - eit folk, som held uppe sitt nationale mål, det kann aldri døy! Og skulde det ein gong siga i kné under framand valdsmagt, ja - då er det endå von um ei attreising, for di folket i sitt tjodmål hev eit samlingsmerke, som det kann fylkjast um til strid på ny for tapte fridom og sjølvstende!

Næste | Fyrre | Attende til innhaldslista