Vårt dansk-tyske kansellimål

 

Våre embetsfolk er ovmeistrar i krokut stil. Dei kann vinda og vrida på tunnaste tanketråden, som det var sværaste eikevidja. Um tanken er aldri so stutt, kann dei tøygja 'n so lang, at du inkje kjenner han att, når han ligg på pappiret.

Våre embætsbrev, loger og fyresegner vert då ofte myrke og vande å tyda for vanlege folk, som inkje er innkøyrde i den ”høgare” stilen. ja, du finn fyresegner so flokut skrivne, at jamvel gråhåra logvridarar skulde vera nøydde til å lesa både tvo og tri gonger, fyrr dei ”tok” meiningi.

Men du er likevel inkje so allerverst stelt, når du sit og les ei fyresegn, og du hev brevet liggjande på bordet framanfor deg. - Skulde ulukka vera ute, slik, at du gløymde  subjektet, fyrr du fann predikatet, so hev du endå den utvegen, at du sender augo attende på leiting etter subjektet; og når du endeleg finn det eit par linor ovanfor, so set du eit blått eller raudt strik under. Les du so yver ein gong til, so kjem du meiningi nærmare. Tridje gongen vinn du eit nytt stykke fram.

Men verre er du stelt, når andre les upp for deg ei slik fyresegn, og du er nøydd til å taka meiningi einast gjenom øyro. Hev du då mist subjektet, fyrr du når predikatet - ja, då stend du der og kann ha det so godt.

Når me les upp ei fyreségn for herfolket på eksismoarne, so er det mange, som alt fyrehands gjeng ut ifrå, at mannskapet inkje skynar meiningi. Når- dei hev lese fyresegni upp, so,fortel dei etterpå i ei folkeleg form, kva det var, dei las. Dette gjer dei som noko, som skal so vera, og eg trur, dei færraste tenkjer på, at det i grunnen er meiningslaust. Det burde helst vera sjølvsagt, at ei fyresegn, som norske herfolk skal fylgja, ho burde vera frambori i ei slik form, at alle skyna meiningi. Ja, du skulde venta ei form so framifrå fin, at upplesaren inkje kunde gjera ho betre på flekken. - For du skal hugsa på, at desse fyresegnerne hev gjenge gjenom fleire hovud, fyrr dei vart prenta.

Eg nemnde, at kantormålet var tungt å lesa og tungt å skyna, når det vart upplese.   Men det tyngste av alt er nok å læra skriva det. Det er forvitnelegt å lesa, kva ”Morgenbladet” skriv i nr. 129, 14/3 08. Her finn me eit stykke, som heiter: ”Sprogblornster til juridisk embeds-examen'”. – ”Gaar ungdommen tilbage i almendannelse… ? Alle (!) klager over en mangelfuld behandling af det norske (!) sprog… Total mangel paa sands for korrekt ordstilling og klar udtryksmaade.” Bladet legg fram nokre sers merkelege døme på rettsmålet til embættsprøva og sluttar med desse ordi: ”Det er altsaa vordende sagførere og dommere, som skriver sligt kaudervelsk.”

Og her vil eg leggja til, at det er desse same juristarne, som ber bjølla i våre.departement, og som derved gjev ”måltonen” til heile embættsverket. Kva kann du so venta?

 

Fyresegner frå landsens styremagter er ofte tvitydige; du kann leggja tvo meiningar i deim. Dei. kann sjå greide nok ut på dansk - men skal du til å fylgja deim, eller vil du setja deim um til norsk, so viser det seg ofte, at det finst løynde krokar.

Georg Brandes segjer beint fram, at ”Det danske sprog er, naar det ikke skrives med den yderste omhu, overrigt paa tvetydigheder og mislyd.” Desse ordi av ein slik mann skulde vega tungt.

Du. tarv då inkje undrast, um tvo embætsmenn les ei og same fyresegni på kvar sin måte, og du vil jamvel skyna, at ei einaste fyresegn ofte dreg både ei og tvo til etter seg, ”da der er opstaaet tvil om den rette forstaaelse”.

Mange av våre fyresegner hev difor ein sterk tilhug til å fjølgast (aukast). Dei treng tillegg, stundom tillegg til tillegg. - Ei herleg villmark for juristarne!

 

Vårt embættsmål er fullt av ordstas og ordskrøyv, som lite eller inkje segjer. Dei kann tulla ørsmåe tankar inn i so mange reivar, at meiningi mest kverv burt. Du finn setningar som denne:

,,Man skulde nærmest være tilbøielig til at antage…”.

Fyrst dette beinlause ordet: ”man” : inkje eg. Ingen kann då krevja, at eg sjølv skal ganga i brodden for mine eigne meiningar?

So dette ”skulde”: um den fyrr nemnde ”man” i det heile djervest hava nokor sjølvstendig meining.

Sø dette ”nærmest”: inkje fullt ut, berre halvveges eller høgt rekna til tri fjordung.

Attpå dette ”tilbøielig” som viser oss ein viljelaus kar, som i grunnen ingi meining hev.

Og so til slutt ”antage”.

Ei slik fråsegn hev inkje noko verde anna berre til å døma mannen, som skriv. Meiningssummen er negativ eller  høgt rekna o.

Vågar ein mann inkje sleppa seg so langt, at han kann segja: ”Eg meiner” eller ”det er mi meining, at…”

- ja,  då er det likare, han gjeng ved, at han ingi meining hev. Då viser han i minsto, at han er ein ærleg mann, som    inkje læst  hava meining um det, han inkje skynar seg på.

Alexander  Kielland talar um ”geistlig. filt”. Men det er nok ikkje berre kyrkjefolket, som gjeng på filt.

So er det ei leid sida ved fyresegner, som er skrivne i kansellistil, at dei er so vande å hugsa. Du kann lesa ei fyresegn i dag og ha gløymt kvart ordet i morgon. Logboki lyt du difor hava ved handi stødt. Ja, me offiserar me må liva med sverdet i den eine handi og Hoffs logsamling i hi.

At inkje fyresegnerne vil festna i minnet, kjem for det fyrste av, at stilformi er for framand, for det andre av, at ordflaumen er so svær, at du ofte må sokna etter meiningi.

Næste | Fyrre | Attende til innhaldslista