Framandord

På danske ættarminne liver enno norske embætsmenn. Dansken sit i høgsætet i hjarto deira, medan norsken stend med hatten i handi nedst nede ved døri. Eit og anna norske ordet fær vel lov til å sleppa fram på golvet, når dei vert innrøysta av ”kulturfolket”; men dette er berre som ein sers nåde, inkje som ein rett. - Og dei framsloppne ordi må inkje tru seg for trygge; for dei kann venta, kva dag det skal vera, at ”kulturmålet” ”kaster dem op igjen”, ”fordi de er komne fra et meget ringere kulturlag”. Dei må soleis inkje venta å få vera jamrettesmenn med dei fine framande herrarne.

Um eg tenkte meg det norske målet som eit rettsmenne, kunde eg segja, at dei leid under det, som i romarretten heitte: ”Capitis deminutio” : på dansk: ”personens forringelse” : på norsk: ”manna-mink”.

Embætsfolket i andre land plar elska sitt tiodmål og halda hævt alt det, som er runne or heimleg rot. Inkje soleis i Norig. Me er eit undantak millom folki. - So lenge hev norske embetsmenn stade under framand stjorn, at dei til slutt vart træltenkte; dei våga inkje vyrda anna mål og andre ord enn deim, som den framande herren bruka. Dette hev gjenge embætsfolket soleis i blodet, at det sit i den dag i dag, 100 år etter, at sambandet med Danmark er slite.

Det ser ut, som den tanken snaudt nok hev ovra seg for norske offiserar, at det beid eit sjølvstendigt norsk mål og endå mindre, at dette målet var rikt. Etterkvart som åri gjekk, trong heren nye ord for nye stridsformer, nye våpn, nye tankar. Men det var ingen, som kom på å ausa or den velduge norske målkjelda og finna heimlege ord for alt det nye. Nei, dei henta ordi frå utlandet. ja, ein norsk offiser kann snaudt nok finna namn til stridshesten sin her heime; han må henta det frå Frankrik eller England. Merri må helst heita ”Lady” ditt eller ”Lady” datt eller eitkvart anna framandvore.

Framandord kann vera gode nok for det fåtalet, som kjenner, den framande målgrunnen, dei er framvoksne or. Men me fær hugsa på, at for 99 % av heren legg framandordi berre skodda yver tanken, som dei skulde bera fram.

 

”Dei talar toka med vismanns gjerd, so alle med tyding tevlar…”

Kva meining trur du no elles ein vanleg norsk hermann legg i slike ord som t. d. Desse:

Défilé, kanonbedækning (!), arrieregarde, rafal, lisiére, avantgarde, déployere, direktionsforandring, formere (!), peloton, forgadring, forcere, puttees, débouchere, débouchée, kadre, attakkere, attachere, visér, échellonnere, echelionvis, broekvipage, affutage, armering, élevere, dominere, plongere, kaponiére, rekyl, bivouak, patrulje, fil med en, visitere, presentere, eklærere, revelje, honorere, epauletter, portepée, kartouche, forpleining, aiguilletter, retirere, avancere, racere… eg kunde fylla fleire sidor i denne boki, men du orka vel inkje lesa det.

Korleis likar du ei setning som denne: ”Paa grund av vanskelighederne ved en opdeployeren fra marschkolonne umiddelbart efter en eventuel deboucheren frem fra defiléet, vil fordelagtigheden av en omfattende forsvarssstilling foran defilémundingen være indlysende.”

Vårt danske hermål er i mangt og mykje eit frimurarmål for dei ”lærde”. Dei mest einfelde tankar vert stundom nemnde med so høglærde ord, at ein lækmann må tru, han stend framfyre noko overlag djupt.

Og so er det alle desse lange ordi, som næsta tek pusten frå deg: ”Mobiliseringshurtighedens afhængighed af kommunikationsnettets udvikling”. ”Kredskompanikommandodistrikter”, ”slitningsgodtgjørelsessystemet”. I etappereglementet av I897 les me sida 38: ”Etappekommandanturomraadets stationskommandanter er etappekom- mandanten underlagt.”

Folk likar inkje desse lange ordi. Alle freistar med å stytta deim av so godt, som det let seg gjera. I Hoffs logsamling finn me soleis: gen.insp., gen.int., adm., res., garn., komdtskabet, . mil., udex., eirk., prp., amm., dept., org… Dessutan er reint danske ord,i mengdevis avstytta.

Når me ser på desse haugar av ord, som folk inkje hev tid til å skriva fullt ut, og som riket inkje hev råd til å prenta fullt ut - då vil me skyna, at det danske hermålet vårt er eit tungvint mål, eit dyrt mål - og eit ugreidt mål.

Eg trur, det må vera på tidi, at me no leitar fram noko av vårt eiget norske ordfang.

I dette skriftet hev eg likevel inkje våga meg til å vera fullnorsk og setja inn norske ord for dei framande alle stader, endå um eg kunde ha vore huga på å gjera det. Frå fyrst av hadde det vore meiningi mi å bruka mange fleire norske ord. Men etter ”gods manns råd” strauk eg ut el heil mengd. Dei fær koma smått um senn, og me fær inkje krevja, at det skal ”skjota fram, so det dunar”.

Vonleg hev eg inkje vore norskare, enn at jamvel ein norsk embetsmann av den danske skulen må kunna skyna det meste.

Næste | Fyrre | Attende til innhaldslista