Fyreord.

 

Me liver i den etterdanske tidi. So hardt hev dansken haukride vårt embætsstand,, at norske hermenn iår laut hava serskilt løyve av riksens styremagter til å skriva landsens eige mål.

Men so lenge hev me skrive dansk, og so lite hev me lært av vårt eige, at norsken for mange fell tung i skrift. Ordleidingi fær ofte ein dåm av hjelpeløysa, og ordi stend stive i setningi som staurar i ein skigard.

Det er fyreloga mi med dette vesle skriftet å eggja ein og annan hermann - og andre med - som inkje vågar seg ut på målvegen på eigi hand. Samstundes vilde eg rydja undan nokre av dei verste meinsperrorne, som låg i vegen deira.

Frå fyrst av var det meiningi mi å koma med ei liti ordlista sist i boki. Her skulde du ha funne slike ord frå hermålet, som inkje stod hjå Vidsteen eller Schjøtt. Men eg fælte meg av. Eg var dessutan rædd, eg vøre for tidleg ute; for enno er det ikkje samla alt det ordfang, som finst ute i bygderne. Inkje trur eg då, heller, at ordlista kjem til å tapa ved å få liggia eit par år og godgjerast. Skulde du ha nokre fine norske ord å senda meg - ja um det so berre var eit einaste eitt, so skal eg lova deg både takk og æra i løn.

Eg fylgjer den rettskrivingi, som kyrkjedepartementet i 1901 fastslo for det norske riksmålet.

 

Oslo i september 1909.

 

Einar Sagen

Næste | Attende til innhaldslista