Imperativ.

(Bjodemåte.)

 

Imperativen er reint komen burt frå vårt norsk-tysk-danske hermål. Men er det nokon stad, at bjodemåten eig heime, so må det vel vera i heren.

Eg er viss på det, at du mange gonger hev fenge både brev og fyresegner og jamvel ordrar, som er skrivne slik, at du berre av samanhenget eller av gamall røynsla kann sjå, kva rette meiningi skal vera.

Ei setning som denne: ,

”Kompaniet rykker frem,”

kann i vårt makalause hermål ha tvo meiningar:

1. Kompaniet gjeng fram.

2. Kompani - gakk fram (søk fram)!

Av formi ”rykker” kann du inkje sjå, kva meiningi skal vera.

”Kompaniet dimitteres kl. 10.”

Du kann lesa,det på tvo måtar minst:

1.      Kompaniet vil verta farløyvt (heimløyvt) kl. 10.

2.      Gjev kompaniet farlov (heimlov) kl. 10!

Dei tvo nemnde former ”rykker” og ”dimitteres” er inkje anna enn vanleg notid; men i vårt danske hermål tener desse formerne samstundes til imperativ (bjodemåte). I den mest bokstavbundne meining er soleis desse notid-formerne tvitydige. Og i mange tilfelle er det berre eit slumphøve, um du les deim på rette måten.

For moro skuld skal eg nemna ein order, som vart utferda for nokre år sidan under dei store herøvingarne.

”Arriéregarden har imorgen kl. 6 fm. udsat den forud befalede bevogtning.”

”Har udsat” er meint som eit pålegg. Etter si form er det fortid. Men av ordet ”i morgen” vil du skyna, at det er noko, som skal bera til i framtidi.

Då eg las dette, måtte eg tenkja på tungemåli hjå sume primitive folkeslag. Hjå deim finst det mål, som er so fatige, at dei ikkje kjenner tidsformer av verb. Til å syna, at det skal vera framtid, lyt dei t. d. hjelpa seg med ordet imorgo' (Sweet: History of Language, sida 89).

Eit so laust og uklårt kommandomål som vårt, det kann vel gjera god nok tenest i fredstid. Men i ufredstid vil det føra mang ein herflokk ut i uføre, verre enn nokon no våast.

Men den juristiske åndi hev trengt seg inn i heren, og den juridiske skodda hev breidt seg yver bod og fyresegner, yver brevskifte og kommando.

Undrest då ingen, um imperatorstilen inkje ùner i Norigs her, og at den lirkande lurande viljelaust vinglande passiven snart hev trengt aktiven ut or målet.

Dei fyresegnerne, herfolket skal fylgja, dei bør helst koma i imperativ (bjodemåte). Formi vert då stuttare, ordi kvassare, meiningi klårare tanken gøymest inkje burt i ei ordgøyva, og riket vilde spara mange pengar til prenting av talemåtar, som lite eller inkjevetta segjer.

”Paa foranledning undlader man ikke at henlede opmærksomheden paa bestemmelserne i…" Dette må soleis i norsk hermål heita: ”Gjev gaum på fyresegnerne i…”

Inkje sjeldan kjem det fyresegner, som er fylgde av ei fjøld med juridiske grunnar, ja underbygde med svære juridiske gråsteinsmurar.

Men desse grunnarne, som tidt fylgjer ei fyresegn, dei ser ofte ut som eit slag orsaking for honom, som ferdar ut fyresegni. Du skulde tru, han var rædd for å bry deg; difor lyt han hava eitkvart å fyrebera: ”Orsaka meg, at eg uroar deg.”

Men skal ei fyresegn vera liv lage, - då må ho vera so sterk, at ho stend på sine eigne føter. Aldri må ho eigast med grunnar. Folk tek til å saumfara slutningsrekkja, og er ho lang, so skal det mykje til, at ho vil halda. Folk byggjer då ofte upp heilt andre slutningar enn hovdingen sjølv, som fyresegni skreiv.

Ei fyresegn stend stødast i ordknapp bjodande form. Høgt yver ordi øygner du hovdingen sjølv. Han hev tenkt desse tankar til botnar. Hans vegar krevje inkje du å fylgja!!

Næste | Fyrre | Attende til innhaldslista