Målmannen

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Målmannen er eit målpolitisk tidskrift som vert redigert på høgnorsk. Utgjevar er Samorganet Målmannen.

Fyremål[endre]

Dei som stend attum Målmannen meiner bladet hev ei sergjerning i å setja søkjeljos på språklege emne med fylgjor for den norske målreisingi. Etter deira syn trengst det ordskifte og eit auka medvit um dei grunnleggjande spursmåli i målsaki. Dei meiner òg at det er viktugt å syna det høgnorske målet i bruk, i stykkje og innlegg av meir ålmennkulturelt slag.

Den tradisjonelle nynorsken frå 1917 er ikkje so mykje nytta i norsk ålmenta, og Målmannen meiner det lyt gjerast ein innsats for å halda uppe ein livande høgnorsk skrifttradisjon. Målmannen er meint å vera «ei rettleiding for deim som ynskjer å odla skriftmålet sitt i norsk leid».

Redaksjonell profil[endre]

27. januar 2006 vart to av redaksjonsmedlemene intervjua i radioprogrammet Sånn er livet. Her slær dei fast at dei ser det som viktugt å fremja nynorsk på nye felt, og at målreisingi er like mykje ei praktisk oppgåva som eit spursmål um ideologi og politikk. Dette speglar seg att i bladet sin profil, som dei sidste åri hev teke fyre seg både historiske, politiske, litterære, religiøse og naturvitskaplege emne, jamvel um norsk målreising framleis er den raude tråden i bladet.

Historie[endre]

Bladet Målmannen er fostra av arbeidet med Vestmannen, bladet åt Vestmannalaget i Bergen. Frå 1985 til 2002 kom bladet ut med 10 nummer i året.

Jostein Krokvik gjekk av som bladstyrar for Vestmannen i 2000 og yverlét til Lars Bjarne Marøy å driva bladet vidare. Marøy hadde som intensjon å gjera Vestmannen til eit leidande målpolitisk tidskrift. Med Marøy som bladstyrar gjekk Vestmannen gjenom ein fornyingsprosess der nye skribentar og medarbeidarar kom med i bladet. Marøy og medarbeidarane hans vilde vektleggja artiklar med fagleg tyngd og tona ned profilen som meldingsblad for Vestmannalaget.

I 2001 vart det valt eit nytt styre i Vestmannalaget. Det nye styret vedtok å segja upp Marøy som bladstyrar og kutta ned utgjevingsruta åt bladet frå 10 til 6 nummer i året. På årsmøtet i Vestmannalaget i 2002 vart det vedteke ei fråsegn med krass kritikk av Marøy der det millom anna vart hevda at Marøy hadde «vanstyrt» bladet.

Etter at det vart klårt at Marøy si lina hadde lide nederlag i Vestmannalaget, vart det gjort upptak til å skipa eit nytt blad som kunde føra vidare det arbeidet som Marøy og medarbeidarane hans hadde lagt ned i Vestmannen. Dei unge som kom med i arbeidet med Vestmannen hadde tydeleg nok andre trongar og ynskjemål til eit blad enn fleirtalet i Vestmannalaget. Eit nytt blad, Målmannen, vart difor skipa med studnad frå Halldor O. Opedals fond for målreising og måldyrking. Det fyrste nummeret av Målmannen kom ut i september 2002.

Redaktør for Målmannen hev vore Olav Torheim, med undantak for 7 nummer i perioden 2003 til 2005 som vart redigerte av Klaus Johan Myrvoll. Frå og med nummer 2/2005 var Torheim attende som bladstyrar. Anders Moe hevda i eit lesarbrev i i Dag og Tid 11. juni 2005 at bladet hadde vorte kuppa og at Målmannen 2/2005 var for ei piratutgåve å rekna. Desse påstandane har aldri vorte stadfeste frå nokon andre med tilknyting til bladet.

I desember 2006 gjorde redaksjonen det kjent at dei vilde utvida utgjevingsruta åt bladet frå fire til fem utgåvor i året.

Sjå òg[endre]

Bakgrunnsstoff[endre]