Høgnorsk

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Høgnorsk er eit skrift- og talemål, og ei nemning på ei uoffisiell form for nynorsk der målet er halde ved lag i ubroten tradisjon etter det fyrste nynorske skriftmålet (Landsmaal), som ein finn det hjå Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg o.a. Offisiell nynorsk veik av frå denne tradisjonen fyrst og mest ved rettskrivingsbrigdet i 1938, med ei tilmåting til rettskrivingi og ordvalet i bokmål og til målføri i Nord-Noreg, i Trøndelag og på Austlandet. Det er med andre ord på desse umkvervi høgnorsken skil seg frå offisiell nynorsk.

Grammatikk[endre]

Bøygjing av namnordi[endre]

Høgnorske namnord og lagord vert bøygde i tal og bundenskap. Namnordi hev tri kyn; hankyn, hokyn, inkjekyn. Desse hev anten sterk eller linn bøygjing, som viser seg i endingi.

Døme på regelbundne sterke og linne namnord i alle kyn:

kyn eintal mangtal eigefall sidefall
ubd. bd. ubd. bd. eintal mangtal eintal mangtal
linnt hannkyn bakke bakken bakkar bakkane -e (-a) -ens -a -anne -e (-a) -am -om
sterkt hannkyn hest hesten hestar hestane -s -sens -e -em
kvist kvisten kvister kvistene
sterkt hokyn sol soli soler solene -ar -anne - -enne
elv elvi elvar elvane
bok boki bøker bøkene
linnt hokyn visa visa visor visone -e (-o) -onne -e (-o) -onne
sterkt inkjekyn land landet land landi -s -sens -e -in
stykke stykket stykke stykki -es -(e)sens -ja -janne -jom
linnt inkjekyn auga augat augo augo -e (-a) -ans -na -nanne -a -an -om

Høgnorskrørsla[endre]

I år 2000 braut det ut strid i høgnorskrørsla. Striden toppa seg i 2002 med konflikten um bladet Vestmannen. Etter at Lars Bjarne Marøy hadde vorte avsett som bladstyrar for Vestmannen, vart det gjort upptak til å skipa eit konkurrerande målblad, Målmannen. Frå 2002 til slutten av 2003 var bladet meint å fungera som eit samlingspunkt for aktivistmiljøet i Ivar Aasen-sambandet og Vestlandske Mållag. Men på slutten av 2003 braut det ut ein ny konflikt internt i Ivar Aasen-sambandet. Støttespelarane attum Målmannen valde då å brjota med den organiserte luten av høgnorskrørsla og helder samla kreftene um å byggja upp eit frittståande aktivistmiljø kring bladet Målmannen. Bladet tek upp både målspursmål og andre aktuelle saker.

Bakgrunnsstoff[endre]

Sjå òg[endre]