Prøvor på brevstil.

 

Les kvart brevet for seg. Sjå inkje for mykje på samanhengen millom brevi, jamvel um dei . handlar um det same.

 

Utnemningar

 

1.

Frå 3dje brigade.

I samhøve (1) med tilråd (2) frå høgvyrde Vestupplandske regiment (3) kårar eg furer ved 2 kornpani (4) av Hallingdals bataljon

Hallvard Haugastøl

til kommandersjersant og kallar han til tenest ved 4de kompani (sveit) av same bataljon.

Kunngjer dette for regimentet (herfylket)!

Send inn utnemningsbrevet frå kommandersjersant Haugastøl, so skal han få den nye utnemningi påskrivi!

Dei vedleggi, som kom saman med tilrådet, er inn- lagde og fylgjer attende.                                    N. N.

  1. Eller: ”i samhelde med”, ”samdrøgt med”, ”etter”.
  2. Eller: tilnemning.
  3. ”Regiment” er eit nytt ord. Det var det vel då betre å taka eit norsk ord: ”herfylke” eller ”fylke”. (NB. "Fylking” = ”formation"; slaglina.)
  4. ”Eit kompani” = ”ei sveit”. - Gamall god norsk, og attpå er ordet einstava.

 

2.

Til Vestupplandske regiment (herfylke).

 

3. brigade hev 26 f.m. gjort desse vedtak, som alle gjelda (1) frå 1 marts:

  1. ”Å gjeva sjersant ved 8. kompani av Vestupplandske regiment Ulsaker avskil frå hertenesta, for di han hev nått høgalderen.
  2. Å flytja sjersant Tveiten av 8. kompani av V. U. regiment over i fastlønt sjersantrom ved 9. kompani.
  3. Å kåra vernepliktig sjersant av 7. kompani Heimdal til sjersant på fast løn og kalla han til tenest ved 5. kompani på ei prøvetid av 3 - tri år.
  4. Å påleggja korporal 315 Fyrån å gjera sjersantstenest ved 9. kompani, men med dei skilordi (2) at han lyt finna seg( 3) i dei umbrøyte, som fylgjer, når den nye herskipnaden vert heilt gjenomførd.”

 

[Dette kunngjer(4) eg til vitand.(5)]

9. kompani av V. U. regiment den… 19..

N.N.

 

Mannamillom

            Hr. sjersant Framnes

                       -      Storhaug

           -      Ringstad

                        attende!

 

  1. Eller:  som tek til å gjelda frå i marts.
  2. Eller: på dei vilkår.
  3. Eller:  han lyt finnast i.
  4. Eller: dette gjer eg kunnig (dette kynner eg).
  5. Eller:  so De skal vita det.

Eller  brevet kann byrja soleis: Eg vil, De skal vita, at 3. brigade…

Dette siste er garnalnorsk brevstil:  ”Wer williom, at Der vitid, at…”

Eller: Eg vil gjera kunnigt for kompaniet, at ....

 

3.

Eg vil, de skal vita, at brigaden i brev dagsett .23 d. hev samtykt, at sjersant Halistein Endreson av 3. kompani av Austupplandske regiment fær sitja umbodet sitt 1 – eitt – år utover den tidi, som er sett som høgalder.

 

4.

Kompaniet hev no fenge tvo nye sjersantar, som båe bur innanfor kompanidistriktet (kompanisokni)(1). Det lyt difor verta eit par umflutningar millom underoffiserarne.

  1. Sjersant Bgen, som bur i Øyfjell, skal taka 2. fordeling(2) Øyfjell etter sjersant Glesne, som då fær 4. fordeling (fjordung).
  2. Sjersant Hevde, som bur i Storlid, skal taka 3. fordeling etter sjersant Hamre, som fær 1. fordeling. Fyrr brevskapen vert utskift, skal sjersantarne Glesne og Hamre gjeva meg ei lista over dei bøker og brev, dei skal senda frå seg. Eg vil sjå, at alt er til stades.
  1. militært distrikt = ei herreida.

Sjømilitært distrikt = ei flotereida. Jfr. gamallnorsk: skipreida.

  1. Den nye herordningi gjev kompaniet (batteriet, eskadronen) 4 sjersantar. Kvar ”fordeling” vert soleis ein ”fjordung” av kompaniet. No for tidi er det ein ”settung” eller ein ”femtung”.

 

5.

Etter(1) pålegg av 5. d. m. hev eg idag teke ved 3. fordeling (fjordung) etter sjersant Haugan, som steig over i landverni.

Alt brevskapen var til stades og i orden so nær som, at det vanta handrulleblad for hermann 1223. Sjersant Haugan sa meg, at han hadde gjeve fanejunkeren (2) handrullebladet på moen, men inkje fenge det att.

 

  1. Eller: Med heimel i pålegg av ...
  2. Merk: Det heiter fanejunker, inkje fanejunkar. Dette er noko, me kann leita fram or gamalnorsken. Junker er ætta frå jungherra : ungherra. Både ”fane” og ”junker” er gamalnorske ord. Jfr. meister, inkje meistar, g.n.: meistari. Frå latinsk: ”magister”. Og: ”skipper” av skipherra.

 

6.

Sjersant Stølsås hev 10. n.m. fulltent sine 3 prøveår. I desse 3 åri hev han gjort væpna tenest i 2 rekruttskular og 3 bataljonssamlingar (1) og dessutan 1 - ei - mobilisering (eitt herlaup(2) ).

Han hev fenge røyna seg (3) i alle slag tenest og vist seg som ein mangfør og sers dugande underoffiser (hovudsmann). - Og serleg vil eg nemna, at sjersanten er ein mann med tiltak og sjølvstende. Han stend aldrig fast, men legg djervt i veg og veit oftast å finna det rette. Eg nemner dette; for det er ein givnad, som er vigtug for ein førar no i vår tid.

Eg vil hugheilt tilråda, at sjersanten no vert fast innsett (fær fast utnevning).

3. kompani ....

  1. Eller: bataljonsstemnor, bataljonsmøte.
  2. ”Herlaup” er det gamalnorske ordet for mobiliseringl (Herblaup) - Det franske ordet, ”mobilisering” segjer i grunnen so lite um saki sjølv. Fransk ”mobiliser” er det same som å ”gjera rørleg” (ferdabu). (um du set ein trehest på hjul, so kunde du godt kalla det ei mobilisering.)
  3. Eller: røynast.

 

7-

Eit sjersantsrom vert ledigt ved underoffisersskulen frå 25 marts.

Søknad ved kompaniet innan 16. d. m.

(Dei som vil [etlar seg til å søkja], må vera ute i so god tid, at søknaden kann vera ved kompaniet innan 16. d. m.)

3. kompani.

 

8.

Eg søkjer vyrde 3. brigade um å få det sjersant. romet, som no vert ledigt ved underoffisersskulen. [Kann (kunde) eg få det sjersantsromet, som .... ?]

Eg er fødd på Juv i Øyfjell 15/9 1880, gjekk skulen 1898-01, tok sjersanteksamen med 1,632 og hadde tevlingsnummer 3 av 44.

Den 1. april 1905 vart eg kåra til sjersant på prøva og kalla til tenest ved 2. kompani av Hallingdals linjebataljon, og den i april 1908 fekk eg fast utnemning.

Etter eg vart sjersant, hev eg gjort væpna tenest soleis:

 

1905

rekruttskulen

48

dagar

 

bataljonsstemna

24

dagar

 

mobilisering (herlaup)

19

dagar

1906

-

 

 

1907

ved trænkorpset eit skeid på

100

Dagar

1908

-

 

 

 

I 1907, då eg gjekk det 100 dagar skeidet ved trænkorpset, var eg burte frå øvingarne ved mitt eige kompani.

            Juv den … 19..

 

            Vyrdsamst

            Jon Jonsson Juv,

            sjersant.

 

9.

Framsegn (utsegn) frå 2. kompani av Hallingdals linjebataljon.

 

Dei taluppgifter, sjersanten legg fram, dei samstavar med rullebladet (manntalsbladet).

Sjersant Juv hev gjort tenest ved dette kompani i 3, - tri - år, og eg veit inkje anna berre godt å segja um honom.

Sjersanten er ein framifrå dugande og ihuga kar både til førar og til lærar. Han hev eit godt låg med å handsama sine folk og veit alltid å halda god hertugt.

Elles er han hæv til alt skrivearbeid og til herstjorn og i det heile ein sers pålitande og brukfør hovudsmann.

Hugheilt kann eg stydja søknaden hans. Eg er viss på, at sjersant Juv vil svara mannsrom fullt ut som lærar ved skulen.

Oslo den … 19..

N. N.

 

10.

Fanejunker Austad stig i april over i landverni. Dermed vert det ledugt (falt) eit kommandersjersantsrom ved 2. kompani.

            Kunngjer dette! (Gjer dette kunnigt!)

            Søknad ved bataljonen innan 20 d.m.

            N.N.

 

11.

Eg kjem inkje til å søkja den ledige kommandersjersantsposten ved 2. kompani. Eg er berre 25 år, og då kann det inkje vera stor von for meg.

Gunnar Glesne.

 

12.

(Som påskrift.)

Attende til Hallingdals bataljon med fråsegn (bod, helsing), at ingen av sjersantarne ved mitt kompani etlar tevla um det ledige kommandersjersantsromet ved 2. kompani.

Dei er alle saman so unge, at dei inkje vil (torer) bjoda seg fram.

[Eller: Dei er alle saman so unge, at dei inkje djervest kappast (jambjodast) med dei eldre underoffiserarne (hovudsmennerne) frå dei andre kompani.]

 

Øvingarne

 

13.

Stemning til øvingarne!

  1. Bataljonen held stemna på Helgelandsmoen millom 29 juni Og 22 juli.
  2. Fram skal møta!:

[Til frammøte stemner eg: eller: Dit stemner eg:]

premierlytnant Høgetveit,

underoffiserar (hovudsmenn) og speimenn, som stend på fast løn,

vernepliktige offiserar, spelmenn og stridande korporalar, som pliktar tenest iår - inkje er fritekne, inkje hev fenge utsett og heller ikkje er kalla til onnor tenest, stridsmenn og køyrekarar av årgangarne 1907 Og 1908, hermenn av eldre årgangar, som pliktar taka inn att forsømd tenest (jfr. skriv av 10 marts d. a.),

vernepliktig sanitetssjersant Garlid,

kokkar av eldre årgangar, som enno pliktar hertenest i fred. (Derimot skal skræddarar og skomakarar seinare få serskild tilsegn um tidi, då dei skal møta).

  1. Offiserar, møt fram for bataljonschefen 28 juni kl. 21/4!

Underoffiserar, møt fram for kompanichefen 28 juni kl. 2!

  1. Fordelingsunderoffiserarl. - send serskild stemning til alle, som skal møta umframt sin vanlege tur!
  2. Møtepliktige hermenn, som bur i eige kommandodistrikt (eigi kompanisokn) plikar fylgja troppetransporten (hersendingi). På Krøderen og Randsfjord jarnvegsstationar vert møtepliktige herfolk av andre kompani upptekne på styrkelista, når dei i tide segjer frå til transportføraren.
  3. Er fordélingsunderoffiser i tvil um møteplikt for nokon ,mann av fordelingi, då segjer han frå di fyrr di heller!
  4. Bataljonen hev sett meg til å føra troppetransporten frå Gulsvik.
  5. Sjå forresten prenta ”Indkaldelse til vaabenøvelserne”!
  6. Sanne meg (seg meg), at stemningi er motteki!

 

7de kompani av Vestupplandske regiment.

Oslo 10 juni 1909.

 

N.N.

 

14.

Sanitetskorporal Grønlid kom igår og spurde meg, kvifor han inkje var stemnd til hertenest iår, og samstundes vilde han høyra, um det inkje var hans skyldnad å møta likevel. Eg svara då, at han inkje var nemnd på stemning

i årsens øvingar, at sanitetskorporalar vanleg fekk serskild tilsegn, og at han kunde sitja i ro heime til stemningi kom.

Eg nemner dette likevel på voni korporalen var gløymd.

3. fordeling…

 

15.

Attende med fråsegn (bod, ordsending, helsing) til korporal Grønlid, at sanitetskorporalar vert innkalla, etter som me treng deim. No iår er korporal Sørbøen kalla til tenest. Difor trong me.inkje korporal Grønlid; men han lyt vera budd på å take sin muin att (tena uppatt) eit anna år.

4. kompani…

 

16.

Skjoteskulen

Brigaden gjer kunnigt i brev av 27. d. m., at dei held skjoteskule for fotfolket på Elvrom imillom 13. aug. og 27. sept. d. a.

Vestupplandske regiment hev pålegg um (er tilsagt) å kalla(1) til tenest i skulen i underoffiser og i spelmann, som skal (møta) melda seg på Terningmoen 11. august um morgonen. Dessutan skal regimentet kalla inn til læresvein 1 - ein - underoffiser, som skal møta fram den 22. um middagen, når toget frå Oslo er framkome til Elvrom.

Skulde nokon av sjersantarne ha hug og høve til å la seg kalla inn, anten til tenest i skulen eller til å vera læresvein, so seg frå med fyrste post!

1.        stemna

 

17.

Obersten skreiv 6. d.m. til meg, at det skulde vera skjoteskule for fotfolket uppe på Elvrom millom 19. d.m. og 31. n.m. Samstundes baud han meg taka ut ein underoffiser av 3. kompani, som han kunde kalla inn i skule til å vera læresvein.

Eg vil sjersanten skal vita, at eg nemnde Dykk. De lyt halda Dykk ferdabudd på voni, de vert innkalla.

Skulde det vera noko sers i vegen, so det vart vrangt og ulaglegt for Dykk å koma av garde, - so seg frå med fyrste post!

3. kompani…

 

Til Hr. sjersant Håtveit.

 

18.

(Påskrift)

            Det er ingen ting i vegen frå mi sida.

            Hallstein Håtveit

 

19.

Etter den fråsegni, De sende i brev av 3. d. m. hev bataljonen idag fastsett, at De no i haust skal ganga skjoteskulen på Elvrom.

Møt fram fullt herbudd på Terningmoen den 22. d. m. og gakk fram for stjornaren, for skjøteskulen innan kl. 4 um ettermiddagen

Seg frå (seg meg, sanne meg), at stemning er motteki!

4. kompani.

 

Til Hr. sjersant Håtveit.

 

20.

Innlagt kjem ein søknad frå vernepliktig korporal Hans Haugen. Han bed um å få utsett (framdrygt) bataljonssamlingi til næste år.

Korporalen er fødd i Gran

1/9

85

teken til næming ved Garden

1/9

85

han er vernepliktig korporal frå

1/9

08

i tilgang ved 3. kompani

14/10

08

Verneplikt i lina rekna (gjeng) frå

1/5

06

Etter kongebrev av 31/3 03 § 62 pliktar korporalen tena i 2 bataljonsstemnor i lina og 1 - ei - bataljonsstemna         i landverni.

Korporalen var heime hjå meg idag og målbar søknaden sin. Han fortalde, at han nyst var framsloppen or teknisk kveldskule. No hadde ingeniør Berg vona honom arbeid ved vegstellet i Drammen til sumars. Men fekk han inkje denne posten, so hadde han endå i bakhandi ei vinglevon um å få arbeid ved utstaking av jarnveg. Men glapp dette alt sarnan, so vilde han møta på moen, jamvel um han fekk orlov frå hertenesta.

Han meinte, det var uråd å få sumarsarbeid iår, um han skulde på moen. Men hadde han fyrst kome seg inn einkvar staden, so trudde han, det vart lettare å taka hertenesta eit rana år.

Det kann vera noko i dette. - Eg stydjer søknaden.

2. fordeling…

 

21.

Brigaden hev 12. d. m. samtykt (gjenge med på), at vernepliktig korporal 511 Hans Haugan fær framdrygt hertenesta 1 - eitt - år i tilfelle av, at han fær arbeid ved Drammens ”veivæsen".

Um korporalen inkje møter iår, må han difor vera fyrebudd på å heimla fråvera si ved å leggja fram fullgodt vitnemål um å vera i tenest hjå Drammens ”veivæsen”.

3. kompani (sveit)…

 

22.

I brev av 2. d.m. baud kompanichefen meg høyra etter, um nokon av dei vernepliktige korporalarne hadde hug og høve til å la seg kalla (1) til tenest i rekrutskulen i år.

I denne fordeling (fjordungen) hev einast korporal Hauglid sagt seg viljug.

Sjå innlagde brev.

3- fordeling (fjordung)…

1.        til å bjodast til tenest : til å bjoda seg til tenest

 

23.

            De skreiv til meg her ein dagen og spurde, um De i år skal tena uppatt dei 8 dagarne De var sjuk i fjor under bataljonsstemna!

            Ja De skal so!

            Men øvingarne for i år (årsens øvingar) er enno inkje dagstudde (eindraga) av kommanderande general (høgste hershovding) og fyrst, når det lid ut i april, kann De venta å få ei vitring um møtedagen.

3. fordeling…

 

Til Hermann 1762

Helge Haugland

 

24.

3. brigade hev 2. d. m. fastsett, at dei kararne, som nedanfor er nemnde, og som inkje gjorde full tenest ifjor, dei skal taka sin mun att iår soleis .....

 

Eller: 25.

Dei kararne, som nedanfor er nemnde gjorde inkje full hertenest ifior. Og brigaden hev difor 2. d. m. fastsett, at dei iår skal tena uppatt soleis:

  1. Hermann 1762 Helge Haugland var sjuk 8 dagar av bataljonssamlingi. Han skal til sumars ta uppatt dei 8 siste dagarne av rekrutskulen langs med den bataljonssamlingi, han stend att med.  Stemn honom til å møta på Helgelandsmoen 24. juni  og ganga fram for chefen for 2. rekrutkompani innan kl. 3 em.!
  2. Hermann 1859 Sveinung Sørbøen…

 

Hermann 1386 Hallvard Framnes låg sjuk 5 dagar av bataljonssamlingi, etter ein hest hadde spent honom. Han slepp tena uppatt desse 5 dagarne. Dette vil eg han skal vita!

Gjev kvar av dei 4 fyrste kararne stemning i serskilt brev og krev kvitting frå kvar og em. Gøym sjølv dei kvittingarne, som kjem inn; men tak deim med på moen, so De kann leggja deim fram i tilfelle det var nokon, som inkje møtte!

Sanne (seg) meg, at De hev motteke dette brevet!

2. kompani (sveit)…

 

'I'il Hr. sjersant Juv.

 

26.

Hels (seg) kompanichefen, at eg hev fenge brevet hans med pålegg um å møta fram til hertenest på Helge- landsmoen den 24. d. m. innan kl. 3.

Hallstein Håland

Hermann nr. 1572

 

27.

Eg kann helsa og fortelja, at fyrre dagen fekk eg stemning til bertenest.

Men det vert inkje råd for meg å koma nokon veg no. Eg braut høgre foten min i vika, som var, og sidan hev eg vore sengfast, og inkje er det von, at eg kann få trøda (stiga) på foten på 6 vikor enno.

Bygdelækjaren var her igår. Han skreiv dette brevet (vitnemålet), som fylgjer med.   

Helge Bjerkheim.

 

Til Hr. sjersant Glesne.

 

28.

De veit at De skyldar iår å taka att 28 tenestdagar av rekrutskulen, som De inkje fekk med ifjor.

De skulde med retto ha møtt fram til tenest 29. mai. Men med di 1ste kvitsundag iår fell på 29. hev brigaden gjenge med på å drygja møtetidi fram ein dag - til 30. mai kl. 3 em.

3. fordeling.

 

29.

Brigaden hadde 24. f m. samtykt, at korporal Hans Heimlid skulde få framdrygt hertenesta 1 - eitt - år.

Men no var korporalen innum meg idag og fortalde, at han hadde fenge leigt ein kar i staden for seg på det kantoret, han arbeider. Dermed vert det ei råd for honom å sleppa laus, so han kjem til å møta likevel.

Jon Jonsson Juv,

sjersant.

 

30.

Eg lyt søkja høgvyrde regiment um å få leiga mann for meg i rekrutskulen iår. (Betre: Kann eg få lov til å…)

Attved hertenesta driv eg gardsbruk, men no bar det so til, at løda (lyda) mi brann upp i vår. Eg lyt byggja straks, um eg skal få avlingi inn til sumars. Men inkje vøre det greidt å byggja, um eg skulde vera burte sjølv og la framande stjorna med det vesle, eg hev å byggja for.

Siersant Juv hev bode seg til å ganga i staden for meg.

Hans Brenno,

sjersant

 

31.

Eg sender søknaden fram til bataljonen.

Det er audsynt, at det må vera ei velferdsak for sjersanten å få lov til å leiga for seg i rekrutskulen iår.

Han er ein veltent kar, som aldri fyrr hev drege seg undan tenest. Eg godkjenner sjersant Juv til leigekar og stydjer søknaden.

3. kompani…

 

32.

I høgvyrde brev av 3. d. m. spør hr. oberstlytnanten um nokon av sjersantarne ved 4. kompani vilde taka på seg tenest ved eit intendanturskeid på 72 dagar på Gardermoen.

Sjersant Framnes hev gjeve. sitt ja-minne. Brevet fylgjer.

Sjersant Glesne er viljug mot at tenesta på Gardermoen må koma til å vega jamt med ein rekrutskule. Dette er no inkje meir enn rimelegt heller, synest eg.

3. kompani…

 

Orlov

 

33.

Kann eg få lov til å bu på Storlid gard til øvingarne (bataljonssternna) på Helgelandsrnoen byrjar (tek til) i 1909?

Garden ligg 2 km. frå Dalmot jarnvegsstation. På grannegarden Austlid er det telefon, som ein kann ringja upp gjenom Inndals central.

Tilskrifti mi vart då:

Storlid um Dalmot jarnvegsstation.    

Glesne,

sjersant

 

Eller:       Kunde eg få lov til ...?

Kunde det lata seg gjera, at eg fekk bu  ...?

Vøre det so vel, at eg kunde få (lov til å) bu på… ?

Vøre det noko i vegen, anna eg kunde få…?

Bruk helst spyrjeforrni. Det er her denne formi eig heime. Skriv difor inkje - eller berre fyr eit undantak:

Eg er so fri å søkja eller: Eg gjer meg so fri å søkja.

 

34.

Austupplandske regiment hev 6. d m. samtykt, at De fær lov til å bu på Storlid gard um Dalmot jarnvegsstation - men på det vilkor (med dei skilord), at dette orlov inkje må føra nokon umframkostnad på rikskassa.

 

35.

Påskrift: Samtykt på dei vilkor, at… Eller: Samtykt med dei skilord, at ....

 

36.

            De skreiv til meg den 21. d.m. og søkte um å få orlov til onsdag den 30. d.m. av di De var stemnd til vitnes i meddomsrett på Helgelandsmoen fyre 30. um kvelden : 2 dagar for seint.

            Eg hev i dag sendt søknaden til bataljonschefen på Helgelandsmoen, og De kann no venta svar beinast frå honom.

            Skulde svar inkje vera framkome innan laurdagskvelden, fær De møta i retten likevel på mitt ord.

            Men. – Når De kjem på Helgelandsmoen skal De leggja fram brev (frå retten), som syner, at De er stemnd til vitnes. Dessutan vil eg frå retten hava ei fråsegn, som ordbert segjer, kva tid De var framme og vitna, soleis, at eg kann sjå, at De inkje hev vore burte lenger tid, enn rimelegt kann vera.

            Vis dette brevet fram til formannen i retten!

            3. kompani…

 

Perrnission:           Eit lov, utlov, farlov, ferdalov, heimlov, heimfarlov, orlov.

permittere:             gjeva utlov, farlov…

orløyva, farløyva, heimløyva .....

permissionskort:   orlovsbrev (som i gatnalnorsk).

uden perinission: orlovslaust, uløyves.

”Kapteinen hadde lova meg heimferd.” ”Hev du teke (løyst) orlov?” :  ”Hev du søkt og fenge orlov?”

 

Sjukdom

 

37.

Hermann 5130 Hallstein Håland fekk no i haust skamhogge vinstre foten sin. Han hev vore sengfast eit par månader; men no er det so mykje, at han skrid på fotom. Lækjaren trur inkje, at han nokon gong vert fullt berfør att.

Næste månaden skal han inn til Oslo, og han vilde då nytta høvet (tilføret) til å koma fram for lækjarnemndi. Det er von, han fekk fripass, so han slapp møta på moen til års (.anna år).

3. fordeling (fjordung).

Eller:       Han vonast (vonast) få fripass, so han slapp…

                Han vonast : Han vonar seg : han vonar sjølv, (at han fær…)

 

38.

Gjer so vel å sjå etter (avgjera, taka avgjerd, segja orskurd), um bermann 5130 Hallstein Håland er før til hertenest no lenger.

So er sagt, at han no i sumar hev skamhogge vinstre foten sin, og det er lite von um han nokor gong vert heilt god att.

Han er fødd 11/4 84 i Hågrendi, utskriven 1/5 07 frå Hågrendi rote nr. 12. Høgd: 169,5, grov av vokstr, ljost ihår (ljøshærd), blå augo (blåøygd). Han høyrer til 3. kompani av…

N.N.

 

Til lækjarnemndi for 3. brigade.

 

39.

De skreiv, De vilde fram for lækjarnemndi i Oslo. De fær då taka med innlagde brev frå kompanichefen. Dessutan bør De leggja fram vitnemål frå lækjaren i heimbygdi, um De hev noko.

Lækjarnernndi for 9. brigade held møte kvar tysdag og laurdag kl. 10 fm. i månaderne februar, marts og april i ”det militære retslokale”, Akershus.

Møt fram på klokkeslettet 10, elles kunde De lett ganga for inkje!

3. fordeling.

 

Til Hermann 5130 Hallstein Håland.

 

40.

De spør, sjersant, kvifor hermann 6043 Knut Oydelid inkje møtte fram til mobilisering (til herlaup(1)) no i haust, soleis som han var tilsagd (tilsett, tilstemnd).

Nei, den gongen då stemningi kom, låg han sjuk av lungebrune og hadde lege nedfor i over ein månad. Han var då inkje god for å møta (inkje før til å møta [møtefør, herfør]).

Lækjar vart inkje bodsend, av di han budde so langt undan.

Dette vitnar og sannar me med namns underskrift.

N. N.   M. M.

1.        Dette, at ein mann  inkje moter fram til mobilisering, det heitte i det gamle mål ”leiðangrsfall”. Jamfør nynorsk: ”messefall”, når presten inkje meter fram til messa.

 

41.

Dei underskrivne er kjende av meg fyr trauste, truverdige karar. Knut Oydelid bur på einbølt fjellgard, og det er 5 mil til nærmaste lækjaren.      

Eg meiner, ein fær godtaka det vitnemålet, som er framlagt.                         

Jon jonsson Juv,

sjersant.

 

42.

Ved orskurd(1) av lækjarnemndi for 2. brigade av 3. d. m. vart hermann 5131 Hallstein Håland sagt ufør til hertenest. Fripass fylgjer med.

Frågangslista (2) er enno inkje samtykt av sessionsstyret (3); men venteleg kjem ho med det fyrste.

3. kompani…

  1. ”Orskurd” er det norske ordet for ”kjendelse”.
  2. Skriv inkje ”avgang” eller ”avgangslista”: Norsk ”avgang” svarar til dansk ”tiloversblevet”. Jfr. Schøtts og Vidsteens ordbøker: ”overskud” og ”tiloversblevet”. Gamalnorsk: ”afgangr” = nynorsk : avgang, yverskot. Jfr. Hægstad-Torp gamalnorsk ordbok.
  3. Session = herting; bestyrelse = styre; sessionsbestyrelse = hertingsstyre.

 

Frågang

 

43.

Eg hev spurt (frett), at hermann 5133 Hans Haukelid skulde vera avliden i juni månad i år. På voni denne tidend skulde vera sann, bed eg hr. soknepresten ferda ut og senda meg daudeattest.

Hans Haukelid er fødd 2/5 76 på Haukelid gard i Hågrendi. Foreldri hans er: …

Siste gongen me høyrde frå Hans Haukelid budde han på Breidlo i Utagrendi; der dreiv han og var handelskar.

4. fordeling…

 

44.

Hermann 1560 Øystein Arnarstad av trænkorpset hev no butt eit heilt år i Oslo med orlov. Han skreiv til

meg igår og fortalde, at han hadde fast arbeid der, og kom til å bu der sidan og.

Med heimel i reglar for manntalsføring pkt. 45 vil eg fyreslå å leggja 'n under tilsyn av Qslo bataljon.

Handrulleblad og mobiliseringsordreblad(1) fylgjer.

2. fordeling…

  1. møbiliseringsordreblad = bodstikkeblad.

mobiliseringsordre = berbod.

mobiliseringsordrebog = bodstikka.

 

45.

Frågangslista.

Sessionsstjorni for 6. utskrivningsdistrikt (herreida) hev 10. d. m, samtykt å fora i frågang desse kararne:

Nr.

Fordeling

Namn

Grunn

4620

4

Hauge

utvandra [flutt or land(et)]

5327

2

Bjørgo

daud

5760

4

Aasheim

til Numedals bataljon

5130

3

Håland

ufør til hertenest

Send inn handrulleblad i fylgje med denne umgangslista.

4. kompani….

 

På umgang til:

            Hr. sjersant       Juv

-                                             Glesne

-                                             Hamre

attende!

 

Tilgang

 

46.

Knut Framnes (hermann 5117 hev vore) flutte ut til Amerika med orlov for tvo år sidan.

No er han komen heim att og bur på farsgarden. Han var stad og tala med meg um heimkoma si igår. Han fortalde, at han hadde tent si herplikt i lina men at han hadde att 24 dagar i landverni.

Det er meiningi hans å verta verande heime. Han hev teke garden etter faren, som er veik med helsa.

2. fordeling…

 

Sakna mannskap

 

47.

Hermann 1951 Håkon Gardmo, utskriven 1/5 1909 frå Skogdal   rote nr. 12, han møtte inkje på berting no i haust og inkje  til øvingarne i vår.

Eg   hev inkje høyrt frå honorn, etter han vart utskriven.  Foreldri hans bur i Hauglid, og der skal han ha både skyldfolk og kjenningar. Det er von, han var heime i Hauglid; men i alle fall måtte ein vel der kunna få spurlag på 'n.

Men no ligg Hauglid under 8. kompani, og eg trur då, det var rettast (likast) å beda detta kompani um hjelp til å leita mannen fram att.

Etter handrullebladet er Håkon Gardmo fødd i Skogdal 15/8 1876.   Foreldri hans er: gardbrukar Gudbrand Gardmo…

4. fordeling…

 

48.

Kunde du gjeva meg nokor greida på matr. no. 1310 Kristian Olsen av trænkorpset?

Han er fødd 13/8 84 på Vik i Nordlid av foreldri… herfest  1/3 87 frå' Nordlid rote nr. 12 og gjekk 1906 rekrutskulen i trænkorpset. Høgd 171, svarthærd, brunøygd, ær etter slag på vinstre handbaket.

Den tid, han slapp or hertenesta, gav han upp som fyrste tilskrift Bergensbanen 4de banebolk, og difor vart han lagd under tilsyn av Hallingdals bataljon. På Bergensbanen var han berre i 14 dagar. Derpå strauk han til Narvik. Men no høyrer eg, han skal vera komen sør på att og arbeider på Bergensbanen millom Hønefoss og Randsfjord.

Gjer so vel å høyra etter honom for meg. Minn honom um dei hermanns-plikter, han hev. Gjev honom

tilskrifti mi og send meg so ei fråsegn.

4. fordeling av…

 

Utvandring

 

49.

Kann eg få lov til å vandra (fara) ut til Amerika i mai månad d. a.?                

Vyrdsamst

Hans Hauge,

hermann 4620.

 

50.

Framsegn (utsegn).

Hermann Hans Hauge er fødd 16. marts i884 i Breidlo, utskriven 1/5 07 frå Breidlo rote nr. 5. Han hev undangjort væpna tenest i lina.

Eg stydjer søknaden(l).

4. fordeling…

  1. Eller: Eg tel soknaden samtykt; ”Med studnad!”

 

51.

Attende til 4. fordeling med fråsegn (bod, helsing) til Hans Hauge, at eg inkje kann gjera noko med søknaden hans, fyre kompaniet hev fenge att den byrsa (nr. 67 536), som han hev til utlåns or herens upplag. Eg set honorn då desse tvo vilkori å velja millom:

Anten fær han senda byrsa si til fordelingsunderoffiseren på Hønefoss, eller han gange med ho til sjersant Vold i Heimlid.

            Når dette er greidt og byrsa er godkjend, kann han koma att med søknaden sin.

            4. kompani…

 

52.

Utvandringslov (utfarlov).

Sessionsstyret (hertingsstyret) for 6. utskrivningsdistrikt (bataljonsreida) hev 15. d.m. gjeve utvandringslov til hermann 5117 Knut Framnes av fjorde kompani av Vestupplanske regiment.

Han er fødd i Haus 16/3 83, utskriven 1/5 06 frå Haus rote nr. 12. Høgd: 172, grannvaksen, myrkhærd, svartøygd; sermerke: langt ær på vinstre peikefinger etter eit sagrisp.

Dette utflutningsløyve gjeld til 1. juni d. a.

Seg frå til sjersant Håtveit, kva dag, De reiser og kva veg - um Oslo eller um Bjørgvin.

Kjem De attende til Norig, innan De fyller 40 år, so meld det til politiet (lensmannen) i den by eller bygd, De set bu i.

Vert det inkje noko av med Amerikareisi, skal De seinast 1. juni senda dette brevet attende til sjersant Håtveit.

 

53.

Den 3. f. m. fekk hermann 4651 Øystein Sjølid lov til å flytja ut til Amerika på det vilkor, at han skulde vera or landet, fyrr månaden var ute.

Det er enno inkje kome embættsleg melding, som segjer, at han er reist.

Eg spør difor Oslo politikammer, um mannen er utflutt over Oslo.

3. kompani.

Eller:       Kann Oslo politikammer segja meg, um ....

Vil Oslo politikammer gjera so vel å segja meg, um ....

 

54.

Vitnemål

Matr. nr. 4651 Øystein Sjølid fødd 3/6 82 i Strand strauk i mai månad til Amerika.

Han reiste herifrå den 6. mai til Bjørgvin; der tok han hyra og vart kokk med ei seglskuta, som skulde til Newcastle.

Dette vitnar og sannar me med namns underskrift. Strand den .....

M. M.              N. N.

 

Retssaker

 

55.

Vedtak.

Hermann 987 Hans Bjerke møtte 3 dagar for seint fram til batalionssamlingi i år.

For misgjerd mot herlogi § 34 bør han difor sitja 6 - seks dagar i arrest i bygdefengslet.

Til skuldauke er rekna, at mannen ifjor vart refsa for same slag misgjerd.

Etter § i26 i herlogi hev Hans Bjerke rett til å anka orskurden, inn for bataljonschefen, ifall han tykkjest (1) vera skuldlaus (saklaus), eller han meiner, at refsingi (2) er for hard, eller at ho inkje samstavar med norsk log. Men då lyt han senda ankemålet innan 24 timar, etter han hev fenge dette brevet.

2. kompani…

  1. tykkjest vera = tykkjer seg å vera = tykkjer sjølv, at han er…
  2. ”refsing” er det gamalnorske ordet for ”straf”, medan dette siste er tysk.

 

56.

Innlagt kjem refsingsvedtak (straffevedtak) i tviskrift mot hermann 987 Hans Bjerke.

Ifall han inkje ankar orskurden inn for bataljonschefen, skal De snarast råd er setja refsingi i verk.

Bruk rekommandera (innskrive gjer (kynner) refsingi for.Bjerke.

Fjorde kompani…

 

Til 3. fordeling.

 

57.

Hermann 987 Hans Bjerke av fjorde kompani av Vestupplandske regiment er ilagd 6 - seks - dagar arrest i refsing for misgjerd mot herlogi § 34.

Refsingsvedtak fylgjer.

Hans Bjerke er fødd 5/6 84 i Hådal, utskriven . . . høgd . . . ., augo . . . ., har . . . ., sermerke . . .

Han skal sitja i Hådals krinsfengsel. Vitre meg, når fengslrom er ledigt.

3. fordeling…

 

Til Hådals krinsfengsel.

 

58.

Dei seks dagar arrest, De vart ilagd den 5. d. m., skal De,sitja i Hådal krinsfengsel.

Møt fram og meld Dykk for vaktmeisteren ved krinsfengslet hr. N. N. den 25 . d. m. kl. 3. Syn honom dette brevet.

3. fordeling…

 

59.

Etter det hr. vaktmeisteren skreiv til meg den 15. d. m. hev eg tilsagt (stemnd) hermann 987 Hans Bjerke til å møta fram for Dykk ved Hådal krinsfengsel onsdag 25. d. m. Kl. 3.

Eg ventar å få høyra, når han hev sete straffetidi ut.

3. fordeling…

 

60.

            Eller: Eg hev tilsagt hermann 897 Bjerke å møta ved…soleis, som hr. vaktmeisteren skreiv til meg den… Vitre meg, når han hev…

 

61.

Hermann 541 Ketill Kleiv møtte inkje fram til rnobilisering (til herlaups) no i haust. Han fyrebar at han inkje hadde fenge noko berbod og trudde, at brevet kunde ha gjenge til Vinje i Telemark i staden for til Vinje på Voss.

Eg vil han skal vita, at eg hev granska saki og held det for prolvfast, at han sjølv er.utan skuld (saktaus).

Søksmålet er difor nedlagt.

Fjorde kompani…

 

62.

Innlagt kjem månadsmeldebok for fjorde kompani. Eg segjer samstundes frå, at refsingar inkje er ilagde

ved dette kompani i fyrste fjordungår 1909.

3. kompani…

 

Rekneskap

 

63.

Innlagt kjem: 

  1. Rekneskap for august månad med 8 vedlegg.
  2. Uppgjerd med kvarterrneisteren.

Eg lyt drygja med å senda svar på merknader til rekneskapen for tridje fjordungår i1905-06. Korporal Uppdal (7de post) let inkje høyra frå seg. Han skal liggja langt til fjells med fédrift, og det er reint på  lause voni å få brev fram til honom. Venteleg kjem han til bygdar no ved dette leite, so me kann venta svar med det fyrste.

Eg skal då senda alle svari under eitt.

4. kompani 10 sept. 1909.

 

64.

            Eg lyt beda høgvyrde regiment um å få låna 140 kr. til å hyra meg ut med herklæde. Eg vil bindast til (undergangast) å betala pengarne inn att med 10 kr. um månaden.

Granheim,

sjersant.

Me tvo underskrivne vil åbyrgjast (stå for) lånet.

Tveit,   Bø.

 

65.

Med heimel i fyresegn frå forsvarsdepartementet av 20/1 1894 løyver regimentet sjersant Granheim eit lån på kr. 120, so han kann hyra seg ut med herklæde. Summen skal sjersanten betala inn att, med 10 - ti - kr. månaden i 12 månader.

Kassestjornaren hev fenge fullmagt til. å betala pengarne ut, når sjersanten reiser krav.

Vestupplandske regiment…

 

66.

Ferdarekning

etter ei ferd til skjoteskulen på Terningmoen - att og fram millom Oslo og Elvrom.

  1. Skysspengar (skyssrekning).

Oslo-Elvrom 158 kr jarnveg  etter 0,06

                                                                                    = kr.     9,48

Same vegen attende                                                                 9,48

---                                                                                                        kr. 18,96

  1. Fragtpengar (fragtrekning, utlegg til fragt på føring)
    1. Millom bustad i Oslo og austbanestationen

på framferdi      kr.        1,60

   heimferdi                 1,10

---                                                                    kr. 2,70

    1. Millom Elverum og Terningmoen

på framreisa      kr.        0,90

   heimreisa                 0,60

---                                                                       1,50

                        Yverføring                                kr. 4,20            kr. 18,96

                        Yverført                                   kr. 4,20            kr. 18,96

    1. Yverfragt (yvervegt) på jarnvegen

2 X 0,50 =                                   1,00

                                                                                                                             5,20

  1. Kostpengar (kostrekning).

Avreis frå Oslo 19. august kl. 3.15

Heimkoma til Oslo        4. oktober kl. 12.10

Dette gjer 46 døger …             etter kr. 5,00 =                                     ” 230,00

                                                                                                Sum kr.  254,16

           

            Summen kr. 254,16 er i dag motteken hjå kassestjornaren for skjoteskulen.

            Oslo 4. oktober 1909.

            Håvard Høgetveit,

            premierlytnant

 

            Eg vitnar, at det gjekk med kr. 5,20 i fragtpengar, og at utgifti (vilde til) var naudturveleg. Utgangspunktet for mitt kompani er Nes i Hallingdal. Men no budde eg i Oslo og laut difor rekna ferdapenger millom Oslo og Elvrom, av di dette fall billigare for rikskassa.

            Håvard Høgetveit

 

67.

(Søknad til forsvarsdepartementet)

            Revisioni(1) krev, at 8 underoffiserar ved 1. kompani av Hallingdals linjebataljon skal betala inn att kr. 70,40, som dei skulde ha drege for mykje under mobiliseringi (herlaupet) hausten 1905. Dette var mitt kompani. Dilikt krav er kome til dei andre kompani ved bataljonen. Soleis skulde fjorde kompani, som eg no hev, betala inn att kr. 66,00.

            Revisioni skriv i 4. post i merknader til rekneskap for Hallingdals linjebataljon for 2. kvartal 1905-06.

 

Dansk:

Norsk:

”a. Ifølge vedlagte bilag 1 til 1. kompanis regnskab vedkommende de ekstraordinære vaabenøvelser er kompaniets 8 underofficerer utbetalt felttjenestetillæg à kr 2,55 pr. dag i de 16 dage (16. september – 1. oktober), hvori de naturalforpleiedes istedetfor kfr. Forsvarsdepartementets cirkulære av 16/9 05 sammenholdt med tillægsregulativets § 11 a fr. 2,00 pr. dag (med skeet fradrag for naturalforpleining à 55 øre pr. dag) eller hver for meget 16 X 0,55 = kr. 8,80, til sammen 8,80 X 8 = kr. 70, 40.”

”Under herlaupet 1905 hev dei 8 underoffiserane ved kompaniet drege hertillegg etter 2 kr. dagen og attpå note fri kost i 16 dagar frå 16. september – 1. oktober. – Jfr. innlagde vedlegg 1 til rekneskap for herlaupet.

            Men dei er berre rettkomne til 1 kr. dagen med frådrag av 55 øyre for kosten. Jfr. rundskriv frå forsvarsdepartementet av 16. sept. 05 og i samhelde med tilleggstakaren § 11 a.

            Kvar mann hev soleis drege for mykje kr. 0,55 X 16 = kr. 8,80 tilsaman: kr. 8,80 X 8 = kr. 70,40.”

 

Eg kann inkje skyna, korleis juristarne i revisionsdepartementet kann få vride fyresegni til på den måten. I rundskrivet frå forsvarsdepartementet stend det då ordbert (med reine ord): ”De afdelinqer af linje og lanbværn, som som nu er inbkaldte, udbetales indtil videre tillæg efter tillægsregulativets § 3, dog saaledes at fastlønnede underofficerer gives tillæg à kr. 2,00, selv om de naturalforpleies… Tidligere lønningsbestemmelser for ovennævnte afdelinger ophæves.”

Det er berrsynt, at etter vanleg norsk-dansk målbruk so kann ein berre lesa fyresegni frå forsvarsdepartementet på ein måte, - underoffiserarne skal hava 2 kr. um dagen og kosten attpå (langs med).

Alle 4 kompanichefarne ved Hallingdals linjebataljon la same meining i rundskrivet; men ingen av oss var juristar. Me las beint fram etter lydingi, og ingen ottast, at det skulde løyna seg noko bak so uvande ord.

Dette at underoffiserarne skulde få tillegg og kosten attpå, det samstavar godt med krigstakstren (krigsaflønningsregulativet), der det heiter: ”Hermann i uppboden herflokk skal njota full kost; men inkje skal ein difor korta av på løni hans.”

Eg bed difor høgvyrde forsvarsdepartement um å sleppa kravet på attbetaling av desse 55 øre pr. mann pr. dag.

  1. revisioni = ettersyni.

 

Transportar (sendingar) på jarnveg og båt

 

68.

Innlagt kjem utkrav (rekvisition) på jarnvegsførsla for

1 offiser

5 underoffiserar

90 meinige hermenn (hersveinar)

frå Krøderen til Vikesund den 14. mai og

Vikesund til Ask  den 15. mai.

Det er meiningi, at styrken skal fara med båt frå Gulsvik og koma til Krøderen ved 5-tidi um eftan den 14.

Men no kunde det råka, at det var meinis på fjorden, so me laut fara landvegen kring vatnet. I dette tilfelle fekk jarnvegen greida heile førsla (sendingi) millom Krøderen og Ask den 15.

 

Til  Driftstjorni for 2. trafikdistrikt.

 

69.

Utkrav.

Kann De taka 96 mann med eimbåt frå Gulsvik til Krøderen måndag den 14. mai?

Det var meiningi å vera ved Krøderen ved 2-tidi um middagen. Kor tidleg på dagen var det von, me kunde få båten?

4. kompani…   N.N.

Eller: Var (vøre) det råd å få sendt 96 mann…

 

Til Stjorni for Norefjell eimbåtlag.

 

70.

Utkrav.

            Etter det stjorni for Norefjell eimbåtlag skriv, viser det seg å vera reint på ei von, um det vert båtrent på Krøderen til 14. mai. – Isen er køyrande enno.

            Eg vert då nøydd til å krevja ut husrom (herbyrge) ved Krøderen station for natti millom 14. og 15. mai for:

                        1 offiser,

                        5 underoffiserar,

                        90 hersveinar.

            Eg hev idag vitra futen um dette skrivet og sagt, at eg var nøydd til å ganga beinast til lensmannen med utkravet, av di tidi var so stutt.

            Gjer so vel å sanna, at De hev motteke dette brevet mitt.

            4. kompani…

 

Til Hr. lensmannen i…

Fyrre | Attende til innhaldslista