Statsdaningar og handelsrivalisering

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Statsdanningar og handelrivaliseringn

Både den dansk-norsk og den svenske statsdanningi i meir moderne meining av ordet kann knytast til den tidlege delen av 1500-talet. Denne tidi er kjennemerkt gjenom at staten vert ein større jordeigar enn tidlegare og at staten etterkvart tek i bruk sterke og verksame tiltak for å lukkast i krigføring og lukkast med å styra mellomfolkeleg handel. Danmark- Noreg utgjer eit stort landumråde som umfattar det meste av dei vestre og sudre delane av det som i dag er Sverike. Dei tyske bystatane knytte til hansaen hev havt ei sterk stoda i nordisk handel, men er i ferd med å verta uttevla av framgangsrike statar som England og Nederland. Formelt var det ei viss tilknyting millom Danmark-Noreg og Sverike, men reelt hadde Sverike brote ut av unionen. Danmark måtte difor nytta sterke verkemiddel for å få underlagt seg Sverike. Kristian den 2. Var viljug til det.

Kristian 2. hadde som mål å veikja ned dei tyske byane og serleg Lübeck etter at han gjenomførde Stockholms blodbad i 1520 der han avretta 100 leidande adelsmenn sat han med kontroll yver Noreg, Sverike og Danmark. Neste steg var å skaffa seg kontroll yver meir av handelen i Norden. Alt i desember 1520 byrja kongens arbeid med å skaffa seg betre kontroll yver handelen. Ettersom norden no var samla under ein konge prøvde han å få til ein stor kontroll yver Austersjøhandelen. Det kunde ein få til gjennom avtalar millom dei nordiske handelsmennene, og slike forhandlingar tok til Stockholm i desember 1520. 4. desember 1520 hadde ein kome fram til ein avtale um skiping av eit handelsselskap som skulde driva handel med dei nordiske lands produkts. Det skulde vera fire stapelplassar som kvar var leidde av ein faktor, ein i Kjøpenhamn, ein i Stockholm , ein tridje i Vest-Europa, truleg i Antwerpen, og ein i Finland. Det kann sjå ut til at kvar av desse stapelplassane skulde ha einerett på eksport frå og import til dei nordiske landi. Og varone skulde gå vestpå gjennom Øyresund, og ikkje via hansabyane. Det var meiningi at svensk bergverksdrift skulde knytast til selskapet. Kongen hadde store planar um å umdana gruvedrifti i Sverike. Han freista å få upp sakkunnige folk frå Sachsen og i nederlandi skaffa han seg litteratur um bergverksdrifti.

Selskapet vilde fort kunde visa seg dødsdømt, for det var Stockholm, Malmø og København som tente på det. Dei andre byane hadde lite å henta og vilde venda seg mot det heile. Det var vanskeleg å forklåra kongens tanke um at ein via Selskapet skulde ha eit langsiktig må um å veikja handelsbyen Lübeck.i 337-338 Kristian den 2. fekk 3. Juli 1521 keisar Karl 5. til å skriva ut brev som gav han forleningsretten til Holsten som biskopane av Lübeck hadde havt tidlegare. Ved eit anna brev vart Kristian 2. forlena med hertugdømet Holsten, med Pinneberg, Stormarn og Ditmarsken, likeins Hamburg, Elbstrømmen og vidare Delmenhorst og dei eigedomane og rettane som han og hans forfedrar hadde i byen og stiftet Lübeck.ii s. 333-334 I august 1521 byrja uppreisten som skulde setja Kristian 2. ut av spel i Sverike. Gustav Vasa vart i august 1521 peika ut til høvesmann. Snart var heile landet i hans makt, berre kring borgane var det danskar. Støttepunkti i Sverike var snart berre Kalmar og Stockholm. Gustav Vasa troppar hadde vist seg utanfor Stockholm alt i juli 1521. Stockholm og Finland vart inntil vidare på danske hender. Gustav Vasa hadde vener i Lübeck. Brevi frå keisaren i 1520 hadde vist Lübeck at Kristian 2. hadde planar for heile Nord-Tyskland. Stemningi mot kongen var svært fiendtleg, men ein var redd for å kasta byen ut i ei uviss stoda som vilde uppstå um ein gav seg inn på ein krig. Prisen for å halda seg underordna Danmark var likevel ikkje lysteleg. Ein vilde utan tvil koma i ein situasjon der København vilde ta sikte på å koma i eit yverordna lægje. Handelen med Sverike vilde verta skadelidande, og handelen var tilværegrunnlaget for Lübeck. Ordføraren meinte at den danske kongen ikkje var å lita på og at han braut avtalar når det galdt toll og skattleggjing. I februar 1522 slo Lübeck seg saman med Danzig um å skaffa fram skip, mannskap og utstyr som kunde vera til hjelp for Gustav Vasa. Det vart ikkje slutta nokon formell allianse med Sverike, men intensjonane var klåre nok. I mai 1522 rådde Gustav Vasa yver ein flåte med forsyningar og regulære troppar. I august 1522 slutta skip frå Rostock, Wismar og Stralsund seg til skipi frå Lübeck og seinare kom det til nokre svenske. I 1523 var det slutt. Kristian 2. hadde tapt. Gustav Vasa og Lübeck hadde vunne.iii Op cit 405-

Danmarks historie band 5, De første oldenborgere 1448-1533, Kjersgaard og Hvidtfeldt, Politkens forlag, 1963. S. 330-

Svensk historie 1527- I seinmillomaldaren hadde svensk politisk historie vore prega av at rådsaristokratiet hadde freista å få innverknad yver forvaltning, lovskipnad og skattleggjing. Mot denne freistnaden hadde kongane og riksforstandarane streva etter å skjota rådsaristokratiet ”in corpore” og heller skipa til ei sterk fyrstemakt, studt upp på einskilde stormenn, på trugne kongstenarar av lægre byrd og leigetroppar, ved behov hadde ein òg trekt inn hjelp frå byborgarar og ålmugen. Utviklingi under Sturetidi 1470 til 1520 gjev fleire prov på korleis riksforstandarane hadde lukkast med å kløyva den rådsaristokratiske fronten, der samarbeidet millom høgadelen og kyrkja var eit vesentleg element. Mot slutten av perioden hadde erkebiskopen vore leidar for rådsaristokratiet, og kyrkja hadde fylgjerett forsvara sine privilegia og den gamle lina til rådsaristokratiet. Erkebiskopen Gustav Trolle var i ei hovudrolla i maktkampen mot riksforstandaren under Sten Sture d.y. Trolle fylgde upp etter at den danske kongen Kristian 2. tok kontroll og vart krona. Denne framgangsmåten frå kyrkja og rådsaristokratiet skulde slå kraftig tilbake mot deim. For i 1521 snudde det for Kristian. Motstanden var veksande og rådsaristokratiet gjekk no i mot Kristian. Kristians futar heldt framleis fleirtalet av faste slott og kontrollerte havet. Gustav Vasa henta hjelp frå Lübeck og slotti vart tekne tilbake i 1522-1523. Midtsumaraftanen 1523 kunde Gustav Vasa rida inn i Stockholm. Eit riksmøte i Strängnes hadde valt han til konge 6. Juni. Det var sterke interessemotsetnader millom kyrkja og adelen utetter på 1520-talet. Skatteinntekter og andre inntekter til adelsmennene gjekk tilbake, medan kyrkja framleis hadde store jordeigedomar og gode inntekter. Reformasjonsrørsla var i gong, og det gav upphav til andre relasjonar millom konge, adel og kyrkje. Gustav Vasa knytte til seg tvo luthersklyndte: 1 Læraren ved domskulen i Strängnes, Olaus Petri og 2 ärkedjäknen ved domkapitlet, Laurentius Anreæ. Den sistnemnde frå 1523 kongens sekretær, medan Olaus Petri vart forkynnar ved Storkyrkja i Stockholm. Kongen let likevel ikkje den religiøse radikalismen taka yverhand. Han dreiv heile tidi atterhalden politikk, men prøvde å draga nytte av dei økonomiske og politiske fyremunane som var knytte til den lutherske forkynningi. Kongen hadde sette seg i stor skuld gjennom krigføringi mot Kristian II. Gustav Vasa vende seg til kyrkja og vilde ha ”sylvhjelp” og delar av tienden til kyrkja. Kyrkja på si sida meinte at dette var utsyging. Då nytta kongen den lutherske tesa som sa at kyrkja sin eigedom var folket sin eigedom. Kongens maktutøvingsmetodar dreiv biskopane til motaksjonar. Motstanden var leidd av Linköpingsbiskopen Hans Brask. I 1527 braut det ut uppreist i Dalarna. Det gav kongen eit direkte høve til å kalla saman ein riksdag i Västerås i juni månad. Denne riksdagen fekk mykje å segja for den økonomiske og politiske stoda til kongen. I proposisjonen til stendene la kongen demagogisk fram at han hadde lagt ned ein stor innsats i å forsvara og byggja opp riket, og han peika på alle dei vanskane han hadde vorte utsett for og ikkje minst kor fatig krona var. På den andre sida la han fram kor rik og upåliteleg kyrkja og biskopane var. Adelens nedtrykte posisjon vart òg påpeika som ein verknadsfull kontrast til kyrkja sin rikdom. Proposisjonen førde fram til korleis ein kunde nytta åtgjerder mot kyrkjemakti for å redda riket, kombinert med eit ”avsägelseshot” frå kongen si sida. På bakgrunn av kongens proposisjon vart det laga ein recess som hadde fem hovudpunkt: 1 Riksdagen lova å hjelpa til å straffa dei som laga uro i riket. 2 Bresten i kongens finansar skulde løysast gjenom at ein bruka kyrkja sine midlar. Biskopane hadde vore for mektige, deira fylgje av væpnarar skulde minkast ned, slotti deira skulde gjevast yver til krona, og dei skulde segja frå seg ein del av dei attståande inntektene til kongen. 3 Klosteri skulde stellast under forvaltning av adelsmenn. Desse adelsmennene skulde gjera rustningstenesta hjå kongen for dei inntektene som var til yvers etter upphaldet til klosterfolket var tryggja. 4 Adelen skulde få krevja tilbake alt gods som hadde vorte donert til, selt til eller yvergjeve på andre måtar til kyrkja etter 1454. 5 Etter at ein disputasjon um den nye læra hadde kome upp, skulde Guds ord ”renliga predikas”. I den sokalla ”ordinationen” som hev karakter av påbod (forordning) som var grunnlaget for iverksetjingi av recessen hev kongen på fleire punkt sjølvstendig og skarpt utvida recessens innhald. Det er høgst problematisk å kalla riksdagen i Västerås for ein ”reformasjonsriksdag”. Både bøndene og adelen ytra seg på ein sterkt konservativ måte. Den kyrkjelege kulten og tilhøvet til Roma vart ståande. Kongen måtte rett og slett vera varsam med å gå for hardt ut mot den kyrkjelege læra. Målet i recessen var klårt luthers orientert, men det skulde koma klårare endringar i læra og kult seinare. I ordinasjonen kjem det ikkje fram slike kjensluge spursmål. Kyrkja sin organisasjon, munkeskipnaden og sølibatet fekk stå uskipa att. På andre måtar stend riksdagen derimot fram som ein viktig milepæl. Den økonomiske makti til kyrkja gjekk tilbake, ettersom reduksjonen innom ein femtanårsperiode kom til å omfatta nesten alle kyrkjelege gods og inntekter. Biskopane mista si militære makt og politisk vart dei frårøva den innverknaden dei hadde havt. Dei vart ikkje lenger kalla inn til samkomor i riksrådet. Gustav Vasa sette dimed ein strek yver det punktet i kongebolken i landslovi som sa at biskopar var sjølvskrivne i rådet. Det vart ei endeleg stadfesting på at den gamle rådsaristokratiske fronten var broten. Adelen hadde fylgt sine økonomiske interessor når dei satsa på den ekspanderande kongemakti. Det reelle utbytet for dei flest var nokso magert. Den som hadde den mest vellukka økonomiske vinsten på å leggja under seg kyrkja var kongen. Kongen skaffa seg til saman 3000 gardar som vart lagde til hans private godsmasse, og den var langt større enn det dei andre adelsmennene greidde å samla til saman. Det adelen derimot kunde tena på var forleningar som bar til etter 1527. Den siste katolske erkebiskopen Johannes Magnus forlet Sverike i 1526 på eit diplomatisk uppdrag til Sverikes fiende Polen. Han kom ikkje attende til Sverike. Kongen let sidan erkebispestolen stå tom fram til 1531. Då gav han Olaus Petris bror Laurentius Petri denne stolen. På denne tidi hadde alle katolsklynde biskopar forlate Sverike. Kongen sette inn lutherske biskopar i staden for deim. Dimed vart det eit brot med paven, og sidan det var kongen som hadde nemnt ut biskopane var det han som var yverhovud for kyrkja. Kyrkja si læra og gudstenesteskipnaden vart yverlaten til avgjerd for kyrkjemøtet. Fyrst i 1536/1537 vart det sett upp ei ny svensk messa som vart pålagd yver heile landet. Helgendyrking, pilegrimsferder og sjelemessor vart forbodne i 1544. Helgenforbodet førde likevel ikkje til nokor biletstorming. Den svenske kyrkja skal ha yverteke meir frå den katolske millomalderkyrkja enn mange andre reformerte kyrkjor. Kongen fekk igjenom arvefylgjeprinsippet i 1540 gjennom ein formell seremoni. Gustav Vasas regjering kom til å innebera ei svært kraftig forsterking av kongens økonomisk ressursar. Denne forsterkingi uppnådde han gjenom at: 1 Ein større del av riket enn tidlegare vart lagt under direkte futeforvaltning og den vart meir yvervaka og meir effektiv. 2 Systematisk gjenomføring av å skattleggja den umfattande nykoloniseringi 3 Uttaket av ekstra skattar som var eit nærmast ståande innslag i finanspolitikken til krona 4 I det at hovuddelen av kyrkja sitt veldige godskompleks og andre inntekter no vart inndregne til kongen. 5 Avkastnaden direkte og indirekte frå næringslivet gjennom gruvedrift og toll auka. Gruvedrifti i ”Sala silvergruva” der brytingi vart teke opp att skapte ein kapitalreserve som Gustav Vasa og den svenske krona kunde kvila på.iv Sveriges historie 1521- 1809, Stormaktsdröm och småstatsrealitet, Göran Behre, Lars-Olof Larsson, Eva Österberg, Liber forlag, Stockholm 2001. S. 30-43

I Gustav Vasas tid heldt inntektene frå Sala gruva til å dekkja løpande utgifter, men etter Vasas tid vert militærutgiftene til ein ståande her som Vasa hadde teke upptak til 1540-talet større og større. Siste halvpart av 1500-talet var òg ein periode der gruvenæringi hadde låg lønsemd, men ljospunktet var at gruva i Kopparberget ved Falun hadde eit kraftig uppsving. Det var gjort tekniske innovasjonar og ein fann kring 1574 ein ny tilgang med mykje kopparhaldig malm. Statens monopol på koparhandelen vart difor i byrjingi lønsam. Etter kvart vart det fleire vanskar med gruvenæringi. Bergmennene fekk ikkje dei leveransane som dei trong av livsmiddel m.m og vart tvinga til å kjøpa naudsynte varor til høge prisar. Det førde til at koparprisen gjekk upp. Då fekk krona problem med å få selt koparen utanlands. Det vart heller ikkje satsa på nye innovasjonar av bergverksdrifti. Sala gruva hadde byrja å minka alt frå midten av 1550-talet Svensk jarnpolitikk frå Gustav Vasa Frå Gustav Vasas tid var det eit mål at Sverike ikkje skulde selja råjarn til utlandet, men i staden for selja vidareforedla jarn. Riksdagen i Norrköping slo i 1604 fast at ein vesentleg skulde selja vidareforelda jarn og ikkje råjarn. Jarn- og koparbrytingi vart utførd av bergmenn i eigne hyttor, og dei var i utgangspunktet privateigde. På 1530 og 1540-talet engasjerar kongen seg med å anleggja bruk til eigi bryting til dømes Stora Kopparberget i Falun og Asphyttan i Värmland. Krona styrkte grepet um koparfunn i landet. Kongen henta ekspertar frå utlandet som kom inn for å leida den nye satsingi på framstellingi av jarn. Ein av dei var den nederlandske Willem van Wijk. Koparberg ekspanderte i 1574. Den fremste kongen når det galdt å hjelpa fram bergverksdrift var kong Karl som alt i tidi som hertug skaffa seg fleire bergverk og andre viktige næringsressursar.vvi Sveriges historia 1350-1600, Harrison og Eriksson, Norstedts, Stockholm 2010. S. 553-557 Når gruve- og bruksverksemdi ved Dannemora vart skilt ut nytta ein den befintliga kongsgardens namn på bruket. 1565 fanst det tre tre masomnar og fem hammarar og på 1580-talet ikkje mindre enn fem masomnar. Frå 1580 hadde nederlendaren meister Wales van Wijk (de Wijk) andsvar for drifti ved dei svenske bergslagi og nybyggjingi kann sjåast på som ein del av ei åtgerd för å utvikla jarnhandteringi i landets og på bruket.vii

Den tyske hammarsmeden Markus Klingensten vart i 1548 uppsyningsman yver svenska kronans samtliga stångjärnssmedjor. Det kann sjå ut til at Sverike vart hengande att i eit gamalmodig system i bergverksnæring Kristian 2. Sine tankar um å samla den nordiske handelen og driva stordrift med eigne ressurar kom i motstrid til det som var innarbeidde tradisjonar med handel millom svenskar og tyskarar.

Reformasjonen gav kongen nye ressursar til å arbeida fram gruvedrifti, men hev tydelegvis vorte mykje orientert rundt tekniske sidor og tyske driftsmetodar. Det var då òg tyskarane som styrde bergverksdrifti for den svenske krona. Fyrst på 1600-talet skulde stoda venda seg og eit nytt system veksa fram med De Geere-familien og impulsar frå det framveksande handelssenteret i Nederland og England. På den andre sida ser det ut til at dei tyske smidjone stort sett fungerte greidt reint teknisk og var i vekst.



An economic history of Sweden, Volum 95  Av Eli Filip Heckscher http://books.google.com/books?id=gkjyss6V6_UC&pg=PA71&lpg=PA71&dq=Willem+van+Wijk+in+sweden&source=bl&ots=3ajgxTPKGz&sig=hj09Bs87ewjUUd3q9OMQRwUI9xA&hl=no&ei=hDshTMLwBYz_Of-v7Rg&sa=X&oi=book_result&ct=result&resnum=1&ved=0CBQQ6AEwAA#v=onepage&q&f=false) Vallonarane var kannhenda viktigast som pengemenn og handelsfolk?


Nora bergslag er eitt historiskt bergslag i traktene rundt Nora, serleg Noraskog. Det kan avse både den historiska korporationen av bergsmän och andra som bedrev bergsbruk i denna trakt, och regionen i sig som historiskt har varit präglat av detta bergsbruk. Bergslaget bildade också en egen socken, Nora bergsförsamling, skild från Nora stadsförsamling. Bergslagen innefattade även området runt Karlskoga, Järnboås, Hällefors och Grythyttan samt Hjulsjö, vilka sedan under 1600-talet bildade egna bergslag. Eftersom det saknas källor om det medeltida bergsbruket, torde det ha varit av liten betydelse. Först under 1500-talet blev produktionen mer betydande, samtidigt som större områden kom att innefattas i Nora bergslag. Lindesberg utgjorde en egen socken, men dess bergsbruk innefattades i Noraskogs bergslag. År 1550 fanns ca 90 hyttor i Nora och Linde bergslager. Det var framför allt järnmalm som utvanns. På grund av bergsregalet ägde inte bergsmännen malmen som de utvann, och som en följd av detta utfärdade kronan privilegiebrev för att reglera bergsbruket och dess inkomster. Det första privilegiebreven för järnbergslagen är från 7 november 1340 och gäller Västra berget i Närke. Detta omfattar bevisligen Lerbäcks bergslag, men enligt en traditionell uppfattning omfattades även Noraskog i dessa privilegier. Detta dokument stadgar hur bergsbruket ska bedrivas och ledas. Järnbergslagen hade under medeltiden ingen bergmästare, utan bruket styrdes av en bergsfogde med domsrätt (därav "bergslag") som hade till uppgift att tillsammans med 12 rådgivare bevaka bergsmannasaker och döma i angelägenheter som rörde bergsbruket. Bergsfogdens uppgifter övertogs under Gustaf Vasas tid av en lagläsare, och dessutom tillsatte kronan en överuppsyningsman. Den förste sådana man känner till var hammarsmeden Markus Klingensten. Efter honom förekommer olika titlar på ledare över bergslaget, såsom bergsöverste. En Peter von Binningen blev år 1600 bergsföreståndare. År 1605 utsågs Tideman Persson till bergsföreståndare över Nora och Linde bergslager - han efterträddes så småningom av Mikel Henriksson. Ett par årtionden in på 1600-talet utarrenderade kronan bergslaget med kontrakt som varade i två år åt gången. Förpaktaren, den som arrenderade Nora och Linde bergslager, fick kronans räntor och inkomster samt dess bruk, gruvor, hyttor och gårdar, och skulle döma i mål som rörde bergsbruket. Invånarna i fögderiet ålades att lyda dessa förpaktare. De förste arrendatorerna var Kristoffer Andersson och Anders Bengtsson år 1621. Dessa båda efterträddes efter två år av Gillis De Besche som fick kontraktet förlängt en period, och sedan överlämnade området till Louis De Geer som var förpaktare till 1630. 1631-1650 var fransmannen Andreas Dress förpaktare. Under hans tid inrättades Bergskollegium, och därmed försvann förpaktarens domsrätt. 1637 bildades Femte bergmästardömet, som innefattade Nora och Linde bergslager jämte Närke och Västergötland. Den förste bergmästaren över bergmästardömet var bergsmansonen Sten Andersson.viii Sjuårskrigen millom Danmark og Sverike Gustav Vasa hadde ikkje havt tankar um ein ekspansiv politikk. Han hadde nok med å sprengja den nordisk unionen., men han såg ikkje lengre enn til den sjølvforsynte millomalderstaten. Sønene hans derimot forstod at Sverike måtte ein aktiv handel som gjorde landet uavhengig andsynes grannestatane. Dei var heller ikkje i tvil um at dete vilde føra til konflikt med andre Austersjømakter som Danmark, Lübeck og Polen og ikkje minst Russland.ix Erik 14. Prøvde å verkeleggjera planane sine med å skapa politisk studnad i Vest-Europa og eit godt tilhøve til Russland. Broren Johan søkte ein anna veg i det at han sanna at Danmark og Lübeck enno hadde ein for sterk allianse. Han vilde heller alliera seg med Polen og halda russarane undan den finske viki og sjølv kontrollera Finland og Estland. Danmark ynskte yverhøgd yver Estland og plasserte hertug Magnus i bispedømet Øsel. Danmark vilde ikkje gjeva Sverike rett til å styre med handelen i den finske viki. Russland og Polen var likeins engasjerte i det same. Det måtte føra til krig.x Fredrik 2. Fekk ein ærefull fred då krigen tok slut i 1570, og for samtid stod Danmark framleis somd den sterkaste makti i norden, men frå dansk sida gav ein upp å forsvara innblandingi i dei austlege Austerjøprovinsane. Dansk ekspansjon var det ikkje tale um. Austerjøumrådet vart frå no av rekna som svenske interessefelt. Danske kongar freista heller å venda blikket mot Noreg, Island og Grønland. Danmark og Sverike var no langt på veg jamvektuge statar, og for danskane stod det tindrande klårt at Danmarks lagnad stod på å ha ein solid flåte.xi s. 446 Danmarks historie bind 6, Reformasjon og renæssanse 1533-1596, Svend Cedergreen Bech, Politikens forlag 1963 Det er ingen tvil um at Sverike no hadde sikra seg ein gunstig handelspolitisk posisjon som gav grunnlag for å orientera seg både Austeryver og vestyver. Men enno manglar det viktige endringar som skulde til for landet skulde kunna orientera seg mot den viktige eksportmarknaden i England og verta ei stormakt i Europa i militærpolitisk samanheng. Stormaktstidi hadde ikkje ein gong for vel starta på 1500-talet. Sveriges historie 1521- 1809, Stormaktsdröm och småstatsrealitet, Göran Behre, Lars-Olof Larsson, Eva Österberg, Liber forlag, Stockholm 2001. S. 57




Gustav Vasa hadde frykta åtak frå både Danmark og Lybeck i si regjeringstid og frå andre evangelisk fyrstedøme. Danmark hadde greidt å skaffa seg samband att med dei tyske fyrstedøme etter Kristian den andres vågespel. Kursachsens hertug var gift med den danske kong Fredrik den andres syster Anna. Erik den fjortande vilde demma upp med å gifta seg med drotning Elisabeth av England. Han prøvde òg å få kontakt med ulike tyske fyrstar for å freista å få gift seg inn der. Hessen var ved sidan av Kursachsen den viktigaste protestantiske makti i Tyskland. Giftarmålstingingane med England var slutt i 1562 og havarerte. Då sende Erik 14. av garde eit sendelag til den nittonårige lantgrevinna Kristina. Faren godkjende og avgjorde at bruri skulde hentast i Rostock på våren i 1563. Men då den svenske konen stelte vilkår um at det skulde vera eit nært samband millom Hessen og Sverike drog lantgreven seg attende med ein gong. Det var heller ikkje formildande at Erik den 14. hadde sendt eit brev som kom for dagen der han hadde hevda at det nye friarmålet berre skulde nyttast som pressmiddel mot drotning Elisabeth. Då den nordiske sjuårskrigen bryt ut er Sverike utan sambandsfelagar og må slåst åleine mot Danmark og Lybeck.

Danmark proklamerte krig mot Sverike i august 1563. Tri månader tidlegare hadde ein svenske flåte utanfor Bornholm gjengde på ein dansk eskader. Itillegg gjekk krigen ut på ein strid um riksvåpen, titlar og grumliga rättsanspråk. Den viktigaste indre årsaken til krigen skal etter det som hev vorte hevda vera psykologik. Båe dei stridande partane hadde venta på og ynskt krigen. Både Erik den 14. og Fredrik den 2. hadde velutrusta armear og båe tvo var unge og stridslystne. For Erik den 14. galdt det herreveldet yver austersjøen og for Fredriks den andres del galdt det um å vinna yver Sverike og samla norden i ein union, etter at Gustav Vasa hadde kløyvt upp norden, ynskte ein no å få samla norden att frå dansk hald. Sverike vilde ha kontroll yver viktige knutepunkt i den aust-vestlege storhandelen. Denne politikken var ei utmaning mot Lybeck og Danmark. Lybeck hadde tufta si makt i ei tid med dalande stordom på nett russehandelen. Den danske kongen hadde skaffa seg kontroll yver Øsel og dimed flutt fram ein av sine framskotne austersjøposisjonar. Krigen galdt herreveldet i Austersjøen. I byrjingi av 1500-talet hadde danskane og lybeckarane prøvt å underleggja seg svenskane gjenom å hindra tilførsla av livsviktige varor som var viktige i krig og på same sett salttilførsla. Danskane hadde eit godt utgangspunkt for ein krig. Landet hadde kontroll med Bohuslän, Halland, Skåne, Blekinge og Gotland. Desse umrådi var anten danske elle norske. Samarbeidslandi hadde kontroll med Austersjøen, men blokkaden var ikkje fullgod. Sverike vart ikkje råma hardt nok. Skulde ein vinna yver svenskane måtte ein inn med militære innsatsar både til lands og til havs. Dankane og lybeckarane freista i fyrste hand å blokkera den svenske kysten og kunde al ti den fyrste månaden av krigen notera ein stor framgnag med landevinning Älvsborg. Denne hamni var livsviktig for den svenske handelen i vest. Alle freistnader på å vinna att älvsborg var fruktlause. I stridane til lands fekk Erik den 14. mange høve til å freista seg med heimlege styrkar mot Fredrik den 2. sine leigeknektar. Den danske armeen var stort sett saman av tyskarar o gskottar og ved byrjingi av krigen var heren på 30 000 menn som var sett inn i verva troppar. Lønene til soldatane kom heilt upp i 150 000 dalar pr. månad. Desse kostnadene var med på å undergrava statsfinansane i Danmark. Landkrigen gjekk hardt for seg med stygg plyndring, brenning og ihjelslåing. Den svenske kongen hadde sjølv gjenge inn for ei hard krigføring. Svenskane freista å taka Blekingi, men nådde ikkje fram. På den andre sida kunde danskane o g lybekarane ikkje truga Stockholm. Det var viktigare å byggja gode skip enn å byggja ut festningane kring Stockholm. Men Stockholm fall likevel, ikkje for den ytre fienden, men for den indre. Den upprørsle halvbroren til Erik den 14., hertug Johannes Åbo. Kongen slo ned upprøret frå Johannes Åbo, men striden millom brørne kløyvde kongen stridskrefter og var til klår fyremun for hovudmotstandaren som var Danmark. Svenskane måtte dessutan halda seg me troppa ri Estland millom anna med umsyn til den polske kongen Sigismund 2., som var hertug Johans verbror (svoger) og Danmarks allierte. Det var dessutan viktig å halda uppe handelen med dei nøytrale maktene i Nord-Tyskland, slik som byane Pommern og Mecklenburg. Då Älvsborg hadde falle var det dei tyske byane som stod for handelssambandet med kontinentet og Vest-Europa. Sverike måtte tryggja seg kontrollen med den sudre delen av Austersjøen. Krig kostar pengar,men Erik den 14. greidde å halda pengestellet i Sverike rimeleg stabilt og i god stand under krigen. Etter Gustav Vasas død hadde det vore godt med pengar, og ein hadde satsa på å byggja ut skip. I juni 1564 skal svenskane etter danske upplysingar ha havt 38 krigsskip. Danskane hadde til samanlikning meir enn 30 gode skip og lybeckarane meir enn 10 gode skip. Det er vanskeleg å segja kor gode skip det kann ha vore tale um. Danskane hadde truleg meir folk og utstyr på sine skip. Admiralen Klas Kristenson Hron (1517-1566) hadde kome seg til Öresund og sat der og tok toll og sende 250 farty frå den vest-europeiske handelsflåten i svenske hamner, der vart lastene deira kjøpte av staten. Då han var på veg attende og kom ved Øland nordre del møtte han den dansk-lybeckske flåten. Den vart driven på flykt. Den danske adelsmannen Christoffer Mogensen stupte og den danske admiralen ynkste å gjev honom ei heiderleg gravferd i vigd jord. Natti millom 28. og 29. juni låg han utanfor Visby. Flåten låg so djupt at dei ikkje kunde nytta ankerfeste,for dei nådde ikkje botn. Sjøfolket åtvar admiralen, men han let det stå til. Tvo timar etter kom det orkan og skipi vart øydelagde. Til saman tolv danske og tri lybeckske skip gjekk tapte, dei andre fekk stygge skador. Admiralen og meir enn 1000 mann drukna. Sjøkrigen var avslutta. Svenskane hadde kontroll yver havet. Daniel Rantzau set i gong eit herjings- og plyndringstog frå Halland yver Jönkönköping upp til Östergotland, der yvervintrar han. Rantzau dreg seg tilbake til Halland i 1568. I juli 1568 bryt det ut upprør mot Erik den 14. og Johan den 3. vart utnemnd til ny riksstyrar. Hertug Karl den niande herjar i Skåne. Danskane vinn tilbake Varberg, men Daniel Rantzau stuper. Johan den 3. vert krona til konge 10. juli 1569 og fredstingingane byrjar same år. Freden vert endeleg underteikna i ein fredskongress i Stettin 13. 12 1570.

Svenska historien band 3, Vasatiden 1520-1611, Rosén med fl., 1966, Bonniers Stockholm, s. 198-204

Både Sverike og Polen hadde frå 1560-talet av freista å sperre handelen yver Narva og heller dirigera den yver byane Viborg og Reval/Talinn eller yver dei svenske og polske byane. Men det hadde berre delvis vore vellukka. Det hev vorte skisserte tri teoriar um kva som er dei viktigaste motiv i den svenske utanrikspolitikken på slutten av 1500-talet: 1 Etter den fyrste teorien skuklde det upphavlege målet for Sverike ha vore rikstryggleiken. Ein var redd for å verta umringa av Danmark eller Russland. Danskane kunde stengja att Øyresund og jamvel lett truga Älvsborg, som var den einaste utposten Sverike hadde i vest. Etter denne teorien var det på same vis råd å tolka inn den svenske etableringi i Estland som eit ledd i striden mot danskane. Difor tok Erik den 14. Reval/Talinn under sitt vern. I og med at Bornholm, Gotland og Ösel høyrde til Danmark skulde endå sterkare dansk nærver ved den finske viki føra med seg høve til å ringja inn Sverike militært. Like fårleg var det um Russland nådde ut til Austersjøen. 2 Svensk utanrikspolitikk vert utfrå denne teorien knytt meir til økonomi enn til forsvarspolitikk. Målet var å skaffa seg kontroll med tollinntektene millom Russland og Baltikum på den eine sida og Vest-Europa og Millom-Europa på den andre sida. Hamp, lin og vyrkje frå Russland var ettertrakta produkt millom sjøfartsnasjonane i vest. Spannmål/korn frå Polen og Litauen trongst når det var mangel i fleire land i Europa. Både Erik den 14. og Johan 3. gjorde freistnader på å leida den russiske handelen yver svensk-kontrollerte hamner. Handelpolitiske yverlegningar skulle ha lege bakum ikkje minst Johans den 3. sin framgangsmåte sovel i Baltikum som på Nord-kalotten. I det store og det heile var vasa-sønene upptekne av å ha fylgjerette handelspolitiske og økonomiske planar som var storslegne og viktige (I. Andersson og A. Attman m.fl. 3 Ein tridje teori gjeng ut frå tanken at andre krefter enn fyrstehus og deira nærmastet enestemenn skulle ha bjort sitt til å utforma den svenske utanrikspolitikken. Det va r adelen som tente på stormaktsveldet, hevda rein, og fylgjeleg bør årsakene til dei svenske tildrivi søkjast millom adelens interessor. Adelsmenn kunde få lønsame militære elelr sivile embete i dei nye landevinningane og jamvel få tilgang til jord gjenom donasjonar. Andre adelsmenn kunde i alle fall sjå krigen som eit høve til karriere og millombils levebrød innanfor krigsmakti, jamvel umd ei store jordstykki eller embeti ikkje fall på deim. (A Strindberg, J Lindegren) Imot den den siste teorien hev det vorte peika på at adelen på ingen måte stod samla attum engasjementet til vasasønene. Det finst døme på at adelsmenn hev uttala seg imot krig, fordi der var for risikabelt for fedrelandet. Krigen førde til harde utfordringar på adelsmenne som ofte var jordeigarar. Når bøndene deira vart utskrivne til krigstenesta og gjenom at bøndene vart tvinga til å betala større skattar til krigføringi. Adelen fekk dessutan lite å segja. På den andre sida kanne ein ikkje nekta for at stormaktsveldet, frå det var vel etablert bydde på mange høve for adelmennene til å verta embetsmenn eller befalhavarar i provinsane. På tilsvarande sett gave ein stor arme naturlegvis arbeid og sjansar til å rykkja framyver for adelege offiserar. Adelen umfatta i år 1600 450 menn, og fleire av desse døydde i krig, og skulde ein skaffa seg fleire adelsmenn kom ein ikkje utanum nyadlingar. Det er nok kor som enn er forsvarpolitikken og den økonomiske politikken som hev vore leidande i svensk utanrikspolitikk på slutten av 1500-talet. Kjeldetilfanget underbyggjer det på ein yvertydande måte.xii Då freden var underteikna I Stettin vart det ein pause I den svenske krigføringi. Men al ti 1575 var ein i gong att. I tidi millom 1575 og 1595 herska det full krig med Russland. Sverike hadde lenge freist aå kontrollera og dirigera Narvas handel med Viborg og Reval (noverande Talinn), men mislukkast.xiii Millom 1570 og 1572 hadde ein prøvt seg med diplomati i høve til Russland, men det førde absolutt ikkje fram. Svenske sendebod vart handsama på dårlegaste måte, og krigen låg iallfall nær kring Russlands handtering av Livland. Sverike hadde freista å vinna studnad hjå Danmark, Polen, med tatarkhanen på Krim for å få til eit militært samarbeid mot Russland. Jamvel um desse framstøytane ikkje var vellukka, viser det kva for ein fylgjerett måte Johan den 3. gjekk fram på i den baltiske politikken. Wilhelm Tham let til å leggja stor vekt på den handelspolitiske strategien når det var tale um Johan den 3. sine framgangar. Johan den 3. hadde til mål å gjera krav på byar som Novgorod, Pskov, Gdov, Ladoga, Porchov og Nöteborg med underliggjande len. Det var ein svært ytterleggåande plan frå kongens sida. Målet var å få handelssentrumet innanfor den finske viki og Livland under svensk kontroll. Men ikkje nok med det. Ein vilde òg ha kontroll med Kexholms len som strekte seg heilt upp til ishavet og kvitehavet. Livlandspolitikken og ishavspolitiken slutta seg her saman. Sverike vilde ha kontroll med den nordlegaste handelsvegen til russarane. Ein veg som millom var sterkt aktuell for engelskmennene. Tham peikar på at måli var urealistiske, men at dei avslørde korleis dei handelspolitiske måli var yverornda i Johan den 3. sin politikk og korleis dei upphavlege planane vart sterkt utvidde.xiv Frå svensk sida vilde ein difor gjera Narva svensk. Men det låg ei sterk festning ved Narva, Ivangorod, og den vart halden av russarane. Befalhavaren for heren i krigen mot russarane vart Pontus De la Gardie d. 1585. Han fekk uppdraget med å taka byen frå russarane. De la Gardie var rett mann på rett stad. Han nytta seg av ny krigslyst som løpegraver i sikksakkmynster. Bymuren gav han seg på og sprengde han, og han nytta kanonar mot den. Det vart nytta 5000 kanonkulor mot byen fyre den fall. Narva vart storma 6. september 1581. 18. september gav festningsborgen Ivangorod upp og kapitulerte. Men um krigen var vunnen, var ikkje freden vunnen med det. Johan den 3. hadde vona at ein skule få inn rike tollinntekter på Narva. Men Russland sende ikkje lenger handelen sin til Vest-Europa via dei svenske byane i Baltikum. Straumen av varor gjekk i staden for yver Arkengelsk og yver dei polske hamnene i Preussen.xv Byane Dorpat, Riga og Pernau. Dette gjekk an på grunn av freden millom Russland og Polen i 1582. Johan den 3. innsåg at skulde ein koma vidare var Narva berre eit steg på vegen. Vilde ein ha røynlege framsteg måtte ein itillegg retta seg inn på ishavleidi og dei polske austersjøhamnene.xvi Den handelspolitiske lina som hadde drive Sverike til den andre sida av havet og til avgjerdi um å taka Narva og som var tenkt til å gjeva Sverike herreveldet yver Austersjøen visa seg til slutt å ikkje føra fram til Russland, slik målet hadde vore. Sverike miste likevel ikkje draumen og målet um å taka kontrollen med handelsstraumane frå Russland og Baltikum og vidare vestyver. Ein måtte berre tilpassa seg etter det som var råd å få til med realpolitiske middel. Freden ved Teusina 1595 gav til kjenne slutten på tiår med småkrigar millom Sverike og Russland. Den største delen av krigen gjekk fyre seg ved den finske austgrensa. Russland godkjende at Sverike skulde ha Viborg og Reval/Talinn som stapelstader for handelen med Vest-Europa utan å gjera krav på deim. Sverike hadde dimed kontroll med den noverande nord-delen av Estland. Sverike på si sida lova å avstå frå Kexhoms län og Ingermanland, og Sverike gav likeins avkall på krav mot Kolahalvøyi. Det var no kome til ei semja um delingi av grensa millom Russland og Sverike som skulde gå milom finnland og Karelen, frå Karelska neset til Teusina Vita havet, og alle var samde um denne grensa.xvii Det moskovittiske riket vart veikare etter freden i Teusina. Det var indre uro i riket på grunn av tronefylgjespursmål, men då Boris Godunov vart peika ut til keisar i 1598, kunde ein venta seg at krigen med Sverike startast ånyo. Sigismund og Karl den 9. låg i strid, og det opna for at russarane kunde blanda seg inn og styrkja posisjonane sine etter det dei hadde tapt ved Teusinafreden. I byrjingi av 1599 såg tsaren seg klår for å avsløra planane sine. Han sende ut eit sendelag til Sverike som skulde klåra upp i uklåre punkt i Teusina-freden. Fyremålet var i røyndi å gjeva svenskane eit framlegg um eit samband mot Polen, men berre um den svenske kongen gav frå seg Narva og Neuschloss med tilhøyrande len til tsaren. Karl avslo framlegget, men vilde møta tsaren på grensa millom Narva og Ivangorod. Han ynskte å gjeva inntrykk av at svenskane styrkte seg i Estland. Det vart aldri noko av dette møtet, men det vart tiningar i 1601. Desse tingingane stogga på estlandsspursmålet. Då sendelaget til svenskane kom tilbake, kunde dei melda frå um at tsaren ikkje godkjende Teusina-freden, men at han vilde halda upp freden fram til i august. Tsaren braut ikkje freden, men det var i det uvissa når det kunde skje. I 1606 kom det polsk-fiendtlege krefter til makti i Moskva, situasjonen i Moskva hadde vore ustabil, og den svenske kongen var interessert i å vinna meir land. Ein såg fyre seg at ein kunde taka Kexholm og Nöteborgs len. Ein tenkte seg jamvel at ein kunde skaffa seg herreveldet yver heile den Novgorodiske krinsen. Me dette sameina Karl 9. Karl såg fyre seg at han kunde skaffa seg eit ishavsvelde knytt til Kolahalvøyi og leggja viktige handelsvegar upp til ishavshamnene. Den ustabile situasjonen i Moskva førde i 1608 til at tsar Vasilij måtte venda seg svenskane. Fyrst Skopi- Sjujskij og Måns Mårtensson Palm møttest i Novgorod i november 1608, her vart det lova hjelpestyrkar til Vasilij på 5000 mann. Det kom til nye tingingar i Viborg i februar 1609. Der sa tsaren frå seg krav i Livland og stadfesta Teusina-freden. Det vart dana eit svensk-russisk venskapssamarbeid mot Polen og Sigismund og hans etterkomarar. Når dei svenske hjelpetroppane kom yver på russisk jord, skulde tsarens gjeva frå seg Kexholms len. Vasilij vart berre meir og meir avhengig av hjelp frå svenskane og lovde eit nytt territorielt vederlag. Men Sigismund og Polen kom no på bana. Estland kom under åtak og Polen blanda seg beinveges inn i tilhøvi i Polen. Ein polsk her kringsette Smolensk og ein annan vende seg mot Moskva. Den svenske herføraren De la Gardie vart yvervunne i slaget ved Klusjino i juni 1610. Polakkane tok seg inn i Moskva og avsette tsar Vasilij. Stemningi i Russland vende seg mot polakkane og russarane var på nytt interesserte i å få hjelp frå Sverike. Feltheren De la Gardie tok Novgorod, og det nasjonale partiet i Russland tilbydde Karl 9. å få ein av sønene sine på trona som russisk tsar. Men då Mikale Romanov kom på truna i Russland i 1613 var det aldri snakk um nokon ny svensk offensiv, snarare um å halda stand, og det gjekk tilbake på alle frontar.xviii 1600-talet vert rekna for den svenske stordomstidi. Då var dei geografiske grensone andre enn i dag, jamvel um det gjekk tilbake kring 1615, kunde Sverike slå til på ny både i 1617 og i 1621. Polakkane måtte kriga mot tyrkarane og russarane fekk ny uro. Ein kunde då uppsummera i 1621 med at den nørdre delen av Estland hadde kome til i 1561. Andre delar som høyrde til Sverike var Dorpat (dagsens Tartu), nørdre delar av Lettland med Riga var ein del av Livland med grensa mot hertugdømet Kurland (vår tid sudre Lettland). Byen Narva med festningen Ivangorod i austre delen av Estland vart svensk i 1581. Ingermanland kom til i 1617. Og so kom ei ny maktyvertaking i Riga i 1621. Altmarkavtalen i 1629 stadfesta at Riga var svensk. Riga vart svært viktig for svensk handelspolitikk. Handelen via Riga var mykje knytt til Lin og hamp. Master (svensk ord) vart eksporterte til Vest-Europa. Hamni var stor, ofte var det 300 til 400 skip til hamn Handelen kunde likevel snøgt koma i ugreida på grunn av politiske og militære forviklingar. I 1656 måtte svenskane slå attende ein russisk framstøyt. I 1634 vart det sett eit sterkt skilje millom Sverike-Finland og dei andre umrådi ein hadde lagt under seg. Ingen av dei nye landevinningane skulde ha rett til representasjon i riksdagen. Adelen hadde stor interessa av ikkje inkorporera Baltikum. Bøndene der hadde ei undertrykt stoda og adelsmennene vilde ikkje at bøndene skulde koma i nokor sterkare posisjon. Dei tente gode pengar på å ha underlegne bønder. Liveigenskapen vart eit motstykkje til dei frie svenske bøndene. Svenskane tapte Dorpat, Narva og Ivangorod i krigen med Russland i 1709. Riga fall i 1710.xix

I Sverike kunde ein draga vekslar på gruvedrift, men i Danmark var det jordbruket og Øyresund-tollen som gav inntektene. Danmark hadde stor gjeld etter sjuårskrigen og vanskar med å kunna gjeva seg inn på krig i Baltikum. Peder Oxe styrde frå 1566 økonomien på ein ny måte. Fram til 1566 hadde danskane nytta lån og myntyverskot. Inntektene frå lenene gjekk tilbake kraftig. Skattane vart derimot sette upp. Skatteinntektene dei siste fire krigsåri drog inn so mykje som 1 million dalar. Bondeskattane hadde fram til Christian den 3.s død vore ein umfram inntektspost, men på grunn av krigen vart skattane faste. Øyresundtollen gjekk rett inn i kongens kasse.xx Danmarks økonomiske stilling…?

Sverike og handelsvegar Både Gustav Vasa og seinare kong Karl prøvde å knyta til seg leidande adelsmenn millom anna gjennom ekteskap og forlening av landskap. Gustavs son Karl var i 20 år hertug. Då Karl var arvefyrste yver eit vidstrakt hertugdøme hadde han vist prov på eit godt næringsvit. Hertugdømet hadde ein samansett næringsstruktur med viktige innslag av bergslagsbygder og uutnytta skogsmarker med kraftkjeldor, vassvegar og veltilpassa byar. Ser ein burt frå alt som ein konge kann verta pressa til av ulike årsaker, kann ein likevel sjå ei klår line i arbeidet til Karl 9. Han ynskte å styrkja den økonomiske stoda til kongeriket. Det kosta dyrt med leigesoldatar og krig med Polen, og ein kunde ikkje satsa på høge ekstraskattar yver lang tid. Ein trong nye inntekstkjeldor som kunde skaffa større inntekter. Aktuelle næringsvegar som låg fyre var manufakturar, tollar og bergverksdrift. Ein satsa hardt på den merkantilistiske lina for å spara pengar. Karl startar ein innanlandsk produksjon av ferdigvaror som gjev høgare pris enn råvaror på den europeisk marknaden. Stångjärnssmidet vert tilstørd og alt i 1604 vart det lagt ned forbod mot eksport av utilverka osmundsjärn, som då framleis svara for 40 prosent av den svenske jarneksporten på 8000 tonn Jarnmanufakturar, serskilt våpensmiding hovudsakleg i statleg regi var gjort til prilegium. Det vart arbeidt for arbeidsinnvandring va fagarbeidarar frå Tyskland og Nederland. Dette skjer i millom anna Taberg sud for Jönköping. Her vert det sett upp kronebruk som snart arrenderast av tyskarar, derimillom ein borgar frå Rostock. Kring byen vert det etablert jarnmanufakturar.xxi Kalmarkrigen 1611 Sverike hadde fenge ein sterkare handelspolitisk posisjon tidleg på 1600-talet. Då Karl den 9. kom på den svenske trona var Christian den 4. interessert i krig. Han hadde saki fyre med riksrådet og nemnde millom anna på at ein måtte arbeida for herredømet i Austersjøen og at danske kjøpmenn stod seg dårleg i høve til svenskane. Riksrådet avviste likevel framstøytane frå Christian den 4. Karl den 9. provoserte då han vart krona i 1607. Han hevda å vera konge for lappane i Nordland og gav borgarane av det nylagde Gøteborg privilegia på handelen millom Tysfjord og Varanger, og i 1609 forbydde han seglingar på Riga som var kontrollert av Polen. Fram mot 1611 fekk Christian den 4. med seg det danske riksrådet på krig. Det vart sett inn ein innsats på å setja inn motmakt i nord-umrådi og danske orlogsskip fekk ordre um å segla i konvoi med danske og hollanske handelsskip til Riga.xxii

Dansk økonomi og velstand var avhengig av Øyresundstollen. Det var ei tollavgift som ein måtte svara når ein skulde passera gjenom Øyresund. Den vart teke inn av den danske staten 1429-1857 og var frå byrjingi framfor alt retta mot Hansaen. For fyremålet bygde inn upp slottet Krogen i Helsingør, det vart bytt ut med det noverande Kronborg. Frå byrjingi av tok ein same tollavgift for alle farty, men seinare kom tollen til å verta ein rein varetoll, der fartyi fekk betala toll i høve til kor mykje lasti deira var verd. Då tollen vart skipa til i 1429 var både Sverige og Danmark i Kalmarunionen, so Sverike var då automatiskt fri frå den. Då unionen sidan vart uppløyst i 1523 lukkast Gustav Vasa å utverka, at Sverige skulde vera befri frå den jamvel i framhaldet. Det greidde ein å få til även jamvel um ein hadde krig millom landi på 1500- och 1600-talet og serleg sidan Skåne hadde vorte svensk i 1658. I freden i Knäred 1613 vart den svenske tollfridomen halden ved lag, men med visse atterhald, slike som at farty frå dei svenska Austersjøprovinsane ikkje var frie frå toll og heller ikkje utanlandske farty, som førde svenske varor.xxiii Um ein ser på dryftingane millom svenske historikarar på um kva det er som driv Sverike framyver mot stormaktstidi, so er det vel frå dansk-norsk hald grunn til å understreka at Danmark i liten grad makta å halda seg med den same allsidige handelsorienteringi. Dansk økonomi var for einsidig, og det var ikkje nokor hjelp i å føra krig når handelsinteressone var for veike. Norske naturressursar kunde tilføra viktige forsterkingar for den danske krona, men landet vart ikkje utnytta godt nok på slutten av 1500-talet. Ein norsk uppgang kjem fyrst utyver 1600-talet og kannhenda mest på 1700-talet.

Gustav Vasa 1496-1560 Kong Karl 1560-1611 Gutav Adolf 2. 1594-1632

Svensk import millom 1600 og ca. 1650 Dersom ein ser for seg at Sverike hadde ført krig for å skaffa seg kontroll med Austersjøen og at det var handelsmotiv som hadde drive denne krigføringi, må ein segja at Sverike hadde kome langt i å lukkast når ein kjem til 1621. Det er difor interessant å studera både utførsla og innførsla av varor til Stockholm. Her må ein sjå serleg nøgje på dei baltiske umrådi av di dei vert rekna som ein del av Sverike i mange tilfelle. Lat oss fyrst sjå på utviklingi i den stockholmske importen millom 1600 og 1650. Den svenske handelen frå 1600 til 1650 gjekk meir og meir vesterut. Dei viktigaste handelspartnarane kunde finnast i Holland, Lübeck og Danzig. Det var fleire byar som dreiv mindre handel enn desse store handelsbyane, men volumet til desse tri var yverlegent det største. Det mest lett tilgjengelege og det lettaste å skilja ut er fordelingi på av importen. Av dei fire avgangsstadene som kjem yver fem prosent tidleg på 1600-talet er Danzig, Lübeck, Holland og Skottland. Dei tri fyrste held seg høgt uppe heile tidi, medan Skottland kunde koma med store skip einskilde år, men so verta heilt burte att andre år. Meir frekvente var byar som Stralsund, Rostock og Köningsberg. Desse byane var alltid interesserte i å frakta varor til Stockholm, men mengdene var moderate. Eksporten skal ha havt tilsvarande mynster etter Åke Sandström. Når ein kjem til 1650 er det eit breidare utval av byar som hev kome til. Dei einskilde byane kunde ha stort vareutbyte med Stockholm, jamvel um dei vart småe prosentvis. Holland hev no kontroll med 53,7 prosent av handelen, medan det berre var 28,97 prosent kring 1600. Dei tyske hansabyane hev sakka akterut. Russland viser ikkje i taltilfanget. Den russiske handelen med Stockholm er vanskeleg å finna ut av. Handelen med russarane vart førde i eigne register som i mange høve hev vorte burte. Etter freden ved Stolbova fekk russarane rett til å setja upp handelsbuer i Stockholm. Problemet med russehandelen var at russarane ikkje var veldig interesserte i dei varone dei kunde skaffa seg i Stockholm. Dei var derimot interesserte i kopar og i mynta metall. Det var derimot noko som svenskane var lite lystne på å gjeva frå seg, og dei freista å hindra russarane i å taka myntar og kopar ut av landet. Sandström hev nytta handelsstatistikk bygd på upplysingar frå samtidi og kome fram til at russarane kann ha stått for kring 2 prosent av handelen. Det er på nivå med ein by som Hamburg. Trass i at Russland var av dei mindre i prosent var byen likevel av dei viktigaste handelspartnarane for Sverike. xxiv Gjeng me so yver til å studera eksporten kann me slå fast at Stockholms viktigaste utførlsevaror var kopar og jarn til rustningsindustrien og tjære og bekk til flåtane. Kring 1619 vart det satsa stort på kopar for å innfri løysesummen for Älvsborg. Når ein kjem til 1640 er det stongjarnet som dominerar. Jarn- og kopareksporten låg på 81 prosent både millom 1600 og 1622 og millom 1636 og 1650. Det interessante er like fullt at utførsla til Austersjøhamnene gjeng tilbake alt frå 1620-talet og framyver til 1650, medan dei Vest-Europeiske byane yvertek. Det er den same utviklingi som med innførsla. Det ein elles kann konstatera er at utførsla frå Sverike er fire gonger høgare kring 1650 enn det ho hadde vore kring 1600. Dessutan var finleiksgraden (kvaliteten) på varone mykje høgare. Stongjarn yvertok for osmundjarn. Koparen vart utført som gårkopar eller messing, ikkje som råkopar. Tjøra vart kokt til bekk. Denne foredlingslina var i samsvar med kongens politikk. Kongen hadde nytta påbod og forbod for å hindra at råvareemne gjekk ut av Sverike utan foredling.xxv Det kann sjå ut til at Sverike hadde bygt seg upp i Austersjøen, men at den største kvantitetsauken derimot ikkje kom kring handelen austpå, men med handelen med Vest-Europa. Det me likevel her må ta høgd for at er at Finland og Sverike høyrde til same rike og ein må dessutan skilja millom dei delane av Baltikum som vart knytte beint upp til Sverike og der ein ikkje ein gong kann ha rekna med at det var snakk um innførsla, men innanrikshandel. Det ein derimot må ta høgd for at handelen med Baltikum både hev gjenge fyre seg som utanrikshandel eller som regionalhandel. Dessutan må det innvendast at jamvel um handelen med Baltikum etter dei formelle kriteria ein kann stella upp hadde ein sterk auke i mengd eller kvantitet. I perioden millom 1600 og 1622 var importen frå Baltikum på umlag tre prosent. Når ein kom til perioden millom 1643 og 1650 hadde det vorte fire prosent. Men auken kunde òg mælast i dalar. Då var det ein uppgang frå 11 000 dalar til 65 000 dalar. Denne auken i dalar viser framfor alt den store auken i handelen på Stockholm. Millom 1643 og 1650 var importen frå baltikum knytt upp til 63 prosent frå den svensk-kontrollerte byen Riga, Reval/Talinn hadde 21 porsent, medan Narva berre kom upp i 4 prosent. Det viktige er truleg at svenskane prøvde å halda tilbake handelen på Riga fyre dei fekk kontroll med byen i 1621. xxvi


Dansk-svensk krigføring på 1600-talet Det fyrste interessante i krigane på 1600-talet er Sverikes nederlag i Kalmarkrigen i 1611. Her måtte landet svara ei utløysingsavgift for å få ut Älvsborg. Dette gjekk mot alle forventningar godt. So engasjerte Sverike seg i Baltikum. Der landet skulde få kontroll yver både Estland og Latvia og delar av Russland, jamvel i Tyskland fekk landumråde. Soleis kann ein segja at tidi fram til den nordiske krigen 1700-1721 var ei stormaktstid i svensk soga. Slik var det ikkje for Danmark-Noreg. Riket miste viktige landumråde og Danmark-Noreg vart hardt pressa heile tidi, trass i dette var Danmark-Noreg i stand til å slå tilbake mot svenskane og svenskane hadde òg gjenge for langt i å pressa dei militærpolitiske ressursane sine. Kristian den 4. hadde engasjert seg sterkt i å sikra Svalbard og Nord- Norge. Han sende ein ekspedisjon til Barentshavet. Gjennom Kalmarkrigen fekk Danmark-Noreg kontroll over Tysfjord og Varanger som vart fastslegne som norske. Danmark-Noreg var nordorienterte, og det vog tyngre enn tapet av austumrådi i lengdi. Ved freden i Knærød godkjenner Sverige den norske kongens styre over den nordnorske kysten. Seinare på 1600-talet er Sverige i ekspansjon. Sverike vart meir og meir orientert mot handelen med England? Og serleg Nederland. So lenge landet fyrst og fremst var tyskorientert var det ikkje so aktuelt å koma seg gjennom Austersjøen og dansk territorium. Etter kvart som derimot skal til England og Nederland med handelsskip hev landet vanskeleg for å kom dit via Vest-Sverike. Sverike måtte betala Austersjøtollen når dei skulle gjennom Øyresund. Løysingi vart å halda hardt på sjøutgangen via Älvsborg, og difor vert det å løysa ut Älvsborg og få uppretta byen Nye Løsen eller til slutt Göteborg svært viktig. Det lukkast i 1619-1621. Kor viktig var Göteborg? Militærpolitisk var byen viktig og spela ei rolle i krigen millom 1643 og 1645. Den danske kongen prøvde då fleire gonger å stengja innfarten til Göteborg og leggja upp skansar i elvemunningen. Norske soldatar trengde seg fram til Vänersborg. Göteborg vart ikkje utsett for noko direkte åtak, og gjenomm freden i Brømsebro vart byen berre sterkare med avgjerdene um tollfridom for svenske farty i Øyresund og gjenom at Halland kom på svenske hender. I 1657 vart handelen på Göta elvi sperra av norske styrkar. Men med freden i 1658 fekk svenskane trygd byen militærstrategisk og Göta elvi fekk eit mykje tryggare lægje. Økonomisk og innanrikspolitisk var det viktig for Göteborg å tryggja seg handelsrettane på vestkysten. Etter maktyvertakingi av Vest-Sverike i 1658 var det fleire byar som kunde vera aktuelle konkurrentar til Göteborg. Byar som Halmstad, Varberg, Marstrand og Uddevalla var upplagde konkurrentar til Göteborg. Bøndene i Bohuslen og Halland var òg vande med å driva direktehandel ved danske hamner. Desse tilhøvi skulde sysselsetja borgarane i Göteborg og leidande menn i Sverike i lang tid. I byrjingi vart det uppnått ein heil del. Marstrand vart den einaste andre stapelstaden på vestkysten, Kongahälla miste sine handelsrettar og bondehandelen vart tidsavgrensa i Halland.xxvii Louis De Geer og freden ved Brømsebro Fram til 1600-talet hadde den tyske smidja vore rådande i Sverike og tyske bergverksmeistarar hadde havt ein sentral posisjon. Sverike hadde langt frå noko dominerande stilling i norden, og trass i at den dansk-svenske sjuårskrigen hadde ført til at Sverike kunde uppretta ei dominerande stoda i Baltikum, var det endå mykje som skulde til for at Sverike skulde utfordra Danmark på eit reellt grunnlag. Mot slutten av 1500-talet skulde det likevel visa seg at Sverike hadde større suksess med jarnframstellingi. Det gav ikkje noko utslag for Kalmarkrigen i 1611, for då mangla Sverike ei effektiv utskipingshamn frå Vest-sida.

Løysesummen for Älsvborg var ein sum som danskane ikkje trudde svenskane vilde vera gode for, men bergverksnæringi voks sterkt på denne tidi, og det gav høve til å betala ned skadeboti. På slutten av nedbetalingstidi er det òg at hollendarane og vallonarane melder seg som pådrivarar i bergverksdrifti. Koparverki hev gode tider med eksport til den iberiske halvøy fram til 1626. Og då er det heile i gong. Dei største utskipingshamnene vert Stockholm og Göteborg.

Det interessante er likevel den militære vekti utviklingi av våpen med svensk jarn kann ha havt. Her er det definitivt ein del å segja. Hildebrand (1986, s. 24 og 25 Svenskt järne, sexton- och sjuttonhundratal. Exportindustri före industrialismen) viser til den italienske historikaren Carlo Cipolla som hev studert skipskanonar av støypejarn. I den totale svenske eksporten av jarn utgjorde støypejarnskanonane ein nokso liten del, den veksla mykje, men låg på umlag 1000 til 2000 tonn.Men det var likevel nok til svært mange lett skipskanonar. Ein årsproduksjon kunde etter Cipolla vera nok til å armera ein heil liten flåte. I ein periode må Sverike ha vore verdsleidande på å eksport av kanonar, jamvel framfyre England. Nokre fåe svenske jarnverk må ha spela ei sentral rolla i forhistoria til det europeiske yvertaket i verdshandel og krigføring. Same kor langt Cipolla hev rett, kann ein i alle fall slå fast at svenske kanonnar i stor grad millom anna gjekk til Holland, både det austindiske og det vestindiske kompaniet. Yver Holland gjekk det kanonar vidare til Portugal som frå 1640-talet spela ei sentral rolla i Portugals militærstell. P å 1660-talet og utyver kjem svensk jarn sterkt inn på den britiske marknaden, men alt under borgarkrigen var handelen i gong. Fyre det kann det sjå ut til at det var spansk jarn som var av det viktigaste. Sverike vart etterkvart det leidande landet når det galdt den britiske importen av jarn. Den stoda heldt seg fram til midten av 1700-talet. I ljos av den vekti som svenske kanonar hadde på verdsmarknaden kann ein lett tenkja seg til kva dei svenske kanonane kann ha havt å segja for svensk krigføring. Ein av dei viktigaste personane i arbeidet med å gjera Sverike til ei handelsstormakt i jarnproduksjonen var Louis De Geer, og den svenske krona gjorde mykje for å få han på bana, noko som svara seg. I dag vert han jamvel umtala som ein av dei viktigaste upphavsmennene til svensk industri. For å festa De geer endå nærare til seg tildelte den svenske regjeringi i 1641 adelskap til De geer og let han få kjøpa Finspång, med underbruk, Østerby, Løvstad og Gimo og tilhøyrslone til Dannemora gruva. Det drygde ikkje heller lenge, innan De Geer fekk høve til å visa si takksemd og sin patriotisme. Det er no, frå køpmannen han høgjer seg til statsmannens rolle. Når Torstensons krig bryter ut (1643), engasjerar De Geer seg, på den svenske regjeringi si uppmaning, som kunglig svensk representant till Holland, og påkallar hjelp får Statane, og når det ikkje vart noko av, utrustar han, mest på eigen kostnad, ein flote med 30 farty, som under amiral Martin Thijssens befal gjeng ut frå Danmark for å yverføra svenskane frå fastlandet till øyane. Denne fyrste expeditionen er mislukka, ettersom danskane i sjöslaget ved Lister Dyb redan i Nordsjön tvingade den å återvenda, og når den återkom til Holland, råka De Geer ut i store problem, for skipsfolket kravde pengar og gjorde myteri; men gjenom stort press kunde De Geer likevel snart igjen senda ein eskader av 22 skepp till Norden. Den hadde større lukka: den frigjorde Göteborg frå den danska blokkaden, trengde gjenom Öresund, sameina seg med svenske flåten og tok ein ærefull del i den sjøsigeren, som gjekk fyre seg millom Carl Gustaf Wrangels yverbefal og vart vunnen millon Femern och Lolland 13 oktober 1644 og som vert kalla slaget vid Femern — en siger, som gjorde svenskane till herrar på sjøen og dimed tvinga danskane til fred (sjå A. Munthe: Svenska flottans sjöhjältar, V, 1905). Ved fredsunderhandlingen røynte De Geer, som alt i 1644 hadde återkome frå Holland, den heideren at av Axel Oxenstierna rådspurde han um fredsvilkåri. Kostnadene for hans ekspedisjion vart rekna ut til nære ved ein halv million riksdaler specie, det var ein sum han fekk tilbake for på fleire sett. Den vanlege uppgifti at han for sitt fosterländska handlingssett berre fekk utakk attende og gjorde store tap saknar grunnlag. http://sv.wikipedia.org/wiki/Louis_De_Geer_(1587%E2%80%931652) http://runeberg.org/nfbf/0018.html

Freden ved Brømsebro i 1645 illustrerar korleis Sverike no hev fenge ei solid nyorientering mot Nederland og England og hev fleire strengjer å spela på i kampen mot danskane. Denne fleksibiliteten og styrken gav i fyrste umgang Danmark-Noreg eit tap av Jemtland og Herjedalen og øyane Gotland og Øsel som vart overførde til Sverige. I dei neste konfrontasjonane millom Danmark-Noreg og Sverike gjeng det verre ved freden i Roskilde i 1658 taper Danmark-Noreg Trøndelag, Nord-Møre og Romsdalen og Båhuslen som kjem yver på svenske hender Det same skjer med Skåne, Halland, Blekinge og Bornholm. Ved freden i København i 1660 fær Danmark-Noreg Trøndelag og Romsdalen tilbake. Eineveldet i Danmark-Noreg vert innførd i 1660 for å tryggja komande inntekter. Det er dårlege økonomiske tider og statskassa i Danmark er tom. Kongen pressar fram skatt frå alle stendene. Adelen vert tvinga til å trekkja seg tilbake. Nytt og solid fasttømra embetsverk under kongen. Og det må byggjast ei ny forsvarslina mot Sverike etter at Båhuslen-festning er tapt. Kongsvinger festning vert millom reist på 1680-talet. Handelstilhøvi millom Danmark-Noreg og Sverike Danmark- Noreg og Sverike var i eit motsetnadstilhøve. Svenskane vart etterkvart store jarnverkstilverkarar og hadde bruk for å få umsett varone sine og millom umgå Øyresund-tollen. Varor frå Finland kunde ikkje kom undan Øyresund-tollen, men varor yver Göteborg kunde det som me hev sett. Dei tvo handelsbyane Lübeck og Bremerhaven låg strategisk til når det galdt dansk og svensk handel. I tillegg til at danskane hadde kontroll med å kunna handla med baltikum, vil dei gjerne ha kontroll yver desse nordtyske byane. Byane låg strategisk til i høve til dei rike jarnfyrekomstane i Nüremburg og Augsburg som kunde fraktast upp via Leipzig. Elles var arbeidet med bergverksdrift i Noreg viktig. Her kontrollerte danskane Kategat, men kunde nok gjerne ha ynskt å halda på kyststripa langs det som vart den svenske vestkysten. Ein finn fåe avgjerder um innbyrdes handel og skipsfart millom Danmark- Noreg og Sverike i traktater millom Danmark- Noreg og Sverike. Den sokalla Forbundstraktaten til Lund i 1679 avgjorde i ein artikkel serskild for seg at danske og norske skip som sigla på Rygen, Narva, Riga og Reval skulde ha same rettar som svenske. Dei løynlege artiklane inneheld millom anna eit vedtak um at dersom partane vil forby framande å innføra varor, som ikkje vert produserte hjå deim sjølve, skal forbodet ikkje gjelda den andre parts undersåttar.xxviii

Fredstraktaten i 1720 slær fast at ein skipar seg til att med dei handelsfridomen som ein fyrr hadde havt og at ein fornyar gamle traktatar. Forbundstraktaten av 1734 slær fast handelsfridomen millom landi endå ein gong. Fredstraktaten av 1809 avgjer at handelskontakten skal vers om fyrr millom landi. Danmark- Noreg heldt seg utanfor dei store europeiske og amerikanske krigane milom 1667 og 1807. Dei krigane som tvillingriki var gjenom var krigane med Sverike frå 1676 til 1679 og frå 1709 til 1720. Danmarks og Noregs skipsfart vart samstundes meir og meir umfattande. Det vart naturleg for det norske riksstyret å arbeida for at traktatavgjerdene um skipsfart og handel vart so gode som mogleg for nøytrale land. Umsynet til kva som vilde skje i ein krig med Sverike vart mindre framherskande. I ein slik konflikt kunde ein tenkja seg at ein vilde ha interessa av å avskjerma Sverike frå tilførslor, men dette synet gjorde seg lite gjeldande etter fredslutningi av 1679. Sverike sjølv var endå meir ihuga etter å gjera seg gjeldande som ein forsvarar av liberal handel for nøytrale land i krig. Danmark-Noreg og Sverike gjorde sams gjerning i å forsvara nøytrale lands rettar både i 1780 og 1800 og dei fekk andre land med seg, og det skal finnast fleire slike døme på samarbeid. Um ein ser samla på dei handelsavtalane som Danmark-Noreg gjorde med Nord-Europeiske makter, so er det ein del interessante handelspolitiske hovudpunkt. Nederlandi greidde å hindra at Noreg innførde nokor navigasjonsakt som den engelske eller ein Produktplakat som den svenske. Hollendarane fekk òg skaffa seg handelspolitiske rettar som i kraft av mestbegunstigelsesklausulen kom alle dei ”priviligerte” makter som England og Frankrike til gode, men ikkje Sverike. Danmark-Noreg kom i den stoda at me ikkje kunde uppnå fyremunar for norsk skipsfart utyver dei tilsegnene som nederlandi fekk um mestbegunstigelse. Dei landi som slo inn på navigasjonslovene sin politikk greidde meir eller mindre å stengja ute norsk skipsfart. Det vart naturleg for Danmark-Noreg etter 1750 å slutta handelstraktatar med land som ikkje dreiv avsperringspolitikk på skipsfartens umråde. Dette galdt då dei sud-europeiske landi og med dei sokalla barbarstatane som hindr utviklingi av handelen i Middelhavet.

Den norske sjøfarts historie fra dei ældste tider til vore dag III bind, 2det halvbind, Steenske forlag- Oslo, 1929, red Dr. Jac S. Worm-Müller. S. 23-27