Soga åt Vestlandske Mållag

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Av Lars Bjarne Marøy

Innleiding og bakgrunn[endre]

Her skal eg freista å kasta ljos yver den høgnorske tradisjonalismen med utgangspunkt i den attergangsfasen som denne målformi kom inn i i millomkrigstidi.Med attergang reknar eg den organiserte motstanden frå den norskdanske sida mot nynorsken og fylgjone av denne motstanden som vart samnorskstrevet. Målrørsla trong å kontrollera ei rad samfundsskipnader (sosiale institusjonar),dersom ho skulde lukkast med å driva nynorsken fram til einaste riksmål.Ho trong forlag som var viljuge til å ofra pengar på å gjeva ut smale bøker.Ho trong eit teater til å nå ut til massane i byumværet,og ho trong evna til å pressa fram nynorske stykkje på andre teater. Medan målrørsla bygde seg upp på 1920-talet gjekk det nynorsknære norskdanske målet attende. Nynorsken konsoliderte seg etter 1930.

Norskdomsrørsla med bygdelagi og bondeungdomslagi gav målrørsla ein samlande identitet og eit grunnlag til å arbeida utetter. Her kunde målrørsla draga vekslar på dei som ikkje hadde so store boklege hugmål. Endåtil dei som ikkje las nynorske bøker eller som var i hopehav med nynorsken på annan måte kunde driva med dans og andre syslar i lagi, og mange bondefolk vilde gjerne eta heimleg kost på kaffistovone. Skulen var ein viktig sosial samfundsskipnad. Frå fyrst av var det grunnskulen målrørsla vilde vinna,men dei andre skuleslagi er meir viktige i mange høve. Folkehøgsulen ytte noko bot for den veike stoda nynorsken hadde i den høgre skulen,men langt frå nok. Målbrigdet skapa uorden i heile dette målapparatet.Det synte viktige tilkortkomingar i heile målarbeidet.

Den ålmenne røysteretten som kom i 1898 og den politiske situasjonen som vart skapt alt frå 1880-åri og frametter frå 1905 gjorde målsaki til ei svært heit politisk sak langt inn i millomkrigstidi. Målpolitiske avgjerder måtte leggjast fram for store gruppor av menneske på same tid t.d. sidemålsstilen. Det kunde føra til massemobiliseringar i tilfelle der dei folkevalde kom i konflikt med veljarane sine.Den norskdanske sida nytta slike massemobiliseringar m.a. i samband med Nidaros-striden og i samband med striden um målbruken i kringkastingi. Det var dei sosiale systemi som den norskdanske sida hadde til rådvelde som gav dei yvertaket i slike stridar. Målrørsla nådde ikkje ut til heile grasroti gjenom pressa eller andre sosiale system.

På yverflata kann me studera spelet um det høgnorske målet som ein politisk hestehandel.1917-rettskrivingi vart vedteke med knapp uppslutnad i stortinget.1938-rettskrivingi vart vedteki i ei samgonga millom Arbeidarpartiet og Bondepartiet,men dei andre partii slutta upp ,med undantak for Høgre. Men vegen fram til 1938-rettskrivingi var ikkje berre partipolitisk. Striden toppa seg m.a. umkring krinkastingsmediet. Det synte seg klårt at rikskringkastingi vilde vera nøydd til å femna langt vidare enn mange andre sosiale samfundsskipnader.

Målstriden umkring NRK hev røter heilt attende til skipingi av riksinstitusjonen i 1933.Målmannen Olav Midttun vart den fyrste riksprogramsjefen.Utnemningi av Midttun sterkna dei målpolitiske bårekasti som fylgde etter 1917-rettskrivingi.1917-rettskrivingi førde til framgang for målrørsla og framgang for det sokalla samnorsksynet.

Fleire faktorar[endre]

Fleire faktorar spela inn når det galdt å slå fast dei målpolitiske relasjonane millom dei norskdanske og dei nynorske. Fyrst av alt var Kohts tilhøve til arbeidarpartiet viktigt. Koht arbeidde trottigt med å slå fast ein målplanleggjingsideologi. Her kunde han m.a. stydja seg til Knud Knudsen.Knudsens målpolitiske arbeid var langt på veg upphavet til dei fyrste målendringane fyrr 1917. Målendringane i dansken drog målendringar i norsken med seg. Staten skulde etter Kohts syn føra norsk og dansk saman. Dette fekk han til ein vis grad gjenomslag for i 1917.Koht tok upp arbeidet med å vinna landet for radikale former i dansken,som etter kvart hadde byrja å verta kalla riksmål,etter 19O7,og han vann stor atterklang for dette i nokre år frametter.

Kohts store livsprosjekt var å vinna fram med målsaki i arbeidarpartiet. Men Koht selde aldri målsaki til arbeidarpartiet. Det var målplanleggjingsideologien som vart løysingi for Koht og Arbeidarpartiet. Koht vil ha fram det talte språket og rekna det for ei vinning at det skulde vera lov for arbeidaren å nytta breid dialekttale eller sokalla folkemål i skulen : " Men arbeidaren må krevje meir. Han må krevje å få eit bokmål som gjør han fri,ikkje legg han i lenker. Han kann ikkje lenger la seg hefte korkje med gamalnorsk eller med dansk ; han må stile fram mot eit greitt folkemål. Difor vart det ein siger just for arbeidaren med dei "valfrie" formene som i 1917 fekk sleppe inn både i landsmål og riksmål. Desse valfrie formene -det var folketalen som fekk breiare rom i dei skrivne bokmåla.i Dei valfrie formene er viktigare for Koht enn um nynorsken vinn heil siger. Det er folkemålet som vinn fram. Koht ser fyre seg " ei fast framstemne etter ei klar line : i alle former er det folkemålet som sprenger seg fram." ii

Koht meinte at klassestriden i det norske samfundet måtte førast fram til ein nasjonal einskap. På same måte som bøndene hadde vunne gjenomslag for parlamentarismen i 1884,skulde arbeidarane vinna seg plass i samfundsstyringi. I 1921 hevdar Koht at " ... klassereisinga er ei hovudmakt i målreisinga ..."iii

Ein må kunna segja at Koht byrja å argumentera for sjølve språkplanleggjingsideologien og Arbeidarpartiet heller enn for målsaki i seg sjølv. Det var ei sjølvsagd og determinert sak for Koht at arbeidaren og arbeidarrørsla skulde slutta upp um eit samnorskt mål. Difor såg han ikkje at å setja staten til å driva rettskrivingsarbeid kunde koma til å venda seg mot målrørsla sjølv. Når berre arbeidarane yvertok staten vilde språkplanleggjingi føra fram. Når målrørsla aldri vann eit breidt innpass i arbeidarrørsla var det trulegt fordi Koht aldri definerte kva som skulde vera samlingsgrunnlaget millom målrørsla og arbeidarrørsla.Arbeidarrørsla fekk den målpolitiske makti,men ho ana djupast sett ikkje kvifor ho skulde ha henne.

I fleire fylke innførde svært mange kommunar radikale former i riksmålet,norskdansken.iv Men fram mot 1930 hadde reaksjonen frå dei norskdanske ført med seg at norskdansken langt på veg hadde konsolidert seg med konservative former.

Eit anna viktigt tilhøve som hev vore undervurdert og lite umskrive er målpolitikken og kringkastingi.Målmannen Olav Midttun vart riksprogramsjef i NRK i 1934.Dette førde med seg umfattande aksjonar frå riksmålsfolk. 10 000 protestar og vel so det vart samla inn mot Midttun,og målrørsla vart tvinga til å gjeva avkall på høgnorsken og i-endingane p.g.a av dette,meiner Hans Fredrik Dahl. Samnorskpolitikken vart fyrst trumfa igjenom med utgangspunkt i NRK.Eg viser her til Hans Fredrik Dahl 1975.

I 1934 førde målstriden umkring dei tvo målformene til at stortinget gjorde eit samnorskvedtak.I vedtaket heitte det at målstriden ikkje måtte kvessast til i utrengsmål : "Derfor bør det mest mulig bli brukt ord og former som enten er like eller ligger hverandre nær i de to målfører." I 1934 vart det sett upp ei statleg rettskrivingsnemnd som i praksis arbeidde utfrå eit samnorskmandat. Historikaren Hans Fredrik Dahl (Dahl 1975) slær fast at den samlingslina som stortinget her gjekk inn på førde til at målfolket laut gjeva upp Aasen-Hægstadnormalen (høgnorsken)v.Det var store protestaksjonar frå riksmålshald mot nynorskbruken i NRK som førde til samnorskvedtaket i stortinget. Riksmålsmennene tolte ikkje høgnorsken,endå so lite det var av han den gongen.Endå mindre tolte dei at ein målmann som attpåtil var den best kvalifiserte til riksprogramstellingi vart vald framfor ein riksmålsmann.

Hans Fredrik Dahl peikar på at fleire representantar m.a. i stortinget gav uttrykk for at dei såg på kringkastingi som "et utmerket middel ... til å fremme utviklingen mot et samnorsk sprog."I artikkelen kring målkrisa i boki "Kva er målreising" skildrar Gustav Indrebø korleis den norskdanske filologien hev gjort samnorsktanken meir og meir aktuell.Den norskdanske filologien hev fenge mange nynorske akademikarar til å tenkja som dei norskdanske som vil minka ned statusen til norsken.Personleg trur eg at den norskdanske filologien femnar um meir enn berre det reint språklege.Heile nasjonsbyggjingi innanfor den norskdanske skulen freista å underbyggja at norskdansken skulde ha ein mest mogleg rådrik posisjon.Ein historikar som Ernst Sars var millom anna inne på synsmåtar som kunde bera langt i samnorskleid.Moltke Moe er velkjend.

Me skal ikkje gløyma at dei finlitterære forfattarane våre hadde nytta eit mål som kunde verta uppfatta som freistnader på samnorsk.Sigrid Undset,Sigurd Hoel,Hans E Kinch,Knut Hamsun,Trygve Gulbrandsen m.fl.Det var helst dei førande ideologiprodusentane i samfundet som las dei skriftene,og dei haldningane som denne litteraturen skapa andsynes folkemålet vart yverførde frå fagfolki til politikarane og til vanlege folk.Me kann tenkja oss ein vokstergang der dei leidande normaltalemålsbrukarane på den norskdanske sida byrja å stydja seg meir og meir på norskt målgods.Målstriden sette fart i uppnorskingi.Det var tenestemenn og offentlegt tilsette som kjende seg truga av rettstvistane um tenestemålet,og dei var òg mykje truleg saman med borgarskaps- eller næringslivsfolk dei som var fyrst ute med å skaffa seg radio. Det var lettare å verta merksam på og upparga på målavvik i kringkastingi enn i litteraturen.

Endå eit viktigt moment er knytt til målpolitiske alliansar. På riksplan laut målfolk argumentera og underbyggja viktige måltiltak som Det Norske Teatret og Samlaget.Mange gonger må dei som arbeidde med desse tiltaki ha kjent seg sterkt underlegne andsynes dei norkdanske som dei laut samarbeida med. Sigmund Skard hev fleire stader skrive um kor lukkeleg han kjende seg då Sheakspeare-umsetjingane til Samlaget kom i butikkvindaugo i Oslo mot slutten av 1930-åri. Endeleg var det råd å få aksept for stor kultur utan at ein måtte taka umsyn til den ævlege målstriden,slær Skard fast. Me kann berre tenkja oss til kor mange vonbrot som låg attum arbeidet med nynorske bokutgjevingar generelt. Med eit slikt press på seg var det ikkje rart at målbrigdesaki kunde tvingast fram frå den sterkaste parten.

Målpolitiske alliansar,målet i NRK,språkplanleggjingstradisjonen og Kohts tilhøve til Arbeidarpartiet var alle viktige faktorar i det målpolitiske maktspelet som høyrer til målbrigdet i 1938.

Etter at rettskrivingsnemndi av 1934 kom i arbeid auka ideologiproduksjonen innanfor målrørsla stort.Det vart førd målpolitiske ordskifte um rettskrivingsideologi. Men vel so viktigt var det at ein var uppteken av korleis målsaki kunde vinna fram i større mun enn tidlegare. Indrebø-sakivi skapa merksemd um målsaki,og bar bod um at det var ein ovstor mentalitetsskilnad millom dei som tala på vegner av målrørsla og dei som nytta det norskdanske målet i tenesteverket. Målstriden umkring NRK gjorde det same. Det gav målfolki grorbotn for målagitasjon,men det opna òg for samnorske synsmåtar.

Um målprofessoratet etter Indrebø[endre]

I eit brev som vart skrive i samband med at det skulde nemnast ut ein ny professor i vestnorsk målføregransking etter Gustav Indrebø peikar brevskrivararane på sambandslina frå stortingspresident Christie og fram til målprofessoratet. Det var Christies ånd og arbeid som synte seg i skipingi av dette professoratet meiner Eirik Hirth og Olav Hoprekstad som hev skrive under på brevet. Hirth var formann og Hoprekstad skrivar I Vestlandske Mållag.

Folket her vest tok det professoratet som eit teikn på godvilje og ynskje um godt samarbeid. Brevskrivarane trur at utbytet av professoratet hev vore ymsesidugt. Museet hev slik dei kann tru gagna båe partar. Dei viser til at Vestmannalaget kjøpte inn den store boksamlingi etter Torleiv Hannaas og at Gustav Indrebø bygde upp stadnamnarkivet ved museet (arkivet hev seinare vorte flutt til Oslo,LBM)

Vestlandske Mållag var tidleg uppteken av å byggja ut museet til eit universitet. Då leidingi ved Bergens Museum dryfte slike planar i 1923 gav Vestlandske Mållag handslag og lovnad um studnad og samarbeid.

Bjørgvin-striden i 1929 skapte attergang i medlemstalet for museet. Velkjende menn millom tillitsmennene trekte seg attende. Dette førde til at mange av dei fremste menn i bygdene slutta upp um museet,so at medlemstalet auka munarlegt.Mange byfolk kom òg med.

Når dei skriv um dette, er det av di dei vonar at samarbeidet skal vara ved no når musset stend på dørhella til å verta universitet. For at samarbeidet skal halda fram er det turvande at den målpolitiske lina frå Hannaas og Indrebø vert fylgd. Storhopen av målfolket på Vestlandet hev fylgt denne lina. I det heile er det viktigt at folket på Vestlandet som hev teke målet i bruk i kyrkja,skule,til kommunalt styringsmål og elles i styringsverket fær sjå at målet vert odla og dyrka. Dette er serleg viktigt so lenge det berre er ein lærestol for nynorsk ved museet.

Det vert elles halde fram at det er ei 1000 års soga frå den fyrste norske litteraturen og fram til nynorsken. Denne lina vil VM halda uppe utan å driva samrøring med bokmålet. Dette brevet er ferda ut 9 oktober 1943.

Indrebøs verk um Christie[endre]

Målarbeidet i Hordaland etter 1945[endre]

Etter krigen var målarbeidet i Hordaland i ein uppbyggjinggsfase.Sentrale målmenn både i uppbyggjingsarbeidet og målpolitiske ordskifte var menn som Severin Eskeland,Ludvig Jerdal,Sigurd Sandvik,Sigurd Eskeland og i serleg grad Hallvard Framnes. Framnes vart kalla for i-målsgeneralen. Fyrr me gjeng inn på dei ulike ordskifti kann det høva med nokre biografiske upplysningar um Hallvard Framnes.

I-målsgeneralen Hallvard Framnes 1888-1954[endre]

Framnes var fødd i 1888 og døydde 25.10.1954. Framnes døydde i ei sykkelulukka. Upplysningane um han er henta frå eit minneord av Ludvig Jerdal,Dagen 27.10.1954. Framnes gjekk underoffiserskulen 1907-1910,tok studenteksamen 1914,og vart verjepliktig offiser i 1914.Same året tok han lærarprøva,og i 1924 tok han språkleg-historisk embetseksamen. Han gjorde fleire studieferder i utlandet m.a. i England og Frankrike. Framnes vart adjunkt på Voss off. Landsgymnas i 1920,og lektor same stad frå 1925.Han tok avskil frå dette arbeidet 65 år gamal i 1953. Tidi etter avskilen skulde han etter segjande nytta til målarbeid. Han var styrar for den skriftnemndi som etter hans død gav ut soga um Vestlandske Mållag 1904-1954. Dei andre i nemndi som fullførde arbeidet med boki var Severin Eskeland og Ludvig Jerdal. Framnes kom med i styret i Vestlandske Mållag i 1946,og vart formann i laget i 1948. Han kom med i styret i Noregs Mållag i 1951. Framnes markera seg som ein onnug og sers velskula debattant både munnleg og skriftleg.

KRAVI UM NYNORSK ADMINISTRASJONSMÅL VED UNIVERSITETET I BERGEN.BOLK NR.1[endre]

23 november sender Vestmannalaget, Vestlandske Mållag og Studentmållaget i Bergen ut ei fyreteljing til Kyrkje- og Undervisningsdepartementet. Kjeldone som er knytte til denne fyreteljingi er eit hefte der hovudluten av fyreteljingi er prenta pluss eit tillegg som er dagsett med 13 mai 1947. Den andre kjelda er den fyreteljingi som vart sendt 23 november. Her er det lagt inn ei utgreiding av Peder Hovdan.

I hovudluten av fyreteljingi frå 23 november vert det argumentert for at universitetet i Bergen bør ha nynorsk til universitetsmål. Universitetet i Oslo er ein lut av den danske tradisjonen i landet. Dette universitetet hev vorte hangande ved det danskrøtte målet i landet. Det stend liti nasjonal æra av å fylgja denne tradisjonen. Serleg urimeleg vilde det vera å føra vidare den danske tradisjonen på Vestlandet. Der folket i mest alle bygdelag hev røysta fram nynorsken til upplæringsmål og til kommunalt og offentlegt styringsmål. Største parten av studentane kjem nok til å koma frå nynorskstroki,og då må dei verta møtte med nynorsk. Berre med nynorsk administrasjonsmål vil ein nå fram til folk her vest med den rette godhugen. Det vil ikkje føra med seg tekniske vanskar å nytta nynorsk i administrasjonen. Det finst nok av folk som er føre til å nytta nynorsk munnleg og skriftleg.

Alt i 1923 vart det målbore eit sterkt og klårt ynskje um nynorsk administrasjonsmål ved universitetet. Ynskjet kom frå ordførarar og andre representative menn i Vestlandsfylki.Sidan den tid hev kravet um nynorsken vakse i takt med heile den nasjonale vokster,vart det hevda.

I det prenta heftet stend det under ein ny serbolk ei vidareføring av argumentasjonen frå hovudluten. Denne luten var ikkje med i fyreteljingi av 23 november 1946. Her heiter det at på dei 10 høgare lærestadene ein hev i landet er det berre ein som nyttar nynorsk,lærarhøgskulen. I og med dei ni lærestadene som hev bokmål vil det vera naturleg at Universitetet i Bergen som er ein ny lærestad fær nynorsk til administrasjonsmål.

I pressa hev det vorte hevda at kravet um nynorsk administrasjonsmål vil vera eit yvergrep mot bokmålet og eit brot med jamstellingsprinsippet. Dette kunde ha havt noko fyre seg um universitetet skulde vera eit lokalt universitet for Bergen,men universitetet skal vera eit universitet for heile landsluten. Universitetet i Bergen skal hjelpa fram kulturvoksteren i denne landsluten der nynorsken er mest einerådande.

VM peikar på at åndsarbeidarar som forskarar og andre kann nytta den målform som dei finn for godt. Tenestemålet derimot vil gjeva institusjonen det språklege serkjennet som atter hev sin verknad både innetter og utetter. VM er usamd i at universitetet i Oslo hev vore noko fyregangsprega universitet i jamstellingsarbeidet. Sume hev hevda dette etter at fyreteljingi til Kyrkje- og Undervisningsdepartementet vart sendt. Universitetet i Oslo hev vore kaldhuga i møte med norskmålsarbeidet,heiter det frå VM.

I det prenta heftet fylgjer det lange listor yver dei som gjeng inn for nynorsk styringsmål. Det er fylkestingi i Møre og Romsdal,Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Aust Agder. Elles er det Mållag og Ungdomslag,landsgymnas og ei rad framståande personar.

Me les elles i det same heftet at Studentmållaget hev kalla inn til tvo møte der administrasjonsspursmålet hev vorte dryft. 18.02.1947 og 30.04.1948. Det siste møtet vert kalla eit allmannamøte. Mot ei røyst hev møtet vedteke å uppmoda styremaktene um at nynorsk vert administrasjonsspråk.

I den fyreteljingi som vart sendt 23 november 1946 skriv Peder Hovdan um den stoda som nynorsken hev i landet. Han viser til statistikk o.s.b. Vidare gjeng han inn på samanlikningar til andre land som hev ei likande målstoda som den norske. I Tsjekkoslovakia finst det universitet både for tsjekkisk og for slovakisk.

Trass i kuvingi frå det svenske målet gjorde finnane finsk til hovudmål på universitetet i Helsinki.I Irland er irsk universitetsspråk. I Belgia hev dei universitet med både flamsk og fransk som hovudmål. I Sveits vert det undervist i både tysk og fransk. Island fekk universitet i 1911,og hev nytta islandsk.

Fyreteljingi av 23 november 1946 legg ved framlegg til fyresegner for målbruken ved universitetet. I stuttmål heiter det her at all skriftleg produksjon som umfattar styringsverket skal i hovudsak vera på nynorsk. Brev til universitetet som er skrivne på bokmål skal få svar på bokmål. Det munnlege kontormålet skal vera nynorsk.

Riksmålsforbundet engasjerar seg i ordskiftet um administrasjonsmål. Riksmålsforbundet meiner at Vestlandske Mållag tek upp ei tapt sak. Noregs Mållag tok upp den same saki i 1939,men sidan hev det vore stilt. Hev ikkje Vestlandske Mållag lært av dette ?

Eirik Hirth svarar på desse ytringane i Bergens Tidende 3 januar 1947. Han viser til at årsmøtet i Noregs Mållag gjorde framlegg um at nynorsk skulde vera hovudmål ved universitetet i Bergen på årsmøtet 28 mai 1939, og at mållaget sette upp ei nemnd som skulde arbeida med denne saki. Men so kom krigen og sidan hev ikkje me frett noko meir um denne saki. Me i Vestlandske Mållag tok henne upp att og gjorde tildriv sjølve av di med tykte dette var ei hastesak.

Arbeidet for hjelpebøker med tradisjonelle former[endre]

Vestlandske Mållag tok upp det arbeidet som Gustav Indrebø hadde drive med å få gjeve ut rettleidingsskrifter med norskmålsformer.Jostein Krokvik skriv i Mål og Vanmæle 1992 :

" Arbeidet med å få godkjend ei norskbok med tradisjonelle former for skulen,ei parallell i-målsbok,vart teke upp på ny etter krigen.Frå Vestlandske Mållag drog Hallvard Framnes saman med andre til statsråd Lars Moen.Men det vart nytt avslag." s.103

DETTE MÅ RØKJAST ETTER !!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! I Bergens Arbeiderblad for måndag 8 januar (på førtitalet) les me :

" Departementet har nekta løyve til å gje ut Gerhard Håland si lærebok i norsk med sideformer (i-forma). Skulestyrar h.v. (hev vore,merknad L.B.M) Severin Eskeland kom med harde hogg mot departementet og statsråd Lars Moen for dette.Denne nektinga er eit brot på føresetnad og lovnad,og vi burde gjera vedtak om eit sendelag til Oslo for å få seia Lars Moen nokre ålvorsord,heldt Eskeland fram,og han hadde god von om at det ville hjelpa."

Inger Indrebø Eidissen skriv i Gustav Indrebø Ei livsskildring,1993,s.235 :

" Men Aschehough og Co,forlaget som gav ut Norsk Grammatikk for Folkeskulen i 1940,den vesle boki som Indrebø streva so mykje med å få godkjend,kom med andre og tridje utgåva ubrigda i 1943 og 1947.I 1957 vilde dei på nyo ha ut boki,med same målsyn,men elles umarbeidd for ein ny pedagogikk :arbeidsskulen.Lærar Rolv Skre i Fana, som kjende Indrebø og hadde samarbeidd med honom vilde vøla um boki "i professor Indrebøs ånd" (brev 2/5 1957 I.I.E).

Men Indrebø-skriftet vart seinka av arbeidet med ny rettskriving.I 1960 drog Helge Sivertsen di meir attende Hjelmtveit-rundskrivet frå 1939, som hadde gjeve rom for i-målet,fritt etter Inger Indrebø Eidissen.

Språknemndsfråsegn og ordskifte i samband med språknemndi.[endre]

Jostein Krokvik nemner i Mål og Vanmæle at Ingeborg Hoff var til stades og tala på årsmøtet i Vestlandske Mållag i 1949. Han nemner og eit "vedtak" som årsmøtet gjorde på Grunnlag av talen.Her skal me gjeva att heile den fråsegni som Vestlandske Mållag vedtok :

Vestlandske Mållag vedtok på årsmøtet i Bergen laurdag 10 des. 1949 å senda denne fyreteljingi til Det kgl.Kyrkje- og Undervisningsdepartement :

"Årsmøtet i Vestlandske Mållag vil so sterkt det kan mæla imot at det vert skipa ei språknemnd etter framlegget frå fleirtalet i den fyrebuande nemndi.

Me meiner at at framlegget til fyremålsparagraf,og likeeins til paragraf 4 og 7 er eit avgjort brot på vanlege demokratiske prinsipp.Det vert kravt at nemndmennene på fyrehand skal ha eit godkjent syn på "samarbeidet" millom dei tvo måli.Ei slik einsretting kan på ingen måte sameinast med den fridomen som vitskapsmenn og andre sakkunnige må ha. Uppnemningsmåten vert òg udemokratisk når departementet skal kunna velja og vraka nemndmenn. Ordelaget "norsk folkemåls grunn" er uklårt og vert ulikt tolka.Det nynorske skriftmålet har alt frå fyrste stund vore tufta på folkemålsgrunnen,og må ikkje rivast burt frå dette grunnlaget sitt."

Brevet er underskrive av Hallvard Framnes og Ingvald Ryste.

12 desember 1949 hev Bergens Arbeidarblad (frå no BA) eit upprit frå årsmøtet i Vestlandske Mållag.Her fær me mange smakebitar frå den talen professor Ingeborg Hoff heldt i Vestlandske Mållag i 1949.Det var denne talen som var grunnlaget for fråsegni ovanfor.Hoff hadde vore med i ei fyrebuingsnemnd til Norsk Språknemnd.Ho hadde sagt seg usamd i dei paragrafane som er refererte ovanfor m.m. Hoff trudde ikkje at språkvoksteren var so fri som mange vilde ha det til.Alt i folkeskulen møter borni tvang i og med dei må læra å skriva eit mål som ikkje er likt talemålet. Hoff meinte at det kunde vera høvelegt å skipa til målakademi eitt for kvart mål.Akademii må vera med å fremja måldyrking slik at båe måli vert best moglege.Dei må setjast saman av dei beste menn og kvinnor.Dei som kann målet best.Ho hadde ikkje tru på at språknemndi vilde roma dei mest kunnige målmennene.

I uppsettet til den fyrebuande nemndi heitte at kvar samskipnad eller institusjon skulde gjera framlegg um dubbelt so mange målsmenn som dei skal ha i nemndi,og so skulde departementet velja millom deim.Dette siste hadde Hoff svært mykje imot.Uppnorskingi må byggja på nynorsken. Med dei retningslinone som fyrebuingsnemndi legg upp til vil nynorsken tapa,meinte Hoff.

BA skriv at det er ein gamal regel at ein t.d. hev rett på t.d. tvo målsmenn i ei departemental nemnd skal ein gjera framlegg um minst fire.Men det var det ingen som kom inn på årsmøtet.Dei trudde visst dette var eit nytt påfunn,skriv BA.

Trass i desse hoverande merknadene frå BA, kann me slå fast at Vestlandske Mållag ikkje var åleine um å kritisera uppnemningsmåten.Einar Haugen Riksspråk og Folkemål,s.155 refererar frå ei fråsegn Universitetet i Oslo kom med :" Det ble kritisert at departementet skulle ha rett til til å peke ut medlemmer istedenfor institusjoner som ikke selv benyttet sin oppnevningsrett,og til å velge ut medlemmer og varamenn blant de utnemnte." Universitetet i Oslo var elles sers kritisk til tilnærmingsformuleringane. Haugen viser til at liknande kritikk kom frå universitetet i Bergen og frå lærarhøgskulen. Ingeborg Hoff og Vestlandske Mållag stod ikkje åleine.

Når det gjeld tilnærmingsparagrafen i retningslinone er det verd å bita seg merkje i kva Kjell Venås skriv um den i Vestmannen nr.9 1993 : Det er velkjent at programmet " tilnærming mellom dei to måla på norsk folkemålsgrunn" vart ein snåvestein for mange einskilde,for samskipnader og språkorgan og jamvel departement og regjering.

Hallvard Framnes samanlikna den uppnemningsmåten som fyrebuingsnemndi la upp til med nazi-styret under krigen.Rolv Skre meinte at uppnemningsmåten var i strid med demokratiske prinsipp.

BA innleider eit ordskifte med formannen i Vestlandske Mållag.Det fall tydelegvis bladstyret tungt for brystet at Framnes samanlikna retningslinone for språknemndi med nazistyret under krigen.Bladstyret hevdar at det er naturleg at utnemningi til språknemndi skal skje med avgjerande utnemningsrett til departementet.Departementet må kunna tryggja seg at dei som kjem med i nemndi er lojale til det uppdraget dei hev fenge. BA hevdar at fleirtalssynspunkti må vera rådande i målspursmålet som i andre spursmål,og Vestlandske Mållag brukar å vera flittige til å hevda maktpolitiske påbod,segjer BA vidare.

Framnes hevdar at det finst spursmål som korkje kann eller skal avgjerast med fleirtalsmakt.Kjernen i demokratiet er vyrdnaden for einmennet eller individet,og dimed for mindretalet sin rett,difor toler ikkje demokratiet nokor form for meiningstvang.Alle syn må få gjera seg gjeldande med den indre tyngd dei hev.Argumenti må vegast ikkje teljast. Når ein politikar hev gjort seg upp ei meining i ei sak fell det naturleg for han å velja fagmenn utfrå hans eige politiske syn og ikkje utfrå objektive umsyn.I målspursmål må fagmannen gå fyre politikaren same kor glup politikaren enn måtte vera.

Det er lang tradisjon for å lata dei glupaste måldyrkarane få styra målvoksteren.Å sleppa dei hagaste fram er eit viktigt demokratisk prinsipp,hevdar Framnes.Ivar Aasen,Marius Hægstad,Lars Eskeland,Nikolaus Gjelsvik,Gustav Indrebø,Olav Aukrust og Jens Tvedt er døme på dei beste i norsk målreising.Ingen av desse kunde ha late seg binda på ein slik måte som språknemndi legg upp til.

Nazistane einsretta organsisasjonar og institusjonar.Dei sette inn som hadde det rette synet og vraka alle dei tillitsvalde.I samband med språknemndi held ein formelt på demokrati.Folket skal ha sine målsmenn,men i realiteten er det berre dei som er samde med topp-politikarane (mitt uttrykk,LBM.) som fær sleppa fram.Kvar vert det av representasjonsretten til samskipnader og institusjonar når departementet kann yverprøva dei same samskipnadene og institusjonane og peika ut andre målsmenn enn dei dei sjølve vil ha ? Representasjonsretten er eit sentralt demokratisk prinsipp,hevdar Framnes.

AVRUNDINGSORD[endre]

Her hev me berre kunna koma inn på nokre av dei mest umdiskuterte spursmåli knytt til skipingi av språknemndi,og til det arbeidet Vestlandske Mållag gjorde med å gjeva ut hjelpebøker med tradisjonelle former.

MÅLBRUKEN VED UNIVERSITET I BERGEN, bolk 2[endre]

På slutten av 1950 tek Vestlandske Mållag upp att saki um målbruken ved universitetet.Dei sender brev til universitetet 23 november og publiserar det i ei av bergensavisone 06.12. Vestlandske Mållag (frå no VM) ved styret gjer greida for den utvikling som hev vore sidan universitetet vart påtenkt frå fyrst av. Styret viser til den breide uppslutnaden som målfolket samla for eit reint nynorskuniversitet. Styret mæler mot dei som hev tolka kravet um nynorskuniversitet soleis at universitetet skulde vera eit eksklusivt nynorskuniversitet. Styret hev tenkt at me hev tvo mål i landet,og når målreisingi mot det danske målet hev kome lengst på Vestlandet,vilde det vera naturleg at eit universitet med hovudsæte på Vestlandet skulde vera eit nynorskt universitet. På førti-talet skal det ha vore eit massemøte av studentar. Møtet gjekk inn for måljamstelling. Dette fekk styrnaden ved Bergen Museum til å venda seg til departementet.Dei søkte i departementet um at nynorsk og bokmål måtte vera jamstelte mål ved universitetet.

Lite eller inkje er kjend um kva Bergen Museum hev gjort vidare i denne saki. Styret i VM viser til at professor Trumpy hev skrive i Bergens Tidende 10.05.1948.Han segjer fylgjande. " Bergens Museums (har) enstemmig med tilslutning fra begge målleirer - vedtatt å gå inn for likestilling mellom de to målfører."

Målmannen Maritn Birkeland sat i styret for Bergens Museum,men han var ikkje til stades på eit styremøte der målbruken til univerisitetet vart teke upp til dryfting. Etterpå hev Birkeland gjeve ei protokolltilførsla der han segjer seg samd med vedtaket i styret. VM hev fenge brev frå Martin Birkeland um dette. I brevet frå 2.10.1947. segjer Birkeland dette :

" Då sa eg at eg var samd i vedtaket om jamstelling av måla. Men då var føresetnaden at det vart ei verkeleg jamstelling og ikkje berre eit papirvedtak. Dette ynskte eg ført til protokolls."

VM hev fylgt arbeidet i tilknyting til universitetsadministrasjonen og meiner at det er audsynt at universitetet ikkje hev retta seg etter vedtaket. Vestlandske Mållag hev saksa yrkjesutlysingar ved universitetet i perioden 11.02.1950-31.10.1950.I denne bolken hev det vore utlyst 19 stellingar frå universitetet.Ei av lysingane var på nynorsk. Lysingane er saksa frå Norsk Lysingsblad. VM understrekar dessutan at det ikkje var sett krav til kunnskap i nynorsk eller tame i å bruka dette målet ved utlysingane.

VM konkluderar med at vedtaket hev vorte det Martin Birkeland ikkje vilde vera samd i ,eit papirvedtak. Både styret ved Bergens Museum og professorkollieget gjekk inn for jamstelling.Dei var sameinte um dette. Ålmenta må no tru at universitetet bryt med desse vedtaki,og det kann ikkje universitetet vera tent med. VM bed um at universitetet sender ut ei utgreiding um kva universitetet gjer til å fremja jamstelling. Kva for nokre retningslinor fylgjer universitetet i dette arbeidet,spør VM.Til avslutning peikar VM på alt det lønlause arbeidet som er gjord for nynorsken." Det vil kjennast som vantakk og svivyrding um den nye høgskulen på Vestlandet ikkje berre ser burt frå sin eigen fyresetnad til statsmaktene,men og set seg ut yver dei fyresegnene um målbruk i statstenesta som no gjeld."

VM fær svar frå Leif J.Wilhelmsen ved universitetet.Det gjeng ikkje fram av lagsprotokollen til VM kva tid svaret er prenta i Bergens-pressa. Svaret er sendt 15.12.1950. Svaret er på nynorsk ! Wilhelmsen meiner at VM hev mistydt det vedtaket som vart gjord av Bergens Museum." Mållaget tykkjest meina at dette vedtaket om jamstelling mellom nynorsk og bokmål er eit slags kompromiss mellom mållaget sitt krav om nynorsk styringsmål på den eine sida og gjeldande lov og fyresegner om målbruken i statstenesta." Vedtaket ved Bergens Museum bygde berre på at styret sannkjenna at lov um målbruk i statstenesta jamsteller dei tvo måli. Wilhelmsen meiner at vedtaket hev tilbakevist kravet frå mållaget um nynorsk styringsmål. Bergens museum hev soleis òg gjort det klårt at det ikkje vil vera serreglar for målbruken ved universitetet.

VM etterlyser ei avgjerd frå universitetet. Me hev vore klåre nok.Det hev ikkje kome upp nokor serlov.Det er vanleg lov um målbruk i statstenesta som gjeld for oss. Wilhelmsen viser til rundskriv nr.25 1947 ved kyrkje-og undervisningsdepartementet.Det er desse retningslinone me freistar å halda oss til,med full vilje til lojalitet til båe sider. Krav eller tilrettevisingar frå mållaget vil alltid verta granska med interessa,skriv Wilhelmsen."Men første føresetnaden må sjølvvsagt vera at kritikken byggjer på lov og føresegner,ikkje på eit udefinert eller subjektivt jamstellingsprinsipp."

VM kommenterar svaret frå universitetet i Dagen 25.01.1951. Hallvard Framnes takkar for viljen til å koma inn på realitetane i saki. Formannen meiner at universitetet tidlegare ikkje hev sagt klårt frå kva dei meiner med umgrepet jamstelling. No hev dei peika på lov um målbruk i statstenesta. Det var uppklårande. Formannen vender attende til den analysen VM hev gjort av målbruken ved utlysing av postar i 1950. Han meiner at umgrepet jamstelling er eintydigt. Embetsmennene hev rodd seg burt med at dei ikkje hev lært nynorsk,og for mange gamle tenestemenn hev dette vore rett,men dette held snart ikkje lenger.

Sume hev lagt ut jamstellingi soleis at ein berre skal tola det eine målet likso vel som det andre. Men etter rundskriv nr.25 1947 er ikkje dette nok. Her heiter det m.a." ...Ikkje berre såleis at styremaktene skal tola det eine liksåvel som det andre,men aktivt gå inn for å bruka det eine likeså vel som det andre målet." Det var på tide med innskjerpingi frå 1947,meiner Framnes. Det hev vore ein haltande og ujamn praksis i jamstellingssaki. Mange hev tenkt at jamstelling er at statskontor hev skjema og prentesaker i båe målformer og at dei nyttar nynorsk når det kjem brev på nynorsk.

Me hev lang røynsla for at samhug millom tenestemenn som er motviljuge til nynorsken kann byggja seg upp til ein kuldefront mot nynorsk. Folk frå båe mållæger må kunna rekna med like stor skynsemd og hjelpsemd frå styringsverk og tenestemenn,same kva målform dei nyttar. Tilhøvi hev derimot vore so rangsnudde her til lands at me må rekna det for ein stor ting at tenestemennene godtek at me vender oss til dei på nynorsk.

Framnes segjer seg leid for at direktøren peikar på at universitetet er ein riksinstitusjon og ikkje berre hev Vestlandet til distrikt. Tanken hev utspring i tanken um at nynorsk er eit vestlandsmål,meiner Framnes. Dette er korkje sant eller i samsvar med jamstellingsprinsippet,slær han fast. Framnes viser til at det no visst nok er 281 kommunar som hev nynorsk målform.204 hev etter segjande bokmål.Nynorsken er i fleirtal i kommunane i landet,og det hjelper soleis ikkje å gøyma seg bak at ein er ein riksinstitusjon.

Målordskifte i 1950[endre]

I 1950 braut det ut eit ordskifte i Morgenavisen i Bergen umkring eit bispeval som hadde vore.Striden dreia seg um kva målføre ein bisp for Bjørgvin Bispedøme burde bruka. I eit innlegg i Morgenavisen 28.03.1950 gjer Hallvard Framnes greida for saki utfrå synsleitet til Vestlandske Mållaget. Framnes understrekar at bispen må kunna nytta den målformi som er naturleg for han. Han kritiserar dei på den norskdanske sida som fyrst og fremst vil ha ein bisp som talar norskdansk og som sekundært vil ha ein bisp som kann båe målformer.

Framnes meiner at synsmåten til dei norskdanske set nynorsken på andre plass. Han gjeng inn for at bispen i Bjørgvin fritt må kunna nynorsk,utan at han må spyrja seg um kva som er fleirtalsmål kvar gong han gjeng på preikestolen i ein kyrkjelyd. Det er naturleg at Bjørgvin bispedøme fær ein nynorsk bisp avdi dette umrådet er største nynorskdominerande umrådet i landet. Um bergensarane held fast ved at bispen skal tala norskdansk i Bergen,kann nynorskmindretal i andre luter av landet krevja den same retten for seg. Då er eg redd for at mange bispar vilde koma til kort i embeti sine,og det vil ikkje Vestlandske Mållag krevja.Bispen må få nytta morsmålet sitt.

Målmannen Viktor Krüger er usamd med Framnes i dette.Saman med ein tridje debattant,Sverre Riisøen,kallar han dette lite sømeleg (innlegg 17.03 og 22.03).Det må vera rett at han tek umsyn til folkeviljen og t.d. brukar bokmål i Bergen. Men fyresetnaden må vera at han kann båe måli, held Krüger fram.Då må han ha lært båe målformene. Eg trur nok det må setjast visse krav til um kvalifikasjonar i målvegen hjå dei som skal taka yver eit embete.Det kann ikkje vera urimeleg å krevja at den som skal ha eit embete må fylla dei vilkåra som lov og rett set for stellingi.

Sverre Riisøen skriv :" Det står fritt for enhver å nytte det målføre som faller naturlig for ham eller henne." Riisøen hevdar at Vestlandske Mållag sende eit upprit til styresmaktene i 1948 der det heitte seg at  :" Den nye bispen skulle forplikte seg til ikke å nytte riksmål." Vidare skriv Riisøen : Da Ragnvald Indrebø sa fra at han selvsagt ikke kunne bøye seg for et slikt usaklig krav,var også Vestlandske Mållag ferdig med ham."Me røystar på Madland",sa Olav Hoprekstad.

At målkravet frå Vestlandske Mållag ikkje var heilt utan grunn kann ein få kunnskap um ved å lesa Oddrun Grønviks Målbruk i offentleg teneste i tida 1930-1940,Samlaget,1987,s.236. " Tenestemålet i fleirkommunale -regionale- tenestekrinsar var regulert av punkt 3 i føresegnene.Der det heitte at " fleirtalet av herad og byar innan tenestekrinsen " batt målbruken i heile tenestekrinsen."


Nynorsk adminsistrasjonsmål ved universitetet i Bergen[endre]

Innbaka i ordskiftet um bispar og målform fylgjer det i dei same innleggi eit ordskifte um eit krav som Vestlandske Mållag tidlegare hev gjenge inn for. Kravet gjeng ut på at nynorsk skal vera administrasjonsspråk ved universitetet i Bergen. Og det vert vist til eit stykkje Eirik Hirth hev havt um den same saki 13 mars i Bergens Tidende. Eg nyttar attgjevingar frå Hirths innlegg frå innlegget til Riisøen. Hirth hev peika på at då universitetet vart skipa bad Vestlandske Mållag um at styringsmålet måtte verta nynorsk.Men kravet vart avvist. " At godt og vel 900 av dei fremste ( kvinnor og menn her vest,frå Rogaland til Møre og Romsdal studde kravet saman med 5 fylkesting og alle landsgymnas,hjelpte ingen ting".

Eirik Hirth finn åt at årsmeldingi frå universitetet inneheld mest berre bokmål.Han meiner at dette er eit klårt brot på måljamstellingi.Riisøen meiner at Hirth hev eit for mekanisk syn på kva som er jamstelling.Han kallar Hirth fanatikar.

Hirth hev i tillegg til dette sett fram tanken um å få til åtgjerder for å betra stoda for nynorsken.Han skriv :" M.a må minst eitt av svari ved universitets- og høgskuleprøvone vera på nynorsk. " Hirth held fram framleis etter Riisøen. "Fyrr den saki vert stetta, fær me ikkje på styringsverket og embetskontori."

Viktor Krüger skriv at det var eit stort folkefleirtal som stod bak kravet um nynorsk administrasjonsmål ved universitetet i Bergen.Tenestemennene ved universitetet hev ikkje synt nokon ans for dette kravet." Sanninga er at vi har eit tenestemannsdiktatur i målvegen.Eit diktatur som ikkje kvir seg for å setja seg ut over lover og føresegner.At ikkje Riisøen har fått kjenne det,kjem av at han ikkje er målmann og ikkje brukar nynorsk."

MÅLPOLITIKK OG RETTSKRIVING[endre]

Eit tridje punkt i ordskiftet millom Riisøen og Krüger openberrar at målmannen Krüger er samnorskmann. Riisøen peikar på at bergensarar vert tvinga til å skriva avisa,endå dei segjer avisen og endå formi avisen er den tradisjonelle. Riisøen meiner at språkøyra og språksamanheng vert sett til sides for ei kunstig rettskriving. Det er ein mekanisk prosess som er under utvikling,skriv Riisøen.

Riisøen kjem lenger ute med skuldingar mot målrørsla. " Vestlandske Mållag er ennå ikke ferdig med tvangslinjen.Og Noregs Mållag gir ikke sin kollega mye etter.Det fins ingen vei tilbake til det samspill mellom motsetninger,som er en kulturell og sosial nødvendighet,enn appellen til det enkelte menneskes språklige samvittighet." Både samnorsken og striden for jamstelling vert slegen saman her. Det er lokale stridsinnlegg frå Vestlandske Mållag som fær Riisøen til å skriva i Morgenavisen. Argumenti hans både mot kravet um nynorskbisp og mot nynorsk administrasjonsmål er lite haldføre. Men striden mot samnorsken gjev innlegget tyngd.

Samnorskmannen Krüger tek upp samnorsktråden frå Riisøen. Krüger lagar polimikk av samnorsken. Han sitererar noko Sigurd Hoel skal ha sagt... Hoel hevdar at det er den (1938- rettskrivingi,LBM) som har skulda for at tyskarane slapp inn i landet i 1940. Krüger fleipar i det heile med kritikken mot samnorsken. Motstandarane av 1938-målbrigdet gjer målbrigdet til stor-syndebukken." Hirth og Riisøen er i same båten : Det dei har lært og fått kjært er i ferd med å ta nye former.Anna er det ikkje som skjer." Elles skriv han : Nå svarer vel Riisøen at språket er ei organisme som ikkje toler oppblanding frå folkemålet.Eg skal ikkje vente at han vil gje slepp på "en smuk romantisk drøm",... Samnorskmennene var snare til å knyta riksmålsmenn og høgnorskmenn saman i slike ordskifte. Seinare hev dei trekt attende den hardsette lina mot riksmålsfolk. I dag er det vel ikkje mange målmenn som vilde forsvara at bergensarar skal tvingast til å skriva bokmål med a-endingar. Dette gjer Krüger ut frå fleirtalsargumentet.

Sigmund Skard syner ei viss evna til sjølvrefleksjon i Målstrid og massekultur,1985,s.88. : " Men sjølve striden gjorde det klårt at samanstøypinga av dei to målformene våre likevel reiser langt større vanskar enn mange før hadde tenkt. I båe språk er det tale om ei levande målkjensle hos større eller mindre grupper av menneske. Den opererer med skilmerke som ein ikkje utan vidare kan diskuterast bort." Dette klårsynet som Skard syner upptakt til her hadde Hallvard Framnes alt i eit ordskifte i desember 1949. Her skriv han mot fleirtalsargumenti at : " Argumenti må vegast ikkje teljast." Denne visdomen burde koma høgnorsken til gode i 1990-åri og inn i det nye tusundåret.


Sitat til bruk seinare: Ingeborg sitert frå s.20 i lagsprotokollen til Vestlandske Mållag.Dei nynorskmennene som var med i den fyrebuande nemndi meinte det vèl.Men dei hev levt i Oslo-miljø so lenge at dei hev vorte redde for at nynorsken kann tapa.Dei ser ikkje den veldige kraft som ligg i talemålet i bygdene.Dei trur at det skal verta eit godt mål av bokmålet.Dei ser ikkje at dei er med og riv burt grunnlaget for norsk mål.

FOLKEHØGSKULANE OG SAMNORSKEN[endre]

09.01.1951 les me i ei Bergensavis at Vestlandske Mållag årsmøte. På årsmøtet kjem det upp ei sak som Vestlandske Mållag skulde koma til å taka upp seinare. I eit kraftutbrot gjeng Severin Eskeland til felts mot sume lærarar i ungdomskulane/(den gamle nemningi visst nok berre for dei kristelege folkehøgskulane). " Sume av ungdomsskulane har nokre handsylar som berre toler ein vokal ;a.Vestlandske Mållag må beda ungdomsskulane om å vera romslege,soleis at heimemålet til elevane kan koma best mogeleg fram i sin heile klang."

14 september 1952 kjem saki uppatt i Bergens-pressa. Vestlandske Mållag innleider eit brev/upprop til folkehøgskulane med å ynskja dei lukka og framgang i det nye arbeidsåret.Folkehøgskulen hev vore med å nøra sansen for det norske,og nynorsken hev jamnast stade sterkt i folkehøgskulen.I det seinaste hev det likevel koma klagor til Mållaget frå foreldri og elevar.Det er norskupplæringi som er emnet for klagone. Årsmøtet hev bede um at styretvender seg til folkehøgskulane og mæler fyre um saki,held brevet fram.

" Det er sume lærarar som rettar heller hardhendt til læreboknorsken (eller til "samformer" utanfor normalen) slike former som er tillatne i skriftlege arbeid,og som høver godt med bygdemålet og med nynorsk skrifttradisjon."

Det hev inkje å segja kva målpolitisk syn læraren hev." Den fridomen han sjølv nyt godt av,har han ikkje lov til å minka for elevane." Elevane vil læra det som vert rekna for god norsk i dag,ikkje det som kann verta rekna for god norsk i framtidi.Lærarane må derimot hjelpa elevane fram til stødleik i rettingane sine,so at dei kann få fram det vene og heilslege i målføringi i samsvar med bygdemåli. Ingen elev må kunna segja at det vert drive utrydjingsjakt på sernorske ord og segjemåtar i dei skriftlege arbeidi hans. Folkehøgskulen må syna romsemd for norskmålsformer og i pakt med tradisjonen sin stydja fram den norske målreisingstanken.

Vestlandske Mållag fær etter måten snøgt svar på tiltale frå folkehøgskulelærarane Ingjald Bolstad og Bjarne Slappgard. Dessutan fær VM brev frå tilsynsmannen for folkehøgskulane,Kristen Ørbeck Sørheim.

Svaret frå Ingjald Bolstad held fram at folkehøgskulelærarane er bundne til å læra elevane gjeldande rettskriving. Hallvard Framnes meiner Bolstad hev mistydt rundskrivet frå VM. Me hev ikkje skrive noko um at me sett oss i mot at folkehøgskulane lærer elevane gjeldande rettskriving.Me hev ikkje teke til orde for å gå utanum gjeldande rettskriving. Men elevane må få nyta den fridomen som finst innanfor gjeldande rettskriving. Det er klagor yver at elevane ikkje fær denne fridomen som me hev teke utgangsstoda vår i,held Framnes fram. VM hev ikkje meint å slå ned på folkehøgskulen i seg sjølv. Dette innlegget stend på prent i bladet Hordaland.

Bjarne Slappgard sender 29 september eit brev til tilsynsmannen for folkehøgskulane.Slappgard hevdar at folkehøgskulane arbeider tungt og at Mållaget difor må stellast til rekneskap for slike ålvorlege skuldingar.Han set upp eit tripunktskrav til Vm. VM skal peika ut dei skulane dei siktar til.Nemna namn på dei lærarane det gjeld so dei kann få forsvara seg. Dersom 1 og 2 ikkje vert gjord vil Slappgard at VM tek rundskrivet attende og bed um orsaking til dei "skuldlause" skulane.

Tilsynsføraren for folkehøgskulane, Kristian Ørbeck Sørheim, skriv fylgjande eit brev til VM,sitat frå brevet : "... Då eg skal føra tilsyn med opplæringa i folkehøgskulane,torer eg med dette be Dykk senda meg oppgåve over kva folkehøgskular (og lærarar)De siktar til i rundskrivet Dykkar dagsett 14 september 1952.Eg takkar føreåt for svaret."

Til dette svarar Hallvard Framnes 30 oktober i brev til tilsynsmannen. Han hev òg eit innlegg i Hordaland i slutten av november eller tidleg i desember.Innlegget er sendt 26 november. Framnes skriv at styret i VM ikkje hev havt i tankar å retta noko åtak mot einskilde skular eller lærarar.Me ser på folkehøgskulen som ein samarbeidsven. Styret trur elles at lærarane på folkehøgskulen stort sett ser likt på framgangsvegane som styret.Styret vil difor gjeva ei vensam og varsam uppmoding til skulane og lærarane.

Det vilde ikkje vera i samsvar med upptaket vårt å peika ut einskilde skular eller lærarar og føra klagemål for tilsynsmannen.Det vilde vera mot den samarbeidsånad som bør råda millom stridsbrør. Det vilde dessutan høva ringt med den frie stoda under personlegt andsvar som hev sermekt folkehøgskulen. Styret vende seg beinveges til folkehøgskulane,og me tykkjer ikkje at dette er å taka seg større rett enn det ein friviljug samskipnad hev. Me vil ikkje skuva fram foreldre,elevar og folkehøgskulevener i skotlina. Det vil ikkje VM vera med på. I innlegget i Hordaland tilbakeviser Framnes at han hev drive med personforfylgjing. Skuldingar um dette hev kome frå Bjarne Slappgard og Jakob Naustdal.

Dette ordskiftet er eit prov på kor kjenslevore og innfløkt målspursmål kann vera.Vestlandske Mållag må ut for å forsvara ein rett som mange elevar etter kvart måtte kvida seg for å krevja. Det må ha vore hardt å vita at rettane til å nytta norskmålsformer var i ferd med å kverva avdi elevane fekk mindre og mindre uppfylgjing gjenom lærebøker og i sume høve gjenom undervisningi òg. Vanskane med å nå fram syner seg i fulle drag. Skulane vilde ikkje verta yvervaka. Serleg vanskeleg kunde det vel vera når meir eller mindre uttalte samnorskvener fekk ålmenne uppmodingar um å vera opne for dei valfrie formene innanfor norskmålstradisjonen. Då kunde det målpolitiske ordskiftet i hop med reint formelle spursmål braka saman. I tillegg til dette kjem sjølve upplysningi um skrivereglane som kunde vera ihopfløkt nok.Rettskrivingi var stødt under offentleg diskusjon,og mange løysingar kunde veljast.

Målpolitiske alliansar.[endre]

Det er kjend,og eg hev og vil skriva ein heil del um ulike målpolitiske alliansar.Eit lykjelord i denne samanhengen er kontakt eller mangel på kontakt.Kontakt millom målfolk på Vestlandet og i resten av landet,Kontakt millom personar med ulikt målsyn.Korleis var kontakt- og kommunikasjonsvilkåri i den tid då dei målpolitiske alliansane vart bygde ?

Fyrr me kann koma inn på dette må me tenkja oss inn i dei kvalitative skilnaden millom vårt og den tids samfund.Oslo kontrollerte ei rad viktige einskildråder innanfor den norske skriftspråksdaningi og det intellektuelle livet i Noreg.Stutt kann me snakka um tvo slags kulturberarar innanfor målrørsla.Dei som var knytte til m.a. universitetet og sentraladministrasjonen i Oslo og dei som skilde seg på einskildskular og einskildinstitusjonar utyver landet.Universitetet i Bergen fær vel lite å segja i all fall fyrr 1960.

Dette gjev oss grunnlag for sume understrekingar.Dei som vert kulturberarar i målrørsla hev i mange tilfelle vore gjenom ymse former for sosialmobilitet.Sosiologane snakkar m.a. um tvo former for sosialmobilitet.Den eine formi er karrieremobilitet.Den andre er generasjonsmbilitet.Generasjonsmobiliteten uppnår ein gjenom utdaning.Gjenom utdaningi vinn ein høgare sosial rang enn foreldri,ofte faren.Dette er truleg den mest vanlege formi for sosialmobilitet millom høgnorskvenene.Krinsen kring Olav Hoprekstad,Olav Vevle og sume andre hadde etter det eg veit gjenge gjenom ein generasjonsmobilitet.Fedrane deira var knytte til bondesamfundet og ålmugen. Mange av dei eldste fekk ein seminarplass,men det hende vel òg at dei fekk seg universitetsutdaning.I alle fall vart dei yrkesmenn på Vestlandet.Utdaningsvoksteren og utdaningsvegane innanfor realskular,gymnas og universitet hev ei heil soga for seg,og me kann ikkje koma meir inn på det her.

Karrieremobiliteten var nok meir vanleg millom dei kulturberarane som stod fremst i Oslo.Lat meg nemna nokre kjende målmenn i Oslo.Halvdan Koht hadde foreldre som rekna seg som embetsmannsfamilie. Koht miste rett nok faren ung,men det hindra han ikkje i taka ein universitetseksamen.Sigmund Skard hadde ein far som var skuledirektør i Kristiandsand.Halldis Moren Vesaas hadde ein far som var forfattarar og som arbeidde med teater og mykje meir.Me må kalla han ein svært sentral kulturarbeidarar.Etterkomarane etter Marius Hægstad må nemnast.

Sosial mobilitet kann skapa geografisk avstand.Dei fleste utdaningsstadene og kulturberarknutepunkti ligg i byane.Sosial avstand millom dei som hev uppnått sosial mobilitet og andre gjerne folk frå heimstaden kann uppstå. Lojalitetsband med formell eller uformell tilknyting og rangsbinding millom menneske som hev uppnått karrieremobilitet kann spela seg ut. Utdaning kann skapa vinnarar og taparar.No er det ikkje visst at ein hev nokor klår vinnar og taparhaldning knytt til høg utdaning på denne tidi,men me hev mange vitnemål um at dei som hadde høg utdaning og viktige posisjonar i samfundet vann respekt. Lektor Framnes og skulestyrar Eskeland er titlar som vert nytta mykje i presseupprit. Endå høgare rang hadde/hev professortittelen. Når Hallvard Framnes sette seg upp mot professor Skard m.fl. fekk han tilnamnet i-målsgeneral. Denne tittelen kunde tolkast både som ein heider og som eit teikn på at han ikkje nådde høgt nok fram i kraft av lektortittelen.

Dei geografiske grensone var meir umsluttande på denne tidi.Det var meir kostesamt og meir tungvint for folk utanfor Oslo å koma til byen. Og like eins var det kostesamt og tumgvint å halda uppe kontakt millom Oslo og andre luter av landet.Telefon,radio og fjernsyn og andre kommunikasjonsmidlar var lite utbygde og sosiale gode hopa seg upp millom dei resurssterke. Det var dei som hadde uppnått karrieremobilitet som hadde best høve til å gjera seg gjeldande både offentleg i form av ytringar i dei medium som fanst, fyrst og fremst avisone, og privat gjenom å kontrollera kven som skulde koma inn i ymse postar både i mållag og i nærskylde tiltak. Dei hadde høge løner og sosial kontroll gjenom kjenningar.

Ei sterk tilknyting millom trikløveret Alf Hellevik, Helge Sivertsen og Sigmund Skard må det ha vore. Skard var eit naturleg innslag i Studentmållaget i Oslo både som fyredragshaldar og som debatant. Hellevik og Sivertsen sat i rettskrivingsnemnd saman,jmf.annan stad i dette skriftet. Seinare kom Skard og Hellevik med i språknemndi,medan Sivertsen vart statsråd. Sigmund Skard skriv at han mana sitt eige parti,Arbeidarpartiet,til " å stø samnorsklina aktivt." Helge Sivertsen var sentral i utformingi av kulturprogrammet til AP,og det er svært sannsynleg at Skard mana Sivertsen til å halda fram samnorsksynet innetter i partiet. Skard samla dessutan skiftande gruppor av målfolk på arbeidsplassen sin på amerikansk institutt.

Når eg hev peika på skilnadene millom ulike former for sosial mobilitet er det viktigt å understreka at det fanst like vel visse samse drag millom målfolk.Kulturinteressa kunde vera like stor hjå professor Koht i Oslo som hjå yverlærar Hoprekstad i Bergen. Eirik Hirth og Hallvard Framnes kunde vera vel so kunnige som mange norskfilologar ved uneiversiteti. Alle partar var tusundkunstnarar på sitt vis. Dei hadde ulike verkeumråde. Men den viktigaste jamlikskapen millom deim var truleg at dei var avhengige av at staten greip inn i målreisingsarbeidet. Hans Fredrik Dahl understrekar denne bindingi til staten. Han opererar ikkje med ulike former for sosial mobilitet,men han understrekar at folk som Liestøl og Middtun var "... framtredende representantar for den blomstrende målgenerasjonen som var født i 1880-årene og som i tette rekker rykket inn i skoleverket i mellomkrigstiden og til slutt bekledte rektor- og inspektørstillinger over hele landet.Det var en generasjon som visste hva den ville.Men dens innflytelse hang på muligheten for å virke gjennom statens organer.Kringkastingen skulle bli et nytt eksempel på det." s.300,Dahl 1975.

Skilnaden millom den jamne målmannen som Dahl skildrar og dei som uppnådde karriere mobilitet var at rektorane og inspektørarane var underlagde høgare organ,medan karrieregjerarar som Midttun og Liestøl var ein del av dei høgare organi. Det var Liestøl,Midttun og Koht som i høg grad var med på å forma målpolitikken. Men det fanst andre mektige aktørar både i politikken og i andre tilknytingar.Serleg viktige ser det ut til at folk som Didrik Arup Seip,Håkon Lie og Jens Hundseid var.Seip vart riksmålsprofessor trass i at han hadde vore målmann i unge år.I avisa den 17 mai skreiv han innlegg på eit slags blandingsspråk ved minst eit høve på 1920-talet. Seip hadde ei fortid i samskipnaden Østnorsk Reising som arbeidde mot høgnorsken og klassiske former som i-endingane. Håkon Lie og Jens Hundseid ynskte å fremja folkemålet og var sers kritiske til høgnorsken.

Når samnorskpolitikken vann fram kann ein knyta dette til tvo perspektiv.Det eine er målagitasjonsperspektivet knytt til Kohts tankar.Det andre er eit ålment reaksjonsperspektiv frå den norskdanske sida.

Reaksjonen mot nynorsken og i serleg grad høgnorsken leidde fram til eit svært press mot framståande Oslo-målmenn som og karrieregjerarar som Koht,Midttun og Liestøl og etter kvart Sigmund Skard. Når riksmålsreaksjonen kunde ytra seg mest styrlaust frå sume hald med t.d. sjikane mot einskilde målbrukarar i kringkastingi og med ein umfattande underskriftsaksjon mot Midttun. Hans Fredrik Dahl (ibid,s.300)." Midttuns utnevnelse i november 1933 vakte reaksjoner som målfolket knapt hadde drømt om.En eksplosiv protestbølge bredte seg over store deler av østlandet.Riksmålsforbundet trykte opp ferdige brevkort med protest mot Midttun og landsmålet adressert til NRK`s styre og lister ble lagt ut på kontorer og arbeidsplasser."

Når Koht tidlegare hadde agitera so hardt for samnorsk og folkemål mot høgnorsken var det ikkje vanskeleg å slå inn på denne kompromissvegen for han.Kor langt Midttun og Liestøl vart pressa til å finna eit slikt kompromiss av andre enn Koht og kor langt dei godtok Kohts politikk kann nok diskuterast.Men personleg heller eg mest til at det norskdanske reaksjonsperspektivet var dominerande og avgjerande for dei tvo.

Det vil føra for langt å gjera ei endeleg dryfting millom Kohts målagitasjonsperspektiv og det norskdanske reaksjonsperspektivet her.Hovudpunktet i denne framstellingi hev vore å understreka grunnlaget for dei tvo flokkane innanfor målrørsla,dei samnorskvenlege og høgnorskvenene utifrå ulike former for sosial mobilitet. Skilnadene millom karriremobilitetsmenn som Skard, Midttun og Liestøl og generasjonsmobilitetsmenn som Framnes,Hirth og Hoprekstad kann generaliserast til ein hovudskilnad millom samnorskmenn og høgnorskmenn. Denne skilnaden er heilt sentral for dei som vil skyna ein avgjerande del av bakgrunnen til den høgnorske tilbakegangen.

Vilkåri for høgnorsken og um NRK og norskdansken[endre]

Målet i NRK konsoliderte det norskdanske standartalemålet.Dei målpolitiske alliansane gav grunnlag for skilde ut ikkje berre målfolk,men òg dei norskdanske. I og med at Arbeidarpartiet hadde vore med på å godkjenna målbrigdet og investert ein god del politisk prestisje på det,heldt folk flest i og kring partiet fast ved ortografien,rettskrivingsbrigdi,innanfor norskdansken,men dei let spursmålet um radikale og konservative former liggja meir ope. Dei moderate innanfor den norskdanske sida kunde stødt segja seg nøytrale. Dei la inn ei radikal bokmålsform no og då, men då det radikale gjekk av moten trekte dei desse formene attende. Sentrale aktørar innanfor målrørsla vart haldne attende.Dei kjende seg bundne til den statlege målplanleggjingsideologien,og vilde ikkje setja seg upp mot den. Sume sat i målpolitiske posisjonar der det var uråd å gjera motstand. Andre trudde so sterkt på samnorsktanken at dei ikkje såg mun i å driva målarbeid. Samnorsken vilde koma i alle fall.Målrørsla greidde ikkje å vinna dei store samskipnadene lenger. Dei makta ikkje å skapa alliansar med mektige grupperingar som kunde målbera deira sak.

Vestlandske Mållag og folk med tilknyting til laget skulde koma til å spela ei sentral rolla i fraksjonsstriden innanfor Noregs Mållag. Etter at dei samnorskvenlege hadde havt dei leidande postane innanfor Noregs Mållag i dei fyrste etterkrigsåri, vart det vald eit nytt styre i 1952. Robberstad-styret hadde klår yvervekt av høgnorskvener. Dagbladet for 7 juni visste å spela på dette. Bladet skreiv dødslysing yver Noregs Mållag.Alle stader utanfor Vestlandet vart høgnorskmennene uglesett p.g.a. m.a. ein umfattande pressehets frå Dagbladet.Men på Vestlandet hadde Vestlandske Mållag pressa på si sida.Vestlandske Mållag hadde ei rad institusjonar som er høgnorskvenlege,men riksinstitusjonane yverprøvde dei år etter år.Likevel greidde aldri dei nynorske riksinstitusjonane å stogga dei høgnorske for godt.

Generelt må ein segja at målrørsla ikkje var i stand til å setja seg yver dei målpolitiske alliansane som språkplanleggjingsideologien og den likesæle rolla til Arbeidarpartiet danna grunnlag for.Dei moderate bokmålsfolki gav inntrykk av å vera samnorskvenlege og lura samnorskvenene på målsida til å tru dei meinte ålvor, men det gjorde dei ikkje. Dei norskdanske riksmålsmennene vilde gjerne ha høgnorskvenene på si sida. Både høgnorskvenene og dei norskdanske vilde gjerne motverka at språkplanleggjingsideologien fekk utbreidnad. Men riksmålsmennene kunde spela på likesæla innanfor den norskdanske flokken.Målflokken laut yvervinna denne likesæla.Det må no elles segjast at Riksmålsforbundet hogg like kvast mot høgnorskmenn som mot samnorskvener på målsida. Riksmålsforbundet tok dei som stod lagelegt til for hogg. Lat meg elles få minna um at Riksmålsforbundet og organiserte uppstyr frå denne kanten starta uppstanden mot høgnorsk mål i 1930-åri.Den norskdanske reaksjonen strekte seg frå iallfall 1934 og langt inn på 1960-talet.Reaksjonen byrjar ikkje på 1950-talet slik lærebøkene i målsoga segjer. Eg vil hevda at Riksmålsforbundet var viktige og avgjerande medspelarar i å tvinga fram samnorsken for å knekkja målrørsla.

Radioen spela, som me hev sett, ei sentral rolla i målpolitikken heilt frå millomkrigstidi av. Samnorskvedtaket i kringkastingi vart ikkje kalla attende. Ein kann spyrja seg kvifor ? Ein openberr grunn er at rikskringkastingi gav eit nytt grunnlag for dei norskdanske standardtalemålsbrukarane. Tidleg i millomkrigstidi var dei pressa og inspirera til å leggja skrift og tale um norsken i tvilshøve. Nynorsken hadde det ortografiske yvertaket fram til 1938. Ortografien samsvara betre med norsk tale på fleire punkt. Dette yvertaket vart utlikna og yverteke av norskdansken etter 1938. Det er sermerkande at samnorskstriden lite umfatta reine rettskrivingsspursmål, ortografiske spursmål ,men di meir målbrigdespursmål. Det er bøygningsformer som set størst skil millom språk som dansk, svensk og høgnorsk.Soleis er det rett å snakka um målbrigde når ein byrja å brigda på bøygningsformer. Rettskrivingsspursmål gjeld staving og reine skrivereglar.

Finn Erik Vinje slær fast :"Skriftbildet har fått større og større makt,og oppfattes av flere og flere som forbilde i bøyninger og uttale.Tendensen til en mer skriftrett uttale begynte før etermedienes tid,men utviklingen har skutt fart de siste mannsaldrene." vii

Etter 1938 fekk den norskdanske sida gjeve ut tilleggsskrifter med tradisjonelle bøygningsformer.Desse skriftene kunde koma i bruk fyrr krigen,og kunde spreidast vidt.


Dette må eg få kjeldefesta.

Dei tradisjonelle formene i norskdansken var legitime frå fyrste stund. Sentraliseringi i 1940- og 1950-åri gjorde det mindre aktuelt å søkja etter norsk måltilfang. Dei norskdanske normaltalemålsbrukarane henta inspirasjon frå kringkastingi og samkjensla millom deim auka. Den korporative delen av staten voks storlegt. Samskipnadene auka sterkt i tal og styrkte den horisontale identifiseringi millom personar på ulike stader. Heimstaden eller upphaldsstaden til den einskilde fekk mindre å segja for identiten til den det galdt. Dette tente dei norskdanske på.

---Alt dette skal kjeldefestast. Den norskdanske retningi hadde greidt å tvinga fram a-målet i nynorsken i kringkastingi. Det laut skapa presedens for andre sosiale samfundsskipnader på målsida. Det viste seg at høgnorskmennene dominera norskdomsrørsla i Bergen. Bondeungdomslaget i Bergen og Bondeungdomslaget Ervingen heldt jamt yver på høgnorsken og styri i desse samskipnadene var uviljuge til å bøygja seg i fyrste umgang. Det same må ein vel segja um Hordaland Ungdomslag. Mållagi var svært lite huga på å vraka høgnorsken og i-målet.Styrarane for Vestlandske Lærarstemna hadde tri leidande høgnorsktalsmenn i styret. Høgnorskmennene stod svært sterkt i pressa.Frå 1934 heldt Bergens Tidende på redaksjonelt i-mål og høgnorsk.Denne praksisen gjekk ein ikkje attende på fyrr kring 1970.Dagen og Gula Tidend heldt på høgnorsk og i-mål.Sume bygdeblad heldt på i-mål i alle fall fram til 1960,t.d. Sunnhordland. Lærarane kann ha nytta i-mål i ei viss utstrekning i undervisningi. Kor mykje er det vanskelegt å få yversyn yver. På teatri i Bergen hadde det tradisjonelle målet fritt fram i den grad nynorsk mål vart nytta.Det gamle Komediateatret nytta folkelegt talemål,og nynorsk standardtale hadde ikkje nokon uppslutnad der,men dei nynorske stykki som vart framførde var ikkje radt sjeldan skrivne på høgnorsk,og det må ha prega målet ved teatret. Komediateatret vart nedlagd i 1964. Mange gav uttrykk for at ein burde freista å få reist det att,men utan hell.

Elles er det verd å peika på at høgnorskmannen Gerhardt Garatun Tjeldstø gjorde suksess på Den Nationale Scene i Bergen. Me skal heller ikkje gløyma den nynorske songtradisjonen. I den grad denne songtradisjonen fekk stå ubrigda av målpolitikarane hadde han ein målkonserverande funksjon. Det same hadde målet i kyrkja. Indrebø-bibelen var vanleg å bruka mest heilt fram til for ein 20-30-års tid sidan.

Dette mektige bolverket av høgnorsk ideologiproduksjon var i ferd med å rakna i 1950-åri. Lærebøkene i skulen,kringkastingi og den ålmenne sentraliseringi skapa ei kløft millom målmenn på Vestlandet og målmenn i hovudstaden. Ideologiproduksjonen innanfor målrørsla vart mindre offensiv og meir funksjonell.

Kva var bakgrunnen for at den høgnorske flokken møtte motbør på 1950-talet ?[endre]

Målet i NRK konsoliderte det norskdanske standartalemålet.Dei målpolitiske alliansane gav grunnlag for ei utskiljing ikkje berre av målfolk,men òg av dei norskdanske. I og med at Arbeidarpartiet hadde vore med på å godkjenna målbrigdet og investert ein god del politisk prestisje på det,heldt dei fast ved ortografien,rettskrivingsbrigdi innanfor norskdansken,men dei let spursmålet um radikale og konservative former liggja meir ope.Dei moderate innanfor den norskdanske sida kunde stødt segja seg nøytrale. Dei la inn ei onnor norsk form i det norskdanske målet no og då,men då det norske gjekk av moten trekte dei desse formene attende. Sentrale aktørar innanfor målrørsla heldt seg derimot attende. Dei kjende seg bundne til den statlege målplanleggjingsideologien,og vilde ikkje setja seg upp mot denne ideologien. Sume sat i målpolitiske posisjonar der det var uråd å gjera motstand.Andre trudde so sterkt på samnorsktanken at dei ikkje såg mun i å driva målarbeid.Samnorsken vilde koma i alle fall.Målrørsla greidde ikkje å strida um å vinna dei store sosiale samskipnadene lenger.Dei makta ikkje å skapa alliansar med mektige grupperingar som kunde målbera deira sak.

I staden byrja avisor som Dagbladet å sjikanera høgnorsktilhengjarane. Etter at dei samnorskvenlege hadde havt dei leidande postane innanfor Noregs Mållag i dei fyrste etterkrigsåri,vart det vald eit nytt styre i 1952.Robberstad-styret hadde klår yvervekt av høgnorskvener.Dagbladet for 7 juni veit å spela på dette. Bladet skriv dødslysing yver Noregs Mållag.Alle stader utanfor Vestlandet vert høgnorskmennene uglesett p.g.a. m.a. denne typen umtale.

Men på Vestlandet hev Vestlandske Mållag pressa på si sida.Vestlandske Mållag hev ei rad institusjonar som er høgnorskvenlege,men riksinstitusjonane yverprøver dei år etter år.Likevel greider aldri dei nynorske riksinstitusjonane å stogga dei høgnorske for godt.

Dei som dreiv med språkplanleggjing i språknemndi skaffa seg høve til å bryta ned sernorske ordformer av typen fyrst og vyrdnad.Det vart argumentera med at slike former var ukjende i skriftbiletet i det rådande norskdanske bokmålet.Skriftbiletet var framtvinga i og med at kringkastingi bygde upp eit eintydig og uttalerett norskdansk.Når dei bokmålstalande nytta eit mål som bygde på sams uttale meir enn tidlegare,nytta sume språknemndsmedlemer dette til å tvinga fram brigde i nynorsken som hadde eit meir ustødt uttale- og normgrunnlag.

FRAKSJONSSTRID[endre]

På eit årsmøte som er referera 18.4. 1955. vart det usemja kring eit punkt i årsmeldingi.Ullensvang og Kinsarvik Mållag melde seg inn i VM ei tid etter at dei vart skipa.I tidi millom skipingi og innmeldingi i VM skreiv Gula Tidend at Hardingane tvila på VM.Ludvig Jerdal og Per Håland var usamde um kva som var grunnlaget for tvilen og kor sterk tvilen var.Formannen i laget Tidemann Kjærheim upplyste um at det var den økonomiske stoda i laget som fekk laget til å venta med å melda seg inn i VM.

Denne brytingi løyste ut eit ordskifte um rettskrivingi til leidande personar i VM var eigna til å få ungdomen til å søkja til VM.Per Håland var sekundera av ein yngre lagslem,Øystein Tveisme.Tveisme peika på den innfløkte rettskrivingsstoda.På skulen lærer me ei rettskriving,Gula Tidend hev si rettskriving og VM hev si." ...dersom VM no snart vil gå inn for gjeldande rettskriving,kan mishøvet mellom laget og dei unge betra seg." Yverlærar Hoprekstad og andre meinte at ungdomen laut gjeva ei vitskapleg forklåring på kvifor VM skulde skifta rettskrivingssynspunkt.Hoprekstad hevda at det er ikkje berre eit spursmål um bokstav.Det er eit spursmål um stil.Den norske stilen skal haldast uppe rein og ubroten,meinte Hoprekstad.Bjarne Østgård frå Odda peika på at rettskrivingsordskifte med ungdomen dukka upp i lokallagi. Vatnedal meinte at det viktigaste med målsaki var å fremja norskt mål.Det er viktigare enn å arbeida for rein bokstavering.Tidemann Reinertsen heldt fram at rettskrivingsbruken er ei personleg sak.

Dette møtet er karakteristisk for nokre av årsmøti i VM.Fraksjonsstriden vert lite påansa heilt til nokon kjem med eit påskot eller lagar seg eit påskot.Det ser ut til at pressa la stor vekt på denne fraksjoneringi,medan ho var mindre uppteken av andre målpolitiske saker som òg kom upp på årsmøti.Det er no elles nokso tidstypisk,og må sjåast i samanheng med arbeidet i språknemndi.

KRITIKK MOT SKARDFRAKSJONEN[endre]

I ei innleidingsdryfting på årsmøte i 1956 kritiserar Ludvig Jerdal,den målpolitiske fraksjonen til Sigmund Skard.Jerdal hevdar at Skardfraksjonen gjer bakhaldsåtak på høgnorskfraksjonen.Skardfraksjonen sender ut rundskriv der høgnorskfraksjonen vert skulda for "fraksjonspolitikk og anna stygt".Dei vil ha slutt på motsetnadene i Mållaget.Dersom Skardfraksjonen ikkje greider å gjera betre målarbeid enn styret,og ikkje kann segja kva praktiske tiltak styret skal taka i ferde med,er det rein demagogi å lasta styret i Noregs Mållag for å gjera for dårlegt målarbeid.Jerdal trur meir på jamt og godt arbeid i lokale mållag enn på dei demagogiske utsegnene frå Skardfraksjonen.

Det er ei kjend sak at VM vart lite vyrdt m.a av sume målfolk i Oslo og fleire sentrale styresmenn i mållaget og sume målfolk lokalt skyna ikkje og vilde ikkje godtaka ordskiftet um nynorsknormalen. Det som vart avgjord frå statleg hald var udiskutabelt etter deira meining. Mange gonger frametter mot 1970 kann det ha gjenge ut fraksjonsskrifter frå målfolk i sentralleidingi eller andre.Sume gonger kann det ha vore kurant informasjon. Andre gonger beint fram tilvridd og villeidande informasjon.

I hundreårsskriftet til Det Norske Samlaget skriv Sigmund Skard :" Det norske Samlaget, og flokken kring det,kom til å spela ei rolle i denne nytenkinga.Og eg siktar då mindre til striden om rettskriving og "Samnorsk" enn til prøvinga og gjennomdrøftinga,på ei rekkje samrådingsmøte,av dei nye kår for sjølve målreisinga." Skard ser seg nøydd til å moderera eventuelle fraksjonsskuldingar.Dersom me skal tru Skard kann me like fullt ikkje koma utan um at Samlagsflokken spela ei viss rolla i fraksjonspolitikken i mållaget.Dessutan må me rekna med at normene innanfor Samlagsflokken var slik at dei som ikkje godtok den offisielle målnormeringi fullt ut ikkje fekk vera med i den indre krinsen. Då var ikkje rettskrivingsstriden noko emne å diskutera. Ein kunde røkja etter stemningi med meir uformelle haldningssanksjonar innanfor Samlagsflokken. Men det var ikkje berre i Samlaget at Skard samla folk kring seg. Skard fotel at ein konservativ høgnorskflokk gjekk på sine premissar fram i jambreidd med riksmålsflokken "der alle nasjonale slagord frå fortida enno tydelegvis hadde si fulle kraft." Skard skriv at Norsk Språknemnd var utsett for harde åtak,difor vilde han ha gjeve ut ei samling av artiklar som kunde aktualisera tankegrunnlaget til rørsla vår. Boki vart prenta som ei heidring til Halvdan Koht på 80-årsdagen hans. Praktisk taktikk under den nye situasjonen vart drøft i skiftande grupper av målfolk som kom saman i Amerikansk Institutt. Her ser ein ei tydeleg avgrensingi mot målmennene på Vestlandet. Det er sjølvgjeve at Knut Robberstad ikkje vart invitert til fraksjonssamlingar av noko slag,endå um han var Samlagsmann og soleis i prinsippet stod Skard nær. Det var ikkje kven som helst som fekk vera med å dryfta vilkåri for målrørsla under dei nye vilkåri. Dei som ikkje hadde uppnått høg nok sosial mobilitet til å skaffa seg utkome ved dei nynorske sosiale systemi i hovudstaden vart for det meste vraka. O g var dei høgnorskfolk var dei vraka anten dei budde i Oslo eller andre stader. viii


Kor som er,ser me her eit openbert konfliktgrunnlag millom dei som på den eine sida kontrollerte dei riksdekkjande samfundsskipnadene, det største nynorske forlaget og dei som arbeidde i kringkastingi og på Det Norske Teatret.På den andre sida stod målfolki på Vestlandet som kontrollerte dei lokale samfundsskipnadene.Soga um Vestlandske Mållag er mykje ei soga um korleis dei lokale samfundsskipnadene vert marginaliserte,medan dei nye riksdekkjande samfundsskipnadene tvingar fram den sentraldirigerte tenkjingi.Høgnorskflokken hadde liten fleksibilitet å spela på når dei ikkje fekk offisiell godkjenning for høgnorsken.


Riksmålsforbundet tok dei som stod lagelegt til for hogg. Lat meg elles få minna um at Riksmålsforbundet og organiserte uppstyr frå denne kanten starta uppstanden mot høgnorsk mål i 1930-åri. Den norskdanske reaksjonen strekkjer seg minst frå 1934 av og langt inn på 1960-talet.Reaksjonen byrjar ikkje på 1950-talet slik lærebøkene i målsoga segjer.Eg vil hevda at Riksmålsforbundet var viktige og avgjerande medspelarar i å tvinga fram samnorsken. Samnorsken gjorde det lettare å knekkja målrørsla. Åtaket mot sjølve uppbygnaden til norskdansken førde med seg at den norskdanske sida kunde mobilisera mot alle statlege inngrep i målstriden. Samnorsken til liks med nynorsken stod for statstvang.

Eit viktig aktivium for målreisingi vart det at gymnasvoksteren i nynorskkommunane bar til på midten av 60-talet,men dei nye målstudentane med nynorsk artium ifrå bygde- Noreg fekk meir enn nok med å kjempa fram dialektane.Det vart ikkje høve til å reisa eit heilt uppgjer med den statlege måldirrigeringi,og dei nynorske riksmedia var altfor sentrale til at ein greidde å utfordra dei målpolitiske retningslinone for desse samfundssamskipnadene.Det vart heller eit etter måten stort uppbrot med den nynorske måltradisjonalismen som dei nynorske riksinstitusjonane trass i alt hadde arbeidd fram.Det var fyrst mot midten av 1980-talet at den nynorske tradisjonalismen byrja å koma på offensiven att.M.a gjenom at bladet Vestmannen tok til å koma ut og gjenom at Norsk Målungdom fekk interessa for rettskrivingsideologen Gustav Indrebø.I dag hev nynorsken vunne eit trygt feste i fagmiljøet umkring fleire høgskular og universitet.Det er uvisst um den nynorske tradisjonalismen kann vinna gjenomslag her.Mykje av den lesnaden som kjem utfrå desse institusjonane er med på riva sund ansen for nynorsk tradisjonalisme på høgnorsk målgrunn,men det finst ljosglimt innimillom.

Hans Fredrik Dahl fortel at Knut Liestøl handplukka kven som skulde sitja i riksprogramrådet,Det var Samlagsmenn som Ragnvald Indrebø og Anders Hamre og folkehøgskulestyrar Martin Birkeland. Dessutan understrekar han det nære sambandet millom venene Knut Liestøl og Olav Midttun. Dei hadde millom anna sete i same professorat,og Liestøl kom inn att i riksprogramrådet etter at han hadde gjenge av som riksråd ved rikstyreskiftet i 1935.Hans Fredrik Dahl,1975,s.300

I 1955 var Hans Aarnes på årsmøtet i VM. Hans Aarnes var til stades på dette møtet,og mante målfolket til å skriva seg inn i mantal d.e.melda seg inn i eit mållag.

Frå Babels tårn[endre]

Andre Bjerke skriv um borgarkrig i Noregs Mållag i ein artikkel han fekk prenta i 1956 ix. Her skriv han at etter sist landsmøte i Noregs Mållag hev det brote ut ein uavbroten pressestrid millom dei tvo fraksjonane i mållaget.Det er samnorskpolitikken som hev skapa motsetnadene i mållaget,skriv Bjerke.

Bjerke viser til at denne striden hev vore framme tidlegare. Han siktar til landsmøtet i NM i 1950. På landsmøtet kom Fridtjof Sørbø med eit framlegg til fråsegnx. Ho lydde : " Årsmøtet i Noregs Mållag vil beda Stortinget dryga ut med å taka stode til framlegget om å skipa ei fast språknemnd til dess spursmålet er meir utgreidt."

Sørbø grunngav fråsegni med at det vilde vera eit svik mot Ivar Aasen og mot alt målreisingsarbeid om Noregs Mållag ikkje mælte mot samnorsklina. Hallvar Framnes og Ingeborg Hoff studde Sørbø.

Sørbø vann fram med fråsegni som vart vedteki med 43 mot 32 røyster.

Bjerke peikar på at det vart " en voldsom polemikk" millom dei "heilnorske" og dei "samnorske". Anton Beinset (han var samnorskmann) gjekk ut i Dagbladet 10.07.1950 og let det hagla med invektiv yver bakstrevarane i Mållaget. Mållaget er fullt av sjølvvalde gamle gubbar og trøytte menn som hev sett seg utanfor for godt. Ungdomen kjem ikkje inn i laget,og det som er att av laget vil falla frå. Samskipnaden vil få same lagnaden som Riksmålsforbundet.

Det var den gongen. No i 1955 hev striden brote ut att. Sigmunde Skard hevda på landsmøtet i 1955 at det er Foreldreaksjonen mot samnorsk som fører til at nynorsken gjeng attende i skulemålsuppslutnad. Når ikkje høgnorsktilhengjarane gjer noko til å få bukt med Foreldreaksjonen,gjeng det attyver med målarbeidet.

Etter landsmøtet hev Skard fenge prenta ein artikkel i fleire avisor. Artikkelen heiter "Ekspansjon i norsk reising". Skard skildrar fraksjonsstriden med å segja at det ligg fyre tvo språksyn eller linor. Ei lina kallar han konsolideringslina. Synet tek stort sett utgangspunktet i målstroki vestpå. Der nynorsken er mest rotfest. Dei som hevdar dette synet vil byggja ut samskipnaden på Vestlandet til eit målarbeid i tradisjonelle former. Dei nyttar historisk nasjonale slagord og legg vekt på målrøkt. Denne fraksjonen vil venta til resten av landet kjem etter og ikkje gjeva etter for å halda målkløyvingi gåande.

Skard-frasksjonen hevda at dei sjølve stod for det dei kalla ekspansjonslina. Denne lina vilde xi finna nye vegar for å utvida grunnlaget for nynorsken sosialt og geografisk. Bjerke meiner at denne ekspansjonslina kom til uttrykk i " En appell om Språklig Samarbeid" redigert av Sigmund Skard og offentliggjort i dagspressa 13.05.1955 med 120 underskrifter. I denne appellen heitte det :

"...den folkelige grunnstrømmen innenfor begge målformer har etter hvert ført framover mot samling.Grensen mellom de to mål er i dag mindre skarp enn før ... Idag ser vi klart at resultatet ikkje må bli varig strid,men en samvokster der framtidsnorsken henter seg rikdom frå begge mål ..."

Bjerke meiner at appellen oste av demagogiske frasor som "selve vår nasjonale vokster"..."de nasjonale og folkelige grunntankene"..."alt folkelig norsk". Men tendensen i all denne sosialnasjonalistiske retorikk var klar : Appellen var en oppforddring til å slutte opp om Norsk Språknemnd og samnorskpolitikken.

05.09.1955 hev Sigurd Sandvik ein artikkel i Stavanger Aftenblad. Her reiser han spursmål ved kva Sigmund Skard og felagane hans meiner med ekspansjonslina. Me er samde um jamstellingi og um å fremja nynorsken i blad og bøker. Me er samde i at me må få fleire medlemer i mållaget. Det ein kann vera usamde i er korleis ein skal fremja målsaki. Etter Sandviks meining hev me til gode å få høyra noko um dette. Det me derimot veit er at Skard er medlem av Norsk Språknemnd. Der er han bunden til å fremja samnorsk.

Hallvard Bergwits gjeng lenger enn Sandvik i sin kritikk av Skard-fraksjonen i eit stykkje i avisa Varden 27.08.1955. Han hevdar at Skard hev sett partipolitisk prestisje i samnorskpolitikken. Skard er berre interessert i å vinna makti yver styret i mållaget avdi han vil at Mållaget skal vera venlegsinna til samnorskpolitikken. Skard vil at mållaget skal få skuldi for målattergangen medan det i røyndi er målpolitikken til Arbeidarpartiet som hev skuldi.

I eit svar frå Herbjørn Sørebø heiter det : " Det er vondt å seia det,men det er ei sanning som må fram. Mange vil venteleg kjenna seg støytt over slike utsegner,men når ein vi tek vekk den nasjonale rosemålinga er det eit holt og makkete skrin vi finn." Dette er nå blitt tonen mellom kampfeller,slær Bjerke fast.

Sørbø skriv vidare "... det må seiast at vi har gjort oss ferdige med den overdimensjonerte nasjonalkjensla,og vi er sers vare for svada og sentimentalt tøv.Vi er hardkokte materialistar som spør etter vinninga vel så mykje som vi spør etter det nasjonale idealet."

Bjerke meiner at nynorskens "eneste chanse til å true riksmålet ligger i at målsaken påny blir uttrykk for en åndsmakt -slik den var engang i forrige århundre. Uånden med tilvising til Skardfraksjonen hev med sin taktiske tame,sine smarte knep,sin "midlertidige" framgang berre i vente å verta kraftlause og impotente når det skal gjerast sluttuppgjer for målstriden. Det er riksmålet som vinn på at målfolk hev late seg demoralisera til politiske falskspelarar eller " hardkokte materialistar som spør etter vinninga ..."

Det er elles verd å merka seg at nett i den tidi skuldingane um at høgnorskfraksjonen gjorde for lite kom,ekspanderte medlemstalet i mållaget frå 13 000 medlemer i 1954 til 16 000 medlemer i 1957.Ein må rett nok taka atterhald for at mange gamle lag ikkje var skikkeleg registrerte. Likevel skulde det gå lang tid fyrr mållaget skulde få slik medlemsauke att som på dei tri åri frå 1954-1957.xii

Samrøringsmenn[endre]

Helge Sivertsen spela ei sentral rolla i norsk målpolitikk. Saman med Alf Hellevik sat han på 1930-talet i ei nemnd som Studentmållaget i Oslo nemnde upp 22 januar 1936. Ei fråsegn frå denne nemndi vart prenta med tittelen Merknader til Tilråding om ny rettskriving fra den departementale rettskrivingsnevnd av 1934. Den nemndi Noregs Mållag sette ned (med Indrebø og Kolsrud) la vekt på bygdemåli, medan nemndi til Studentmållaget i Oslo la vekt på bymål og "blandingsmål".xiii

Det var etter eit fyredrag av Halvdan Koht at laget vedtok ein resolusjon som vart vedteke umlag samrøystes :" Studentmållaget seier seg stort sett samd i dei resultata nemnda har komi til for for nynorsken,men meiner at ho burde ha gjevi meir rom for norske former i bokmålet, og mindre høve til å nytta tilsvarande unorske. Atterhaldet um høgare stil må burt." Studentmållaget i Oslo vedtok :"... å setja ned ei nemnd til å gå igjennom tilrådinga i detalj,og leggja fram Studentmållagssynet i eit samla arbeid." xiv

Tilliks med Alf Hellevik kann me segja at Helge Sivertsen fekk stå fram som målpolitikarar for fyrste gong. Seinare skulde dei koma til å spela leidande rollor i rettskrivingsarbeidet i 1950- og 1960-åri.xv Sivertsen var politisk aktiv i Arbeidarpartiet. Han vart tidleg statssekretær og seinare riksråd. Hellevik var medlem av fyrebuingsnemndi til Norsk Språkråd. Den nemndi la fram si tilråding i 1949. Hellevik vart deretter peika ut til målsmann for Samlaget til Norsk Språkråd. Hellevik vart so formann i fire bolkar for språknemndi og varaformann for Norsk Språknemnd i ei årrekkja. Han hev skrive ei rad og artiklar og var med på å gjeva ut eit tiårsskrift for språknemndi i 1964.

Sivertsen fekk mykje å gjera med målpolitikk både i tidi som statssekretær og i tidi som kyrkje- og undervisningsriksråd. Men kanskje viktigast var det at han vart med i ei nemnd som skulde forma ut kulturpolitikken til Arbeidarpartiet. Sivertsen sat i denne nemndi frå 1953-1959. Det kulturprogrammet som nemndi kom fram til låg til grunn for den kulturpolitikken som Arbeidarpartiet førde fram til stortingsmeldingane um den nye kulturpolitikken kom i 1970-åri,hevda Sivertsen sjølv i 1985. Geir Vestheim meiner at det kulturprogrammet som vart lagd fram i 1959 var ei offisiell utgåva av ein tale som Helge Sivertsen heldt på landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1955.

Vestheim framsteller Sivertsens kultursyn i kontrast til Kohts kultursyn. Koht bygde på ein marxistisk klasseanaslyse,medan Sivertsen var pragmatikar.

" Den sosialistiske kulturpolitikken som Sivertsen talar om,blir i liten grad ideologisk grunngitt. Sosialistisk kulturpolitikk tyder i røynda den kulturpolitikken som Arbeidarpartiet fører i samtida,utfrå pragmatiske omsyn."xvi

I den språklege delen av kulturprogrammet vert det slege fast at målkrigen burde vera slutt." Det er en selvfølge at begge skriftspråk respekteres på lik linje,og at de praktiske problemer med to språk i administrasjonen og skolen løses i samsvar med dette grunnsyn. Her stend med reine ord at nynorsken skal vera eit tolt språk korkje meir eller mindre. Dette er ein sterk attest å få. Nynorsken hev altso ikkje vunne øyra for seg i Arbeidarpartiet. Kva hev so målmannen Sivertsen greidd å få politisk gjenomslag for i partiet :

" Oppgaven i det normaliseringsarbeid som må skje,blir å registrere utviklingen i talemål og skriftmål,og på grunnlag av den forme rettskrivingsregler som etter hvert kan realisere ideen om ett felles norsk språk med størst mulig nyanseringsevne." xvii

Denne ordlegggjingi var eit tilbaketog. I 1933 var Halvdan Koht formann i ei partinemnd som forma ut eit kulturprogram for Arbeidarpartiet. Koht fekk inn ordlyden " ...arbeid for et samnorsk skriftsprog på folkemålets grunn. "xviii Kvifor gjorde Arbeidarpartiet dette tilbaketoget. Vestheim meiner at det hev samband med at partiet hadde til yverordna ideologi å fremja forlik og samarbeid i landet. Målstriden skapa klassemotsetnader,medan AP vilde taka brodden av klassemotsetnadene og m.a. fremja sosial utjamning. Difor reviderte partiet politikken sin. Dei gjekk frå den marxistiske klasseanalysen til Koht og til den pragmatiske lina til Helge Sivertsen." Folkemålslina i språkspørsmålet var i samsvar med Arbeidarpartiet sitt folkekulturelle standpunkt i 30-åra..."xix I 1950-åri laut det folkekulturelle standpunktet tonast ned.

Medan Arbeidarpartiet kunde gå inn for eit drastisk umskifte fyrr dei kom til makti i 1930-åri,måtte dei leggja um politikken sin når dei kom til makti. Ein parallell til dette finn me i den rolla som kulturpolitiske aktørar spela i arbeidarrørsla. På 1930-talet bygde Arbeidarrørsla upp ei rad sjølvstendige institusjonar m.a. Arbeidernes Idrettsforbund,Sosialistisk Kulturfront, Arbeidernes Oplysningsforbund og andre tiltak.

"Den breie aktiviteten omfatta dei fleste delar av kulturfeltet og kom til å danne ramme for ein systematisk statlig kulturpolitikk etter krigen.Men eg vil hevde at den kulturpolitiske tradisjonen i arbeidarrørsla i 30-åra ikkje vart ført vidare like etter krigen,men i 70-åra... ."xx

Etterkvart som Arbeidarpartiet vart det førande partiet i landet med langvarig riksstyremakt kunde det føra inn aktørar frå serinstitusjonane sine til den statlege administrasjonen. Eller dei kunde rekruttera nye kulturpolitikarar til statlege umbod. Dei som kom i statlege umbod laut bera eit langt tyngre andsvar enn dei som hadde sete i APs eigne institusjonar. Men trass i dette vert samnorskstandpunktet ståande i kulturprogrammet til Arbeidarpartiet.

Bokmålet fekk konsollidert seg med rettskrivingi av 1959,og presset på riksstyrepartiet auka på. Det kom kraftige motstøytar frå riksmålshald. Sivertsen hadde revidert Koht,men riksmålssida var langt frå nøgd. Partiprogrammet til Ap strauk seinare samnorsklekken,men kulturprogrammet vart ståande. Sivertsen var riksråden som skulde nemna ut Vogt-nemndi. Ei nemnd som skulde gjeva riksmålsfolki attende det samnorsken tok frå dei.

I eit minneskrift til Helge Sivertsen heiter det :

" Som statsråd gjekk han aktivt til verks for å få slutt på den kraftøydinga som han meinte språkstriden var. Etter forhandlingar med leiarane i dei to leirane fekk han i 1964 sett ned komitéen til å vurdere språksituasjonen m.v.(Vogt-komitéen) og han fekk tilsagn om våpenkvile. Den har langt på veg rådd grunnen seinare." xxi

Der minneskriftet talar um dei tvo mållægri spekulerar Haugen yver um det hev vore kontakt millom menn i Arbeidarpartiet og riksmålsrørsla.xxii Dei som kom med i Vogt-nemndi vart peika ut av kongen i statsråd,og Noregs Mållag og andre målsamskipnader fekk ikkje høve til å påverka utnemningi.xxiii

Dersom det ovanståande er rett. Kann me lett tenkja oss til korleis leidande målfolk med partiboki i orden freista å underbyggja samnorskpolitikken, og dei vilde kontrollera kven som fekk vera med i nemndi,difor kunde dei ikkje sleppa til Noregs Mållag og andre målsamskipnader. Dette er fyrebils berre spekulasjonar. Ivar Eskeland vart teken med som eit alibi xxiv. Eskeland vart rekna for ein uppmann i fraksjonsstriden i Noregs Mållag. I tidi fyrr og etter Vogt-nemndi arbeidde leidande målfolk som Alf Hellevik og Sigmund Skard med å underbyggja den samnorsklina dei hadde stade for.


No galdt um å halda seg på god fot med AP og halda fram den offisielle samnorskideologien. Samstundes var det viktig å få riksmålsfolki integrert i den offentlege språkplanleggjingi. Når riksmålsfolki fekk vera med vart det slutt på klagingi frå den kanten. For at språkplanleggjingi skulde få eit meir utvatna innhald var det ikkje nok å berre dempa samnorsktonane. I tillegg la Hellevik og Skard vekt på amerikaniseringi av det norske samfundet. Amerikaniseringi laut haldast i taumar. Og dei målstridande partane måtte samla seg um det norske i kultur og folkeliv. Det måtte vera det yverordna målet for målpolitikken. I staden for å forkasta det dei hadde stade for,let dei samnorskarven gå vidare til komande målfolk. Hellevik hev vorte ein merkesmann og namnet hans stend enno på ordlistone. Skard og Sivertsen hev vore meir usynlege i ettertid. Dette trikløveret hev likefullt havt stor målpolitisk makt.

Vakthaldet umkring det eg vil kalla samnorskdogmet fær ein ny dimensjona med skipingi av samskipnaden Språkleg Samling i 1959. I dei fyrste åri hev denne samskipnaden aukande tilslutnad,men etter at Vogt-nenmdi legg fram si tilråding gjeng samskipnaden attende. Fyrst på midten av 1970-talet kjem det til ein ny generasjon dogmeforvaltarar som hev stade på dei målpolitiske barrikadane. Dei hev lagt vekt på målsogeskriving og på sosiolingvistiske studium. Ei utgreiding um desse høyrer til i ei onnor soga.

SPRÅKNEMNDI[endre]

På årsmøte i 1958 tala Knut Robberstad um Språknemndi.I reglane for Norsk Språknemnd heiter det at nemndi skal arbeida på grunnlag av vitskapleg gransking.Vitskapleg gransking gjev upplysing um sanningi,men når det skal setjast upp framlegg,lyt dei bruka sitt politiske skyn.Det hev dei gjort.Norsk språknemnd er ei målpolitisk nemnd,hevdar Robberstad."Rettskrivingi i 1938 var ikkje god og vart heller ikkje godteki korkje i det eine eller det andre læger.Rettskrivingi var for tung å læra,der var for mykje valfridom ..." " Talde me deim som verkeleg kan denne rettskrivingi,slapp me bruka stor manntalsbok.Rettskrivingi frå 1938 vart ikkje ein gong fylgd i ein publikasjon som Norsk Språknemnd gav ut for nokre år sidan."

Ingolf Kvamen peika på at den nye rettskrivingi frå språknemndi i røyndi var eit nytt målbrigde.Det er ikkje nye skrivemåtar,men nye målformer frå norskdansken som kjem inn i nynorsken etterviser Kvamen."Før kunde ein læra både nynorsk målføring og nynorsk rettskriving av å lesa den nynorske litteraturen.Men med alle brigde som etterkvart er gjorde og skal gjerast,vert denne bokheimen meir til stelp enn til hjelp."Det vert sagt at det er ein fyremun for nynorsken at han fær same skriftbiletet som det tilsvarande bokmålsordet.Eller det vert sagt at bokmålsformi truleg kjem til å vinna avdi ho er mest kjend.... Det trengst ikkje anna argument til å resonnera burt heile nynorsken,for det er kanskje diverre bokmålsord og -former som er mest kjende i Landet.M.a.BT 4.3.1958.

Synsmåtane til Kvamen og Robberstad skulde vera representative for mange av dei høgnorske synsmåtane som kom fram på årsmøti i VM på denne tidi. I 1959 kuliminerte rettskrivingsordskifti. No vart den nye læreboknormalen lansert,og det var uråd å få stogga noko som var ferdig og endeleg. 1959-rettskrivingi skulde for ålvor skapa skiljelinor. Når høgnorskfolki miste innverknad og tapte viktige stridar som t.d. striden um mandatet til Norsk Språknemnd og um at Alf Hellevik skulde verta målsmann for Samlaget til språknemndi,var avgjerande slag tapt alt tidleg på 1950-talet.

Sigurd Sandvik summerar upp målstoda på landsmøtet i Vestlandske Mållag i 1959. Han slær fast at dei viktigaste ankemåli mot den nye rettskrivingi,læreboknormalen, som hev kome frå vitskapleg hald og frå skulehald stend ved lag. Denne kritikken vert ikkje avsanna um eit stortingsfleirtal gjeng god for den nye rettskrivingi. Det avsannar heller ikkje kritikken at eit fleirtal i Noregs Mållag styd framlegget eller at eit målblad segjer at det er berre småting som skil den nye rettskrivingi frå 1938-rettskrivingi.

Målstriden hev klårna meiner Sandvik. Stoda er no at bokmålet gjeng i dansk leid og nynorsken lempar seg etter bokmålet "...,då har har vi ikkje så stor von om noko nasjonalkulturell reising på målbrigdevegen." Nyleg hev Språkleg Samling vorte skipa. No bør Noregs Mållag stå fast på sin eigen fyremålsparagraf ; å arbeida for den norske målreisingi og gjeva frå seg til det nye landslaget dei medlemene som vil arbeida for tilnærming millom måli.xxv

Dei som styrde med Språkplanleggjingi skaffa seg høve til å bryta ned sernorske ordformer av typen fyrst og vyrdnad.Det vart argumentera med at slike former var ukjende i skriftbiletet i det rådande norskdanske bokmålet.Skriftbiletet var framtvinga i og med at kringkastingi bygde upp eit eintydig og uttalerett norskdansk.Når dei bokmålstalande nytta eit mål som bygde på sams uttale meir enn tidlegare,nytta sume språknemndsmedlemer dette til å tvinga fram brigde i nynorsken som hadde eit meir ustødt uttale- og normgrunnlag. Den ålmenne uppslutnaden um målreisingi frå ymse lag og samskipnader kringum på bygdene vart tona ned. Ein såg ei aukande segmentering av den målpolitiske sektoren. Ola L. Flesland segjer i eit referat i Dagen 1.12.1959." Sume trudde dei fekk gjort eit stort arbeid då dei fekk skilja Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag åt. Det er ikkje rart at ikkje ungdomslagi er med i målarbeidet lenger. Det er altfor mange som trur at målsaki er løyst her i landet." Me veit ikkje nett kva for ei åtskiljing som hev bore stad. Det er i alle fall klårt at Noregs Ungdomslag tona ned det målpolitiske arbeidet etter måten mykje. Me veit at samnorskideologien fekk mange bygder der nynorsken hadde veik framgang eller ikkje framgang i det heile til å verta avvisande til nynorsken.xxvi Me veit òg at leidingi i samskipnaden tidvis var kritisk til høgnorskfolk. Frå sentralleidingi si sida vart det lagt arbeid i å slå attende mot den norskdanske reaksjonen,og forsvara samnorsken,men om det vart lagd like mykje arbeid i målreising er meir uvisst.

Den minkande ihugen for målsaki innanfor bygdelagi kann til ein viss grad tena til døme på at sentrale avgjerder fekk fylgjor for lagslivet lokalt. Det vil segja når sentralleidingi tona ned målarbeidet i Noregs Ungdomslag,vart det mindre målarbeid kringum på bygdene. Det er elles verdt å nemna at det gode ungdomslagsbladet Unglyden gjekk inn i denne tidi. Visst nok ved inngangen til 1950-talet.


MÅLDYRKING OG MÅLRINGAR.EIT FRAMPEIK UM IVAR AASEN-SAMBANDET ?[endre]

På eit samrådingsmøte kring 01.12. i 1959 xxvii tala Ivar Eskeland og uppmoda målfolket til å driva måldyrking."Eskeland uppmoda målfolk til å samla seg um studieringar.Eskeland kom med praktiske råd og vink um korleis ein studiering skal skipast og drivast.Gerhard Garatun Tjeldstø slo fast at avnorskingi i bygdene gjeng som ei heil skrida."Bygdeungdomen dreg til byen på arbeid,og dei gjev slepp på heimemålet sitt.Mange kjem heim att i helgane og blandar bymål inn i bygdemålet,hjå dei som er att heime òg.Skriftmålet går òg i den leid at me spør oss sjølve : Er det klokt å leggja noko arbeid på å få nynorsken inn i skulane ? Tjeldstø meiner at målarbeidet treng måldyrkingsringar no meir enn nokon gong.Måldyrkingsringar treng me meir enn nokon gong. Ordi til Tjeldstø skulde vera vel so aktuelle for målarbeidet i dag. Frå årsmøtet i april og fram til dette møtet i desember vert måldyrking gjort til eit faneord. Det er den beste motstandsvegen Vestlandske Mållag ser seg råd med å slå inn på.

Ei samnorsk målsoga[endre]

I denne bolken skal me konsentrera oss um korleis samnorskfolk ser på målstriden. Det vanlege i målsogeframstellingar er å skildra riksmålsreaksjonen,serleg på 1950-talet, utan at ein dryfter kva som førde til at det konservative bokmålet vann fram og er dominerande i dag. Ein kjem gjerne med forklåringar av ymse slag,men problematiseringane stend ikkje i samsvar med den sterke reaksjonen frå den norskdanske sida. Ein kjem ikkje med nokon plausibel grunn for at bokmålet stod i mot eit sterkt statleg press for rettskrivingsendringar. Ein skuldar på at riksmålssida hadde pengemakt og høve til å få gjeve ut skrifter på si målform,men dette hadde riksmålssida lenge fyrr det vart snakk um samnorsk,trass i dette greidde nynorsken å veksa og ekspandera.

Innanfor nynorsklægeret var det vanleg å skulda høgnorskfolk for å vera bokstavpirkarar. Dei fer plent åt som riksmålsfolki vart det sagt. Å fara slik åt vart rekna for å vera bakstrevarsk. Alf Hellevik hev gjort greida for korleis han såg på målstoda etter krigen." Frigjeringsoptimismen og den sterke fellesskapskjensla som krigen og okkupasjonen hadde skapt nordmenn mellom,prega også synet på våre språklege tvistespørsmål. I alle fall var det tilfellet hos oss yngre filologar. Vi vona og trudde at eit tillitsfullt samarbeid skulle jamne eller løyse dei språklege overgangsvanskane og på litt lengre sikt føre oss fram til eit samlande norsk mål. Vi hadde ei sterk tru på at samarbeid om felles måldyrking skulle avløyse eldre tiders kraftøydande og ufruktbare målstrid -ja faktisk var målstriden slutt." xxviii

Me skal her merka oss at Hellevik er interessert i å legitimera det arbeidet han hev gjort i språknemndi. Han sat i fyrebuingsnemndi som forma ut mandatet og utnemningsmåten til nemndi, og han var formann i språknemndi i fire periodar xxix. Dessutan hev han uppdraget å skriva soga for språknemndi i ei tid då rikmålsreaksjonen hev vunne sigrar på alle frontar og kann hausta vinstar gjenom Vogt-nemndi. Det er naturleg at han freistar å leggja serleg vekt på det som han trudde var ålgjengne synspunkt då han starta å arbeida i språknemndi etter det mandatet han sjølv hadde sett upp. Di meir kritisk ein byrjar å sjå på Helleviks rolla, di meir må det undra at han ikkje ser seg grunn til å koma med mottankar mot den rådande samnorskideologien som han refererar til.

Innanfor målsida vart det gong på gong ordskifte umkring rettskrivingsspursmål. Tilrådingi frå fyrebuingsnemndi til Norsk Språknemnd var sterkt umdryft frå nynorsk hald. I fyrebuingsnemndi hadde Hellevik med seg forfattaren Tarjei Vesaas som på denne tidi var vel femti år. Vesaas var ikkje filolog. Han hadde folkeskulen og eit år på folkehøgskule. Eirik Vandvik var filolog med latin som hovudemne,men han var ikkje å rekna for serkilt ung. Ingeborg Hoff derimot var ung og aktiv motstandar av dei samnorsktankane som Hellevik målbar. Hellevik fekk soleis ikkje nokon studnad frå nordisk filologhald millom målsmennene for nynorsk. Utnemningi av Hellevik til målsmann for Samlaget skapa ein motsetnadsfull diskusjon på tvo årsmøte i Samlaget i 1952 og i 1953. I Noregs Mållag stod rettskrivingsspursmål heilt sentralt på mest alle landsmøti i Noregs Mållag frå 1950-1957.

Hellevik skildrar tidi i Studentmållaget i Oslo på 1930-talet i eit intervju i bladet Språknytt i 1979 : " Studentmållaget var i desse åra ein møtestad for politisk og språkleg radikal og reformvillig ungdom både frå nynorskssida og bokmålssida." Hellevik sat i ei nemnd som var samd i grunntanken i rettskrivingsframlegget til rettskrivingsnemndi av 1934.

Hellevik slær fast at :" Her må ein nok dessverre slå fast at utviklinga ikkje har gått slik som vi vona og trudde. Samarbeidsviljen og fellesskapskjensla som vart styrkt i krigs- og okkupasjonstida varte ikkje så langt inn i etterkrigstida -heller ikkje når det galdt våre uløyste målspørsmål. Eg kjenner elles ikkje grunn til å distansera emg frå ungdomstidas språksyn og arbeidsmål." Hellevik konstaterar altso i 1979 etter 20 års fartstid i språknemndi og 8 års fartstid i Norsk Språkråd at samnorskideologien som han vedkjende og framleis vedkjenner seg til og som danna grunnlaget for all norsk språkplanleggjing fram til Vogt-nemndi ikkje hadde god nok grordbotn. Likevel heldt Hellevik fram med å fylgja samnorskideologien m.a. gjenom formannsposten i Norsk Språknemnd.

Men korleis såg andre Oslo-målfolk på samnorskideologien. Edvard Os var i etterkrigstidi målkonsulent i statsadministrasjonen. Han umsette skjema og skulde syta for at jamstellingi millom måli vart fylgd upp i praksis. I samband med dette laut han òg koma inn på rettskrivingsspursmål. Her gjeld det likevel berre prinsipielle rettskrivingsspursmål. Han hadde lov um målbruk i offentleg tenesta som utgangspunkt,men det viktige samnorskvedtaket som Stortinget gjorde i 1934 var framleis gjeldande. Vedtaket innebar tilnærming millom målformene. Vedtaket var dessutan styrkt gjenom rettskrivingi av 1938 som opna upp for ei større tilnærming millom målformene enn det som var mogleg i 1934,då var det rettskrivingi av 1917 som var utgangsstad for rettskrivingsval.

I 1947 skulde målkonsulenten Edvard Os leggja fram ei nærare rettleiding til lov og fyresegner um målbruk i statstenesta. Fyrr han la fram utkastet for kyrkjedeptet samrådde han seg med Olav Midttun,Knut Liestøl,Einar Breidsvoll og brørne Johs. og Nils Lid, og visst nok eit par karar til,skriv han. "Serleg hårfint granska og drøft vart "ålmenn rettleiing" i rettskriving og målbruk. Det fall oss tungt for brystet å gje desse konsesjonane til bokmålet,for vi hadde då alle i si tid med eld og glød hevda prinsippet om nynorsk til einaste riksmål i i Noreg. Men konsekvent lojalitet mot stortingsvedtaket i 1934,og full rettferd til båe sidene,kravde denne ordlyden i ei ålmenn rettleiing om målbruk i statstenesta. Lengre går ikkje desse forskriftene. Det var ei god trygd for statsråden at eg kunne leggja utkastet fram med opplysning om at nett desse karane hadde drøft og godkjent det for sin part." xxx

I rettleidingi heiter det :

" Når det er høve til å velja mellom liketydige og likeverdige ord eller vendingar,bør ein i bokmålet mest mogleg velja ord og vendingar som fell i hop med eller ligg nynorsk nærast,i nynorsk dei som fell i hop med eller ligg bokmålet nærast."xxxi

Me ser her ein klår uvilje mot samrøringi. Ho er i strid med tanken um nynorsk til einaste riksmål. Denne tanken let ikkje til å eksistera i Helleviks språklege normsett eller i orienteringskrinsen hans. I motsetnad til Os med felagar hev Hellevik eit einsidig positivt syn på samnorskideologien.

Vikør peikar elles på at innanfor Noregs Mållag var det mange syn på rettskrivingsspursmål på den smånorske sida. I mållaget kunde ein finna "... store meiningsskilnader,frå radikale samnorskfolk til konservative målfolk som ville ha slutt på rettskrivingsstriden for å få samla målrørsla,og som derfor godtok 1938-rettskrivinga som eit faktum."xxxii Hellevik må her segjast å vera målsmann for dei mest samnorskhuga i mållaget. Han ikkje berre aksepterte rettskrivingi av 1938. Han vilde byggja vidare på henne og fremja endå sterkare tilnærming.

I intervjuet i bladet Språknytt i 1979 greider Hellevik ut um hovudskiljet i norsk språkstrid slik han ser det : " Hovudskiljet i språkstriden går no som i trettiåra mellom på den eine sida nynorskbrukarar og på den andre sida dei som held fast på bokmålet. Og på tvers av denne skiljelina går skiljet mellom dei i begge språkleirane som er villige/uvillige til å gi avkall på nokre innarbeidde språkvanar for å oppnå ei gradvis tilnærming mellom måla."

Utfrå Helleviks framstelling kann me altso dela målfolki i tvo dei som er viljuge til å arbeida med målet sitt for å gjera det likare bokmålet og dei som held seg til tradisjonelle former. I tillegg til desse tvo gruppone kjem høgnorsktilhengjarane som ikkje vil bøygja seg for nye rettskrivingar. Strategien til samnorsktilhengjarane vert tvoleda. Fyrst fær dei godkjend sideformer som er bokmålsnære. Deretter syter dei for at desse formene vert hovudformer. Då kann dei segja at dette er gjeldande rettskriving, og dei kann kriminalisera dei som held fast ved ei tidlegare rettskriving. Dei er gamaldagse. På 1930-talet fanst det fleire samnorskvenlege forfattarar som nytta former som seinare skulde koma inn med rettskrivingi av 1938. Men på 1950-talet var det munalegt mindre å spora av den slags. Likevel kom det ei drastisk endring ved rettsskrivingi av 1959. Lig vart lovleg sideform til leg,utan at det kann segjast at lig var i sterk frammarsj. E-infinitiven kom inn som jamstelt form,trass i at a-infinitiven hadde stade sterkt fram til 1959.

Etter dei hovudskilji som Hellevik set upp millom ulike målaktørar,må ein segja at 1959-reformi var langt frå ei gradvis tilnærming millom måli. Ein må kunna segja at samnorskdreiingi på nynorsksida vart mykje for sterk. Alf Hellevik som var andsvarleg talsmann for den nynorske sida for snøggare fram enn det ein hadde grunnlag for millom målfolk flest,jamvel millom dei som godtok rettskrivingi av 1938. Den svært samnorskvenlege lina til Hellevik kunde utan tvil ha vorte justert i den lange tidi han var ei verksam kraft under arbeidet i Norsk Språknemnd.

For detaljert framstelling

Skulemålsstrid i Fana[endre]

I 1966 kjem det upp ei skulemålssak for Vestlandske Mållag.Saki gjeld ein av umlandskommunane til Bergen,Fana.Fana hadde ein eksplosiv folketalsvokster i tidbolken frå 1945-1970. Tilflytting kom nok stort sett frå Bergen som i dette høve var eit gjenomtrekksumråde. Fana hadde nok tidlegare vore noko språkkløyvt,men nynorsken hadde havt ei sterk og rådrik stoda. I 1972 gjekk Fana inn i den nøytrale,men bokmålsbrukande Bergen-kommune. I dag er nynorsken mest ute av Fana.Det kann høva å sjå attende.

Skulemålssaki openberrar seg i brev frå Arnfinn Haga,formann i Vestlandske Mållag, til skuledirektøren i Bjørgvin,herr Nils Hodnesdal 15.06.1966 og til skuleinspektør i Fana Erling Vollan 19.11.1966. Til Hodnesdal skriv Haga at Kaland skule i Fana hev nynorsk til upplæringsmål. Men i det seinaste åri hev det kome til sideklassar på bokmål. Til skuleåret 1966/67 hev det meldt seg 7 elevar som vil ha nynorsk. Skulestyraren segjer at desse borni ikkje skal vera skilde frå bokmålselevane i andre fag enn i norsk. Styret i VM hev kome til at elevane etter sed og skikk i slike høve hev full rett til å få vera eigen klasse. "Med dette legg eg saki fram for Dykk,som veit kva lov og rett er i saker som desse",avsluttar Haga. Eg hev ikkje funne noko svar på dette brevet.

19.11.66 skriv Haga til Erling Vollan. Han innleider me å peika på at det er både bokmåls- og nynorskskular i Fana. Styret i VM hev fenge høyrt at ved nynorskskulane vert elevane spurde um dei vil ha nynorsk eller bokmål til upplæringsmål når dei skriv borni sine inn. På bokmålsskulane vert ikkje elevane spurde um målform. Me øygnar ein klår tendens. Me vil spyrja um dette gjeld andre herad eller um Fana er i serstoda. Me vonar at innskrivingi som skal bera til um tvo dagar vil yta rett og skil til alle kantar,avsluttar Haga.

Haga fær svar på dette brevet 24.11.1966. Her gjeng det fram at brevet hev vore fyrehavt i skulestyret si tilrådingsnemnd 21.11. Skuleinspektøren skal etter vedtak i skulestyre ikkje svara på kva som er praksis i andre herad. Det kann derimot vera at skuledirektøren i Bjørgvin kann svara.

I brevet heiter det at Fana finn det fyremålstenleg og naudsynt å spyrja etter målform i skuledistrikt med blanda språkupplæring (Søreide,Liland og Kaland)."Som mållaget veit,skal klassedelingsoppgøvene vere inne i direktørembetet innan utgangen av januar månad." I brevet heiter det vidare. I dei andre skulane hev ein ikkje "dei praktiske problem som her er omtala,og ein er samd med Dykk i at der treng ein heller ikkje spyrje foreldra."

Arnfinn Haga sender brev til skulestyrar, Håkon Helland, 27.11 og 8.12 1966.Helland er mannen attum tvo skriv um upplæringsmål til foreldri ved skulen . I brevet og i purrebrevet uppmodar Haga Helland um å senda avprent av rundskrivi.

10.12.1966 svarar Helland.Helland segjer at han diverre ikkje hev arkivera desse skrivi.Han bruka ikkje å arkivera skriv til foreldri på den tidi. Han skulde gjerne ha gjeve brevi til Haga. Helland meiner at VM ved styret og formannen ser på seg sjølv som ein kontrollerande instans andsynes skulen. Mållaget hev formell ingen rett til å få utlevert brev som er tiltenkt andre,meiner Helland. At mållaget ynskjer å uttala seg um disposisjonar som det er usamd i finn han derimot rimeleg. Helland vil svara på konkrete spursmål. Men vil vita fyremålet med spursmåli. Helland sender kopi til skuledirektør Hodnesdal.

Haga svarar på dette brevet 10.12.1967. Haga kjem grundig inn på skrivi.Dersom alle skulestyrarane på nynorskskulane skulde senda ut skriv um at foreldri vert uppmoda um å velja upplæringsmål.Korleis vilde det då gå med nynorsken.

Helland peika på at brevet frå Haga var stutt og nærmast var forma som um mållaget var ein kontrollerande instans. Me hev mange ting å strida med i mållaget,og me hev ikkje høve til anna enn å vera stutte soframt me skal koma i mål med alt,slær Haga fast.

14.12.1966 kjem det eit umfattande og grundig brev frå Håkon Helland. Helland ynskjer å gjera VM fullt kunnige med målstoda på Kaland skule på ein sakleg og fyldig måte.1 Bokmålselevane frå Midttun skule kunde verta svært mange og rådrikne.2 Fleire foreldre hadde gjeve private og offentlege uttrykk for at dei ynskte bokmålsupplæring m.a. på opne foreldremøte. Dei vilde ha parallellklassar på bokmål.Dersom mange av dei ganle nynorskelevane vilde velja bokmål vilde klasseuppsetjingi verta sprengd,skriv Helland. Dette vilde i so tilfelle koma på eit tidspunkt då klassedelingslistor og lærarpostar var uppsette. Me vilde då få vanskar med både godkjenning av klassedelingi og med umsyn til lærarpersonale.

Difor vilde eg røkja etter kva me kunde venta oss av bokmålskrav.Helland sende ut eit skriv der foreldri kunde svara på nokre graderte spursmål. a.absolutt nynorsk,b.helst nynorsk,men har ikkje noko mot bokmål,c.like gjerne nynorsk som bokmål. Og med dei same graderingane for bokmål i punkt d og e. d.helst bokmål men har ikkje noko mot nynorsk e. absolutt bokmål.

Gjenom elevane hadde skulestyraren fenge inntrykk av at foreldri tykte dette var eit endeleg skriv som var bindande. Difor sende han ut eit nytt skriv der han slo fast at dette berre var meint som ei friviljug tilbakemelding.

Av denne frågreidingi meiner Helland at det skal vera klårt at det var administrative grunnar attum dei skrivi som vart sende ut til foreldri. Helland meiner at det vilde ha vore det same dersom ein bokmålsskule fekk yverført mange nynorskelevar. I dette høve vilde det òg vera rett å senda ut skriv um upplæringsmål. Helland ser heller ikkje at det vilde vera gale at nynorskskular yver heile landet sende ut fyrespurnader til foreldri um upplæringsmålet.Elevane og foreldri vilde få det målet dei ynskte.

Eg deler sorgi til Vm yver at nynorsken gjeng attende i vårt distrikt.Men hadde det vore krinsrøysting ved skulen vår,vilde bokmålet ha vunne,og då spyrst det um nynorsken hadde kunna yverlevt med parallellklassar i det heile teke.

Når det gjeld dei 7 elevane i parallellklassen,kriv Helland at det var uråd å få godkjenning frå departementet for at desse elevane skulde få vera eigen klasse i anna enn i norsk undervisningi. Haga hev gjort det klårt for Helland at han vil få til ei rettsleg prøving av denne saki. Då vil det vera ukorrekt å gå utanum min yverordna som er skuledirektøren i Fana,difor sender eg avprent av mitt brev til skuleinspektøren i Fana og til skuledirektøren i Bjørgvin.Elles reknar eg med at dei som skal stå fyre granskingi vil venda seg hit for å få nærare upplysningar, avsluttar Helland.

05.01.1967 sender Arnfinn Haga eit kvasst svar på dette svaret. Han meiner at det er berrsynleg at det gjeng fyre seg merkelege ting i Fana,når det gjeld målspursmålet. Kvar gong ein skal røkja etter slike ting råkar ein på eit namn,og det er,Erling Vollan.

Haga samlar seg i tri punkt. Haga slær fast at skulestyret hev prova og sanna at det spør etter upplæringsmål ved nynorskskular,men ikkje ved bokmålsskular. Haga kallar det tøv å segja at skulestyret er samd med han at i bokmålsskulane ikkje treng spyrja etter upplæringsmål. Eg skriv tvert um at skal ein spyrja etter upplæringsmål i nynorskskular kann ein Likso vel gjera det same i bokmålsskular.Men understrekar Haga. Fana er det berre nynorskforsldri som vert spurde etter upplæringsmål.

Haga kjem so inn på dei 7 elevane som hev valt nynorsk ved Kaland Skule.Dei fekk berre ha norsktimane for seg sjølve. I dei andre timane laut dei vera saman med bokmålsborni.Utfallet er at 6 av elevane no er gjengne inn i bokmålsklassen,medan ein elev vert frakta til ein annan skule der han fær nynorsk.

Kaland skule i Fana hev nynorsk til upplæringsmål,slær Haga fast. Hausten 1964 skulde Kaland skule flytja inn i eit nytt bygg. Våren 1964 sende skulestyraren ved Kaland skule ut eit skriv til foreldri i krinsen,med spursmål um kva upplæringsmål foreldri ynskte når skulen kom inn i det nye bygget. Skrivet slo fast at målstriden vilde gjera seg gjeldande når skulen kom inn i det nye bygget. Foreldri vart uppmoda um å senda svar på kva upplæringsmål dei ynskte. Skrivet vart sendt etter uppmoding frå skuleinspektør Erling Vollan,sa skulestyraren til ein av lærarane ved skulen.

Dette brevet vart forutan Erling Vollan sendt til Skuledirektør Nils Hodnesdal,og Kyrkje- og Undervisningsdepartementet. Til sistnemnde skriv Haga : "at det vil verta lagnadstungt for det norske målet dersom framferdi åt Erling Vollan,...,kann segjast å vera rett.

17.01.1967. hev Arnfinn Haga fenge brev frå skulestyrar Håkon Helland. Brevet frå Helland var dagsett 9.01.1967. I brevet gjeng det fram at Erling Vollan ikkje hev kome med nokor uppmoding til skulestyraren ved Kaland skule um å senda ut noko rundskriv i tilknyting til upplæringsmålet ved skulen.Det gjeng elles fram at skulestyrar Helland hev derimot sendt utfallet av rundspyrjingi til skuleinspektør Vollan. Haga trekkjer dimed skuldingi um at Vollan stod attum i nett denne saki attende. Avprent vert sendt til departementet og til skuledirektøren som ovanfor.

17.01.1967 sender Haga brev attende til Håkon Helland òg. Haga takkar for utgreiding av 9.01.Denne avhandlingi hev me ikkje tilgang til so me veit ikkje nett kva som er skrive der. Her gjeng det fram at Kaland skule hev fenge heile klassar med bokmålselevar frå Midttun skule. Haga og styret i VM undrast på um desse elevane hev vorte spurde etter upplæringsmål då dei kom til den nye skulen. So vender han attende til skrivi med spursmål um upplæringsmål. Haga konkluderar med at :" Skulde styrarane ved nynorsk-skulane senda ut slike skriv og ikkje styrarane ved bokmålsskulane,so lyt det no mest gå gale med målet vårt. Haga gjer det klårt at brevskiftet millom han og Håkon Helland vil verta lagd fram for stortingsmann Einar Stavang.

Brevet til Stavang vert sendt 11.02.1967. I brevet kjem det fram at Haga hev halde seg orientert um måltilstanden ved Kaland skule gjenom kona si som arbeider der..Det ser ut til at dei andsvarlege sit og administrerar ut nynorsken i Fana. Haga nemner at han hev brevskiftest med skuledirektøren. Brevi her er ukjende for oss. I trumål segjer Haga at skuledirektøren hev peika på at skuleinspektøren i Fana freistar å lirka ut nynorsken. Kona til Haga hev lese båe dei skrivi som skulestyraren ved Kaland sende til foreldri våren 1964. Båe brevi kunde tolkast som ei uppmoding til å gå yver til bokmål,meinte ho. Og mange gjekk den vegen ,slær Haga fast. Haga fortel at Vollan vart skuleinspektør for nokre år sidan i sterk tevling med Per Rommetveit,ein solid målmann. "Etter di kunnige menn segjer,var det mest av alt målspursmålet som gjorde at Vollan kom til sætes." Vollan er skuleinspektør 1,skuleinspektør 2 er Steinar Salhus. Han er målmann på den visi det er ,skriv Haga. Han hev ikkje den minste tru på at det finst nokor framtid for reint norskt mål i Noreg,og han fer stilt i dørene når det er målordskifte i skulestyret. Um ein ikkje støyter bokmålsfolket kann Fana ha nynorsk i nokre år til,meiner Salhus,etter Haga.

Steinar Salhus likar ikkje all skrivingi til Vestlandske Mållag som vil ha open tale. På eit samrådingsmøte,der målfolk dryfte planane um kommunesamanslåingi millom Fana og Bergen. Las han teksten for styret i VM. " Etter den "provoserande brevskrivingi formannen dreiv med til skulekontoret i Fana,meinte Salhus at det " i verste fall" kunde verta målrøysting i Fana-krinsane."

Haga vil at Stavang skal lesa gjenom brevi avdi han er sakkunnig.Stavang var rettslærd. Han hev lite upplysningar utanum brevi,men han tykkjer at brevi lyser av dårlegt samvit.


Skulemål,kommune- og fylkessamanslåing.[endre]

4 februar 1967 hev VM eit møte der dei tek upp skulemålsstoda i umlandskommunane til Bergen. Møtet er ikkje datera nærare enn til 4 februar,men i uppritet frå møtet vert det vist til eit møte i Fensal um hausten. Dette møtet må ha vore 5 november 1966. Eit slikt møte er umtala i eit upprit frå Knut Hvitsten på skrivarstova,og den same Hvitsten hev skrive under uppritet frå møtet i februar.Hvitsten var i arbeid for VM på denne tidi. Han var ikkje tilsett lenger enn til 1967,og Arnfinn Haga som er umtala i uppritet vart fyrst formann i VM i 1966. Sameleis talar det som elles er umskrive i uppriti til fyremun for ei sovori tolking.xxxiii Dessutan veit me at Fensal ikkje var i full drift fyrr noko ut på hausten 1965. Det tok vel og ei tid fyrr Fensal vart vanleg møtelokale.

Lærar Anton Ulvøy frå Åsane Mållag var den som hadde skunda til møtet,men det var VM som var formell tilskipar. Arnfinn Haga tykte det var høvelegt å få skuleinspektør Hantveit til å halda ei innleiding um målstoda i dei fire umlandskommunane Åsane,Arna,Fana og Laksevåg. Det som var serleg aktuelt var kva som vilde bera til,um Bergen slo desse kommunane inn under seg.

Skuleinspektør Hantveit konstaterte at i Arna er administrasjonsmålet,målet i skuleadm. og i skulestyret nynorsk. Ein skule hev tvo parallellklassar med bokmål. I Fana er administrasjonsmålet bokmål,men i skulestyret nynorsk. Dei gamle landsskulane er framleis på nynorsk,medan dei andre hev bokmål. I Laksevåg er alt på bokmål. Åsane hev enno nynorsk administrasjonsmål,men det er vanskeleg å segja kor lenge det vil vara. Skulestyret brukar òg nynorsk. Det er tvo reine bokmålsskular,Eidsvåg og Tertnes. Resten av skulane er nynorsk-skular,men ved Haukås- og Kyrkjekrinsen er det parallellklassar med bokmål.

Hantveit gjev seg vidare til å summera upp alle slags nynorsktiltak både i Bergen og i landet.

Anton Ulvøy er fyrste mann på talarlista etter fyredraget. Ved innskrivingi til skulen var det ikkje framgang for bokmålet i Åsane konstatera han. I skular der målet er valfritt må me driva aktiv påverknad for å få flest mogleg til å velja nynorsk. Ulvøy er uviss på korleis slikt arbeid kann drivast. Han nemner brosjyrar m.m. Dette tilfanget må leverast ut god tid i fyrevegen, slær han fast. Elles må me senda ut eit upprop frå dette møtet,avsluttar Ulvøy.

Per Håland var neste talar.Han meinte at skulespursmålet er viktigt,men samanslåingi millom Bergen og Hordaland fylke var viktigare for han. Vert Hordaland med Bergen eit nynorsk fylke, er det ei stor vinning. Håland meinte at denne vinningi var so stor at det spørst um me ikkje burde gjeva vår tilslutnad til denne samanslåingi. Me må gå mot kommunesamanslåingi, utan at me gjeng mot Bergen. Med ei samanslåing vil me få ein storkommune som er nøytral,slo Håland fast.

Steinar Salhus gjorde seg til talsmann for ei avventande haldning i målvalssamanheng. Mange stader kann nynorsken få stå,men det skal ikkje so mykje irritasjon til fyrr han fell. Salhus tykte det var ille at VM hadde drive på med offensive framstøytar mot skulestyret i Fana i samband med attergangen for nynorsken ved Kaland Skule. Han uppmoda VM um eit mildare verlag når det galdt Fana Kommune. Salhus var skuleinspektør 2 i Fana jmf.,bolken um skulemålsstrid i Fana.

I ein replikk sa Arnfinn Haga at det var ei ærleg sak å røysta nynorsken ut,men å administrera han ut er verre.

Per Håland meinte at Fana Mållag burde ha vore sett inn i saki fyrr VM gjorde framstøytar mot skulestyret. Håland gjorde framlegg um at VM skulde setja ned eit utval frå kvart heradsmållag. Utvalet skal fylgja upp framtaki um kommunesamanslåingi i kvart einskilt herad. Utvalet må kalla inn einskildlagi i umlandskommunane eller fylkeslaget etter som dei finn det naturleg.

Jørund Hartveit frå Arna meinte at det var klårt nok kva som vilde skje etter ei samanslåing millom umlandskommunane og Bergen. Utfallet kom til å verta at bokmålet vann terreng. Det var ikkje dei folkevalde si skuld. Det var kontorfolki som avgjorde målform. Dersom me ikkje segjer klårt frå um at me ikkje vil gå inn på ei slik samanslåing, utan at det vert teke vare på våre kulturverdiar,vil desse verta burte. Arna og Gjærstad Mållag hev vore ute etter N.K.L. for det målet dei brukar. Fyrst fekk me til svar at dei var nøytrale,seinare heitte det seg at dei ikkje hadde folk som kunde skriva nynorsk.

Harald Hundvin frå Laksevåg hadde lite tru på at Hordaland vilde verta nynorsk fylke etter samanslåingi med Bergen. Han studde tanken um eit utval som skulde fylgja samanslåingsplanane. Elles såg det som eit stort tap dersom dei nemnde kommunane skulde gå inn i Bergen.

Johannes Husdal frå Åsane meinte at kvar einskilt medlem i lokallagi burde gjeva det påtenkte utvalet eit vink um utviklingi. Mange vilde nok velja nynorsk,um dei berre fekk meir upplysning um nynorsk upplæringsmål. Ungdomen bør òg verta fylgt upp i den høgre skulen. Eg trur det er klokt å venda seg til Bondeungdomslagi i Bergen BUL i Bergen og BUL Ervingen.

Elin Sandøy kunde fortelja at i Arna hadde dei søkt um ei gymnasklassa. Fylkesskulestyret hadde avvist dette. Dei meinte at Arna-buane kunde senda elevane til Bergen. Men i Bergen vilde det ikkje vera råd å få nynorsk-klassor. Per Håland meinte at dette laut sjåast i samanheng med den stoda som Fylkesskulestyret hadde teke til Hordaland Fylkeskommunale Gymnas. .Dette gymnaset vart nedlagd noko tidlegare på 1960-talet.

Johs. Husdal kunde elles upplysa at innflyttingi til Åsane den seinare tidi hadde vore på umlag 10 000, men berre kring 2 000 av innflyttarane var byfolk frå Bergen. Resten var truleg for det meste bygdefolk.

Etter møtet vart det sendt ut ei fråsegn frå styret i Vestlandske Mållag, som uppmoda skuleelevar og foreldre um å halda på og å velja nynorsk til upplæringsmål. Fråsegni var prenta i Bergens Arbeidarblad og mogelegvis i andre avisor.

Brotet med Noregs Mållag[endre]

I Vestmannen nr. 5 1994 gjer eg greida for målpolitiske motsetnader knytt til at Vestlandske Mållag vart tappa for medlemslag frå det nyskipa Hordaland Mållag. Det hende frå 1970 og noko vidare. I stykkjet tok eg ikkje upp brotet med Noregs Mållag som bar til på landsmøtet i Ålesund i 1970. Formelt melde Vestlandske Mållag seg ut på eit umframt årsmøte i Vestlandske Mållag 17 april 1971. Ivar Aasen-sambandet hadde fram til 1970 vore eit landslag med personlege medlemer,men utetter i 1970 byrja fleire einskildlag å melda seg inn i Sambandet. I 1971 vart Vestlandske Mållag medlem i Aasen-Sambandet xxxiv.

Upptakten til brotet i Ålesund var at Vestlandske Mållag på tvo fyregåande årsmøte hadde gjort framstøytar for å få til ei jamstelling av i-målet. Bakgrunnen for desse framstøytane kann vel heimførast til at Vogt-nemndi opna upp for ei rad konsesjonar for dei norskdanske riksmålsmennene.xxxv Dei norskdanske kjempa for eit meir moderat språk i lærebøker og for at det skulde vera høve til å nytta tradisjonelle former innanfor læreboknormalen. Dessutan måtte retningslinone for kringkastingi vurderast på nytt etter snemannsaki,og stadnamni skulde normerast etter norskdansken i bokmålsumråde.

Det målpolitiske verlaget var no heilt onnorleis enn på 1950-talet. Det gav folk von um framgang. Bergens Tidende 5.10.1968 siterar frå ei utgreiding som Arnfinn Haga heldt i Vestmannalaget 1 oktober. Haga meinte at mangt hadde klårna etter dei dryftingane som vart førde på landsmøtet i Noregs Mållag." På det møtet hende det mangt og mykje som må gleda vestmennen,folk med syn for samanhengen i målreisingi. Ikkje minst gledeleg var det at mange ungdomar stod fram på dette landsmøtet og kravde godt norskt mål,Aasen-mål,samstundes som dei ville ha full jamstelling for i-formene og tilsvarande former i tradisjonell nynorsk." " ...Noregs Mållag siglar ei norskare leid."

Alv Askeland hev skildra det som hende i 1968 på landmøtet på Bøxxxvi. Askeland fortel um eit framlegg han gjorde. Han gjorde framlegg um at Noregs Mållag skulde arbeida for full jamstelling millom Aasen-mål og a-mål. Framlegget vart vedteke,men etter at det var vedteke var det fleire i salen som reagerte med harme. Dei sa det laut røystast på nytt. Då fall framlegget. Askeland peikar på at lovene gjekk beint i mot å gjera tvo røystingar um ei og same sak på det same årsmøtet. Askeland hevdar at møteleidingi vart tvinga til å bøygja av og halda ei ny røysting.

Umrøystingi galdt òg ei fråsegn som Sigurd Sandvik la fram. I fråsegni heitte det atxxxvii :" ... alle dei norske former som har tradisjon i nynnorsk frå Ivar Aasens tid,men som no berre er tillatne sideformer offisielt,(må) få full godkjenning i lærebokverket."

Framlegget til Sandvik fekk 67 røyster og vann. 50 røysta mot framlegget. Seinare vart det ny røysting og framlegget fall med 72 mot 57 røyster. Røystetali viser at det var 12 fleire som røysta i den andre røystingi. Det hadde vorte mobilisert i pausen. Vikør fortel ellesxxxviii at styresmannen Berge Furre ikkje vilde representera Noregs Mållag offentleg um denne fråsegni vart vedteki.

I eit anna framlegg, som vart vedteke heitte det m.a :" Ved eventuell ny rettskriving bør dei viktigaste tradisjonelle former koma inn att." Vedtaket vart berre rekna for eit programvedtak for Noregs Mållag og skulde ikkje sendast vidare til styremaktenexxxix.

Alv Askeland hev ikkje vore på noko årsmøte i Noregs Mållag seinare,men han fekk skipa ein Ivar Aasen-ring i Sunnhordland. Denne ringen hadde yver 50-medlemer i heile Sunnhordland. Ringen hadde ein utsending på årsmøtet i Noregs Mållag i 1970. Men utsendingen vart nekta røysterett då han vende seg til møtestyret.

Landsmøtet 1969[endre]

På landsmøtet fyreslo formannen Hans Olav Tungesvik å vida ut læreboknormalen i tradisjonalistisk leid i samsvar med den fråsegni som vart vedteki på landsmøtet i 1968. I fråsegni heitte det at det ikkje trongst nokor parallellordning med ulike former. Det mest naturlege var at kvar lærebok vart gjeve ut med skiftande former. Denne fråsegni vart vedteki med 105 mot 68 røysterxl.

I 1969 vart det samanstøyt millom høgnorskfolk og smånorskmedhaldsmenn på landsmøtet i Noregs Mållag i Øystese. På eit lagsmøte 14 oktober i Vestmannalaget viser Arnfinn Haga til at fullmaktsnemndi gjekk til frontalåtak på alle småe mållag og målringar,som høyrde til høgnorskfraksjonen på møtetxli.

Vestlandske Mållag vart skulda for å ha lag utanfor Hordaland som ikkje høyrde naturleg til dette fylket, og VM vart skulda for å ha smålag og målringar innanfor umråde der det var store og aktive lag frå fyrr. Landmøtet godkjende smålagi og målringane innanfor Hordaland, so nær som tvo som ikkje vart godkjende. Målringar utanfor Hordaland vart òg godkjende,men dei laut søkja beinveges medlemskap i Noregs Mållag innan neste årsmøte.

På landsmøtet vart det elles vedteke ei samarbeidsavtala millom Norsk Student og Elevmållag (NSEM) og fylkesmållagi som gav NSEM-lag som òg var med i eit lokalt fylkeslag fulle rettar i dette fylkeslaget. Men NSEM-lagi kunde ikkje møta for fylkeslagi på landsmøtet i Noregs Mållag.

1969-1970[endre]

I bolken frå landsmøtet i 1969 og fram til landsmøtet i Noregs Mållag i 1970 var det strid med grunnlag i tvo ting. Det eine var målringane og smålagi i Vestlandske Mållag.

Det andre var samarbeidsavtala millom VM og NSEM. Vikør skrivxlii at ei lovnemnd meinte at NSEM-lag ikkje kunde ha representasjonsrett i VM når dei òg var med i NSEM. Dette er i beste fall ei halvkveda visa. Lovnemndi hadde meir enn dette å byggja på. I ei prenta utgreiding til årsmøtet i VM skriv styret i VM at det gjenom bladstykkje og anna hev kome fram at det hev vorte skipa aksjonsutval mot styret i VM.

Eit vitnemålet som eg finn um fraksjonsarbeid er knytt til eit fraksjonsmøte 25 januar 1970. Her læst dei som kallar inn til møtet gjera det klårt at styret for fylkeslaget òg er orientert,men det nektar formannen i VM for. Han fekk fyrst vita um møte 4 februar. Det er òg valt formann for aksjonsutvalet o.s.b. VM hev dessutan fenge tak i eit fraksjonsskriv der formannen i Voss Mållag og formannen i Studentmållaget er underskrivarar. I skrivet gjer studentmållaget seg stridsbudd mot styret i VM. Studentmållaget er jamvel viljugt til å mynstra utsendingar frå lag som ikkje fær sendt utsendingar på vanleg vis.Elles hev fraksjonen klår ei nemnd som hev framlegg um ny formann og nye styresmenn.

Lovnemndi meinte at det var i strid med lovene til både NM og VM at eit lag kann vera medlem av tvo fylkesmållag. Nemndi rekna fraksjonen, som jamvel hadde valt formann, for eit tevlande fylkeslag. Dette var bakgrunnen.


Målringar og smålag.[endre]

Striden umkring smålagi og målringane var langvarande. Det vart hevda at målringane vart skipa innanfor arbeidskrinsen til større lag,at målringane kom utanfor Hordaland og at målringane ikkje var reelle lag,men uppkonstuerte lag som berre skulde vera med på å gjeva 25høgnorskfraksjonen fleirtal i røystingar på fylkesårsmøte og landsårsmøte.

Til vanleg vert det vel rekna for ein styrkje at det kjem til nye mållag. Men i denne tidi vert det stødt vekk rekna for ein uting at det kjem til høgnorskorienterte lag. Høgnorskmenn vil hevda at i den fraksjonsstriden som gjekk fyre seg millom ulike målsyn vart høgnorsklagi forfylgde,medan tilsvarande fraksjonsarbeid frå den motsette kanten fekk gå uakta. I alle fall såg ikkje høgnorskmotstandarane seg mun i å fylgja den same lagsskipingsstrategien,iallfall ikkje i stor stil. Ein må vel då rekna med at høgnorskfraksjonen hadde eit so godt organisasjonsnett at han kunde mobilisera lag via sentrale målsmenn frå høgnorsksida,serleg i Hordaland. Motstandarane ser ikkje ut til å vilja fylgja den same strategien,eller dei mangla det same organisasjonsnettet. Det førde til uppskrik.

Det må elles segjast når det gjeld årsmøtet i Vestlandske Mållag i 1970 at det ikkje kann tenkjast at det fanst so mange som umlag 40 målringar som skulde til for å avgjera røystingi på årsmøtet. Vestlandske Mållag hadde derimot mange lokallag attum den målpolitikken dei førde.

Etter landmøtet i 1969 vende Noregs Mållag seg beinveges til nokre målringar m.a. til Ivar Aasen-ringen i Sunnhordland. Brevet er heimla i eit vedtak i arbeidsutvalet for Noregs Mållag 16 oktober,og brevet er send 21 oktober. Noregs Mållag ved arbeidsutvalet peikar på at dei stridane som hev vore på landsmøtet kunde ha vore avgreidt,um einskildlagi hadde kome med upplysningar um arbeidskrins,medlemslistor og anna. Styret i Vestlandske Mållag var samla til møte 14 novemberxliii. Styret hadde då vorte vitra um at einskildlag vart kontakta frå NM sentralt. Styret vedtok på møtet at einskildlagi ikkje skulde gjeva slike upplysningar. Det hevda at det er styret i fylkeslaget som skal taka seg av sambandet med einskildlagi i kvart einskilt fylke.


Frå Ivar Aasen-ringen i Hardanger kjem det brev til styret i VM som er dagsett 12 november 1969. Laget er samansett av fem personar. Dei er Josef Lutro,Tidemann Kjærheim,Halldor O. Opedal,Lars Vivelid og Kari Vivelid. Lutro gjer greida for at dei som er med i laget hadde vore samla hjå Opedal etter landsmøtet i NM i Bø. Dei meinte at det ikkje kunde verta fred i Noregs Mållag fyrr mållaget gjekk inn for full jamstelling millom a-mål og i-mål. Difor skipa dei Ivar Aasen-ringen i Hardanger.

Dette laget er ikkje utypisk. So kann ein spyrja seg um det skulde vera høve til å skipa slike målpolitiske ringar. Sigurd Sandvik og styret i VM meinte at kvart lag einast hadde skyldnad til å betala årspengar og å senda årsmelding. Medan landsmøtet i Noregs Mållag i Ålesund meinte at 18 lag ikkje kunde godkjennast. Det førde med seg at høgnorskmennene i Vestlandske Mållag gjekk frå landsmøtet,og melde seg ut or Noregs Mållag.

På ekstraordinært årsmøte 17 april 1971 hevdar Sigurd Sandvik at styret i NM tolkar lovene til laget som dei vil. Sandvik meiner at det var lovstridig at det nye Hordaland Mållag vart godkjend på landsmøtet i Ålesund. Denne godkjenningi var ikkje ein gong teke upp i styret. Sandvik sat i styret i Noregs Mållag på denne tidi. Conrad Clausen meiner at Norrønalaget Bragr vart nekta utsendingsrett utan saklegt grunnlag.

På den tidi møtet vart halde hadde Hordaland Mållag byrja å sanka medlemslag. Lars Festøy peika på at mange lag som no melde seg ut or Vestlandske Mållag og inn i Hordaland Mållag gjorde det med småe fleirtal. Seinare på året kjem det kritikk frå styret i Vestlandske Mållag av di målsmenn frå Hordaland Mållag tek kontakt med einskildlag i samband med møte lagi anten hev sett upp sjølve eller som Hordaland Mållag er med på å skipa til. Når målsmennene frå Hordaland Mållag er til stades på møte som styret i VM ikkje veit um,fær lagi eit einsideleg inntrykk av den målpolitiske stoda millom Vestlandske Mållag og Hordaland Mållag.

Kor som er Vestlandske Mållag er frå 1971 ute av Noregs Mållag. Utbrytarane frå VM meinte at det vilde verta lettare å driva praktisk målarbeid etter at Hordaland Mållag kom i drift. Kor vidt det hev vorte slik og korleis det elles kunde ha vorte,fær me aldri vita. Det er i alle fall klårt at Vestlandske Mållag etter utmeldingi endra kurs. I tidi etter utmeldingi hev rettskrivingsspursmål alltid stade høgt på dagsetelen. Men VM fekk òg gjort mykje godt arbeid for jamstelling frå 1971,og minst 4-5 år frametter. VM fekk skrivarstova hjå Trine Reknes. Sveinung Ones gjorde mang ei arbeidsykt på dette kontoret i ledige stunder. Ordningi med eigen skrivar kom i stand for fyrste gong på 4 år. I 1967 miste VM skrivaren sin Knut Hvitsten som laget hadde saman med Hordaland Ungdomslag. Dette var eit stort tap,og førde nok til at kritikken mot styret i VM vart sterkare etter 1967 enn fyrr. Knut Hvitsten var ein garantist for at VM dreiv aktivt og praktisk målarbeid. Han kunde driva på fulltid. Etter at Hvitsten gjekk av,laut Arnfinn Haga fylla mange av dei same funksjonane som skrivaren hadde. Haga hadde fullt upp av undervisningsarbeid som lektor i Os, og presset på han må ha vore stort meir enn ein gong. Fraksjonsstriden gjorde ingenting lettare.