Rettskrivingsstræv i utlandet og her

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Litt um rettskrivingsspursmålet i Sverike.

I.

I Sverike hev dei gong på gong i dei siste 50-60 år havt rettskrivings-ordskifte. Etter det norderlendske rettskrivingsmøtet i Stockholm 1869 gav A. I. Hazelius ut ei skrift i 1870/71 «Om svensk rättstafning». Sidan var det ordskifte i 1870-80 åri. I 1886 gav «Nystavningssällskapet» ut eit heller uferdigt, hardhendt framlegg til ny rettskriving. Framlegget vart siege reint ned ved kritikken frå språkmannen E. H. W. Tegner, som elles sjølv var nystavar. Som eit resultat av ordskifti og agitasjonen gjenom fleire ti-år kom det offisielle rettskrivingsbrigdet i 1906. Ekklesiastik-ministeren i Staaffs ministerium, den kjende skulemannen og politikaren Fridtjuv Berg, fekk fram dette brigdet. Ved vedtaket i 1906 brigda dei skrivemåtar som lif, lefva til liv, leva; hv til v so at t. d. hvar, hvad, </i>hvit</i> vart var, vad, vit; dt til t(t) i adjektiv og verb med d i stomnen, so det vart gott, brett, ont, fött, vänt (av god, bred, ond, föda, vända); dt til t i partisipium av linne verb, so partisipium vart likt supinum. Fyrr hadde dei skilt millom partisipium («bordet er måladt») og supinum («han har målat bordet»). Desse brigdi hadde studnad den gongen hjå nærsagt alle svenske filologar. Like fullt vart det store debattar ikring denne rettskrivings-resolusjonen.

Nystavarane tenkte seg at den Fridtjuv Berg'ske resolusjonen skulde vera berre eit stig i eit stort reformprogram. I det siste hev røynleg røyster lyft seg frå sume kantar for nye rettskrivings-brigde, og der hev vore ymist prinsipielt ordskifte att um rettskriving og um det teoretiske og praktiske grunnlaget for brigde.

Måltilhøvi i Sverike og her er ulike, og målproblemi òg vert difor ulike. Like vel kann ordskifti i grannelandet vårt, og i det heile det som gjeng fyre seg i rettskrivingssaki der, ha ikkje so lite å læra oss. Dei beste innleggi som hev kome der byggjer på stor sakkunne og mykje prinsipiell tenkjing, kva side dei so kjem ifrå. Ein er t. d. fri der all samanroting av «rättstavnings»-brigde (etter vårt målbruk «rettskrivings»-brigde) og so brigde i sjølve målet; ei samanroting som endefram hev vore det vanlege i målordskiftet her til lands dette siste året, og som jamvel medlemer av den departementale rettskrivingsnemndi gjer seg skuldig i. Ein merkar dessutan i innlegg frå båe sidor ei sterk nasjonal samkjensle, lyt me kalla det, i denne saki. Ei greid vedgåing av at riksmålet er heile folket si eige, og at difor alle hev rettkomi interesse i det, og rett til å få sagt si meining og til å ha innverknad på avgjerdene. «Man bör vid reformerandet av språket gå fram med en viss forsiktighet ... av hänsyn till frågans invecklade natur och oenigheten bland reformvännerna om en radikal reforms läggning». «lcke endast språkmannen och läraren med sitt intresse av konsekvens må ha sitt ord med i laget utan även det praktiska livets folk, även om de måste bli en bromsande makt med sina ekonomiska och andra legitima synpunkter» (nystavaren Ture Nerman i den svenske Riksdagen, april 1931). Både nystavarar og gamalstavarar er samde um at fyrr det vert teke avgjerder, skal kvart punkt vera teoretisk klårt, - vel gjenomtenkt og gjenomgranska. Vedtak i blinde eller på uklåre og ringt gjenomarbeidde præmissor vil ingen ha.

Me hev ikkje høve her til å gjeva noko rettelegt upprit frå ordskiftet um rettskrivingssaki i Sverike dei siste åri. Det fremste innlegget frå nystavarsida er kome frå den yver 80 år gamle nystavarkjempa professor J. A. Lundell. Frå hi sida er kome viktuge innlegg frå mål-professorane Bengt Hesselman (alt i 1919. Ei språkhistorisk umdøming um brigdi i 1906) og Herman Geijer, og frå dei kjende skule- og språkmennene Hilding Celander og Gideon Danell.<a href="#2a"> ¹</a>

Men me skal fortelja litt um det viktugaste utforma framlegget som er kome, eit framlegg i 1934 frå ei nemnd tilsett av lærarsamskipnadene for folkeskulen. Nemndi kallast «Folkskollärarkårens Skriftspråkskommitté». Samstundes vil me gjera nokre jamføringar med det framlegg som kom i januar 1936 her hjå oss frå den departementale rettskrivingsnemndi.

<a name="2a"></a>¹ J. A. Lundell: Svensk rättskrivning. Principutredning. 1934. Bengt Hesselman:

Ortografiska reformer i språkhistorisk belysning. (Språk och Stil 1919). Herman Geijer: Skriftspråksnormer och talspråksnormer. 1934. Helding Celander: Reform av stavningen - eller av stavningsundervisningen. 1934. Gideon Danell: Till frågan om en skriftspråksreform. 1935. - Av andre skrifter frå dei siste 10-15 åri kann nemnast: Helge Haage: Ortografiens psykologiska och pedagogiska problem (doktoravhandling). 1920. N. Lundborg: Reformerad stavning. 1926. Carita Hassler-Göransson: Det primära ordfårrådet

och rättstavningsundervisningen. 1930.

II.

Framlegget frå Folkskollärarkårens Skriftspråkskommitté i 1934 er ikkje det fyrste som hev kome. Riksdagsmannen Hage sette fram motionar i riksdagen i 1919, 1920 og 1926 um at riksdagen skulde få riksstyret til å arbeida ut «ett enhetligt förslag till en reformerad praktisk och lättlärd stavning». Men han fekk mindre medhelde for kvar gong. I 1919 fekk han fleirtal i andre kammer, medan saki fall i fyrste kammer; i 1920 fekk han berre vedkomande riksdagsnemnd med seg, men ikkje noko av kamri; i 1926 kom nemndi med ei umhugsam utgreiding, og då gjekk jamvel ho imot framlegget. I fyrevegen hadde ho heimta inn umsegner frå Det Svenske Akademiet, frå «skolöverstyrelsen» og professorane i norderlendske mål og svensk mål i Uppsala, Lund og Göteborg. Alle desse rådde ifrå sterke inngrip i stavingi. Riksdagsmannen Ture Nerman kom med ein rettskrivings-interpellasjon i april 1931, då dei hadde «kvartsekelminne» um stavingsresolusjonen til Fridtjuv Berg. Nerman vilde ha stroke dei stumme bokstavane d, g, h i sambandi dj, gj, hj. Men ekklesiastik-ministeren då, statsråd Stadener, svara heller avvisande. M. a. peika han på at dei målvitskaplege fagmennene ikkje lenger ålment såg like eins på spursmålet som i 1906. «Kring 1906 års reform slöt språkforskarna upp med en ganska enhetlig front. Man kan icke med någon som hälst säkerhet förvänta en motsvarande anslutning nu från deras sida. Språkmännen ha blivit betänksamma». Nokre lærarar i den høgre skulen sende inn til ekklesiastik-ministeren ein søknad um rettskrivingsbrigde våren 1933. Ikkje den søknaden heller synest ha vorte serleg åtgådd.

Fyrsta ved framlegget frå målsmenn for folkeskulen i mars 1934 er det at rettskrivingssaki røynleg hev vorte «aktualiserad». Det framlegget sette i gang ordskifte i bladi og kalla fram ei rad med innlegg frå målgranskarar. Ein lyt fulla rekna framlegget for eit fyrebils utkast, som er tenkt til diskusjonsgrunnlag. Skriftspråkskommittén skreiv sjølv at han ynskte det fyrst skulde dryftast av dei lærarsamskipnader som var repræsentera i kommittéen, - styret for Sveriges allmänna folkskollärarförening sende det ut til krinsane sine til umsegn alt i april 1934. Og so skulde kommittéen få det att og søkja samarbeid - og fulla samråd - med «andra för frågan intresserade», det vil segja med «andra lärarorganisationer, språkvetenskapsmän, författare, tidningsmän» m. fl. Det kann då vel henda at det framlegget som til slutt vert sendt inn til ekklesiastik-ministeren kjem til å sjå ein god mun onnorleis ut enn det som no er framlagt. Men fyrebils er det denne utgreidingi frå 1934 som ein lyt halda seg til.

III.

Framlegget frå Skriftspråkskommittéen gjeng ut på dette:

Det må verta tillate å bruka eintalsformer av verbet i staden for fleirtal («vi fick» i staden for «vi fingo»), og å nytta talemålsformene la, sa, ska, säja; mej, dej, sej i staden for skriftmålsformene lade, sade, skall, säga; mig, dig, sig.

Det må verta påbode at dei «obehövliga» teikni c, x, z skal gå ut, og likeins stum d, g, h, l (jup, jort, jälpa, juga for djup, gjort, hjälpa, ljuga); at j-joden jamt skal skrivast med j (t. d. jöra, jök, varj for göra, gök, varg), sj-ljoden jamt med sj (t. d. sjuta, männisjor for skjuta, människor) og ng-ljoden jamt med ng so nær som fyre k (t. d. angn, dyngn, rengna, vangn for agn, dygn, regna, vagn). Dessutan skal serskilt skrivemåten for å- og ä-ljod og for dubbelkonsonant regulerast noko so ein kann få burt «befintliga oegentligheter och inkonsekvenser». Og det skal verta «en fortsatt försvenskning av stavningen i låneord».


I fleire leider er det ulikskap millom det svenske nystavarframlegget og so framlegget som den norske departementale nemndi hev gjeve um brigde i nynorsken (norskdansken skal me ikkje tala um her). Ulikskap som ikkje kjem av at det er tvo mål her hjå oss og berre eitt i Sverike; men av ulik tenkjemåte og arbeidsmåte hjå dei tvo nemndene.

For det fyrste kann me merka oss at den svenske nemndi, som vanleg i svenske innlegg, skil sers klårt og greidt millom stavingsbrigde (etter vårt målbruk rettskrivingsbrigde) og so brigde i sjølve målet, — brigde i ordformer og bøygjingsformer. Det gjer ho både i grunngjevingi og i konklusjonen. Framlegget gjeld i det aller meste stavingsbrigde. Av målbrigde tek nemndi med berre dei tvo punkti at eintalsform av verbet skal kunna koma i staden for fleirtalsform, og talemålsformi av 7 einskilde ord i staden for dei gamle skriftmålsformene. Nemndi gjer her den viktuge prinsipielle skilnaden, at medan ho krev so strenge påbod som råd er um stavingi, ynskjer ho at dei nye ord- og bøygjingsformene berre skal vera tillatne. Dei gamle ord- og bøygjingsformer skal ikkje vera forbodne. Det er mykje um å gjera for nemndi å få fram dette, so ho strikar under det gong på gong. Ho skriv: «Under den senaste diskussionen har framförts även frågan om begagnande i skrift av det nutida talspråkets (rikstalspråkets) ordformer. Givetvis kan det beträffande dessas användning i skriftligt bruk i skolorna endast bli fråga om et medgivande, inte om ett åläggande, såsom när det gäller stavingen» (nemndi hev gjort understrikingane). Ein annan stad: «Ingen forcering! Ingen förföljelse av äldre former! Inget konsekvensmakeri!» Og atter ein tridje stad: «Något åläggande [um å nytta skreiv å-ljoden med å alle stader (so nær som i nokre serlege ord). Osb. Og ikkje berre det. Ved kvart einaste ord i alle desse listone er det sett til kor ofte det kjem att i dei gjenomgjengne dei nye formene] bör däremot naturligtvis inte ifrågakomma, enär sådant skulle betyda förföljelse mot äldre språkformer».

Me lyt merka oss, at dei gamle formene som nemndi vil fara so fint fram imot, er former som no hev gjenge radt ut or bruk i den daglege tala i svensk riksmål.<a href="#3a"> ¹</a> I daglegtala gjeld berre dei nye formene. Når nystavarane like vel syner slik pietet og varsemd andsynes dei eldre skriftformene, kjem det sjølvsagt noko av taktiske umsyn: utan ei sovori varsemd vilde det ingi von vera um å få noko igjenom. Men det taktiske umsynet er ikkje alt, det ser me av at når det gjeld reine stavingsbrigde, krev nenmdi strenge påbod. Ein hovudgrunn for nystavarane attåt det taktiske er at dei òg i Sverike hev ein sans for det tradisjonelle; ei sterk kjensle av at det sams riksmålet er elt upparbeidt kulturgode; eller som Ture Nerman sagde i interpellasjonen sin: «Riksspråket är ett stort kulturellt historiskt förvärv». Difor skal ein fara fram med vyrdnad og varsemd når det gjeld sjølve uppbygnaden åt dette målet.

Framlegget um nynorsken frå den norske departementsnemndi held, i motsetning til den svenske nernndi, ikkje stavingsbrigde og målbrigde greidt i ser. Tvertimot rotar ho fælt mykje saman. Der er den skilnaden òg at den norske nemndi krev sers mange målbrigde, - brigde i ord- og bøygjingsformer. Fleire av desse brigdi gjeld hovudformer i målet. Den norske nemndi skil seg dertil frå den svenske i det at ho vil ha dei nye ord- og bøygjingsformene påbodne, og soleis vil ha forbod mot dei tradisjonelle skriftformer (t. d. mot i-formi, fleirtalsbøygjingi visor, vikor, hokynsbøygjing i adjektiv, notidformene slær, bakar, smakar, osb.). Dette forbodet, eller etter svensk målbruk: denne «förföljelse» mot eldre målformer er ei hovudsak for det norske framlegget. Skilnaden i tenkjemåte hjå den norske og den svenske nemndi kjem endå greidare fram når me hugsar på at dei målformene som skal forbjodast her hjå oss, dei er slett ikkje gjengne ut or det daglege talemålet, liksom t. d. fleirtalsformene av verb i Sverike. Alle dei ord- og bøygjingsformer som den norske nemndi vil «förfölja», liver framleides i det talemål som er grunnlag for nynorsk skriftmål, det er i norske bygde- og bymål.

Dei fleste av formene hev etter sin type eit bra breidt grunnlag i dette talemålet, sume er nok fleirtalsformer.

Det er tydelegt at for den norske nemndi hev ikkje taktiske umsyn spela inn når det galdt nynorsken. Ho hev lite på at alliansen millom dei samnorske og gruppor av bokmålsfolket vilde vera sterk nok til å slå ned mogeleg opposisjon frå nynorsk side. Den norske nemndi hev ikkje heller havt den sans som den svenske for at det tradisjonelle hev sin rett i eit skriftmål. Ho hev i minsto ikkje havt den sansen når det gjeld nynorsk; av den grunn hev ho jamvel kome i strid med mandatet sitt. Når det gjeld norskdansken er det noko onnorleis. Og ho hev ikkje havt syn for, at for nynorsken, eit stridande mål, er det tvifelt um å gjera å taka vare på den prestisje han hev vunne; og difor må ein ikkje skipla i utrengsmål den målformi som folk eingong hev fenge age for, av di dei tykkjer ho er vyrdeleg og vakker, og greid å bruka.

<a name="3a"></a>¹ Det svenske skriftmålet tek berre umsyn til riksmålstala, ikkje til bygdemåli.

IV.

Ein annan ting som me legg merke til ved det svenske framlegget er kor fyre seg gjort det er, etter det me er vane til. Den svenske nemndi hev teke seg fyre å gå igjenom tekster på til saman 100.000 ord, or 10 bøker, til å få ei statistisk yversyn yver kva fylgjor kvart einskilt brigde vil få. Nemndi hev notera upp kvart einaste ord frå desse tekstene som det vert brigde i, og hev sett upp listor yver deim. Soleis hev ho ei liste yver 267 ord som vert brigda når stumme teikn (d, g, h, l) vert strokne; ei liste på 364 ord som fær ny skrivemåte når g vert retta til j; ei på 364 ord som vert onnorleis når dei skifter ut dei «obehövliga» teikni c, x, z, og ch i och; ei på 479 ord som vert råka når sj-ljoden jamt vert skriven sj; ei på 1260 ord som vilde få annan skrivemåte um dei skreiv å-ljoden med å alle stader (so nær som i nokre serlege ord). Osb. Og ikkje berre det. Ved kvart einaste ord i alle desse listone er det sett til kor ofte det kjem att i dei gjenomgjengne tekstene, so mykje ein skal få dess betre greide på kor stor verknaden på det samla skriftbilætet vert. Og det er sett upp for kvar liste kor mange nye homografar (eins-skrivne ord) ein fær, kor mange ord pr. 1000 som brigdet råkar, og kor mange fleire eller færre bokstavar ein kjem til å bruka på 1000 ord. Forutan dette hev nemndi sjølvsagt gjort seg kjend meir ålment med skrivebruket i litteraturen og pressa, og hev underhand diskutera spursmåli med «språkmän och andra intresserade personer». Og ho hev freista få yversyn yver «frågans aktuella läge i olika länder». Nystavarane i Sverike er, som me hev nemnt, heilt med på at inkje brigde skal gjerast i blinde eller på ringt klårlagde præmissor.

Eit par av dei målgranskarar som hev skrive um framlegget, hev lasta nemndi for at ho like vel hev teke det for lettvint. Statistikken hennar måtte ha bygt på eit større og meir allsidugt tekstmateriale, dersom han skulde ha gjeve fullgod rettleiding, segjer dei. Dette er visst rett. Men like fullt, um me jamfører med den svenske tilrådingi som ho er, lyt me segja at tilrådingi frå den norske departementsnemndi ryk, reint hjelpelaust. Den norske tilrådingi tek seg i mykje ut som eit uferdigt utkast, ein kladd, jamførd med det svenske framlegget. Ho hev ikkje nokre tilsvarande ordlistor. Det er uråd å få yversyn av henne yver verknaden av framleggi. Nemndi sjølv hev ikkje havt slik yversyn. Nemndi hev sett upp nye reglar på grunnlag av nokre ord som ho hev kome på meir på slump, og som er sams for nynorsk og norskdansk. Og so hev ho kravt i blinde at reglar uppsette på eit slikt grunnlag skal gjelda for alle ord innan kategorien. Dette kravet set ho fram i kvass form aller fyrst i tilrådingi: «Vi må avgjort kreve at i de nye ordlistene som skal utarbeides, må ord som hører til samme kategori som de vi har gjort vedtak om, slå følge med typeordene». Det er i sanning eit langt stig her frå den svenske til den norske tilrådingi. Fylgja av arbeidsmåten som den norske nemndi hev bruka for nynorsken, er at fleire vedtak som ho hev gjort — blind-vedtak — vil føra til store vanskar når dei skal setjast i verk, stundom til meiningsløysor. Sume reglar er det umogelegt å setja i verk soleis som nemndi krev. Her fær då ordlistemakarar som stig fram, ei mark der dei kann, og lyt, putla med det nynorske skriftmålet etter som dei hev hjarta til.

Anten ein so ynskjer målbrigde eller ei, må ein tykkja leidt um at den norske nemndi ikkje hev valt ein arbeidsmåte som liktest noko attpå den traustare svenske måten. Då vilde folk her no ha visst betre kva dei ordskiftest um.

V.

Attåt dei statistiske etterrøkjingane um verknaden som dei tilrådde brigdi vil ha på skriftbilætet, hev ein av medlemene i Skriftspråkskommittéen gjort serlege granskingar um kva for nokre ord som i det heile er vanlegast i svensk skriftmål. «Under sysslandet med rättstavningsproblemet blev det snart klart för förf., at det var av största vikt att utreda denne fråga», skriv denne medlemen, fil. lic. Carita Hassler-Göransson. Ho hev fyrst gjenge igjenom tekststykke med til saman 10.000 laupande ord, or 4 ulike bøker, og hev skipa alle ord som fanst i desse tekststykki alfabetisk, og notera etter kvart einaste kor mange gonger det fanst. Deretter hev ho gjenge igjenom på same måten eit større materiale på til 100.000 laupande ord (124 privatbrev og 127 stilar frå 151 læresveinar ved lærarskulen i Skara). På grunnlag av desse tvo statistikkane hev ho so sett upp tri listor: ei med 92 ord — dei som er aller mest tidgjengde, ei med dei 573 ordi som kjem deretter, og ei med dei 335 deretter att, — til saman 1000 glosor. Av desse listone fær me ei framifrå yversyn yver kva for nokre ord rettskrivings-upplæringi i dei svenske skulane fyrst og fremst fær å gjera med. Det er greidt at dette er godt å vita for den som tenkjer på å regulera anten rettskrivingi eller målet. Det er reint utrulegt kor stor rolle ein etter måten liten krins med ord spelar. Dei 100 mest tidgjengde glosone kjem att so ofte at dei til saman utgjer ikring helvti av den laupande ordmengdi. Dei 1000 mest tidgjengde utgjer burtimot tri fjordepartar (72.515 av 100.000 laupande ord). Utgreidingi åt Carita Hassler-Göransson er ikkje innteki i «utredningen» frå sjølve Skriftspråkskommittéen. Men ho er utgjevi serskilt.<a href="#4a"> ¹</a>

Ingen av medlemene i den norske nemndi hev sysla med sovore. Det lyt no so vera. Men dersom nemndi hadde gjort nokre slike granskingar, eller ho berre hadde gjort seg kjend med dei svenske resultati, vilde ho t. d. ha lagt merke til at det ovleg veikt grunngjevne brigdet: kunde, skulde, vildekunne, skulle, ville, er eit sers viktugt inngrip i skriftmålet. Fortidformene kunde og skulde høyrer båe med millom dei 92 ordi som er aller mest bruka, og fortidformi vilde kjem langt upp millom dei næste 100. Kann henda vilde nemndi då ha gjort nokre røynlege etterrøkjingar um desse tri ordi både i målføri og i bokheimen, og granska dei vokster-tendensar i målet som ordet kunde gjev so godt døme på. Og kann henda ho då hadde late vera å freista reformera. Det so mykje meir som denne «reformen» strider beint imot mandatet åt nemndi. (Ho skulde ikkje gjera brigde der som det alt var einskap millom måli, jfr. riksråd Liestøls ord i Stortinget 29. mai 1934. Stort. tid. 1934, s. 1823).

<a name="4a"></a>¹ Carita Hassler Göransson: Det primära ordförrådet och rättstavningsundervisningen. Linköping 1932.

VI.

Ei grunnsetning i framlegget frå den svenske lærar-nemndi er at umbøtene skal gjera den «godtyckliga» ortografien som er no i svensk meir konsekvent, og dermed meir lettlærd. Dette understrikar nemndi både i præmissone og i konklusjonen.

Den norske nemndi gjeng her òg ein annan veg. Den nynorske ortografien er mykje meir velskipa og fylgjestreng enn rettskrivingi i andre norderlendske mål og gamle skriftmål i det heile. For den nynorske rettskrivingi er frå fyrste stund uppsett etter ein plan, av ein mann med suveræn sakkunnskap, medan rettskrivingi i dei gamle skriftmål hev laga seg meir på slump noko med kvart. Den departementale nemndi hjå oss skifter på mange punkt ut konsekvens med inkonsekvens i nynorsk (t. d. når det gjeld skrivemåten av vokalane i, e, æ, o, å, y, ø, skrivemåten av rd m. m.). Ho ræsonnerar som so, at fullkomeleg fylgjestreng er ikkje nynorsken heller, og då er der ikkje noko «prinsipielt» i vegen for å auka talet på inkonsekvensar (etter mynster frå norskdansk). Nemndi er her sterkt i strid med grunnsetningane for moderne rettskrivingsstræv i grannelandet vårt mot aust. Ho hev oftast ikkje nytta det høvet som desse grunnsetningane vilde ha bode til å få bøtt ein grand på den syrgjeleg vanskipa norskdanske ortografien, med å lata bokmålet retta seg etter fylgjerett nynorsk skrivemåte. Med dette kjem ho i strid òg med det punktet i mandatet som segjer at der skal byggjast på breidt folkemålsgrunnlag.

VII.

Ein detalj er skrivemåten av framandord. Den svenske lærar-nemndi hev sovore framlegg: «Kommittén förordar en fortsatt försvenskning av stavningen i låneord, som beträffande uttal och böjning blivit helt försvenskade».

Her med gjeng den norske nemndi deilvis den motsette vegen, med di ho t. d. brigdar sentimeter, sentral, sigar i nynorsk til centimeter, central, cigar. Den grunnsetning som dei fyrr offisielt hev freista setja meir og meir i verk i nynorsk, er derimot i samsvar med det moderne svenske reformstrævet. Det er ikkje godt å vita kva som er det rettaste. Men eg trur at her måtte røynleg vera eit punkt der me naturleg og med framgang kunde freista på norderlendsk samarbeid. Det skulde vera uturvande at dei einskilde Norderlandi driv og fiktar i kvar si leid i so reint praktisk ei sak som skrivemåten av framande ord. Sakkunnige frå dei ymse land måtte kunna rådslå, um det var råd å einast um sams hovudlinor for desse ordi. Til dess det hev vorte utrøynt um dette let seg gjera, torde det vel vera best å ikkje gå til nokor storregulering i noko av landi. Det kunde leggja vanskar i vegen for semje seinare. Slett ikkje bør ein, trur eg, i vanlege ord taka stig attende frå nasjonale til mindre nasjonale skrivemåtar, for det synest vera imot det ålmenne straumdraget; jfr. det svenske framlegget, jfr. òg dansken O. Jespersens ord: «Der er meget der taler for standpunktet: «jo danskere des bedre))» (Tanker og studier. 1932, s. 100). Og ikkje skal ein fara med tatl og brigda skrivemåtar fram og attende, som i nynorsk: centimeter — sentimeter um — no etter nemndframlegget atter centimeter — um ei tid venteleg etter det ålmenne straumdraget på nytt sentimeter!

Den svenske nemndi meiner at når stavings-umboti skal setjast i verk, bør det vera ei yvergangstid. Det bør gå tvo år frå stavingsvedtaket vert gjort, til det tek til å gjelda. So bør nystavingi førast inn i fyrsteklassa av skulane og fylgja ungdomen uppetter gjenom 13 år (einskapsskulen). Og deretter, 15 år etter vedtaket er gjort, bør nystavingi innførast i det offentlege styringsverket. Med at ein gjeng fram so lempeleg og stig-vis — meiner nemndi — «torde övergångens ofrånkomliga svårigheter ha mildrats». Hjå oss er nystavarane ein god mun bråare. Um eit målbrigde vart vedteke yver nyår 1937, skulde vedtaket etter det som hev vore nemnt, setjast i verk i skular og styringsverk vel eit år seinare (frå skuleåret 1938 av); det vil segja, so snart som det er teknisk mogelegt å få laga til og prenta dei turvelegaste ordlistor og skulebøker i den nye målformi.

VIII.

Grunngjevingi som Skriftspråkskommittéen brukar, er at ein må få ei so ljodrett rettskriving (etter riksmålstala) som mogelegt. Ei sovori fonetisk skriftmåls-umbot vil vera til det største gagn for skulen, segjer nemndi. Umboti vil vera ei demokratisk vinning, ho vil hjelpa til å få burt eit sosialt skil-strik millom «dana» som kann skriva ortografisk, og «udana» som ikkje kann. Og ho vil verta ei økonomisk vinning. Di meir fonetisk skrifti vert i alle måtar, di fullkomnare vert ho, for skriftmålet er einast eit sekundært mål, einast eit teikn for tala, som er «det verkliga språket», — meiner nemndi.

Grunngjevingi er i si hovudleid mykje lik grunngjevingane åt den norske departementsnemndi, — når ein ser burt ifrå at den norske nemndi er so inkonsekvent og ustød, og at ho dessutan skal arbeida for å slå isaman tvo mål.

Forvitnelegt er det då å leggja merke til, at nettupp den prinsipielle grunngjevingi åt Skriftspråkskommittéen hev møtt serskilt hard motburd frå dei sakkunnige. Den eine svenske språkmannen etter den andre hev hævda at nemndi ligg etter si tid med argumentasjonen sin. Med den auka innsyn me no hev, skriv dei, i livsvilkåri for både talemål og skriftmål, og i tilhøvet millom deim, kann ikkje dei gamle nystavarteoriane frå 1880—90-åri haldast uppe.

Professor Bengt Hesselman hadde alt tidlegare, i skrifti si 1919 um rettskrivingsbrigdet frå 1906, brote skarpt med den einsidugt fonetiske synsmåten. Det fonetiske dogmet hadde vore til hinder i 1906 for å få klårlagt spursmåli sakleg, skreiv han. Og brigdet då hadde ført med seg nye, uventa kategoriar av skrivefeilar, so den pædagogiske vinningi ikkje vart so stor som voni hadde vore. Det hadde ført med seg samanfall i skrift jamvel av ord som i røyndi er skilde i tala. Brigdet godt, ondt, födt til gott, ont, fött førde inn i endeframt bakstræv. Det stod i strid med ein av dei sterkaste tendensar alt frå fyrste tid både i svensk og i nærskylde skriftsystem: «att låta ett ords stamform städse återvända i samma skriftform, oavsett vilken ställning den intar». Hesselman vona at dette «missgreppet», «framgånget ur överdrivet fonetiskt nit och i grunden reaktionärt till hela sin natur, snart måtte tilhöra det förgångna».

Likso skarpt vender no professor Herman Geijer seg mot den hardkoka fonetiske synsmaten i den kritikk som han skreiv 1934 imot framlegget frå Skriftspråkskommittéen. Kommittéen grunngjev reformkravet sitt, segjer han, med at det er so vanskelegt no for skulane. Like vel vågar ikkje nemndi seg når det ber til stykket retteleg laus på dei røynleg vanskelege punkti: å-ljoden, ä-ljoden, skrivemåten for dubbelkonsonant. Ho nøgjer seg med andre brigde, som det slett ikkje kann gjevast so sterk pædagogisk motivering for. Det vil segja: I røyndi er det av teoretiske og ikkje av praktiske grunnar ho vil reformera. Men teorien hennar er både gamaldags og rang. Notidi veit meir um den historiske framvokstren åt både skrifttradisjon og talemålstradisjon enn dei gamle nystavarane. Og ho veit meir um det psykologiske ved lesing, skriving, høyring og tale. Røynsla syner at skriftmålet i stigande mun fær innverknad på talemålet. Skriftmålet hev i røyndi gjenom lengre tid vore den sterkaste faktoren i språklivet. Då er dette skriftmålet ein realitet i seg sjølv, og det er ikkje som dei gamle nystavarane og nemndi lærer berre eit sekundært mål, og talemålet er ikkje det einaste «verkliga språket». Skriftmålet bør vyrdslast etter sine eigne lover, og då lyt ein koma i hug at det etter si natur strævar etter fastleik. Me lyt òg leggja merke til at notidlesarar som er komne yver det fyrste nybyrjar-stiget, les heile ordbilætet under eitt, og fester seg ikkje serskilt ved dei einskilde bokstavane. Skrifti nærmar seg til ordskrift for oss. Då er det um å gjera at ordbilæti er faste, for med det vert dei lettare å kjenna att, og jamvel stumme teikn kann då gjera sers god nytte. Ordskilnadsgrunnsetningi lyt òg ha sin rett.

Ein må dessutan ikkje tenkja seg at skilnaden millom slike som kann skriva og slike som ikkje kann, kverv for di um ein reformerar stavemåten etter ein ny teori.

Rektor Hilding Celander skriv på liknande vis (1934): «Denna teori, att skriftens normerande uppgift är att återge det bildade uttalets ijud, var tämligen allmänt härskande bland språkforskarna på 1880—90-talet. Men numera är den långt ifrån obestridd, när det gäller ett gammalt kulturspråks skriftdräkt. I stället för att för 30—40 år sedan de fonetiska synspunkterna dominerade inom språkforskningen, har man nu mer och mer vänt sin uppmärksamhet mot de psykologiska faktorer, som är verksamma inom språklivet, i dess nutidsliv som i dess historiska utveckling». «Ordbildernas fasthet är ... den viktigaste förutsättningen, för att skriften skall kunna fylla sin praktiska uppgift. Detta språkpsykologiska betraktelsesätt raserar själva grunden för de ortografiska reformkrav, som dogmatiskt bygger på ijudenlighetsprincipen». I staden for å reformera stavingi, skal dei reformera den gamaldagse og skeive stavingsupplæringi, segjer Celander. Rektor Celander er ein framståande reformpædagog.

Same grunnsyn held rektor Gideon Danell fram i 1935. Han peikar dessutan på at ein lyt taka umsyn til dei ymse slag stil, og då duger det ikkje å gå fram med ny-tillaga, stive tvangsreglar.

Studnad hev nok Skriftspråkskommittéen kunna henta frå professor Lundelis «Principutredning», som kom ut same året som framlegget frå nemndi. Men ikkje boki hans heller er berre til studnad. I dei konkrete framleggi sine gjeng han på fleire punkt imot nemndi. Han held t. d. på d i djup, for di d'en enno liver i svensk riksmålstale i Finnland. Og han set upp eit strengt krav til alle rettskrivingsbrigde: «Inga andra ändringar få göras än sådana, om vilkas karaktär av slut giltig lösning intet tvivel kan råda». Förändringar i stavsättet äro en så pass ömtålig sak, att i et land och bland ett folk, där alla kunna läsa och skriva, vi icke ha rätt att underkasta lojala medborgare det obehag, som ändringar i stavsättet i alle händelser vålla, genom upprepade förändringar i fråga om enstaka ljudbeteckningar». Slik tvil som den Lundell nemner, kann lett reisast mot fleire av framleggi frå nemndi. Lundell segjer òg: «Det svenska stavsättet får i alla händelser ej bestämmas ensamt av skolan. Det angår hela folket». Lundell stend dessutan heller isolera millom svenske filologar no, ein einsam attlivande repræsentant for sin ættled og for dei synsmåtar som den granskar-ættleden var uppglødd for. Fleirtalet millom svenske målgranskarar i dag luter nok meir eller mindre til dei same synsmåtar som Hesselman, Geijer, Celander og Danell hev målbore. Dei ser ikkje so som granskarane for 30 år sidan på uppgåva åt skriftmålet og tilhøvet millom tale og skrift.

Her hjå oss kallar denne umsvingen i syn innan so vide granskarkrinsar til ettertanke og varsemd, serskilt når det gjeld nynorsk. Når det gjeld norskdansk, kjem det serlege umsynet til at dette målet er unasjonalt — noko som rektor Celander òg peikar på —; brigde i det kann då forsvarast langt av nasjonale grunnar, jamvel um andre umsyn kunde tala heller sterkt imot. Men målsans og sakleg verdsetjing krevst i alle høve, so det ikkje vert knot.

— For ein som stend utanfor er det vanskelegt å døma um vonene for det svenske framlegget. Men det er fulla uvisst um det vert nokor ny rettskriving av i Sverike fyrebils. I alle høve torer ein rekna med, at so langt som framlegget frå Skriftspråkskomrnittéen gjeng, kjem ikkje eit mogelegt nytt rettskrivingsvedtak til å gå. Til det synest motstandet frå dei sakkunnige vera for sterkt, og meiningsskilnaden millom nystavarane sjølve for stor. Nystavarane i Sverike strider no helst på vikande front.


Rettskrivingsstræv i utlandet og her.

O. C. Lendle: Die Schreibung der germanischen

Sprachen und ihre Standardisierung. Levin &

Munksgaard. Kopenhagen 1935. 166 sidor.

I.

«Rettskriving» er eit emne som grannane våre i Danmark òg hev ein grand høve til å verta kjende med i våre dagar.

Danskane med hev havt litt ordskifte um stavingi i seinare tid. Um større brigde hev det likevel ikkje for ålvor vore tale der. Ein «Dansk Retskrivningsforening» vart rett nok skipa i 1917. Men det meste dei hev kunna driva det til, er eit ordskifte um store og småe fyrebokstavar i substantivi. For eit par år sidan sagde den radikale, sosialdemokratiske kyrkjeministeren, at kann henda fekk danskane gå yver til småe bokstavar ein gong men han vilde no tenkja på saki ei stund til. Seinare er ministeren avliden. Truleg yverliver dei store fyrebokstavane fleire danske kyrkjeministrar. Dei fleste danskar hev tydeleg ikkje nokor interesse av å fingra med skriftmålet sitt. Derimot er dei dugande til å skriva det.

Spursmålet um store og småe bokstavar er no òg ei reint uviktig sak, språkleg sét. Det er lite å laga ståk um, anten for eller imot. Difor var det òg so radt misvisande når sume norske blad i 1934 jamførde dette vetle danske kivs-emnet med den målbrigdesaki som vart reist her i landet det året.

II.

I fjor gav språkmannen O. C. Lendle ut i Kjøbenhavn ei heil stor bok (på tysk) um rettskrivingsspursmålet: «Rettskrivingi i dei germanske mål og standardiseringi av henne». Etter som boki er utgjevi i Danmark, hev vel bokskrivaren ynskt å gjera rettskrivingssaki aktuell for ålvor der nede. Det fyremålet når han snaudt. Men denne boki hev interesse like vel, ogso utanfor del danske grensone, — noko bokskrivaren òg hev ynskt at ho skulde ha.

Ho hev ei serskild interesse her hjå oss. For ho gjev eit framifrå høve til å jamføra det målbrigdeframlegget som er framkome hjå oss med moderne nystavarstræv andre stader.

Ei sovori jamføring kann vera nyttig. For boki til O. C. Lendle er eit kunnigt og ålvorlegt arbeid, og eit verk med vid synsring. Lendle tek upp til breid prinsipiell dryfting dei mange spursmål som knyter seg til normering og brigde av eit skriftmål, og han tek under dette umsyn ikkje berre til dansk, men til alle del 8 germanske måli som han tykkjer er viktugast (engelsk, tysk, nederlandsk, sudafrikansk, svensk, dansk, «norsk riksmal», og «norsk landsmål»). Dinæst greider han ut um den ortografiske stoda i alle desse måli, og um ymse brigde som han meiner trengst i kvart av deim. Skal ein fyrst reformera, bør ein sjå litt etter kva andre folk òg gjer, meiner han, og freista få meir innbyrdes einskap i det ortografiske millom del germanske måli. Difor tek han emnet so vidt.

Boki hans er eit viktugt tilskot til det prinsipielle ordskiftet um rettskrivingsspursmålet. Ho kjem nok til å verta nemnd ofte i fleire land under ordskifte um ortografi i åri frametter.

Me vil draga fram her nokre av synspunkti i boki, og gjera jamføringar med framlegget frå den norske nemndi.

III.

Dei ålmenne grunnsetningar som O. C. Lendle meiner at god ortografi bør byggja på, er desse:

1. Grunnsetningi um ljodrett skrivemåte: ein skal skriva so nøgje som råd er etter uttala, d. v. s. uttala i riksmålet. (Målføri skyt dei som vil skriva ljodrett til sides). — Denne grunnsetningi hev den norske departementsnemndi tydeleg ynskt å taka umsyn til i nynorsk (serskilt når det høyde med talemålet i Sudaust-Noreg plus bokmåls-uttala). Men nemndi gjeng fram so regellaust og slumpesamt, at ho nyttar ikkje det fonetiske prinsipp slik som Lendle meiner.

2. «Ordstomn-grunnsetningi». Det vil segja grunnsetningi um at stomnen i eit ord jamt skal koma att i same skriftform, både i bøygiing, avleiding og samansetning, — jamvel um det strider imot uttala. Døme: Når ein skriv nord, skal ein skriva nordre òg (ikkje «nore»); når ein skriv god, skal ein òg skriva godt; skriv ein: «hev drope» og droplut, bør det vera: «ein drope» (ikkje «dråpe»); skriv ein skilja, skilnad, skilsmål, bør det heita: eit skil (ikkje «skjel»); og skriv ein bøygde, bør det òg vera bøygt, bøygja (ikkje «bøykt», «bøya»). Dette er same grunnsetningi som kallast «samhörighetslagen» i svensk rettskrivingslitteratur. Me kunde kalla det «samanhengslovi», for det er samanhengen i målet som kjem fram ved sovoren skrivemåte, og «samanhengslovi» er i røyndi ikkje noko anna enn ein lut av det etymologiske prinsipp (ikkje heile det prinsippet). Det er greidt, at denne grunnsetningi avgrensar det ålmenne kravet um ljodrett skrivemåte (grunnsetning 1) sterkt, — vel å merka etter ein logisk og lettskynleg regel, ikkje sjølvtykkjeleg. So mykje meir forvitnelegt er det å sjå at både gamalstavarar og framståande nystavarar er samde um å leggja mykje vekt på dette prinsippet. Professor Bengt Hesselman i Uppsala, som er streng gamalstavar, skriv at strævet etter «samhörighet» millom dei ulike bøygjingsformer og samansetningsformer av same ord er «en av de röda trådarna i vårt skriftsystems historia allt ifrån dess primitiva begynnelser». Andre svenske gamalstavarar som professor Herman Gejer og rektorane Hilding Celander og Gideon Danell hev sett fram liknande meiningar. O. C. Lendle, som er so stor nysttavar, segjer at samanhengslovi hev eit hovud-verde for ortografien i alle mål («ist von wesentlicher Bedeutung»). Det er ei viktug grunnsetning for ein praktisk skrivemåte, segjer han ein annan stad. For: «Dei breide folkemassane, som fyrst og fremst skal ha lette av ein reform, dei er i dag likso ustøde i uttalereglane for morsmålet sitt [med det meiner Lendle riksmålet] som i ortografien. Fører ein no inn strengt ljodrett skrivemåte i alle bøygjingsformer, dreg det etter seg at eit ord lyt skrivast snart med hard, snart med linn konsonant i stomnen [her er tenkt serskilt på tysk], og det vert for mange ei æveleg feilkjelde. Dersom ein vil skapa ein røynleg lette, er det ikkje nok berre med grunnsetningi um ljodrett skriving. Skal Noreens<a href="#3b"> ¹</a> prinsipp verta til røyndom: Skriv med minst mogeleg umak for deg sjølv, soleis at lesaren skynar det med minst mogeleg umak, — so lyt skrivereglane vera so eintydige, lettskynlege og undantakslause som råd er, men det som vert skrive, lyt dertil kunna lesast so snøgt og utvitydigt som råd er. Til dette høyrer attåt prinsippet um ljodrett skriving og grunnsetningi um ubrigdeleg skrivemåte for ordstomnen. For det er lettare å skriva eit ord med dei same bokstavar jamt i alle sine former, enn å gjenomføra ein fullkomeleg ljodrett skrivemåte med stendigt skiftande bokstavar» (utmerkt her). Jamvel ein nystavar av den gamle skulen som professor J. A. Lundell i Sverike vil gjeva samanhengslovi eit visst rom: «Betydelsesammanhang väger tyngre än ijudlagar», skreiv han alt i 1906. — Samanhengslovi er ei hovudgrunnsetning i Ivar Asens ortografiske system òg, veit me. Den norske departementsnemndi derimot hev svært ofte ikkje teke umsyn til dette prinsippet, som fagmenn med so ulike målsyn godkjenner. Ho gjer framlegg um å resolusjonsfesta slike nye motsetningar som nord, men nore; droplut, men «ein dråpe»; vigde, vigt, men via, vier; sløgde, sløgt, men sløya, sløyer; kyrkja, bikkja (valfritt), men kyrke, bikke og kyrker, bikker, — og mangt og mykje anna, som er beint imot samanhengslovi, og som både gamalstavarar og kunnige nystavarar i andre land styggjest ved. Der kallar dei slikt for reaksjon.

3. Den tridje grunnsetningi som Lendle vil lata gjelda, er ordskilnads-grunnsetningi: ein skal skilja i skrift ord med ulik tyding, jamvel um dei lyder eins. Denne grunnsetningi vil bokskrivaren lata gjelda i nokon mun. Det er tilrådelegt, skriv han, å bruka ulik skrivemåte i dei tilfelle då det elles røynleg kann verta mistyding, eller jamvel um berre lesaren kann snåva i ordi. Dette synest vera ei rimeleg og praktisk avgrensing av ordskiinads-grunnsetningi. Ogso med denne avgrensingi fører grunnsetningi med seg at ein helst bør skilja tvo ord i skrift når det eine elles stend i fåre for å døy ut or skriftmålet. — Den norske departementsnemndi hev i regelen ikkje brytt seg um dette prinsippet heller. Tvertimot hev ho gong på gong slege saman under éin skrivemåte jamvel ord som vanleg på eikor vis lyder ulikt i tala. T. d. skil n. og skjel f. under skrivemåten skjel (dette er ein arv frå 1917; skrivemåten er «valfri» i tydingi skil), og partisipii set (av sjå) og sett (av setja) under skrivemåten sett. Nemndi gjev her skrifti i nynorsk lyte som talemålet ikkje hev.

<a name="3b"></a>¹ Adolf Noreen († 1925), namngjeten svensk målgranskar og nystavar.

IV.

Etter dei generelle utgreidingane i fyrste luten av boki kjem som nemnt serskilde bolkar um kvart av måli engelsk, tysk, nederlandsk, sudafrikansk, svensk, dansk og «norsk» (dette ordet brukt til samnemne um «norsk riksmål» og «norsk landsmål»). Bokskrivaren vil ha heller store reformar i dei fleste av desse måli, og han set fram mangt som hev interesse i denne seinare luten av boki òg. Men her òg peikar mykje i ei onnor leid enn framlegget frå den norske departementsnemndi.

Lendle heldt t. d. sterkt fast på den regelen under umtala av dei einskilde mål, at so lenge målbruket enno er ymsande, skal der ikkje reformerast. Av den grunn bør dei t. d. ikkje for det fyrste taka nokor regulering i dansk av e- og æ-ljoden, segjer han. Denne regelen hev professor J. A. Lundell òg hævda med stor kraft. Og det er eit sunt prinsipp. For held ein seg til denne regelen er ein (som Lundell segjer) trygg på at ein slepp plåga folk med å gjera brigde um att. — Den norske departementsnemndi hev krenkt denne regelen i sers stor mun, ut yver rimelege grensor. Difor er det òg bra visst, at dersom framlegget hennar vart vedteke, laut mykje av det gjerast um att. Um riksstyret t. d. fylgde nemndi og forbaud dei norske skrivemåtane sylv, syttan, sytti, laut nok desse skrivemåtane takast inn att seinare. Dei hev so sterk styd, ikkje berre i skrifttradisjonen, men vida i det talemålet som ligg til grunn for nynorsken, at dei let seg ikkje halda ute på lengdi.

Eit anna krav hjå Lendle — eit krav som gjeng gjenom heile boki — er at dei brigde som vert vedtekne skal skapa so mykje konsekvens i skriftmålet som mogelegt. Her òg er han i samsvar med svenske nystavarar; dei arbeider ihuga for å få avskipa «godtyckliga» skrivemåtar. — Men i dette stykket òg stend den norske departementsnemndi i kvass motsetnad til moderne reformstræv i andre land. Nynorsk hadde alt frå det fekk si fyrste formfesting ei rasjonalisera rettskriving. Nynorsk (og sudafrikansk) stend med umsyn til rasjonell ljodmerkjing høgst millom dei germanske måli, noko som Lendle hev peika på. Det kjem av at nynorsk (liksom sudafrikansk) er eit ungt skriftmål, og av at ein genial og framifrå kunnig målgranskar sette upp ortografien for det etter ein røynleg plan. Norskdansk stend mykje lægre med si ljodmerkjing (etter statistikken åt Lendle millom nederlandsk og tysk). For i norskdansk, liksom i dansk og svensk og andre eldre skriftmål, hev ortografien fest seg på slump nedigjenom tidene, og ljodverket hev dermed vorte ovleg rotut. Skulde nemndi no ha retta seg etter det moderne kravet åt Lendle og andre nystavarar um meir konsekvens, måtte ho i regelen ha reformera ljodverket i norskdansk etter nynorsk; og i dei høve der dette enno ikkje let seg gjera, hadde det oftast vore best å lata vera å reformera. Men i staden for å gjera eit framstigsverk soleis og rasjonalisera norskdansken, hev nemndi ført ei mengd inkonsekvensar ifrå norskdansk yver i nynorsken òg! Flåte — fole; okse — bukse; om — dum; skjær — her osb., endå vokalen i desse ord-pari vanleg fylgjest åt i talemålet. Slike sjølvmotsegjingar som reform-venene i andre land freistar av all makt å få rudt undan deim fører den norske departementsnemndi inn i haugetal frå nytt av i nynorsk. Dersom styremaktene godtek slikt, so kann dei lata vera å tala um rasjonalisering og modernisering av måli. Det er det skire bakstræv, ikkje berre etter domen åt målfolk i Noreg, men òg dømt etter det som gjeld for gode nystavar-prinsipp i andre land. Den store danske målgranskaren O. Jespersen som òg er nystavar (måtehalden), segjer i ei bok frå 1922 um den danske rettskrivingi: Danskane «må lære tusinder av ords stavemåder, undtagelser og undtagelsers undtagelser. Disse er for en stor del kun gamle værdiløse påhit av skriverkarle, bogtrykkersvende eller skolemestre uden sproglig dannelse eller begreb, grundløse vilkårligheder, der nu slæbes videre fra slægt til slægt ene og alene av den grund, at de nu tilfældigvis har vundet hævd» (Modermålets fonetik. 2. utg., s. 12. Liknande utsegner hev Jespersen i artiklen «Retskrivning og dannelse» frå 1920, uppattprenta i boki «Tanker og studier» 1932). Ein haug med slike heimløysor som denne danske granskaren og nystavaren feller so hard dom yver, er det den norske rettskrivingsnemndi ikkje berre vil ha stadfest i norskdansken, men vil ha ført ifrå norskdansk yver i nynorsk skriftmål òg! Etter mi meining er der god grunn til å sjå på eit sovore framlegg ein gong til. Eg trur ikkje riksmaktene våre so ilt at dei vil gå med på sovore, dersom dei fær saki fullt utgreidd.

Eit tridje krav som Lendle set upp og legg sers mykje vekt på, er: Ved ortografiske reformar skal ein akta på at bokstavane i alfabetet so mykje som råd er fær eins ljodverde i dei ymse mål. På den måten vert det lettare for folki å læra måli åt kvarandre. Einskilde mål skal ikkje skilja seg uturvande ut med å gjeva ein eller fleire bokstavar eit anna ljodverde enn dei vanleg hev internasjonalt. Lendle ynskjer serskilt etter at den rettskrivingsnemndi som er i arbeid i Noreg, må vera vidsynt og tenkja på dette, ho òg, «for det ålmenne kulturframstiget skuld» (s. 153). Det internasjonale ljodverdet t. d. for bokstaven u er det som me finn i tysk jung, um og i norsk ung, um. Då meiner han at ein bør skriva u i desse ordi både i norsk og i tysk (og likeins i norsk upp; — den norske nemndi vil ha om, opp). Norsk bør ikkje skilja seg ut med å føra inn bokstaven o, som ute i Europa hev same ljodverket som me finn i norsk drope, flote. Lendle vil jamvel at dei norderlendske måli skal føra inn u i ord som bok, for di vokalen i slike ord etter uttala svarar til europæisk u. Det kann no ikkje kallast praktisk politikk. Og i det heile bør no reformar i eit mål fyrst og fremst taka umsyn til målet sjølv. Men me bør ikkje reint gløyma dei internasjonale synspunkt heller. (Dei fell ofte ikkje saman med norskdanske synspunkt).

Sjølvsagt må Lendle halda på det europæiske teiknet o for den ljoden me hev i drope, flote<a href="#4b"> ¹</a> osb. (den norske departementsnemndi brigdar til dråpe, flåte). Professor Lundell i Sverike held òg sterkt på at me her i Norderlandi skal lata o ha same ljodverde som han hev ute i Europa, det vil segja: me skal bruka skriftteiknet o jamt for open o og jamvel for å, derimot ikkje for trong o.

Me vil nemna ein ting til som boki åt Lendle lærer oss. Det er at i utlandi er det alle stader lærarane i barneskulen som stend i brodden for kravet um skriftmålsumbøter. I Holland hev lærarsamskipnadene gjenge med i rettskrivingslaget dei hev der (laget er frå 1893). I Sambandsstatane hev lærarsamskipnaden «National Education Association» studt nystavarstrævet sidan 1898. I England hev eit landsmøte av pædagogar kravt rettskrivingsbrigde for lengre tid sidan. I Tyskland er det lærarane serskilt i Leipzig som hev kravt umbøter; i 1931 sende Leipzig-lærarane ut eit detaljera reformframlegg. I Sverike sette Folkskollärarkårens Skriftspråkskommitté fram det framlegget som hev gjort stavingsspursmålet aktuelt der. Lærarar hev studt dei reformkrav som hev vore uppe i Danmark og Sveits. — Her hjå oss hev nettupp ei mengd folkeskulelærarar i nynorske landsluter vore millom dei fremste til å mæla imot det brigdingsframlegget som ligg fyre for nynorsken. Og det både einskildmenn og samskipnader. Dette er verdt å leggja merke til. Det kallar på ettertanke med umsyn til det norske framlegget.

Der kann vera ymist å segja på boki til Lendle, — burtsét frå prinsipielle meiningsskilnader. Polemikken hans mot annleistenkjande er ikkje jamt heilt rettvis, med di bokskrivaren ikkje tek nok umsyn til fyresetnadene som motmennene hev skrive under. Og stundom merkar ein at bokskrivaren hev fenge ein grand uhell og skeiv informasjon frå Noreg um serlege norske tilhøve. Men alt i alt er boki sers forvitneleg å lesa for nordmenn i denne tid. Ho gjev oss greide på korleis rettskrivingsspursmålet tek seg ut frå nystavarsida for ein som ser saki i vidare samanheng. Og dei som les, vil få ei livande kjensle av at rettskrivingsproblemet hev vore fælt lite dryft reint prinsipielt her hjå oss. Dei vil òg få ei kjensle av at framlegget frå den norske departementsnemndi er langt burte frå det som nystavarar andre stader reknar for rasjonalisering og modernisering. Det er tryggast å dryfta det nøgnare, fyrr noko vert avgjort.

I store luter av Noreg er det framleides greid skilnad millom denne ljoden og so ljoden i , , råd. Dette hev ikkje Lendle visst. Det måtte ha styrkt kravet hans um å halda på teiknet o for ljoden i drope, flote, flotna, koma osb. Hadde han kjent fullt ut talemålsgrunnlaget for nynorsk, måtte han ut ifrå sine synsmåtar ha sagt: Haldt på o so mykje som råd er, og bruk å berre dersom det enno er plent naudsynt. I talemalet vil venteleg etterkvart fleire og fleire målføre slå saman ljodane i og drope. I si tid bør då norsk føra inn teiknet o ålment og teiknet å gå heilt ut, — vilde han ha sagt. Nystavarar i utlandet — ikkje minst i Sverike — hev i det heile fælt mykje å segja på teiknet å.