Program for ei nasjonal framtid

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Program for ei nasjonal framtid

Vedteke på landsmøtet i Norsk Målungdom 10. - 12. Mars 1990

1. Føreord

Difyre er det exellent,
at so mang ein Malcontent
i det Raaskaps Element
rømer fraa vaart Continent.
So er Resten renoverad,
meir Cultur er impoterad,
Mobben betre commanderad,
eleverad og polerad,
so den neste Generation
verda maa ein ny Nation
med ein god Disposition
til ein groszmächtig Union;
daa er heile Posituren
raffinerad av Culturen,
so den nye Polituren
lyser yver Lands Figuren.

(frå "Lovtale Yver Culturen", I.Aa.)

"Det me ser i dag, er at 320 millonar menneske går om bord i eit fly utan kurs og utan pilot. Me ser konturane av ein indre marknad, der jungellova gjeld, og der dei små og svake vil bukka

under".

Slik karakteriserer Bernard Cassen i Le Monde Diplomatique, i september 1988, oppbygginga av EF`s indre marknad. I artikkelen rettar han ein knusande kritikk mot denne marknaden og heile

den utviklingsmodellen som vert oppbygd. Han skriv så:

"Europa vil få fleire regionar som vert lagt øyde, og EF vil ikkje lenger ha pengar til å retta opp

dei skrikande skilnadene som kjem på det sosiale området".

1.1. Norsk Målungdom (NMU) er ein ungdomsskipnad som driv med målreising på nasjonal grunn. Det vil seia, me ynskjer å arbeida fram norsk mål og kultur til den plassen det

fortener her til lands - høgsetet.

1.2. NMU-laga arbeider for å få ungdom til å byta til eller halda på (ny)norsk - og me arbeider mot alle freistnader på å bryta sund norsk mål og kultur, anten dei går under namnet

internasjonal-isering eller samnorskpolitikk.

1.3. Dette arbeider kviler på ei rad verde du kan lesa om i dette skriftet. Desse verda gjer at me heller ikkje kan stilla oss likesæle til spørsmål som ikkje har beinveges med norsk målreising

å gjera. Dette heftet tek opp ein del slike spørsmål.

Norsk Målungdom vonar at lesinga kan verta starten på gode ordskifte om norsk sjølvstende, mål, sed og skikk.

Bolk I

2. Nasjonalt sjølvstende og nasjonal kultur.

2.1."D'er no alltid det fatale,
at det stygge nationale
legg seg um det ideale
og spolerar all vaar Tale.
Difyre trengst eit Tyrannie
mot all national Manie,
som tenderar til Anarchie,
Barbarie og Svinerie.
So skal alt som er bornerat,
vera refst og persiflerat,
til det alt er cultiverat
elder ogso emigrerat."

Dette skreiv Ivar Aasen i "Lovtale Yver Culturen" (1866) - og råka dei mange som svivyrde norske serdrag og heller ville vera dana eller internasjonale.

Idag skriv me 1990 - me har nett høgtida 200 årsminnet for den store franske revolusjonen i 1789.

Tilburden som bar fram slagord med sprengkraft i våre dagar og: Fridom, likskap, brorskap.

Den franske revolusjonen fødde så å seia den nasjonale sjølvstendetanken som har rådd grunnen i Europa fram til våre dagar. Og ikkje berre det, sjølve revolusjonen gav mange ufrie folk voner

om at oppreist kunne nytta.

2.2. Mellom den franske revolusjonen og dagsens verd ligg to hundre år fulle av freistnader på å byggja opp og bryta ned politiske, militære, økonomiske og kulturelle hegemoni. Stikkord som kolonialisme, industrialisering, monopoldaningar, imperialisme, utbyting, avkolonisering, (frigjerings)krigar, nykolonialisme o.s.fr. er viktuge for å skjøna verda idag. Kor mykje ein kunne ynskja at det vart sett ein strek over gamal urett, kjem ein ikkje unna at det faktisk er denne uretten som har gjeve verda den politiske utsjånaden ho har idag. Difor er

kunnskap om soga viktug kunnskap.

2.3. Ikkje alle tenkjer slik. Mange vil heller godtaka gamal urett for å sleppa unna ny. Forstå det den som kan. For å sleppa usunn tevling, sjåvinisme, krigar og elende vil tonegjevande krefter viska ut skilja mellom nasjonane. Sume går langt og seier at nasjonale serdrag ikkje finst eller berre er ei villfaring oppe i sume hovud. Andre meiner dei finst, men vil bryta dei ned for å letta framhaldet av gamal kolonipolitikk. Andre stemner fram i same leia for å få rasjonaliseringsvinstar og høgare innkome for dei som eig eller sit på toppen av fleirnasjonale selskap og pengeinstitusjonar. Dette er eit mønster me har sett t.d. i politikken gamle kolonimakter har ført i høve til koloniane i den tridje verda og i den velførebudde blestkampanjen

for økonomisk og politisk union i den europeiske sammarknaden.

2.4. Denne utviklinga har profetane sine mellom velfødde industri- og kapitaleigarar, "pragmatiske politikarar" og vitskapsfolk som lever av å produsera (stønad for) politiske idear som stats- og næringslivsleiarar byggjer framtida si på. Frå denne kanten er det me høyrer at "den nasjonale sjølvråderetten er ein illusjon", at all tale om nasjonale serdrag og nasjonal kultur er "utslag avgamaldags og ubrukande nissehuvementalitet" o.s.fr. Norsk Målungdom er ein del av norskdomsrørsla i Noreg, og kan sjølvsagt ikkje stilla seg likesæl til denne vendinga i det politiske

livet.

2.5. EF veks fram som ei sterk overnasjonal eining. Staten, næringslivet og sentrale norske politikarar har sett i gang ein sterk blestkampanje for tilpassing og medlemskap. Difor er det meir naudsynt enn nokon gong å finna ut kva verde ein skal tufta ei norsk framtid på. Dersom denne utviklinga fær halda fram uhindra, kan me oppleva at me går inn i år 2000 utan å vera

herrar i eige hus - som del av ein europeisk politisk union.


3. Nasjonane og imperialismen.

3.1. I daglegtalen er det vanleg å ikkje skilja mellom nasjon og stat. Om me skal utforma ein politikk som me vil kalla nasjonal, er det viktug at me veit kva me legg i desse og andre nærskylde omgrep.

Ein stat er eit politisk organisert område. Sume kjenneteikn er typiske for statsdaningar:

1) Territorium

2) Stabil folkesetnad

3) Styresmakt

4) Organisert økonomi

5) Sirkulasjonssystem

3.2.Ein nasjon er ei gruppe med menneske, me kan gjerne kalla det eit "folk". Me har mange nasjonar/nasjonalitetar utan stat(baskarar, samar, bretonarar) og fleirnasjonale statar (Jugoslavia, Storbritania). Oftast har ei sovoren gruppe nokorlunde sams språk, kultur, religion og landområde. Men fleire av desse kriteria kan vanta - utan at nasjonen vantar. Det som tel, er at folket har ei sams soge, og gjennom den kjenner seg knytte til einannan. Ei sams soge vil oftast føra til at mange tradisjonar osb. er sams. Detta kan me kalla ein kulturnasjon. Men alle desse objektive kriteria er til lita nytte dersom folket ikkje er medvite om den sams soga. Detta medvitet er sterkast når nasjonen er i fåre. Detta medvitet eller kjensla kallar me for nasjonalt medvit, og er grunnlaget for det me kallar den politiske nasjonen. I staden for nasjon kan me òg

tala om ein tjod eller om det noko vagare eit folk.

3.3. På same måten tyder eit land oftast det same som ein stat. I alle høve veit me at det ikkje finst noko "éin-til-éin-tilhøve" mellom storleikane nasjon og stat. Ikkje alle nasjonar har si

eiga statsdaning, og mange statsdaningar har meir enn ein nasjon innanfor grensone sine.

3.4. Frå og med siste delen av den bolken i europeisk soge som vert kalla seinmellomalderen (1300 -1550) gjev det meining å tala om kolonialismen som politisk ovring. Frå og med framvoksteren av den moderne industrikapitalismen i andre helvta av 1800, talet er det vanleg å tala om eit imperialistisk verdssystem. I tida frå kring fyrste verdskrigen og fram til idag har dei tradisjonelle imperievelda vorte oppløyste. Men dette har ikkje hindra at imperialismen som system framleis finst i kraft av ei økonomisk verdsordning som held folka i små nasjonar og den tridje verda nede i eit "nykolonialistisk" bindingstilhøve til dei gamle

imperialistlanda.

3.5. Dei rørslone som gjev røyst til ulike nasjonale krav, vert gjerne kalla nasjonalitetsrørslor, nasjonale rørslor eller nasjonalistrørslor. Nasjonale rørslor finst i parlamentariske, militante og terroristiske utgåvor. Denne delinga seier lite om kva dei ulike

rørslone innanfor gruppone ynskjer, men meir om korleis dei arbeider for å nå måla sine.

Nasjonalpolitikk i tydinga at ein vil fremja nasjonale overingar er pr. defininsjon nasjonalisme. Nasjonalisme er altså den politikken som fremjer det nasjonale innan nasjonen. Nasjonalismen er, nett som resten av verda, delt opp i nasjonale avbrigde, og nasjonalismen som heilskap har ikkje noko sams sogesyn utover nasjonsprinsippet, av di han er knytt til ulike politisk-historiske

straumdrag i dei ulike nasjonane.

Sjåvinismen kviler derimot på det fundamentet at sume nasjonar/folk er meir verd (meir høgareståande) enn andre. Slike tankar legitimerar gjerne aggressiv og ekspansjonistisk politikk. Døme på slike rørslor er fascistpartiet åt Mussolini i Italia og den stor-serbiske rørsla innanfor den jugoslaviske statsdaninga. Nasjonalismen er eit våpen i striden for eigne kulturar og mål, eller for sjølvstyre mot overnasjonale herskarynskje. Nasjonalismen er såleis demokratisk, og kneset eit nasjonalitetsprinsipp som går ut på at alle nasjonar er likeverdige og har rett til å rå seg sjølve. I den augneblinken ein nasjon krenkjer ein annan, bryt han med dette nasjonalitetsprinsippet. Ein politikk som godtek såvore, kan eigentleg ikkje kallast nasjonalistisk, men sjåvinistisk. Røynleg internasjonalisme byggjer på nasjonane, mangfaldet i og av dei - og retten deira til å velja

framtid.

3.6. Det kolonialistiske systemet kjenner me frå den tida Spania og Portugal skifte kloten mellom seg. Etter at den moderne industrikapitalismen hadde vakse fram i (Vest)-Europa gjekk

denne kolonialismen over i det systemet ein kan kalla imperialisme.

Eit system der striden om politiske, økonomiske eller kulturelle tilhøve fører til at statar (eller store multinasjonale konsern) går i brodden for å skapa og halda oppe politiske, økonomiske eller kulturelle dominanstilhøve. Det imperialistiske systemet ekspanderte kraftig i dei siste tiåra av førre hundreåret. Afrika og Asia vart mykje godt lagde i hendene åt dei vesteuropeiske kolonimaktene. Då kunne imperialismen kallast eit verdssystem. Det mest framståande imperiet i soga - det britiske imperiet, nådde eit høgdepunkt i åra kring fyrste verdskrigen. I mellomkrigstida

og etterkrigstid har imperiet gradvis gått i oppløysing.

3.7. Nasjonalitetsspørsmåla i Vest-Europa.

Me veit at ikkje alle nasjonar har sin eigen stat, og at mange statar har meir enn ein nasjon innanfor grensone sine. Korkje nasjonar eller statar er ævelege ovringar. Dei kan veksa eller gå under. I tida føre Vestfalarfreden i 1648, var det til dømes kring 900 tyske statar - då den tyske

konføderasjonen vart skipa i 1815 hadde talet kome ned i 36.

Dei vesteuropeiske nasjonalstatane er stort sett det ein kallar statsnasjonar. Det vil seia nasjonar som kviler på individuell og kollektiv sjølvavgjerdsrett, og på at einskildpersonen

friviljug stør nasjonsideen og statsdaninga.

Endå nasjonane i Vest-Europa - og jamvel statsdaningane - eit stykke på veg fekk si noverande form i seinmellomalderen eller før, tyder dette ikkje at nasjonalitetsproblema i Vest-Europa er

løyste.

Mange stader kan den nasjonale kulturen vera så godt som borte på grunn av internasjonalisering,

masseturisme, angloamerikansk kulturpåverknad eller europeisk integrasjon.

Men Vest-Europa har ein god del etnisk-nasjonale motsetnader som er uløyste - område der ulike separatistrørslor arbeider for dei nasjonale kampsakene. Det er forvitneleg at dei vesteuropeiske nasjonalist/separatistrørslone fekk viktugaste framskuvet sitt på 1960 og 1970 talet - etter at EF skipnaden hadde kome til og integreringa byrja. Dei fleste er politiske fylgjor av gamle kolonitilhøve. Døme på uløyste nasjonale problem finn me på dei såkalla britiske øyane

(Nordirland, Skottland og Wales) og i staten Spania (Baskarland og Katalonia).

Dei nasjonale rørslone er av mange slag; frå nasjonalistiske parti over nasjonale kultur- og

idrottsrørslor til målrørslor.

3.8. Nasjonalitetane i Aust-Europa.

Historisk sett har nasjonalitetstilhøva i Aust-Europa vore meir kompliserte enn i vest. Store nasjonale grupperingar har budd på stader langt unna det området som vert rekna for å vera nasjonalterritoriet deira. I mellomkrigstida var kvar fjerde sentraleuropear (Tyskland og Sovjet er ikkje medrekna) borgar av ein stat der målet og nasjonaliteten hans var i mindretal. Dette har vore ei kjelde til grensekonfliktar og indre uro i ei mengd auststatar. I mellomkrigstida og etterkrigstida freista ein løysa problema på to grunnleggjande ulike vis - ved å flytta grensor eller folkegruppor. Ved slutten av 1980 talet hadde det framande innslaget i Polen sokke frå 35% til

2%, og i Tsjekkoslovakia frå 34% til 5%.

Utviklinga i Aust-Europa dei seinaste åra ropar herrop mot den rådande avnasjonaliseringsideologien i Vest-Europa. Krava finn samnemnaren sin i formelen: Nasjonal lausriving mot ein sentralisert og byråkratisk økonomi og statsapparat. Striden i Aust-Europa i åra framover, vil mellom anna gå ut på om desse veksande nasjonalitetsrørslone i Estland, Latvia, Litauen, Kviterussland, Kossovo, osfr. skal nytta vesten som mønster når dei endeleg har vunne

over den motstanden dei møter.

Sume av nasjonalitetsrørslone eller -krava i Aust-Europa hentar og kraft frå sjåvinismen. Dette gjeld t.d. den stor-serbiske rørsla i den fleirnasjonale statsdaninga Jugoslavia. Det fascistiske Republikanarpartiet frå Vesttyskland har slege rot i Austtyskland, og veks på ekstrem

ekspansjonisme. Det vil ikkje seia at sjølve kravet om tysk samling er mindre rettkome.

3.9. Nasjonalitetsspørsmåla i Amerika, Afrika og Asia.

Stordelen av landområda i ikkjeeuropeiske verdsdelar har vore koloniar, og mange tidlegare koloniar vert haldne nede i nykolonialistiske bindingstilhøve til gamle imperialistmakter eller

fleirnasjonale storselskap.

Stordelen av dei gamle koloniane "fekk" sjølvstendet sitt under frigjeringsflaumen i 60 åra. Dette

tyder ikkje at nasjonalitets-spørsmåla i desse verdsdelane er løyste.

I Sud-Afrika held det kvite mindretalet - under leiing av dei ekstreme Afrikaanersjåvinistane - det store svarte og farga fleirtalet nede. Supermaktene syndar mot regelen om nasjonal sjølvråderett og prinsippa om ikkjeinnblanding i Afghanistan (der Sovjet ikkje har teke med seg Quislingane

sine ut or landet.)

Nicaragua og Panama. Den amerikanske finansieringa av Contras skjer med tanke på å riva grunnen under Nicaraguansk politisk sjølvstende. Invasjonen i Panama i Desember 1989 var og eit grovt overtramp. I Eritrea, Palestina, Tibet, Kampuchea, India m.fl. finn me døme på utslaga av

Italiensk/Etiopisk/Sovjetisk, Israelsk, Kinesisk, Vietnamesisk og Britisk gamal imperialisme.

4. Framvoksteren av europatanken og EF.

4.1. Tanken om eit sameint Europa er langt frå ny. Heilt sidan mellomalderen har det vorte gjort freistnader på å samla Europa med makt under ei politisk leiing. Av slike freistnader skulle det vera nok å nemna Napoleon sine freistnader på å samla Europa under fransk leiing og

Hitler-Tyskland sine freistnader på å leggja Europa under Det tredje riket.

Men det har òg tidlegare vorte lagt fram idear om "fredeleg" samling av Europa. Alt i 1713 kom den franske filosofen Abbe de Saint-Pierre med framlegg om ein europeisk einskap. Framlegget kom som fylgje av den spanske arvefylgjekrigen. Framlegget gjekk ut på at einevaldsfyrstane i Europa skulle skipa eit permanent forbund som det ikkje skulle vera lovleg å bryta. Freden i Europa skulle tryggjast endå meir ved at dette forbundet skulle gjera avtalor med kringliggjande fyrstar som t.d. den tyrkiske sultanen. Desse muhammedanske maktene fekk likevel ikkje vera med i forbundet. Forbundet skulle styrast av ei permanent forsamling samansett av representantar for fyrstane. Denne forsamlinga skulle ha sete i ein by med serskild internasjonal status. Tanken romma òg sams ordningar med handelskammer, handelsdomstolar osb. Denne europeiske samlinga skulle ikkje leggja seg borti indre politiske tilhøve minder sjansane var store for at styreforma i ein stat vart føre eit ombrøyte, t.d. revolusjon. Dersom det vart konfliktar mellom "medlemene" skulle serskilde meklingsreglar tre i kraft, og teorien galdt òg høvet til å nytta

kollektive åtgjerder mot statar som braut pakta, eller nekta bøya seg for avgjerder.

4.2. Etter den fyrste verdskrigen gjekk den paneuropeiske rørsla, med den austerrikske leiaren grev Coudenhove Kalergi (i 1923) inn for å skipa "Europas forente stater". Føredøma for denne idéen var skipinga av Sambandsstatane (USA) i 1776 og grunnlegginga av det tyske riket i 1871. Innhaldet i dette framlegget var at det skulle skipast ein paneuropeisk union i form av eit statsforbund og ein tollunion. Heile skipnaden skulle organiserast innanfor råmone til

Folkeforbundet, som var forlauparen til SN.

Etter andre verdskrigen låg Europa i ruinar, medan USA var økonomisk, politisk og militært

sterkare enn nokosinne.

Motsetnadene mellom den kapitalistiske verda med USA i spissen og den sosialistiske verda med Sovjet fremst voks, og enda i "Den kalde krigen". Dette var grunnlaget for at me fekk den utviklinga av Europa som gjer at det har vorte vanleg å tala om Aust- og Vest-Europa. Kalergi skipa mellom anna til Europas Parlamentariske Union - ein organisasjon med eit føderalistisk Europa som mål. Meir medråderett på kostnad av sjølvråderett, men ikkje noko statsforbund. Det kom etter kvart til ei rad organisasjonar som hadde europeisk einskap på programmet. Dei

viktugaste var:

- European League for Economic Cooperation

- United Europe Movement of Great Britain

- Conceil Francais pour l`Europe unie

- Nouvelles equipes internationales

- Union europeen des federalistes

Desse fem organisasjonane gjekk saman i ein skipnad i desember 1947 under namnet Europarørsla (European Movement). Rørsla skipa til Europakongressen i Haag i 1948. Her var politiske parti av alle borgarlege typar representerte. Det vart snart klårt at ein av dei viktugaste grunnane til samlinga var at Vesten skulle stå betre budd til å møta det sosialistiske Sovjet. Med utgangspunkt

i dette vart Europarådet seinare skipa.

4.3. I 1952 skipa Vest-Tyskland, Be-Ne-Lux-landa, Frankrike og Italia Den europeiske kol- og stålunionen. Avdi den franske nasjonalforsamlinga alt i 1950 hadde skipla den franske regjeringa sine freistnader på å skipa ein europeisk forsvarsfellesskap, vart opptakten til Kol- og stålunionen sers haltande. Men i 1955 tok utanriksministrane i medlemslanda i Kol- og stålunionen eit nytt initiativ til å få eit sameint Europa. Planane for Den europeiske atomenergifellesskapen og Den europeiske økonomiske fellesskapen vart lagde. Traktatane for dette samarbeidet vart underteikna i 1957, og tok til å gjelda frå 1/1-1958. EF var såleis ein

røyndom.

Målrørsla var med i førre EF-striden, men mest i sluttfasen. Målrørsla nytta sers lang tid på å tenkja gjennom saka og verta stridsbudd. Difor greidde organisasjonen i for liten mun å prega

debatten og å få gjennomslag for sine synspunkt.

Kvar står frontane i dag?

Delar av JA-sida har teke stìget - brote med snikinnmeldingsstrategien og vil ha open strid.

NEI-sida er i ferd med å vakna og organiseringa i frontar har teke til.

Ingen idiot-debatt!

- "Vi ønsker ingen idiot-debatt om EF", seier Per Kleppe i eit intervju til Dagens Næringsliv 03.09.88. -"Vi må for all del unngå en gjentagelse av den idiot-debatten vi hadde om EF i 1972. Den gang var diskusjonen om suverenitet svært religiøs. Nå bør det være tid for fornuftige

argumenter", presiserer den tidlegare generalsekretæren i EFTA.

Idiot-debatt? Fornuftige argument? Per Kleppe tek i mist. Me hadde ingen "idiot-debatt" i 1972. Det var kraftig språkbruk på båe sidone i 1972, men det var òg "fornuftige" og tunge argument

som vart nytta.

5. Utviklinga av EF frametter.

5.1. I Roma-traktaten frå 1957 står det:

"Fellesskapen har til oppgåve gjennom skipinga av ein sams marknad og gradvis tilnærming av medlemsstatane sin økonomiske politikk - å fremja ei harmonisk utvikling av den økonomiske verksemdia i fellesskapet som heilskap, ein varig og avbalansertekspansjon, ein auka stabilitet, ein

snøggare vokster i levestandaren..."

Tanken om ein sams marknad er såleis slett ikkje ny - det er den gamle grunnvollen i EF- samarbeidet som no med den indre marknaden (frå 1992) skal realiserast fullt ut. Som me ser var det andre grunnleggjande målsetnader òg. Dei er i høgste grad interessante å drøfta [t.d. kva ligg i varig og balansert ekspansjon (?) og kva ligg i auka stabilitet (?)], men me skal ikkje gå inn på dette. Nedanfor skal me gå inn på hovudstrategien for EF i framtida - utviklinga av den indre

marknaden.

5.2. EF-kommisjonen si kvitbok frå juni 1985 seier ein del om gjennomføringa av den indre marknaden. Utgangspunktet deira er det dei ser på som trongen til eit sterkare Europa - å snu den relative økonomiske attendegangen i Europa t.d. i høve til Japan og Korea; eurosklerosen. Hovudmålet med den indre marknaden er å koma fram til eit Europa utan grensor eller hinder. Spørsmålet me lyt stilla er: eit Europa utan grensor for kven, eller kva ?? Frå og

med 1.januar 1993 skal den indre marknaden fullt ut vera ein realitet.

Kva er så den indre marknaden ?

1. Den indre marknaden er ein tollunion

2. Mengdene av innførsle og utførsle (import og eksport) skal ikkje regulerast innanfor EF

3. All grensekontroll mellom medlemslanda skal byggjast ned. EF-leiarane ynskjer seg eit EF utan grensor innan 1992. Kontrollen ved den ytre EF-grensa skal skjerpast i takt med den indre reduksjonen og kontrollupphevjinga. I samband med dette skal EF-landa utvikla ein sams strategi

for problem kring kriminalitet, narkotikabruk og smugling, terrorisme og våpensmugling.

4. Tekniske reglar og standardar skal formast ut slik at dei ikkje

hindrar handelen mellom EF-landa. Det skal heller ikkje vera reglar og standardar som kan sjåast

som konkurransevridande.

5. Offentlege kjøp i alle EF-landa skal stilla alle produsentar/leverandørar likt.

6. Det skal vera ein sams tenestemarknad for transport, telekommunikasjonar, bank og

trygding.

7. Alle hindringar for fri kapitalrørsle skal fjernast.

8. EF skal vera ein arbeidsmarknad

9. Alle einskildpersonar og selskap skal ha same rett til å byrja næringsverksemd som

innanlandske borgarar og selskap har.

10. Det skal verta sams reglar for offentleg næringsstønad i alle EF landa - slik at det vert fri

tevling dei kallar.

Attåt dette kjem at moms og seravgifter skal harmoniserast. EF har heile tida hatt det som eit overordna mål å harmonisera dei indirekte skattane. Ideologien har vore å få fellesmarknaden til å fungera best mogeleg; m.a.o. tryggja fri konkurranse. Alle faktorar som fører til det ein kallar

konkurransedreiing og kunstige prisskilnader mellom medlemsstatane skal bort.


BOLK II:

6. Nokre synspunkt til arbeidet for ei nasjonal framtid - i fire bolkar

6.1. Arbeid for norsk mål og kultur

Dette er viktugaste arbeidsfeltet for Norsk Målungdom.

Dei siste generasjonane har Noreg vore plåga med ei sterk avnasjonalisering. Målføra vert avnorska, så òg det nynorske skriftmålet. Kulturimperialismen og den politisk-økonomiske integrasjonen har sett sine klåre merke på kulturliv og kultursyn hjå yngre nordmenn. Avnasjonaliseringa i målvegen vert styrkt av at me i 1990 framleis slit med ein unorsk skriftmåls- tradisjon. Motsetnaden dansk/norsk står framleis, sjølv om bokmålet ikkje lenger er identisk med det danske skriftmålet. NMU trur at vokster for (ny)norsk mål i tale og skrift, vokster for norsk dans, song og musikk, framgang for norsk namnesed og auka vyrdnad for nasjonale tradisjonar i det heile vil gjera Noreg til noko meir enn ein dårleg kopi av fleirtalsrøysta i det internasjonale mangfeldet. Hovudgrunnen til at me har kome så kort er at me har vanta ei retteleg breid nasjonal rørsle. Arbeidet med å spleisa saman ei slik rørsle er noko av det viktugaste me kan vera med

på.

Synspunkt, prioriteringar og arbeidsmåtar her vert fastslegne gjennom tufta, langtidsplanen og

arbeidsprogrammet.

1) Norsk Målungdom arbeider for å gjera målreisingstanken til røyndom: Å lyfta norsk mål i tale og skrift opp til å verta einaste riksmålet i landet. Dette er ikkje ekspansjonisme (j.f. pkt 3), men nasjonalt sjølvforsvar, av di: Det er berre det norske folket me vil vinna for norsk mål - det er snautt nokon som vedkjenner seg ein "dansk-norsk" nasjonalitet. Dansk-norsken utgjev seg for norsk på kostnad av (ny)norsken - han legitimerer seg med eit nasjonalt stempel som han ikkje

fortener.

2) Målarbeidet kan ikkje skiljast frå anna norskdomsarbeid - til dømes arbeidet som vert drive i ungdomslaga. Me ynskjer eit tettare samband mellom målrørsla og Noregs Ungdomslag, og mellom målrørsla og andre rørslor som fremjar norsk folkemusikk, folkedans eller andre greiner

av norsk kultur, sed og skikk.

3) Norsk Målungdom arbeider for målførebruk, og mot avnorskinga av målføra. Me arbeider for Me arbeider ogso for å reisa ein (ny)norsk talemålstradisjon og for å atterreisa måldyrkinga. Me

ynskjer ei samling av alle nasjonale krefter i målreisingsarbeidet.

4) Norsk Målungdom arbeider for å få målrørsla og staten til bryta med målblandar-

(samnorsk)tradisjonen, og me arbeider for å vinna ungdom på dette grunnlaget.

5) Norsk Målungdom prioriterer arbeidet for å vinna gymnasiastar for målreisingstanken - høgast. Norsk Målungdom vil òg satsa mykje på å vinna striden om det politiske hegemoniet mellom intellektuelle. Fram til idag har målblandarflokken og dei unasjonale sammarknadstilhengjarane

vore førande i slike miljø. Norsk Målungdom ynskjer ein slutt på dette.

6.2.1 Arbeid mot medlemskap i EF og ukritisk tilpassing til den indre

marknaden.

Noreg og EF i framtida - valet mellom to vegar.

Striden for ei norsk framtid.

Ei norsk framtid er ei politisk sak. Det vil seia; det gjev seg ikkje sjølv at me fær ei slik framtid - endå om me har ei norsk soge. Norsk framtid krev norsk vilje. Den norske viljen lyt henta krafta si frå den nasjonale identiteten - som lyt byggjast opp å nyo i åra frametter. Viktugaste

einskildfaktoren i dette arbeidet vert å slå til mot den utbreidde historieløysa.

Norsk Målungdom meiner dei viktugaste føresetnadene for ei slik norsk framtid er:

a) Norsk sjølvråderett

b) Framgang for norsk mål, - kultur,- sed og skikk

c) Skapleg distrikts, fiskeri og landbrukspolitikk

d) Oppretthalde ein nasjonal industripolitikk.

Me meiner EF er eit trugsmål mot dette.

a) Norsk sjølvråderett

Den nasjonale sjølvråderetten er utsett for sterke åtak. Norsk Målungdom har inga tru på at såkalla sams europeiske interessor kan forvalta norsk naturgrunnlag og norske politiske og kulturelle tradisjonar betre enn nordmenn. Tvert om. Noreg skal sjølvsagt samarbeida både med EF, resten av Europa og med andre verdsdelar. Eit slikt samarbeid lyt byggja på at kvar og ein er herre i eige hus. Dersom den politiske sjølvråderetten vert ofra for å få til samarbeid med basis i

overnasjonal styring tyder det at den sterkaste vil rå -endå meir enn før.

Utanlandske føretak kjøper opp norsk industri. Dette er eit direkte trugsmål mot den norske sjølvråderetten. Skal den norske sjølvråderetten vera eit omgrep med noko innhald, og skal det vera mogeleg å stå utanfor sammarknaden etter 1992, må norske styresmakter stimulera norske investeringar i Noreg og stogga dei internasjonale storføretaka sine oppkjøp i

Noreg med mellom anna strengare konsesjonsreglar.

I dag stimulerer norske politikarar - frå ytste høgre til ytste vinstre - den motsette utviklinga, og er såleis med på å veikja den nasjonale sjølvråderetten frå dag til dag. Det er ikkje rart at mange av desse politikarane meiner at argumentet om den nasjonale sjølvråderetten ikkje gjeld i EF-striden i

dag, fordi han alt er så uthola.

b) Norsk mål og kultur & EF

Det nynorske skriftmålet og dei såkalla nynorske "institusjonane" er i dag så godt som bundne til Staten; den offentlege økonomien. Dette skjer beinveges ved at styresmaktene løyver pengar til parallellutgjeving av nynorske læremiddel, Det Norske Teatret, Det Norske Samlaget, Nynorsk

Pressekontor saman med Dag og Tid og andre nynorskredigerte avisor/blad.

Nynorsken og den sermerkte norske kulturen må ha levelege vilkår. Distrikts-Noreg treng auka

offentlege overføringar og tilskot.

Ei fullstendig tilpassing til den indre marknaden eller medlemsskap i EF, vil kunna føra til eit statleg inntektstap på opptil 23 milliardar 1987-kroner. Dette er ei røynleg nedbygging av offentleg sektor i Noreg. Overføringane til distrikta og dei beinveges løyvingane til nynorskføretaka kan stå lagleg til for hogg når den statlege økonomien vert rasert i regi av EF.

Norsk mål og kultur kan såleis verta hardt råka, og me fatigare.

c) Skapleg landbruks, fiskeri og distriktspolitikk - Oppretthalde ein nasjonal

industri.

Den "frie" konkurransen som skal råda innanfor EF fører til nedbygging av den nasjonale skjerma sektoren. Utsett industri i utkantstroka med norske eigarinteressor kan ikkje lenger overleva. Dette er og med på å styrkja den relative innverknaden frå dei internasjonale storkonserna på norsk industri. Døme på at denne prosessen alt har starta er nedlegginga av jarnverket i Mo, Sørvaranger A/S og fiskeforedlingsindustri på finnmarkskysten. Norsk industriproduksjon lid og under einsidig satsing på eksportindustri og for lita sjølvforsyning. Det sentrale for å halda oppe det norske busetnadsmønsteret er likevel landbruket. I dag fører styresmaktene ein landbrukspolitikk som gjennom effektivisering, rasjonalisering og arealkrav står i motsetnad til å halda oppe detnorske busetnadsmønsteret. Bruk som produserer typiske importvarersom t.d. kjøt, vert nedprioriterte gjennom landbrukspolitikken. Denne politikken fører serleg til at småprodusentane vert råka hardt grunna vanskelege driftstilhøve. Dette gjeld serskilt Nord- Noreg, Vestlandet og fjellbygdene, som frå før har få alternative arbeidsplassar. Krava om effektivisering og store areal vil tvinga mjølkeproduksjon til flatbygder som frå før produserer mest korn. Dette avdi korn er ei ypparleg importvare. 50 000 årsverk skal bort i jordbruket innan årtusenskiftet. Denne distriktstyninga skipar seg fint inn i EF-tilnærminga som skjer elles. Norske

styresmakter fører ein unasjonal politikk som EF vil vidareføra i endå sterkare grad.

6.2.2 Striden i åra frametter.

EEC-striden i 1972 er det beste dømet (i etterkrigstida) på at folket har nytta det romet for

politisk strid og meiningsskifte som demokratiet gjev.

No kvesser det seg til att, og Norsk Målungdom vil arbeida mot medlemsskap og ukritisk

tilpassing til EF av di:

1) EF med den indre marknaden er fyrste stìget mot ein overnasjonal europeisk politisk union. Denne utviklingia vil hola ut prinsippet om nasjonal sjølvråderett. Dette ser me klårt og tydeleg i

Danmark. I 1988 vart 93% av alle vedtak som fekk lovs kraft i Danmark fyrst vedtekne i Brussel.

2) Den ideologiske plattforma i EF-byggverket - den moderne utgåva av den såkalla europatanken -kviler på ein botnfalsk grunnvoll: Trua på at det har funnest og finst ein sams

europeisk kultur og sams europeiske tradisjonar på andre omkverve.

Det nye Europa etter 1992, samordna og toppstyrt, er alt ein forelda idé. Europa er ingen pyramide, men eit vidt forgreina nettverk, der dei små delane er sjølvstendige og relativt ubundne

av statlege og overstatlege organ. Imperia si tid er over, både politisk og kommersielt.

3) Tvangsinnføringa av denne "sams europeiske kulturen" og dei ålmenne harmoniseringstiltaka vil verta trugsmål mot dei nasjonale måla og kulturane. Dette har me alt mange døme på. Danskane har vanskar med å få EF-dokument på sitt mål. I Wales og Nordirland vert planane om ein sams europeisk arbeidsmarknad nytta som argument mot at foreldra skal syta for at borna

lærer walisisk og irsk i skulen.

4) EF er skipa av imperialistisk storindustri for å tena deira interessor. Den norske nasjonen har interesse av trygge arbeidsplassar, gode løns- og sosiale vilkår og ei framtid utan ureining. Me har andre interessor enn storindustrien og profitthungeren hans, og trur me kan fremja dei best

utanfor EF.

5) EF-skipnaden er djupt udemokratisk. Europa-parlamentet i Strasbourg er ein "skinnriksdag" på lina med dei ein fann/finn i Austblokka, og byråkratane i Brussel som har vide fullmakter, er utan folkevald kontroll. Valet til EF parlamentet vil verta det viktugaste valet i Noreg. Med om lag 15 utsendingar av over fem hundre vert dette valet ein parodi på demokrati og sjølvstyre. Som trøyst skal me framleis få velja eit storting - som EF vil svinebinda og vengjeklippa - slik at

det sit der med endå mindre røynleg makt enn i dag.

Fråstanden mellom folket og arnestaden for politiske avgjerder vil auka. Dette gjer det endå vanskelegare for folket å koma fram med synspunktia sine. Jamfør: "det er langt til Oslo, men

lenger til Brussel!"

6) Medlemsskap eller tilpassing til EF vil seia at Noreg lyt tilpassa seg ei mykje høgare arbeidsløyse enn det me har vore vane med. EFTA-landa har alltid hatt ei mykje lågare arbeids- løyse enn EF-landa - der arbeidsløysa no ligg på om lag 8%. Norsk Målungdom vil gå imot at me skal binda oss til å nytta arbeidsløysa som eit verkemiddel i den økonomiske politikken. Me

ynskjer å stå vakt om grunnlova og retten til arbeid for alle.

7) Krava om ein indre marknad utan tevlingsregulerande hindringar gjer det vanskeleg eller uråd å halda oppe store delar av norsk industri og landbruksproduksjon. EF vil såleis føra til sterkare

sentralisering, og difor bryta med dei ynska me har om å halda oppe folkesetnaden i distrikta.

8) EF-skipnaden er eit dyrt og tungrodd byråkrati og eit pampe- velde utan like - der politikarløner, frynsegode, diettar, reisegodtgjersla og andre tillegg gjer den lange avstanden frå folk til byråkrati/folkevald endå lengre. Me ynskjer ikkje vera med å svara for den økonomiske

eller politiske delen av denne rekninga.

9) EF-skipnaden er korrupt. Flytting av avgjerder frå nærsamfunnet til eit ugjennomtrengjeleg byråkratisk apparat pulveriserer ansvar og fremjar korrupsjon. EF-styresmaktene reknar sjølv med (i eit moderat reknestykke) at 20% av landbruksmidelen for 1987 d.v.s. om lag 40 milliardar kronor kvarv i svindel og korrupsjon. Britiske parlamentsmedlemer har hevda at talet kan vera så høgt som 90 mrd. Den sentraliserte EF-skipnaden er eit lukkeland for lobbyistar (folk som er tilsett av næringslivet for å påverka byråkrati og politikarar). Dette gjer òg at vonene til å vinna fram med folkelege krav vert reduserte. Lobbyistane er profesjonelle - og står på løningslista åt

dei europeiske storindustriselskapa.

10) EF-tilpassing og medlemsskap vil opna for at endå større delar av norsk næringsliv/norske

arbeidsplassar vert oppkjøpte av utanlandsk kapital.

11) EF-tilpassing/medlemsskap fører med seg lågare økonomiske, sosiale, helse-, tryggleiks- og

miljøstandardar enn det me er vane med her til lands.

12) EF-landa kan by oss trygge og stabile handelsvilkår. Likevel har desse landa fått ein større lut av utanrikshandelen vår enn dei ville fått om verdshandelen var friare. Det er grunn til å tru at medlemsskap eller aktiv tilpassing til den indre marknaden vil binda oss endå meir til nokre få

europeiske handelspartnarar. Desse kjem til å stå for ein stendig mindre del av kjøpekrafta i verda.

13) Målet om at EF skal vinna striden om marknader og få økonomisk vokster, vil seia at sammarknaden i praksis skjerpar den økonomiske utbyttinga av land i den tridje verda. Dette er

styrking av nykolonialismen.

6.3. Arbeid mot rasisme og sjåvinisme

Verda har sett mange døme på fylgjestreng undertrykking på grunnlag av etnisk opphav/rase. Jødeparagrafen i den norske grunnlova (1814) er eitt slikt døme, det nazistiske holocaust eit anna og det sør-afrikanske apartheidsystemet eit tridje. Det nazistiske tridje riket var tufta på ein aggrsiv ekspansjonisme. Apartheidstaten Sør-Afrika kviler på sjåvismen hjå den kvite afrikaaner- folkesetnaden. Avdi "nasjonale" sjåvinistar har snudd nasjonalismen på hovudet og teke han til inntekt for seg, er det eit ansvar for nasjonalistrørslone å slå dette klårt og eintydig fast: Nasjonalt sjølvstende, nasjonal byrgskap og dyrking av dei nasjonale mål og kulturtradisjonane tyder ikkje vanvyrdnad for andre folk og deira kulturar og tradisjonar, men det motsette. Dette gjer at Norsk Målungdom står fast ved at fascistar og rasistar ikkje fær vera med i

organisasjonen.

Me går òg sterkt imot overvaking, dynelyfting og trakassering av innvandrargruppor frå politiet

og styresmaktene.

6.4. Stønad til og samarbeid med nasjonale rørslor i andre land.

Tufta åt NMU seier det slik:

"Norsk Målungdom ser arbeidet sitt i samanheng med den striden andre folk fører for nasjonal og språkleg frigjering, og stør difor gruppor og organisasjonar som reiser strid mot undertrykking på slikt grunnlag." Tufta har òg ein eigen bolk som slær fast at "Norsk Målungdom vil stø den

striden samane fører for nasjonal, språkleg og kulturell frigjering."

Ein av dei viktugaste konklusjonane av dette er at Norsk Målungdom er ei nasjonal rørsle, og kan stø nasjonalistrørslor og nasjonale krav etter vurdering. Det er dette me legg i omgrepet internasjonalt samarbeid; samarbeid for alle nasjonane, ikkje mot dei. Det nasjonale er føresetnaden for alt internasjonalt, og slikt internasjonalt samarbeid er einaste von i

striden mot avnasjonalisering og overnasjonal styring.

Så lenge det ikkje står i vegen for fridomen til andre nasjonar, meiner NMU at:

-Kvar nasjon har rett til velja sin eigen politiske og økonomiske skipnad.

-Kvar nasjon har skyldnad til å dyrka og vyrda sin eigen kultur, sitt eige mål og sin eigen serhått - den arven som er grunnlaget for at me no og i framtid skal kunna møta omverda som sjølv-

stendige folk.

Me lyt søkja samband med og stø andre folk, nasjonar og frigjeringsrørslor som strid for fulle

rettar for sine nasjonale krav. Slike krav kan vera:

1) Arbeid for lausriving frå gamle kolonitilhøve og frigjering frå militær okkupasjon: Dette gjeld

område som Eritrea, Tibet, NordIrland, Palestina, mfl.

2) Opphevjing av kunstige delingar: Aust-/Vesttyskland, Irland. Det samiske kravet om nedbryting av grensor som hinder mellom norske, svenske, finske og sovjetiske samar, høyrer og

med i dette biletet.

3) Lausriving frå nykolonialistisk utsuging: Frontlinestatane i det sudlege Afrika, dei

latinamerikanske landa.

4) Arbeid for å koma bort frå audmykjande politiske dominanstilhøve; jamfør striden for nasjonal

oppreist i Aust-Europa og kravet om Svalbard som norsk land.

5) Indre sjølvstyre t.d. innanfor fleirnasjonale (sumtid føderalistiske) statsdaningar: Dette gjeld for

t.d. Slovakia, Kossovo, samar og inuittar:

Med bakgrunn i desse prinsippa skal NMU arbeida for betre kontakt med nasjonale rørslor. Målet med denne kontakten lyt vera å få til tosidig kunnskapstileigning og stønad, og å riva grunnen

under sjåvinistiske eller rasistiske tildriv i folket.

På denne plattforma ynskjer Norsk Målungdom å oppmoda all norsk ungdom til å vera med på å REISA EIT BOLVERK mot EF, og for ei nasjonal framtid både for nordmenn og andre folk -

mot det nye "Grosseuropa...".