Norsk Vilje - Program for ein alternativ ungdomskultur

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Vedteke på landsmøtet i Bergen 13.-15. mars 1998

Innleiing

Norsk Målungdom arbeider for at nynorsk skal verta eit røynleg alternativ til bokmål slik at folk kan velja å ta han i bruk og soleis gjera nynorsk til einaste riksmål. Me er difor ein del av ein 150 år gamal målreisingstradisjon. Denne tradisjonen voks fram med dei store folkerørslene frå slutten av 1800-talet. Desse folkerørslene bar fram verdiar og kulturelle uttrykk med rot i folkedjupet, ofte i opposisjon til det etablerte og offisielle Noreg, og dei vann stor oppslutnad mellom ungdomen.

I dag er folkerørslene vortne statsfinansierte organisasjonar med stort byråkrati og lite politisk aktivitet. Når ungdomen er aktiv er det helst berre gjenom fritidsaktivitetar og mindre gjenom politisk arbeid. Politiske organisasjonar merker ein uvilje hjå ungdomen mot å engasjera seg og å taka andsvar. Frå å vera leiande i samfunnsspørsmål har ungdomen i stor grad meldt seg ut. Kva er årsaka til denne endringa?

Ungdomen har i dag eit høgt press på skule og i studie, og dei har ofte låg løn og arbeider med uhøveleg arbeidstid. Mange meiner dette er viktigaste årsaka til det manglande engasjementet mellom ungdom. Slik Norsk Målungdom ser det, er det rett at ungdom har lite tid og dårleg råd, og at det legg ein dempar på organiseringslysta. Me meiner likevel ikkje at dette er det største hinderet; ungdom har hatt det verre før, men samstundes reist store folkerørsler. Derimot er ungdomskulturen og dei ideala som rår der eit stort hinder for ein meir engasjert ungdom.

Med dette programmet freistar Norsk Målungdom å setja opp eit alternativ til den rådande ungdomskulturen.

Stoda i dag

Det er i ungdomstida dei fleste finn seg ein ståstad i verda, dei peiker ut kva dei vil med livet. Når ein er ung får ein kunnskap ein ber med seg resten av livet, og som avgjer kva val ein vil taka. Kva ideal ungdom har i dag, vil soleis vera avgjerande for korleis framtida skal sjå ut.

Fleire og fleire ungdomar tek inn bokmålsvendingar og anglonorske ord i talemålet. Medan foreldregenerasjonen vår ofte vart pressa til å leggja av seg dialektane sine, vert dei dag dregne jamt mot bokmålet, av di ungdom flest vantar anten viljen eller kunnskapen som trengst for å halda på målet sitt. Flyttestraumen til byane vert sterkare, jamvel om ungdom kan koma betre ut av det reint økonomisk i distrikta. Folkerørslene og ungdomsorganisasjonane misser medlemer, og aktivistane vert færre. Utdaningsnivået vert stadig høgare, men det verkar likevel ikkje som om den kunnskapen dei tileignar seg fører til meir andsvar eller handling i høve samfunnet. Svært mange ungdomar veit ikkje korleis maten dei et vert produsert eller kva naboen eller det lokale næringslivet driv med.

Ungdomskulturen byggjer på idéar om individuell valfridom og på vantande tru på at folk sjølv kan endra noko gjenom politisk arbeid. Ungdomsideala i dag går ut på å taka vare på seg sjølv og fylgja eigne lyster i det lengste.

Det å vera fri for ungdomen i dag er å kunna finna seg sjølv ved å velja kva for motebylgje, trend eller subkultur ein skal gjeva seg inn på. Fridomen skal helst vera so fullkomen at jamvel å nytta teoriar og ideologiar til verkty for å tolka røyndomen, vert rekna som hinder for den frie tanken. Tanken om å organisera seg for å nå politiske mål har veikna mykje. Den postmodernistiske mistrua til at det er noko å vinna på å endra samfunnet, døyver og held nede initiativ frå ungdomen.

Eit døme på den postmodernistiske mistrua er det som i dag vert kalla “alternativ” ungdomskultur. I desse sokalla alternative miljøa, til dømes subkulturar bygde opp kring ein serskild musikktype eller hobby, finn ein ofte skepsis mot rådande tenkjing og ideal. Dette er i utgangspunktet sunt, problemet deira vert ofte at dei ikkje organiserer seg for å endra det som er gale. I staden endar dei ofte opp med å dyrka det å vera annleis i seg sjølv. Slik vert det alternative ei formsak som gjeld musikktype, hårfarge og klede, medan innhaldet kan vera heilt i tråd med rådande tenkjing.

Tanken om valfridom skjuler dei verkelege tilhøva. Det lovpriste mangfaldet er sjeldan reelt, i praksis vel folk vekk det sermerkte. Underhaldningsindustrien legg mykje godt råmene for kva ideal som skal råda mellom ungdomen. Ved hjelp av ungdomsblad, reklamebyrå, trendsetjarar og meiningsskaparar vert ungdomskulturen forma i biletet til pengesterke krefter. Ungdomskulturen vert knytt opp til forbruk, ein er kva ein kjøper.

Kvardagen til ungdom er prega av tevling. Karakterpress, kamp om studieplassar og ein pressa arbeidsmarknad fører til at ungdom tevlar mot einannan i staden for å endra desse tilhøva.

Bruk av rusmiddel, serleg alkohol, har ei sentral rolle i den rådande ungdomskulturen. Både i bygd og by er det sers sjeldan at ungdomen kan samla seg i helgene utan at alkohol er ein avgjerande faktor for å få det sosiale til å fungera. Rusmiddelbruk vert ofte sett på som eit opprør frå ungdomen si side mot ulike autoritetar, men dette endrar ikkje rolla til autoritetane.

Ungdomskulturen vert globalisert. Globaliseringa fører til at makta vert flytt ut av folkevalde lokale og nasjonale organ og over til den globale marknaden. Med auka verdshandel og framveksten av ein verdsmarknad er det skapt ein global ungdomskultur. Denne ungdomskulturen er i liten grad prega av ei global utveksling av ideal og haldningar mellom ulike nasjonale og lokale kulturar. Det som skjer er i røynda ein anglo-amerikanisering. Det finst ingen global landsby og heller ingen verdsborgarkultur lausriven frå nasjonale kulturar. Den kommersielle anglo-amerikanske kulturen er i dag den sterkaste, og set størst preg på den “globale kulturen”. For folk flest ser dette naturleg ut, slik det gjerne gjer når utviklinga går etter viljen til den sterkaste.

Idealet om å vera urban og kul gjer at ungdom ikkje lenger vil bu på bygda. For mange er det då betre å gå arbeidslaus i byen. Men jamvel byungdom må skoda vidare for verkeleg å vera urbane. Oslo vert for liten, og London og New York kallar. Sett gjenom dei globale brillene vert ingen stad her i landet eigenleg god nok.

Alternativet vårt

Norsk målungdom byggjer på røynslene frå målreisinga og på ideala ho fremjar. Heile målreisinga botnar i kampen om kva kultur som skal råda her i landet . Då Ivar Aasen skriftfeste det norske landsmålet, tok han utgangspunkt i dei nynorske målføra slik som han høyrde folk kringom i Noreg tala dei. Han samla alle dei norske målføra til eit sams norsk skriftmål. Dette arbeidet for å føra heimleg tradisjon over i eit moderne skriftmål står i skarp kontrast til bokmålsstrevet. Bokmålet er resultatet av prestisjen det danskætta kolonimålet har hatt i breide lag av det norske folket. Av di folk er med og skapar soga, meiner Norsk Målungdom at ungdom kan velja mellom to ulike tradisjonar i norsk målsoge.

Mellom verdiane som bør vera i ungdomskulturen set me opp desse:

1. Kunnskap: Ungdom må få att viljen til å tileigna seg ålmenn kunnskap, lærdom som ikkje treng stå i pensum. Ungdomen må kjenna landet vårt og soga vår for å få oversyn over kvifor samfunnet vårt er som det er og korleis det fungerer. Skulen må sjå at det finst verdfull kunnskap utanfor skulebygga òg. Eit mål med utdaninga må vera å styrkja medvitet om lokal og nasjonal kultur og samhøyrsle. – Studieringsarbeid og friviljuge studie er viktig for å skapa kunnskap som fører til politisk handling. – Ungdom må tileigna seg kunnskap om målføret sitt og nynorsken.

2. Tradisjon: Det som gjer oss norske er ikkje statsborgarskapen, men at me er knytte til sereigne tradisjonar og seder, og at me har kjennskap til norsk soge. Tradisjonane er ikkje berre viktige av di dei gjev oss nasjonaltilhøyrsle, men dei er òg overlevert visdom frå tidlegare tider. Alle tradisjonar er ikkje gode i seg sjølv, og me må velja dei me tykkjer er i samsvar med verdiane våre. – Ungdom bør ha kjennskap til, taka i bruk og utvikla vidare den norske folkekulturen; til dømes dans, musikk og handverk. – Ungdom bør velja nynorsk, som representerer norsk språkleg tradisjon frå gamalnorsken og målføra.

3. Tilhøyrsle: Folk lever ikkje isolerte frå einannan, men er ein del av stadbundne kollektiv; bufellesskap, lokalsamfunn og nasjonar. Det å kjenna tilhøyrsle til desse kollektiva, og å handla ut frå dei er grunnlaget for at folk kan organisera seg og påverka samfunnsutviklinga. – me vil styrkja dugnadskulturen mellom ungdom. – me må styrkja den friviljuge politiske organiseringa. – me vil bryta ned dei falske skilja mellom ungdom og gamle – folk må kunne ha sosialt samvere utan at alkoholen skal vera einaste berebjelken for dette.

4. Andsvar: Om ein ikkje kjenner seg knytt til ein stad eller eit folk, kjenner ein heller ikkje andsvar. Difor er det viktig å : – flytta makt til mindre einingar der folk kan taka andsvar sjølve. – styrkja banda til lokalsamfunnet med å halda på og dyrka målføret og anna norsk talemål. – vera opne for at folk med røter i andre kulturar enn den norske får høve til å dyrka desse kulturane i Noreg.

5. Handling: Ungdom har meiningar, problemet er at dei fleste av oss har mista trua på at handling nyttar, og difor ikkje omset tankane våre til handling. Norsk Målungdom ynskjer at ungdom skal få att trua på at det nyttar og at ungdomen: – ikkje berre er mot sentralisering, men òg er viljuge til å bu i distrikta trass i den rådande kulturen. – ikkje berre sit med meiningane sine kvar for seg, men organiserer seg for å slåst for dei saman med andre. – handlar aktivt i norsk soge og bryt med bokmålsveldet og vel nynorsk.

Om ein vil vera med i arbeidet for ein alternativ ungdomskultur, bør ein organisera seg. I ein organisasjon får ein prøvt standpunkta sine mot andre, og om ein vil vinna fram med synspunkta sine, vil dei få større gjenomslag enn om ein står åleine.

Kvar og ein av oss må setja tradisjonar, verdiar og ideal opp mot kvarandre og velja: Vil me flyta med på kvar motebylgje eller vil me sjølve staka ut kursen?

Norsk Målungdom vonar organisasjonen kan verta ei kraft i striden for ein ny ungdomskultur, og at andre ungdomsorganisasjonar òg byrjar sjå kritisk på ungdomskulturen.