Mostratinget

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Mostratinget var eit tingmøte heldt ved Moster kyrkja, på MosterBømlo i 1024. Her lagde kong Olav den heilage og bisp Grimkjell fram kristenretten som dei i samråd med frie bønder på tinget fekk teke ved. Sidan vart dette òg teke ved på dei ymse lagtingi, og ein hev rekna dette som innføringi av kristendomen til statsreligion i Noreg. Mostratinget er nemnt i dei eldste norske lovtekstene, Gulatingslovi og Frostatingslovi.

Mostratinget danar råma kring andre vendingi i det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (som til vanleg gjeng under namnet Mostraspelet), skrive av Johannes Heggland.