Målføra og nynorsken

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

1. Snakk dialekt - skriv nynorsk[endre]

1.1. I lang tid har "Snakk dialekt - skriv nynorsk" vore det uomstridde slagordet i målrørsla. NMU ynskjer i dag å halda på dette dogmet, men meiner at målrørsla bør diskutera slagordet, og sjå kritisk på det. Det er naudsynt, av di det får mange ulike tolkingar og fylgjer. Her skal me sjå litt nærare på nokre av dei, og freista finna liner som er verde å taka opp.

1.2. I nyare målrørslesoge har me sett svært motstridande syn på dette spørsmålet. På syttitalet fanst jamvel dei som meinte motsetnaden bokmål/nynorsk var heller uviktig. Folk skulle skriva som dei tala; det var sjølve målet for (den språklege) frigjeringa og såleis for målrørsla. Nynorsken laut sjølvsagt endrast i takt med endringane i talemålet. På hi sida har det nok funnest dei som ikkje har teke det minste omsyn til talemålet i landet i dag. Dei har gjort lite av seg. Dei fleste "gamalstavarane" har snarare vore målføreromantikarar og dyrka biletet av målføra som "usulka" av bokmålet. Dei fleste målfolka har hamna i andre båsar. Grovt sett strir dei for nynorsken slik han er i dag (unnatak finn ein m.a. i bynemdndstilrådinga til Noregs Mållag), som sjølvsagt kan tøyast i mange retningar. Dette er ei line som den norske målreisinga ikkje er tent med, av di dialektane vert utvatna av bokmålet. Nokre vil at ein skal skriva nynorsk av di nynorsk er mest likt på dialekten - og er såkalla "tospråksfolk" sidan mange dialektar er mest lik bokmål. Andre vil at nynorsken skal byggja på det samlande systemet i målføra, og fyrst og fremst på det norske tilfanget - slik at nynorsken har klåre grenser mot dansk-norsken. Dei fleste av desse er såkalla "eittspråksfolk", og det er denne lina NMU må halda på.

1.3.Om alle tala dialekt og skreiv nynorsk, hadde me sjølvsagt vore fullnøgde. Dei sigrane og rettane dialekt- og målrørsla vann fram til på 70-talet, er det viktig å stø opp om. Når det trengst, lyt me taka denne striden oppatt. I dag kan dei fleste tala dialekten sin fritt og uhemma i alle samanhengar, og slik bør det vera. Ingen skal kunna tvingast til å endra talemålet sitt. Fyrste delen av slagordet åt målrørsla har såleis slege gjennom på dei fleste felt. Fullt så bra har det ikkje gått med andre lekken. Folk flest ser ikkje motsetnaden mellom å tala dialekt og å skriva bokmål. I praksis har det vorte det til: "Snakk dialekt - gløym nynorsken". I fylgje språkvitskapen talar minst 2/3 av folket målføre som minner meir om nynorsk enn bokmål. Dette har liten innverknad på skriftmålsstoda. Målrørsla lyt syna fram det sams verdigrunnlaget for å skriva nynorsk og tala dialekt - og med det kvifor det er gale å skriva bokmål. 2/3-argumentet er eit argument mot nynorsk som einaste riksmål. Me har ofte nytta det moralistiske sjølvsvik-argumentet mot folk som talar målføre og likevel skriv bokmål. Dette høver dårleg med tanken om at alle bør kunna skriva nynorsk - same korleis dei talar.

2. Verdien av dialekt og personleg talemål[endre]

2.1. Me er alle samde om at dialekt er verdfullt, men spør ikkje så ofte kvifor. Det vert lett eit spørsmål om kjensler. Dialektidentitet er ikkje synonymt med personleg språkleg identitet, det ville vera overforenkling. Folket i ei bygd er ikkje språkleg "identiske". Dessutan ligg språkleg identitet på minst to plan: målet ein har, og målet ein identifiserer seg med. Dei fleste identifiserer seg med bokmål i skrift, trass i at dei talar ein "nynorsk" dialekt. Årsaka til dette er såleis ikkje skilnad/likskap mellom talemål og skriftmål, men at me lever i eit bokmålsvelde. NMU vil i fyrste rekkje at dei skal identifisera seg med dialekten i tale og med nynorsken i skrift - og på den måten gjera ende på bokmålsveldet.

2.2. Dialektane gjev oss regionalt og lokalt ankerfeste, og er den beste språklege reidskapen til å halda lokale kulturovringar i hevd. Ein rik og stø målføretradisjon gjev språkleg tryggleik i ungdomen, og eit godt grunnlag for å utvikla ei personleg uttrykksform som ein kan kjenna seg heime i. Men det personlege talemålet er ikkje alltid ein dialekt. Det personlege talemålet er ei privat sak, og bør vera ukrenkjeleg, anten det er dialekt, knot eller normalmål. Dei fleste identifiserer seg sterkt med talemålet sitt, sjølv om det ikkje er den "opphavlege" dialekten. Likevel bør me driva målpolitisk verksemd mot at folk legg målet om i bokmålslei. Likeins bør me arbeida for at dei norske målføra får veksa på heimleg grunn utan at dei vert tynte av bokmålsveldet.

3. Verdien av eit nasjonalt skriftmål[endre]

3.1. I mange land med gamle skriftmål, har det vakse fram eit nasjonalmål med utgangspunkt i talemålet åt høgare sosiale lag i sentrale stròk. I andre nasjonar har dei reist eit nytt skriftmål på grunnlag av ein sentral eller prestisjefyllt dialekt. Dette er ofte tilfelle i tidlegare koloniar som vantar eller har fått brote ein skriftmålstradisjon. I nokre land, mellom anna i Noreg er me så heldige at alle dialektane har vorte grunnlag for eit sams skriftmål. Dette gjer skriftmålet nasjonalt i ei meir grunnleggjande tyding enn mange andre stader. Det gjev eit breiare grunnlag for å verna den nasjonale målarven, og ein større arv å ta vare på. NMU meiner at dette er det beste grunnlaget for målreising. Såleis kan me reisa heile målførearven av ord og seiemåtar, og få eit så rikt nasjonalmål som mogleg.

3.2. Å reisa eit nasjonalt skriftmål mot etterfylgjaren etter kolonimålet er ein lekk i arbeidet med å auka vyrdnaden for den heimlege kulturen, og å ta eit oppgjer med dei kreftene som ser på norsk kultur som noko provinsielt og sidrumpa. Tankane og tradisjonane til eit folk har på ymse vis felt seg ned i målet, som såleis vert den beste reidskapen til å bera dei vidare. Eit folk som dyrkar, held på og strid for målet gjev ikkje lett slepp på kulturen og sjølvstendet sitt, og har betre føresetnader for å forstå andre folk som strid for politisk og kulturelt sjølvstende.

4. Sambandet mellom dialekt og nynorsk[endre]

4.1. Korleis skal samsvaret mellom nynorsk og målføra vera i praksis? Me meiner at prinsippet til Ivar Aasen i store drag er det målrørsla lyt tufta på. Nynorsken kan sjølvsagt ikkje vera lik alle dialektane, men han kan byggja på dei. Ivar Aasen fann dei samlande draga i dialektane, djupstrukturen så å seia, og reiste eit tolleg einskapleg skriftmål. Likevel skulle det vera rom for alle ord og uttrykk i dialektane. Men Ivar Aasen var varsam med å ta opp uturvande framandord i skriftmålet, og det må me òg vera.

4.2. Så lenge målrørsla strid mot ei stor overmakt - arvtakaren etter det danske kolonimålet - er det naudsynt med ein viss einskap i det alternativet me byd fram. Ein knytt neve slær hardare enn fem sprikjande fingrar. Dersom målføra berre var eit virrvarr av bøyingsformer, var dei lite å masa med. Men målføra er langt meir enn dette, dei er eit mangfald av uttrykksformer som speglar av m.a. soge, kultur, natur, arbeid, humor og lynde. Det er ikkje med ei rotut rettskriving me fær fram mangfaldet, men med å bruka nynorsken betre, med ord og seiemåtar frå målføra og ei munnleg målføring. Med å nytta dialekt i normalisert form (= nynorsk skriftmål) slepp me isolering av dialektane i kvar sine regionar. I staden kan ein henta råkande ord og uttrykk frå andre målføre enn sitt eige. Slik løyser ein det meste av det dansk-tyske lånordsproblemet. Stort sett finst det dekkjande ord i eit eller anna målføre. Som Ivar Aasen sa: "det den eine heve gløymt, hev den andre gøymt - og so skal allting finnast". Nokre anbehetelsemessige innslag toler nok nynorsken, men me bør stri mot dei så lenge det finst norske alternativ. Når det gjeld nye anglonorske lånord, bør me gå inn for å finna og laga norske avløysarar jamvel om anglonorsken har kome inn i målføra. Det seier seg sjølv at me freistar nytta ut heile rikdomen i det målet me reiser.

4.3. I dag er stoda i nynorsken stikk motsett. Formverket er eit puslespel som kan setjast ihop på tusen måtar, men likevel vert sjølve nynorsken, serleg målføringa, meir og meir lik bokmål. Dette kjem m.a. av at folk tek opp bokmålsvendingar i staden for tilfang frå andre målføre. Det er "unaturleg" å henta tilfang utanfor sitt eige målføre, med mindre det samsvarar med bokmål - det er "naturleg" påverknad. Denne haldninga må me snu på.

4.4. På skulen lærer mange at nynorsken finst berre av di han er så lik dialekten deira. Ei fylgje er at elevane heng seg opp i det som skil dialekten deira frå nynorsken. Dei endar oftast opp med bokmål, som ein ikkje stiller dei same krava til. Mange stader lærer dei kor bokmålsnært ein kan skriva nynorsk ut frå målføret. Skulen må i staden leggja fram korleis nynorsken syner systemet i mangfaldet av dialektar. I dialektundervisninga skal vekta liggja på samsvaret mellom talemål og nynorsk, ikkje på avvika. Munnleg og grei målføring skal framleis vera idealet i nynorsk.

4.5. Ein viss valfridom i rettskrivinga er av det gode, så lenge han er oversynleg og ikkje kløyver nynorsken i ulike målformer. Klamme- og sideformsystemet i dag er så ugreitt at snautt nokon har det fulle oversynet. Sideformer som me/vi er på sin plass, likeins byd valfridom i store bøyingskategoriar (ulike infinitivsendingar, i- og a-mål o.l.) heller ikkje på store vanskar. Verre er det med ulik skrivemåte i ordstomnar. Sumt i rettskrivinga i dag bryt med systemet i alt norsk talemål, og er etteraping av bokmål (t.d. tida men li(d)a, gard men ur[d], humle men somla). Målrørsla treng ikkje stå vakt om den statlege normeringa av nynorsken all den tid det einast tyder avnorsking. Nynorsken treng ikkje gjerast meir bokmålsnær, tvert om. Og difor må NMU arbeida, gjerne i samråd med NM, for å få attende dei opphavlege skrivemåtane på grunnlag av Aasen sitt syn; at alle orda skulle byggja på det som er sams i dialektane.

4.6.Så lenge me talar vent om valfridom og/eller heilnorsk mål, lyt me ta avstand frå den hetsen som den tradisjonelle nynorsken ("høgnorsk", "Aasen-mål" eller "klassisk norsk") og dei som brukar han vert møtt med. Ei rørsle med vanvyrdnad for sin eigen tradisjon, lever ikkje lenge i landet. Det meste av den klassiske nynorske bokavlen er skriven på dette målet, og er framleis leseleg. Dei fleste fordomane mot "høgnorsken" råkar dessutan nynorsken ålment.

5. Normering / normalisering av talemålet.[endre]

5.1. Her er det viktig å skilja omgrepa. Med normalisering meiner me å leggja talemålet opp til skriftspråket (nynorsk eller bokmål). Normering tyder her å setja opp ei norm for det målet ein talar, anten ein vel å halda på målføret, vatna det ut, normalisera til nynorsk eller bokmål eller noko anna. (Normalisering er såleis ei form for normering). Likeins er det viktig å skilja mellom å leggja om talemålet av di ein vert pressa til det og når ein ynskjer det sjølv. NMU er imot omleggjing under press, og normalisering til bokmål i alle tilfelle. Likeins ser me negativt på normering til ein sosiolekt (oftast bokmål) for å få høgare sosial status. Derimot er det god målreising om folk normerer talemålet (dyrkar målføret eller nyttar nynorsk) for å reisa nynorsken og målføra, og NMU må så langt som råd hjelpa dei som ynskjer å normera talemålet sitt i norsk lei.

5.2. Talemålspolitikken til målrørsla heiter "snakk dialekt". Dei som ikkje gjer det, "svik seg sjølve". Samstundes pyntar me oss med fana "språkleg demokrati". Det seier seg sjølv at den mest demokratiske lina er "snakk som du vil", ikkje påbodet "snakk dialekt". Dialekten er ein kode me ikkje har valt sjølv, det er noko me har med oss frå heimstaden og foreldra, som omgjevnadene har gjeve oss. Dette bør ikkje vega tyngre enn menneskeleg vilje. Demokrati er å velja sjølv. Men som andre demokratiske rørsler har me som oppgåve å påverka viljen til folk. Og me ynskjer at dei skal vilja tala dialekt. Ikkje av di det er "naturleg", men av di det har ein verdi. Når folk flyttar til ein (annan) by som fylgje av sentralisering, er det "naturleg" å la seg påverka av målet på den nye staden. Ynskjer ein dét, er det greitt nok. Andre tviheld på dialekten sin - ikkje for di det er "naturleg", men for di dei meiner det er rett. Eit slikt val er eit døme på talemålsnormering, og det bør me ikkje vera mot.

5.3. Diverre er det slik at når folk ikkje greier å halda på dialekten sin, glid dei over mot bokmål, m.a. av di det ikkje finst noko nynorsk talemålstilbod for andre enn NRK-tilsette. Målrørsla har eit andsvar for å skapa ein slik tradisjon. Det kan vera eit ryggstø for å stå imot det sosiale presset mot norsk mål. Det er ikkje meininga at folk skal leggja av seg dialekten når dei flyttar, men at dei kan henta tilfang frå (andre målføre via) nynorsken i staden for å verta undersåttar av bokmålsveldet. Den nynorske normaltalemålet som finst, har ein svært standardisert uttale, sterkt merkt av Det Norske Teatret og bokmålstalemål. Målrørsla bør arbeida for eit nynorsk talemål med større rom for målføredrag i uttale og ordval. Men normalisering av talemål bør haldast ute or skulen, elles vert det bokmål for dei fleste. Lokale mållag bør laga kurs i målføret på staden for å å syna samanhangen med nynorsken og hindra avnorsking/ utvatning.