Heksameter

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Heksameter (av gr. hex, «seks» og metron, «mål») er i verslæra eit seksføtt versemål, serleg kjent frå Illiaden og Odyssevskvædet, og Aneiden. Upphavet er græskt, og var det faste episke versemålet i græsk og romersk dikting.

Dei fire fyrste verseføtene er anten daktylar (– ∪ ∪ ) eller spondear (– –), den femte oftast alltid ein daktyl, den sjette ein spondé eller ein troké (– ∪).

I den tridje eller fjerde (sjeldan) versefoten må eit ord enda og eit anna byrja. Dette er kalla cesur (lat. caesura, «avskjering»), ei kvila i takti; og er i skanderingi merkt med tvo loddrette strìkar.

Medan vers på norsk er ihopbundne av linor som byggjer på skiftingi millom tyngde og utyngde stavingar (aksentuerande), byggjer antikke græske og latinske (ikkje alltid, men gjeld her) vers på skiftingi millom lange og stutte stavingar (kvantitativ). Dette gjer at heksameteret ikkje høver vel i norsk dikting.

Døme

Tvo fyrste verselinone or fyrste boki av Odyssevskvædet:

ándra moi énnepe, moûsa, polútropon, hòs mála pollà
plánkhthæ, epeì Troíæs hieròn ptolíethron épersen:
[…]

Umsetjing (A. Garborg):

Songdis, fortèl meg um mannen hin rådsløge, han som so vide
kringum laut flakke, daa øydt han hadde det heilage Troja,
[…]