Skilnad mellom versjonar av «Gustav Indrebø»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
Line 17: Line 17:
 
== Målpolitiske artiklar ==
 
== Målpolitiske artiklar ==
  
* [http://sambandet.no/sambandet/visartikkel.php?ID=148&TAB=artikkel Sanning fær vera sanning – når det gjeld i-mål og a-mål òg.] Sanning fær vera sanning – når det gjeld i-mål og a-mål òg .
+
* [http://sambandet.no/sambandet/visartikkel.php?ID=148&TAB=artikkel Sanning fær vera sanning – når det gjeld i-mål og a-mål òg.]  
* [http://sambandet.no/sambandet/visartikkel.php?ID=149&TAB=artikkel I-mål og a-mål i framtidi.] I-mål og a-mål i framtidi.
+
* [http://sambandet.no/sambandet/visartikkel.php?ID=149&TAB=artikkel I-mål og a-mål i framtidi.]  
  
  

Versjonen frå 8. april 2020 kl. 18:16

Mal:Infoboks biografi Gustav Indrebø (fødd 17. november 1889, død 3. august 1942) var ein norsk målvitar, filolog, historikar og målmann.

Livssoga

Gustav Indrebø var fødd i Samnanger i Midt-Hordland, som son av lærarar. Familien flytte til Jølster i Sunnfjord då Gustav var to år gamal, deretter til Maridalen i Vestre Aker i 1901 der dei vart buande. Gustav Indrebø tok artium som privatist i 1908 på skulen Hauges Minde i Oslo. Etter artium gjekk han lærarskulen og arbeidde nokre år som lærar. Han hadde lett for å lære. Han byrja så å studere ved Universitetet, og tok filologisk embetseksamen frå 1913 til 1917. Faga hans var historie hovudfag og bifag i norsk og tysk. I åra 1921–1930 arbeidde han som dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, før han i 1930 vart professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens Museum. Han døydde brått av sjukdom i 1942. Bror hans var biskop Ragnvald Indrebø.

Fagleg innsats

Gustav Indrebø gjorde ein innsats på fleire felt. I filologien er arbeidet med Sverris saga (1920) og Gamal norsk homiliebok (1931) viktig. Som stadnamngranskar skipa han saman med professorane Magnus Olsen og Edvard Bull i 1921 Norsk Stadnamnarkiv, og han var den fyrste leiaren for arkivet. Som statleg namnekonsulent (frå 1923 til 1942) fekk Indrebø vidare mykje å seie for normeringa av stadnamn. Doktoravhandlinga hans frå 1924 er òg om stadnamn: Norske innsjønamn. 1. Upplands fylke. Indrebø skreiv dessutan fleire arbeid om språkhistoriske og språkpolitiske emne. Hovudverket Norsk målsoga kom ut etter hans død, fyrste gongen i 1951 (redigert av Per Hovda og Per Thorson). I 2001 kom Norsk målsoga ut på nytt (redigert av Johan A. Schultze og Oddvar Nes), då med eit tilleggsmateriale som ikkje kom med i 1951-utgåva.

Målmannen

Gustav Indrebø var målmann, og ein leiande stridsmann for Aasen-lina. Det kom ikkje minst til uttrykk i striden mot rettskrivinga av 1938. Indrebø sat i styret i Noregs Mållag frå 1928 til han døydde, og var formann 1930-1931. Han var dessutan leiar for Det Norske Samlaget 1923-1929. I desse åravar han med på å legge planar for Norsk Ordbok. Frå 1917 til 1921 var Indrebø filologisk redaktør av ei nynorsk bibelutgåve. Han la også mykje arbeid i å få gjeve ut Nynorsk salmebok. Ho kom ut i 1925.

Gjennom ei mengd artiklar og talar verka Indrebø som ideologisk førar for dei som la vekt på nasjonale synspunkt i målstriden.

I 1933 vart Indrebø dregen for retten av di han hadde kalla to offentlege tenestemenn i Bergen for «ein skam for standet sitt» av di dei ikkje ville nytte nynorsk i tenesta, jamvel om dei var pliktige til det etter Mållova av 1930. Indrebø vart dømd til å betale 600 kr i bot og 700 kr i sakskostnader, men det var ei utbreidd oppfatning i målrørsla om at Indrebø hadde rett.

Målpolitiske artiklar


Litteratur

  • Edissen, Inger Indrebø. 1993. Gustav Indrebø - ei livsskildring. Bergen: Norsk Bokreidingslag.
  • Midttun, Olav. 1968. Mål og menn. Oslo: Samlaget.
  • Venås, Kjell. 1984. For Noreg og Ivar Aasen. Oslo: Novus.
  • Vaagland, Per Ivar. 1982. Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra. Oslo.

Bakgrunnsstoff

Mal:Autoritetsdata