Gustav Indrebø

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Gustav Indrebø (fødd 17. november 1889, død 3. august 1942) var ein norsk målvitar, filolog, historikar og målmann.

Dei viktugaste målpolitiske verki hans er Norsk Målsoga (1951) og artikkelsamlingi Kva er målreising?.

Livssoga

Gustav Indrebø var fødd i Samnanger i Midt-Hordland, som son av lærarar. Familien flytte til Jølster i Sunnfjord då Gustav var to år gamal, deretter til Maridalen i Vestre Aker i 1901 der dei vart buande. Gustav Indrebø tok artium som privatist i 1908 på skulen Hauges Minde i Oslo. Etter artium gjekk han lærarskulen og arbeidde nokre år som lærar. Han hadde lett for å lære. Han byrja så å studere ved Universitetet, og tok filologisk embetseksamen frå 1913 til 1917. Faga hans var historie hovudfag og bifag i norsk og tysk. I åra 1921–1930 arbeidde han som dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, før han i 1930 vart professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens Museum. Han døydde brått av sjukdom i 1942. Bror hans var biskop Ragnvald Indrebø.

Fagleg innsats

Gustav Indrebø gjorde ein innsats på fleire felt. I filologien er arbeidet med Sverris saga (1920) og Gamal norsk homiliebok (1931) viktig. Som stadnamngranskar skipa han saman med professorane Magnus Olsen og Edvard Bull i 1921 Norsk Stadnamnarkiv, og han var den fyrste leiaren for arkivet. Som statleg namnekonsulent (frå 1923 til 1942) fekk Indrebø vidare mykje å seie for normeringa av stadnamn. Doktoravhandlinga hans frå 1924 er òg om stadnamn: Norske innsjønamn. 1. Upplands fylke. Indrebø skreiv dessutan fleire arbeid om språkhistoriske og språkpolitiske emne. Hovudverket Norsk målsoga kom ut etter hans død, fyrste gongen i 1951 (redigert av Per Hovda og Per Thorson). I 2001 kom Norsk målsoga ut på nytt (redigert av Johan A. Schultze og Oddvar Nes), då med eit tilleggsmateriale som ikkje kom med i 1951-utgåva.

Målmannen

Gustav Indrebø var målmann, og ein leiande stridsmann for Aasen-lina. Det kom ikkje minst til uttrykk i striden mot rettskrivinga av 1938. Indrebø sat i styret i Noregs Mållag frå 1928 til han døydde, og var formann 1930-1931. Han var dessutan leiar for Det Norske Samlaget 1923-1929. I desse åravar han med på å legge planar for Norsk Ordbok. Frå 1917 til 1921 var Indrebø filologisk redaktør av ei nynorsk bibelutgåve. Han la også mykje arbeid i å få gjeve ut Nynorsk salmebok. Ho kom ut i 1925.

Gjennom ei mengd artiklar og talar verka Indrebø som ideologisk førar for dei som la vekt på nasjonale synspunkt i målstriden.

I 1933 vart Indrebø dregen for retten av di han hadde kalla to offentlege tenestemenn i Bergen for «ein skam for standet sitt» av di dei ikkje ville nytte nynorsk i tenesta, jamvel om dei var pliktige til det etter Mållova av 1930. Indrebø vart dømd til å betale 600 kr i bot og 700 kr i sakskostnader, men det var ei utbreidd oppfatning i målrørsla om at Indrebø hadde rett.

Målpolitiske artiklar


Litteratur

  • Edissen, Inger Indrebø. 1993. Gustav Indrebø - ei livsskildring. Bergen: Norsk Bokreidingslag.
  • Midttun, Olav. 1968. Mål og menn. Oslo: Samlaget.
  • Venås, Kjell. 1984. For Noreg og Ivar Aasen. Oslo: Novus.
  • Vaagland, Per Ivar. 1982. Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra. Oslo.

Bakgrunnsstoff