Geirfugl

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Geirfugl (Pinguinus impennis) er eit fugleslag som sokna til alkefamilien, men som hev dåe ut. Han var upptil sytti cm lang, med nebb lik ein alke, kvit undersida og svart yversida, hadde stutte venger og var ikkje før til å fljuga. Hovudet var svart med ein kvit flekk fyre kvart auga. Geirfuglen var i grunnen tolleg lik på pingvinen å sjå til, men hadde ingen skyldskap med denne. Geirfuglen var god til å symja, og livde av fisk langsmed kystane nord i Atlanterhavet.

Fram til vikingtidi var geirfugl tidsynt i Noreg, men gjekk sidan snøgt attende for skuld veiding. I andre luter av Nord-Atlanteren var han vanleg so seint som på 1500-talet. Lengst heldt han stand på Island der dei sidste tvo geirfuglane vart drepne på Eldey den 3. juni 1844. Det skal ha vorte sét geirfugl i Vardø i 1848 og på Grønland fleire gonger på 1850-talet, men dette er ikkje slege fast og gjenge god for som visse observasjonar. Orsaki til at geirfuglen do ut var fyrst og fremst yverdrivi veiding. Ein mindre fuglesetnad munde yverlivt på Island, men samlarar og museum var viljuge til å gjeva so mykje for utstoppa geirfugl at arten so å segja var dømd til å dauda.

Namnet geirfugl kjem av norrønt geirr, spjot (etter det lange nebbet), og fugl.