Fyresegner for Haldor O. Opedals fond for målreising og måldyrking

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

§1 Fondet skal ha namnet Halldor O. Opedals fond for norsk målreising og måldyrking. Fyremålet med fondet er å reisa og odla norsk mål. Fondet skal gjera sitt til å halda uppe måltradisjonen frå Ivar Aasen i stil og skrivemåte og ordval, so langt som det til kvar tid let seg gjera. Eg viser til målsynet åt professorane Nikolaus Gjelsvik og Gustav Indrebø, soleis som dette synet kjem fram i arbeidi deira um norsk målreising og måldyrking. Skulde det verta tvilsmål um tolking av dette, syner eg til mitt brev: "Mitt syn på norsk målreising nokre tankar".

§2 Grunnstolen for fondet skal vera på kr. 600 000,-, seks hundre tusen kronor, og denne hovudstolen skal ikkje minkast. Eiga skal til kvar tid verta varveitsla i samsvar med fyresegner um midlar for umyndige. Avkastingi skal ein leggja til grunnstolen kvart fjerde år.

§3 Fondet skal ha eit styre på fem mann. Vestlandske Mållag, Vestmannalaget, Ivar Aasen Sambandet, Noregs Mållag og Norsk Måldyrkingslag vel kvar sin mann med varamann. Styret i eit lag kann gje fullmakt åt ein mann til å møta i fondsstyret, um det ikkje høver for den valde styresmannen å vera til stades. Eit møte med tri mann er vedtaksført.

Fondsstyret vel sin formann med varamann. Formannen skal ha avgjerdsmakti um røystetalet veg jamt. Styremenn med varamenn vert valde for fire år. Ein styremann eller in varamann bør ikkje stå lenger enn tolv år. Aldersgrensa uppyver er 75 år.

§4 Styret skal syta for rekneskapsførar og skrivar og peika ut ettersynsmenn. Rekneskapen skal godkjennast av styri i dei lagi som har valrett til fondet.

§5 Avkastingi av fondet skal kvart år i mars månad etlast ut åt folk som skriv rein og velflidd nynorsk. Dei bør òg kunna tala dette målet – eller eit bydemål. Utetlingane gjeng fyre seg i seriar på tri år. Det fjerde året vert rentesummen lagt til hovudstolen, sm. §2. Etter fire år tek serien til på nytt.

Fyrste året etlar fondsstyret ut serskilt kr. 1000 til kvart lag til fritt bruk for norsk målarbeid. Det som då er att, byter styret på studiekurs, måldyrking, foredrag, artiklar, prenting av skrifter eller bøker eller onnor form for norskdomsarbeid. Det bør verta nemnt i prenti um dei kjem ut med tilskot frå fondet.

Andre året etlar styret ut serskilt kr. 1000 år kvart lag til fritt bruk for norsk målarbeid. Det som då er att, byter styret på ei rekkje studentar (5-10) ved universitet eller høgskular til kveik (premiar) for idugt arbeid for nynorsk mål. Er vilkåri like mellom to eller fleire kandidatar, gjeng dei fyre som har gjort største innkastet. Styret kan òg ta påskjøningar til lag i bygd eller by som gjer framifrå målarbeid.

Tridje året etlar styret ut serskilt kr. 1000,- åt kvart lag til fritt bruk for norsk målarbeid. Av det som då er att, yter styret ein fjerdepart til ein kringkastingsmann, ein fjerdepart til ein bokmann (forfattar, diktar, vitskapsmann), ein fjerdepart til ein bladmann eller eit blad og den siste fjerdparten til stortingsmenn, skulemenn, kyrkjemenn eller yrkjesmenn or næringslivet. Det [kan] òg verta tale um andre personar.

Alle må ha synt evne og vilje til å bruka nynorsk mål i si beste form.

Fjerde året skal renta leggjast attåt hovudstolen i samsvar med §2. Brot på denne regelen har ettersynsmennene grunn til å klandra.

Ovannemnde fyresegner er ikkje påbod ("direktiv"), og styret stend i serhøve fritt til å yta år andre fyremål. Fyresetnaden er at ytingane ikkje vik av frå grunntanken åt fondet.

Utetlingane bør ein gjera kjende i bladi og kringkastingi, um det er råd, til kveik for folk i arbeid for norsk målreising og måldyrking.

§6 Um so er at eit lag ikkje ynskjer å ha målsmenn i styret for fondet med dei fyresegner som her er sett upp, gjeng rettane år dette laget over til dei andre lagi. Skulle fleire lag gå ut, vel dei lagi som er att, styret for fondet.

Kjem det upp eit nytt lag som stettar kravi åt dette fondet, kan fondsstyret røysta det inn og gje det fulle rettar. Det nye styret skal stjorna fondet med tanke på heile landet som før, etter dei fastsette fyresegner, berre med det skilet som praktiske grunnar gjer naudsynlege.

Skulle alle lagi verta uppløyste gjeng fondsmidlane inn i fondet til instituttet Halldorsbu på Bibelhaug i Ullensvang. Um dette skulle henda, fell fyresegnene for dette fondet burt.

Fire styrelemer kan visa burt eit lag for ei tid eller for godt med to likelydande vedtak. Det må gå minst eit år mellom vedtaki.

Lofthus den 29/12 1971 Halldor O. Opedal