Austlands-mål og vestlands-mål - framandord

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Hjalmar Lindroth: Aktuella språkfrågor. Stockholm 1928. Hugo Gebers Förlag.

Den energiske og lærde svenske målgranskaren, professor ved Göteborgs Högskola Hjalmar Lindroth, hev samla ei rad med stutte avhandlingar og gjeve ut i bok, med titelen «Aktuella Språkfrågor». Det er nokre populær-vitskaplege utgreidingar, som vender seg til upplyste lesarar utanfor filolog-lauget òg. Boki er skrivi for eit svensk publikum. Men norske lesarar som hev interesse for språkspursmål, vil òg kunna ha hugnad av henne. Fleire av artiklane gjeng um «frågor» som er aktuelle ikkje berre i Sverike. Og boki fell ikkje tyngre enn emni plent krev det. Professor Lindroth hev evna til å kunna skriva leseleg og folkeleg um ihopfløkte spursmål.

Av innhaldet kann ein t. d. nemna utgreidingar um korleis me skal tala og lesa rett, um setningsanalyse, um korleis morsmålslæraren skal upplærast.

Eit instruktivt lite stykke handlar um svenske familienamn. Svensk namneskikk er svært ulik den norske. A kalla seg upp etter heimstaden, heimegarden, som er so vanlegt her hjå oss, er svært lite brukt i Sverike. Noko kjem det av at busetjingstilhøvi er annleis der enn her. Folket bur mykje i landsbyar, i staden for på einbølte gardar. Urn den norske namneskikken segjer Lindroth: «Det är en förnäm namngivning detta; det stärker ättekänslan och fosterlandskärleken att ständigt påminnas om var man har sina rötter i det egna landet».

Ei utgreiding um skrivemåten av «våra skärgårdars namn på våra sjökort» er forvitneleg, ikkje minst med di ho viser korleis synsmåtane hjå dei lærde lagar seg etter tilhøvi, og er relative. I Sverike hev dei eitt riksmål med stor autoritet. Der gjeng dei lærde ut ifrå som noko sjølvsagt, — professor Lindroth òg —, at stadnamni kann ikkje løysa seg frå det vanlege språket, dei må retta seg so mykje som mogelegt etter riksmålet. Her hjå oss hev me tvo skriftmål, som tevler. I den sise tidi hev stadnamni officielt vorte løyste ifrå det eine av deim, norskdansken. Men ein stor hop av filologane våre er imot det andre målet, nynorsken, og dermed òg imot at stadnamni skal knyta seg til det. Her hev det då vorte ei språkfilosofisk setning, at stadnanmi ikkje bør rørast, dei bør ha si fulle dialektform; og der hev vorte eit stort rop um at det er det einaste «vitskaplege». Jamføringi er sers lærerik, og ein grand løgleg. I hovudprincippet er eg samd med professor Lindroth. Men fullt so langt som han, og svenskane i det heile, trur eg ikkje me bør gå med å bøygja stadnamni våre inn under riksformer. Det vert ikkje gjort på kartverki våre heller. Der hev dei freista med ein millomveg.

Eit stykke som nordmenn vil vera forvitne etter å lesa, og som eg serskilt vilde tala um her, handlar um «Den norska litteraturen på «målet» och den skandinaviska publiken». Det er eit fyredrag som bokskrivaren hev halde på eit sumarskeid for laget Norden. Det er halde for nokre år sidan, noko ein kunde tenkja seg til, hadde eg so nær sagt. For laget Norden hev i den seinare tid vorte mindre og mindre «målvenlegt», ser det ut til, — på same måten som eldre «skandinaviske» samskipnader var imot unionskløyvande tendensar. På studentstemna i Vestfold i fjor sumar tok dei ikkje ein gong ein målmann til gjeva den praktiske rettleidingi i nynorsk; dei brukte bokmålstalar til det.

Utgreidingi åt Lindroth syner at han er millom dei utlendingane som ser på målreisingi med fordomslause augo. Han hev langt på veg ein samhug med henne til dess, som han ikkje legg vinn på å dylja. I det store og heile gjev han landsmennene sine ei sers god rettleiding um dei faktiske tilhøvi med umsyn til den norske målsaki. Han held t. d. klårt fram at litteraturmålet ifrå unionstidi, var «i huvudsak dansk». Han strikar under at målstrævet er «ett uttryck för det fosterländska uppsving som på så många områden, inte minst inom den andliga odlingen, framträtt i Norge under det sista århundradet». Og han gjer greide både for Ivar Aasens målstræv og Knud Knudsens m. m. Utgreidingi hev grunnlag i eit samvitsfullt studium. Ho er eit vitnemål um at ei skynsam og til deils sympatisk verdsetjing av den norske målreisingi held på og arbeider seg fram på sume kantar innan svenske intelligenskrinsar. I so måte eit vitnemål um det same som me kann merka på andre måtar òg i det siste — me kann t. d. nemna ei lang og sers sympatisk umrøde um nynorsk litteratur og målreising i oktober i fjor i Göteborg Morgonblad, prenta av i Gula Tidend 7/11 29, av litteraten H. P. Mattson.

På eit par punkt, og dei er ikkje so lite viktuge, tykkjer eg like vel ikkje at utgreidingi åt professor Lindroth er fullt rettleidande; so at det trengst ei motsegjing. Eg trur at han på desse punkti hev bygt vel mykje på innlegg og utgreidingar av motmenn her heime imot målsaki, i staden for å draga slutningane einast og beint ifrå nynorsken og mållitteraturen sjølv.

Me møter for det fyrste i Lindroth si skrift òg det påstandet at nynorsken er eit serskilt Vestlands-mål. Dette er ei utsliti frase som hev vore brukt fælt mykje i agitasjonen her heime, og med ikkje so liten verknad, av di ho hev kunna tala til den ringare sida ved lokalpatriotismen. Det er kanskje ikkje so underlegt um utlendingar med kjennskap til stridslitteraturen um nynorsken kann koma til å bera læra fram; men falsk er ho like fullt. Det røynlege er at det nynorske skriftmålet hev gjort den djerve freistnaden å vilja ha basis i alle dei nasjonale målføri (ikkje i norskdansk talemål sjølvsagt); og det brukar i ljodverk og formverk ei noko romsleg etymologisk rettskriving av den grunn.<a href="#11">¹</a> På sume punkt kjem det då — etter som det høver med det etymologiske systemet, med velklangen m. m. — til å stydja seg næmast til éin landslut, på andre punkt til andre landsluter. Det styd seg til vestnorsk og nordnorsk t. d. når det hev einslita endingar i alle verb og tvostava hankyns- og hokynsord: bera og bita, hane og stolpe, vike og vise, — og ikkje tek umsyn til den austnorske tvikløyvingi i desse ordi (bera — bite, hana — stolpe; viku — vise).<a href="#12">²</a> I andre ting styd det seg til austnorsken, og då fyrst og fremst til Austlands-mål. Med umsyn serskilt til Vestlandet, so kann normalen gå imot måli der i tilfelle då dei hev moderne nylagingar, og i tilfelle der dei hev halde på det gamle. Å kalla nynorsken for eit serskilt Vestlands-mål då, høyrer ingen stad heime.

<a name="11"></a>¹ Like vel ikkje so gamaldags som i dei andre skandinaviske måli, t. d. i

norskdansk med skrivemåtar som hvad for ordet va. — I den færøyske tidskrifti Vardin for 1929 hev færøyingen Chr. Matras eit heller kvast åtak på den nynorske målformi åt Ivar Aasen, for di ho tek for lite umsyn til det

historiske og etymologiske.
<a name="12"></a>² Denne tvikløyvingi grunnar seg på nokre gamle tonelags- eller rettare tonelengd-høve, som for det meste ikkje er livande lenger.

Det kann vera greidt å nemna nokre punkt der den nynorske skriftnormalen fylgjer austnorsk og serleg austlandsk, imot vestnorsk. — Til austnorsk reknar med Austlands-måli og trønde-måli.

Austnorsk, og nøgnare sagt austlandsk, er det når namnordi hev fleirtalsbøygjing på r i hankyn og hokyn: hestar, hanar, skåler. Fleirtalsendingi r er mesta berre austlandsk (hestar og sumstad hester; hanar; skåler). På Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Noreg finst ho anten slett ikkje eller berre i spreidde restar (normalformene der er hesta, hana, skåle). Dette er verkeleg eit viktugt drag, og dei kann ikkje lata vera å taka umsyn til det for di um dei kjenner fleirtalsendingi på r vel ifrå svensk og dansk og norskdansk. Ho er ikkje sjølvsagd i eit norsk skriftmål, som skal retta seg einast etter norske tilhøve. — Vestlandet og Nord-Noreg hev her den mest moderne, og den mest sernorske framvokstren; for det sernorske er nettupp å kasta konsonantane i tonelett utljod.

Eit austlandsk principp til i substantivbøygjingi er det når dei so stryk r'en att i bunde fleirtal og skriv hestane, skålene, ikkje hestarne, skålerne (skålerna). For Vestlandet og det nordanfjellske er det nokso lite logisk å fyrst setja til i ubundne fleirtal ein r som dei ikkje høyrer, og so sleppa honom att i bunde fleirtal. Det so mykje meir som dei i bunde fleirtal for det meste hev ei minning um gamall rn både vestanfjells og nordanfjells (dn, eller palatal nn). Men for austlandske måltilhøvi høver sovori bøygjing.

Austlandsk er det òg når notidbøygjingi av verbi hev r. Um dette kann segjast det same som um fleirtalsbøygjingi i substantivi. Vestlandet og det nordanfjeiiske hev so godt som berre r-lause former: han føre, sende; i det slag verb som kallast for a-verb hev dei vide stader der nått fram til reint klassisk einfelde: å kasta, notid han kasta, fyrrtid kasta, han hev kasta. Austlandet hev ålment — so nær som i sume av dalane — den meir alderdomlege bøygjingi på r: fører, sender, og kaster. Normalen fylgjer den bøygjingi (med a i kastar).

Substantivi og verbi er av dei viktugaste ordkiassone, og det gjev nynorsken nettupp ein sterk austnorsk svip at han i slike hovudting i bøygjingi styd seg serskilt til Austlandet. —

Austnorsk er det når riks-normalen held på m i utljod i ord som millom, gjenom, relativet som, pronomenet honom, dativ når det vert bruka (hestom), m. m. Vestlands-målføri hev gjenomført den meir moderne og sernorske ijodlovi her òg, at dei kastar konsonanten i tonelett utijod (myljo o. dil., gjøno etc.).

Adjektivbøygjingi er austnorsk. Det sermerkt vestlandske er at adjektivi framleis hev kynsbøygjing i fleirtal: store daga(r) og stutta næte(r). Austnorsk og nordnorsk hev ikkje sovori kynsbøygjing, og ikkje det nynorske skriftmålet heller. — I dette stykket er det dei austnorske målføri som er mest moderne, i motsetning til ved substantiv- og verbalbøygjingi.

Konsonantverket er austnorsk (og nordnorsk) i slike ord som hamn, namn; ofte, ufs. Sermerkt vestlandsk er havn, navn (habn, nabn), opte, ups.

Austnorsk, nøgnare sagt specielt austlandsk, er dei konservative skrivemåtane med g og k for gj, kj framfyre tonelett e: t. d. sager, saker for sagje(r), sakje(r). Ikkje å tala um skrivemåtar som tenker, ynske, stykke, som endå til på Austlandet helst er utkantformer.

Ei sudaustlandsk, konservativ utkantform er òg infinitivsmerket å. Vestnorsk og i det heile meir ålmenn-norsk er te (til).

Og kor gjev ikkje småordi den, det, der nynorsken eit austnorsk lag. Vestlandsk er dan, da(t), dar. Her hev vestlandsk dei eldste, og austnorsk (med nordnorsk) dei nyare formene. — <p>Eg vil ikkje ha sagt at det hadde vore noko gale um nynorsken hadde havt meir vestnorsk farge enn han hev. Solei at ordi mine her liksom skulde vera eit slag forsvar. Eg vil berre ha fram det reint faktiske: at det å kalla nynorsken etter si form for eit specielt Vestlands-mål, det strider beint imot dei røynlege tilhøvi. Dersom dei vil taka til å saumfara den «obligatoriske» rettskrivingi for nynorsk, so er det fulla ikkje so godt å segja kva for ein landslut som fær mest. Ikkje trur eg at det skulde verta Austlandet som vart misbytt. Helst er det so at serformene i nynorsken er derifrå.

Når påstandet um «Vestlands-mål» likefullt kann halda seg so hardnakka, kjem det sjølvsagt i mange høve av skort på sakkunnskap. Dinæst kjem det at del ikkje dømer ut ifrå rein norsk synsstad, men held for sjølvsagde sume drag som dei kjenner frå norskdansk, eller frå svensk og dansk. Endeleg kjem det av at dei ikkje godtek sjølve grunntanken i målreisingi: den å reisa eit romslegt, demokratisk mål der alle måiføre av nasjonal rot (ikkje norskdansk!) kann finna seg att so lett som mogelegt. Dei vil anten ha eit meir lokalfarga — dermed òg trongare og mindre demokratisk — mål, som byggjer på ein einskild landslut; — oftast tenkjer dei då på den sudaustlege, og minst sernorske, hyrna av Austlandet. Eller dei vil beint fram ha det tilvande norskdanske bokmålet til grunnlag og hovudrettesnor, soleis at dei berre skal laga noko um på det. Mest alt som ikkje samferst med det norskdanske talemålet, reknar dei då for avvik frå det gode og naturlege. Dette er greide nok synsmåtar i seg sjølv. Men dei kann ikkje bruka desse synsmåtane når dei vil gjeva ei vitskapleg, objektiv umdøming um kva som i sanning er det faktiske grunnlaget for nynorsken.<a href="#21">¹</a>

<a name="21"></a>¹ Professor Lindroth ynskjer at del måtte gjera nynorsken meir austnorsk

for at han skulde verta lettare for svenskar og danskar. Her òg trur eg dei mistek seg noko, dersom dei vil taka umsyn til slikt som røynleg er ålment konstituerande i autnorsk talemål. Det som fyrst og fremst måtte til for å gjera nynorsken ser-austnorsk, var å føra inn dei tvikløyvde formene i tvostava ord (bera — bite; hana — stolpe; viku — vise). Men sovori kløyving hev dei ikkje anten i svensk eller dansk riksmål; ho vilde snaudt vera

til nokon lette for frendane våre i Sverike og Danmark.

Dette var rettskrivingi og formverket. Med umsyn til ordval og fraseologi og setningsbygnad er det likso gale å segja at nynorsken hev knytt seg til nokon serskild landslut. Princippet hev vore å halda alle slusor opne for alle landsluter. Dette var eit principp som alt Ivar Aasen heldt sterkt på, han var til og med takksam for at Asbjørnsen og Moe drog so mange gode Austlands-ord fram i den danske målhamen som dei brukte. Det same princippet hev målmennene hævda jamt sidan. Og um folk vil sjå på den nynorske litteraturen, so skal dei finna at diktarane hev aust med fyrekjærleik kvar or sitt heimemål, kvar dei so hev havt heimstaden sin —: Garborg or jærbu-målet, Tvedt or harding-målet, Uppdal og Duun or trøndemålet, Aukrust, ørjasæter og Sven Moren or dei austlandske dølemåli, Oskar Bråten or folkemålet i Oslo. Tanken hev vore at alt saman med tidi skulde renna heilt i hop til ei større og rikare eining, der alle skulde kunna finna att sitt og ingen vera utestengd. Altso den vide nasjonal-demokratiske tanken her òg. Sjølvsagt høver ikkje dette heller for deira synsmåte som vil at ein landslut åleine skal gjeva normen. Ikkje heller høver det for deim som vil at den tilvande norskdansken skal vera grunnlaget og so dialektane gjeva «tilsig». Men for di um det er imot sjølve princippet, so hev dei ikkje rett til å vilkårleg setja stempelen «Vestlands-mål» eller «døle-mål» eller kva det no kann vera på nynorsken, all den stund han faktisk i sitt ordval og si ordleggjing, både i teori og praksis, hev heile landet til grunnlag (det som hev norsk talemål). Ein objektiv dom må byggja på nynorsken sjølv og på den nynorske litteraturen som ligg lyre. Og dei må fyrst ha tenkt seg inn i kva det er nynorsken sjø1v vil.

Det andre punktet som eg trur bokskrivaren mistek seg noko i, er med umsyn til framandordi. Han minner um kva verd det «internasjonale språkgodset» hev for eit mål, og ber fram som eit skandinavisk ynskjemål at målmennene ikkje må stengja seg for mykje ute ifrå framandordi, og isolera seg uturvande frå dei andre norderlendske språki ved det. Her trur eg han tenkjer seg at målmennene hev meir imot framandord enn dei hev i det store og heile, i minsto i dag; det um han so nemner at ikkje alle målmenn er imot å bruka internasjonale ord. —

Frå norsk synsstad fell framandordi i tvo flokkar. Der er germanismane, anten dei no kjem beinveges, eller yver dansk og norskdansk. Og so er det dei røynlege internasjonale ordi, som for det meste er frå klassiske mål eller av romansk rot. Det fyrste slaget, dei tyske lånordi, og ikkje mindre del tyske ordlagingselementi, er nynorsken sterkt imot. Det finst full mange tyske ord og mekaniske umsetjingslån i bruk i nynorsk, men strævet gjeng ut på å bægja imot og reinsa deim ut att. Det lyt vera soleis av umsyn til nynorsken si sjøv; for tysken, som er eit nærskyldt språk, hev ei evne til å arma ut målet, med at han tepper att for dei heimlege kjeldone. Dei tyske ordi og ordlagi, når del slepp til, trengjer til sides nasjonale ord og vendingar og set stengje for den rike uppkoma med målande og hendige ordlag or folkemålet. Og dei tyske ordlagingselementi — t. d. endingi -helt — et svart ikring seg og tyner ned den evna som norsk mål eig i seg sjølv til ordlaging og nyvokster, med hjelp av sine eigne avleidingsendingar, med ljodbrigde m. m. Jamfør korleis endingi -hed (-het) hev herja i dansk og norskdansk! Difor er målreisingi puristisk her, av principp. Og ein kann segja at ho er i samsvar med eit sterkt ålment straumdrag ved det. For del freistar mykje i andre land òg no å søkja attende til «sprogets gamle malm» (Lis Jacobsen), og nytta ut voksterevna i måli sjølve til å få nasjonale, rotvaksne språk. Men det er visseleg ikkje dette slag språklån som professor Lindroth tenkjer på. Dei germanske språklåni er ikke internasjonale. Han tenkjer på dei røynleg internasjonale ordi.

Men med umsyn til dette slag framandord kann me ikkje segja at målstrævarane i det store og heile er serskilt puristiske. Det ser ein snøgt dersom ein tek og les nokre avisor eller nokre faglege og vitskaplege utgreidingar på nynorsk. Den ålmennaste synsmåten, skulde eg tru, er at ein fær stå heller fritt til dei internasjonale ordi, og bruket fær retta seg etter stilen og emnet, og etter det publikum ein talar til. Ein kann kanskje segja det soleis, at stend det eit godt heimelegt ord til råds, so er det i samsvar med god «målteori» å bruka det. Men ein driv ikkje nokor kunstig leiting etter avløysarar for vanlege og velkjende internasjonale ord. Det er ikkje naudsynt; for desse ordi treng ikkje målet um å halda ute til sjølvverje. — Rett nok trur eg ikkje, at det vil ha so stort å segja til å binda del norderlendske tjodene saman, anten so nynorsken tek upp meir eller mindre av desse framandordi. Dei fleste svenskar og danskar og likeins dei norrøne Vesterhavs-folki, skynar vel av naturi likso godt ordet «svartsyn» som, ordet «pessimisme». Men dei internasjonale ordi gjev eit slag vidare samband, og hev stempel og innhald frå ein større kulturkrins. Difor kann dei vera gode å ha, og difor brukar nynorsken deim med same rett som andre mål, — og han hev ikkje nokon serskild skyldnad til å greida seg deim forutan.

Nokon sovoren skyldnad kjenner ikkje målfolket på seg heller. Når utanforståande stundom kann tala som målfolket hadde det, eller burde ha det, er det ei mistyding.

I denne umrøda hev eg fest meg ved tvo punkt der eg meiner at bokskrivaren hev teke i mist. Det er helst for desse motmæli skuld at heile stykket er skrive. Til slutt vil eg segja, at det er ikkje meiningi med dette å lasta boki. Det som eg hev nemnt, er detaljar innanfor den råma som boki hev, og grip ikkje inn i det andre innhaldet. Boki er all igjenom interesse-vekkjande for deim som balar med språkspursmål. Og eg tek upp att: norske lesarar òg vil ha glede og gagn av henne.