Årsmelding for Vestmannalaget 1996-1997

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Stjorni
På årsmøtet den 14. mars vart Leidulv Hundvin attvald til formann. I stjorni hadde ingen bede seg fri. samansetnaden ser slik ut: Gunnar Gilberg nestformann, Lars Bjarne Marøy, skrivar, Finn Vabø og Bjarne Storheim stjornarmenn. Kassastyrar er som tidlegare Tørris Sørheim.
Varamenn. Olav Bakken, Torolv Hustad.og Bjørn Tormod Ringdal

Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnemndi: Ludvig Jerdal, Finn Vabø og Lars Bjarne Marøy. Varamenn: Gunnar Gilberg og Bjørn Tormod Ringdal. Det Norrøne Grønlandslaget: Arne Holm. Ludv. Jerdal og Leidulv Hundvin. Kyrkjenemndi: Ellen Vabø. Varamann Ingebjørg Gilberg. Ettersynsmenn: John Arthur Marhaug og Knut Brattebø. Ettersynsmann for Vestmannen: John Arthur Marhaug. Fanevaktar: Jon Askeland og Haldor Slettebø. Bladstjorn for Tuftekallen: Eigil Lehmann, Gunnar Gilberg, Lars Bjarne Marøy, Sveinung Ones, Nils Aksel Mjøs og Leidulv Hundvin.

Møte og samkomor
Med årsmøtet i 1996 hev laget havt åtte samkomor. Seks av desse hev vore på Bryggens Museum, minnemøtet for fyrste landskappleiken i Urdi, og jolesamkoma som vanleg i gildestova til Kreditkassen.

Stjorni hev halde tri møte, alle i Kreditkassen sine lokale.

Møteverksemdi:

Torsdag 14. mars årsmøte med vanleg årsmøtesaker. Heiderslagsmann og sokneprest Eigil Lehmann tala um Mitt målsyn.

Torsdag 17. april tala folkehøgskulestyrar Ingjald Bolstad um språkmannen Ivar Aasen.

Torsdag 19. september hadde me minnemøte umd en fyrste kappleiken som vart halden for 100 år sidan, og møtet vart halde i Urdi. Det var ogso i dette huset -heimen til Frida og Olav Rusti- at den fyrste kappleiken vart halden. Journalist og heiderslagsmann Ludv. Jerdal tala um Frida og Olav Rusti, Landskappleiken i 1896 og um huset Urdi og atterreisingi av dette. Øivind Vabø spela hardingfela på ein meisterleg måte, og me hygde oss storleg.

Torsdag 17. oktober tala adjunkt Gunnar Gilberg um Rhododendronkongressen i Vest- Skottland som vart halden i sumar, og han hadde ei mengd vakre ljosbilete som han synte fram.

Torsdag 13. november tala professor ved Universitetet i Bergen Miguel Quesada um indianarane i Sud-Amerika og språket deira.

Torsdag 12. desember hadde me jolesamkoma vår i Kreditkassen , og der tala lektor Asbjørn Odd Ystebø um Kyrkja og kristenliv i det norske Amerika. Under den hyggjelege bordseta bar formannen fram helsingar frå heiderslagsmannen Ivar Kleiva og kona, og las upp tvo dikt som hadde sendt til laget. Like eins bar han fram helsing frå Kristoffer Kvamme, som hev vore sjuk sidan sumarferien. prost og heiderslagsmann Alv Askeland takka for maten i vare og fine ordelag.

Fyrste møtet i 1997 var den 16. januar og dette var eit Lehmann-møte. Prost og heiderslagsmann Eigil Lehmann som fylte 90 år den 29. s.m. vart hylla med talar, song og dikt. Ludv. Jerdal heldt festtalen, Nils Haukås hadde skrive både fyremæle og song til juilanten, og denne vart sungen tvo gonger. Elles var det mange som helsa jubilanten med vakre ord. Det var Jarle Bondevik, Alv Askeland, Stein Eirik Foss, Jon Askeland, og til sist Ingi Toftatun, som bar helsingi fram på færøymål.

Formannen kom med ei vakker blomekort frå Vestmannalaget, og Gunnar Gilberg hadde ein god Tuftekall.

Siste møtet i meldingsåret var torsdag Torsdag 13. februar. Då tala kulturjournalist Reidar Storaas um Nordahl Rolfsen og leseboki hans, den beste leseboki grunnskulen vår nokon gong hev havt.

Av serleg ting me kann draga fram dette arbeidsåret er Vestlandskappleiken - som var halden i Bergen frå fredag 11. til og med sundag 13. oktober. Her gjorde fleire av våre folk ein stor innstats, og me takkar serleg Ludv. Jerdal, og dei som var med i hovudnemndi av våre folk, Finn Vabø og Lars Bjarne Marøy og Ellen Vabø. På kulturkvelden um laurdagen fekk Ludv. Jerdal ei utmerking og gåva, og fru Jerdal fekk ein blomebundel.

Elles vil me takka Nils Haukås, som fleire gonger hev skrive songar og fyremæle til tilstellingane våre, både til jolefesti, og sist til Lehmann-møtet.

</P>

Eiga
Laget hev luter i Det Norske Teatret og i Norsk Bokreidingslag. Laget stjornar òg Henrik Krohn og Hustrus Legat, og sameleis Fritz Monrad Walles fond. Det siste kann verdsetjast til umlag kr. 600 000,. Kreditkassen vaveitlar midlane til Henrik Krohn og Hustrus Legat.

Gåvor og ytingar
Frå Dr. Kari Øpstads Nynorskfond hev laget dette året teke imot kr. 1000,-, frå Halldor O. Opedals fond dei lovfesta kr. 5000,- frå heiderslagsmann Ellen Jensen Danmark kr. 1000,- og frå Fritz Monrad Walles fond hev laget teke imot kr. 10 000,-.
Sjølv hev me ytt kr. 25000,- til Rustiromet, Urdi (+kr. 10 000,- som me betalte ut i kalenderåret 1995), til Norsk Bokreidingslag kr. 25 000,- (+ kr. 20 000,- som vart betalt i 1997), til Vestnorsk Utvandrarsenter 10 000,- og itl Vabøprosjektet kr. 5000,-

Bladet "Vestmannen"
Bladet Vestmannen hev ogso i dette året kome med 10 nummer. Dei siste nummeri er friska upp på framsida med brunfarge, noko som gjer utsjånaden vakrare. Elles er innhaldet sers godt, og me takkar bladstyrar Jostein Krokvik for eit storfelt arbeid.

Lagsfolk og møteverksemdi
Heiderslagsmann Anna Bjørndal døydde i september månad, 99 år gamal. Ved årsskiftet hadde laget 124 lagsfolk, av dei 6 heiderslagsmenn. Det er: Eigil Lehmann, Ludv. Jerdal, Alv Askeland, Ivar Kleiva, Jostein Krokvik og Ellen Jensen.

Møteverksemdi hev gjenge i same leid som åri fyrr og frammøtet hev stort sett vore godt. Me takkar dei trufaste medlemene som hev møtt upp på kvart møte, og like eins alle ikkje-medlemer som hev møtt upp på kvart møte, som ogso møter for å høyra gode fyredrag. Sjølv um ein del medlemer hev falle frå det siste året, hev ogso nye kome til. Dei siste møti hev òg vore vitja av mange ungdomar, noko som lovar godt.

Bergen, mars månad 1997
Stjorni i Vestmannalaget
Leidulv Hundvin