Årsmelding for Vestmannalaget 1992-1993

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Stjorni
På årsmøtet 18. mars 1993 vart Leidulv Hundvin attvald til formann. Ingerd Hirth og Arne Holm hadde båe bede seg fri for attval, og stjorni er no slik: Gunnar Gilberg, varaformann, Lars Bjarne Marøy (ny), skrivar, Sveinung Ones og Finn Vabø (ny).
Varamenn: Olav Bakken, Ingebjørg Gilberg og Torolv Hustad. Kassastyrar: TØrris Sørheim (utanum stjorni).

Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnernndi i Bergen: Ludv. Jerdal, Brynhild Horvei, Finn Vabø. Varamenn: Gunnar Gilberg og Lars Bjarne Marøy. Kyrkjenernndi i Bergen: Ellen Vabø, varamann Ingebjørg Gilberg. Målsmenn til Det norrøne Grønlandslaget: Arne Holm, Ludv. Jerdal og Leidulv Hundvin. Ettersynsmenn: Bjørn Evjenth og Bodvar Barsnes. Varamann: Torolv Hustad. For Vestmannen-rekneskapen: Leiv Flesland. Fanevakter: Jon Askeland og Ingi Toftatun. Bladstjorn for Tuftekallen: Eigil Lehmann, Bjarne Strand, Gunnar Gilberg, Lars Bjarne Marøy, Sveinung Ones og Leidulv Hundvin.

Møte og samkomor
Utanum årsmøtet i 1993 hev laget halde åtte samkornor. Det er fem vanlege lagsmøte på Bryggens Museum, eit møte på Bergens Sjøfartsmuseum og jolegildet som vart halde i gildehalli i Kreditkassen (tidl.Fokus Bank).

Stjorni hev halde fire møte, alle i Kreditkassen på Rådstuplass.

Møteverksemdi:

Torsdag 18. mars -93 vart det halde årsmøte. Utanum dei vanlege årsmøtesakene heldt Ludv. Jerdal eit forvitneleg fyredrag um "Spelemenn eg hev møtt". Oddmund Dale og Finn Vabø spelte slåttar av desse, og Salmund Jarane hadde ljodbandupptak.

Torsdag 15. april heldt Leidulv Hundvin fyredrag um diktarpresten Anders Hovden, og me song Hovdensongar.

Torsdag 13. mai hadde me lagt møtet til Bergens Sjøfartsmuseum, der undervisningsleidar Erling Virkesdal synte oss utstillingi um Hurtigruten, og fortaIde um upphavet og framvoksteren der. Orlogskaptein Erik Hoff Kierulf tok oss i ord og bilete med på ei ferd med Hurtigruten, noko me seint vil gløyma.

Torsdag 23. september hadde me fyrste lagsmøtet etter sumarferien. Då kåserte Wilhelm Waage um Dikt og songar me lærde, og me hygde oss saman med mykje song frå den gamle songskatten vår.

Torsdag 21. oktober skipa me til målmannamøte, der vår eigen Lars Bjarne Marøy og skrivaren i Hordaland Mållag innleidde til ordskifte um Målsaki no og i framtidi. Mållagsskrivaren heitte Hans Olav Brendberg.

Torsdag 18. november heldt forfattaren og journalisten Reidar Storaas fyredrag um tonediktaren Geirr Tveit, og Bodhild Haug song Tveit-tonar.

Torsdag 16. desember hadde me jolemøtet vårt i gildehalli i Kreditkassen, der forfattaren og bladstyraren Jostein Krokvik var heidersgjest. Han tala um Ny Hungrvekja og Jan Prahl.

Torsdag 20. januar -94 hadde me ferdatalaren Finn Frostad på vitjing. Han tala og synte fram ljosbilete i ein serie som han hev kalla Vestland, Vestland, med egne ord og øyne.

Torsdag 17. februar tok forfattaren Jo Gjerstad oss med på "En vandring i tekst og bilder rundt Store Lungegårdsvann", der me atter ein gong fekk ausa or den rike historiekjelda hans.

Utanum desse møti var Vestmannalaget økonomisk med og studde upp um l00-års jubileet som Bolstadøyri ungdomslag høgtida til minne um forfattaren Knut Horvei. Der samlast me fyrst i heimen til Knut Horvei, "Slottet", og heldt fram i ungdomshuset på Bolstad. Ungdomslaget hadde lagt upp til eit storfeldt program, der folkehøg- skulestyrar Ingjald Bolstad var hovudtalaren. Elles var det ei hyggeleg bordseta, mykje song, musikk og talar, og frå Vestmannalaget bar Ludv. Jerdal fram helsing og minneord. Eit strålande ver var og med og skapte festdåm yver dagen. Det var berre synd at so få frå Vestmannalaget hadde hØve til å vera med.

Den 26. august -93 døydde den mangeårige kassastyraren og skrivaren i laget, Ingerd Hirth, brått og uventa. Ho vart gravlagd frå Voss kyrkja den 2. september, og frå Vestmannalaget møtte fleire av dei eldre medlemene upp. Det vart lagd ned krans frå Vestmanna- laget ved formannen, og han bar ogso fram takkeord til den mangeårige tillitsmannen og heiderslagsmannen Ingerd Hirth.

Då Ingerd Hirth fall frå, miste laget ogso kasseraren for Fritz Monrad Walles fond. Det gjekk ei tid fyrr laget kunde finna ein ny, men ut på haustparten tok Leiv Flesland yver som ny kasserar og forretningsførar for fondet.

I den samanheng kan me og nemna at rettsaki mot dei åtte-ni bygslarane som hev nekta å godtaka nye og høgare avgifter, var uppe i byretten den 12. januar. Utanum advokat Berle som var vår prosess- fullmektig møtte Ludv. Jerdal, som heile tidi hev arbeidd med denne saki. Dessutan var formannen til stade som tilhøyrar under heile rettsaki. Av domen gjeng det fram at me hev fenge medhald på alle punkt, og at me ogso fær hØve til å regulera bygselsavgifti kvart 10. år. Domen er enno ikkje rettskraftig, då motparten hev åtte vekors ankefrist. Sakskostnadene på rundt 39.000,- kr. vart motparten dømd til å betala.

Den 30. august -93 vart Ivar Aasen-sentret for nynorsk skriftkultur skipa i Volda. Vestmannalaget som er medskipar hev betalt, kr. 10.000,- , slik alle dei andre medskiparane ogso måtte gjera. Våre målsmenn i skipnaden -eller Ivar Aasen-sentret -er Jostein Krokvik og Svein E. Kvamsdal.

Eiga
Laget hev luter i Det Norske Teatret og i Norsk Bokreidings- lag. Laget stjornar Henrik Krohn og Hustrus Legat, og sameleis Fritz Monrad Walles Fond. Det siste kan verdsetjast til umlag kr. 600.000,-.
Kreditkassen vareveitslar midlane til Krohn-legatet.

Gåvor og ytingar
Frå dr. Kari Øpstads Nynorskfond hev laget dette året teke imot kr. 3.000,- og frå Halldor O. Opedals fond dei lovfesta kr. 2.000,-. Desutan hev roe fenge yverført kr. 20.000,- frå Fritz Monrad Walles fond, då roe hev havt store utlogor til skipingspengar av Ivar Aasen-sentret og til Horvei- stemna. Frå Bondeungdomslaget i Bergen hev me heller ikkje dette året fenge noko, og sameleis Bergen kommune.

Bladet "Vestmannen"
Bladet "Vestmannen" hev ogso dette året kome med 10 nummer. Bladet aukar årlegårs i godleik, noko me kan takka den dugande bladstyraren -Jostein Krokvik -for. Me veit at bladet stend og fell med honom, og han hev no ogso lova å taka seg av medlemslistone og bladpengane. Helge Liland hev ogso dette året vore forretningsførar, men vil no få hjelp og avlasting av Krokvik.

Lagsfolk og møteverksemdi
Ved årsskifte hadde laget 128 lagsfolk, av desse sju heiderslagsmenn. Det er: Anna Bjørndal, Gerhard Garatun Tjeldstø, Ludv. Jerdal, Eigil Lehmann, Alv Askeland, Ivar Kleiva og Jostein Krokvik. Møteverksemdi hev gjenge i same leid som åri fyrr, med fyredrag og handskrive blad på kvart møte. Ein trufast lagsflokk hev møtt upp på møti, og mange ikkje-medlemer hev ogso vore med når dei hev funne program som fengjer. Difor hev me ofte vore uppe i umlag 30 møtedeltakarar, og det er me vel nøgde med no i ei tid då dei andre bygdelagi hev vanskar med å samla folk til sine lagsmøte.

Serleg er me glade for at fleire ungdomar hev funne vegen til møti våre, og me hev no fleire yngre lagsfolk i rekkjone som er viljuge til å taka ansvar og uppgåvor på seg. Og stjorni takkar serleg alle dei som trufast møter upp kva program me hev å bjoda på.

Bergen, 4 mars 1994
Stjorni i Vestmannalaget