Randen-Færavaag-ordskiftet

Frå Sambandet
Versjonen frå 2. august 2020 kl. 19:16 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Vincent-Færavaag-ordskiftet er ein polemikk millom Olav Randen og Vincent Eye Færavaag frå 1989. Ordskiftet vert rekna som eit av dei viktugaste målideologiske dokumenti frå 1980-talet.

Det byrja med at Olav Randen hadde ein kronikk i AKP-tidskriftet Røde Fane der han freista gjera ein slags syntese av det nasjonale og det sosiale målsynet, men der han til sjuande og sist landa på ei slags folkemålslina. Hovudmotsetnaden i norsk målstrid stod millom yverklassemål og folkemål, var poenget som han vilde føra til torgs.

Vincent Eye Færavaag, som på denne tidi var i Oslo og hadde vorte ein leidande ideolog for dei "nasjonale" i målrørsla, svara Randen i kronikken "Å spegla ein himil av". Tilsvaret var eit fullstendig knus av Olav Randen og argumentasjonen hans. Ein må gjerne finna ulike slags grunngjevingar for målstrevet, men ein kjem aldri burt frå at målstriden er ein nasjonal strid og at det er kjærleiken til det norske som er drivkrafti i målstrævet, slær Færavaag grundig fast.

Nedlasting