Mostratinget
Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 09:58 av Larsbjarne (Diskusjon | bidrag)
Mostratinget var eit tingmøte heldt ved Moster kyrkja, på Moster på Bømlo i 1024. Her lagde kong Olav den heilage og bisp Grimkjell fram kristenretten som dei i samråd med frie bønder på tinget fekk teke ved. Sidan vart dette òg teke ved på dei ymse lagtingi, og ein hev rekna dette som innføringi av kristendomen til statsreligion i Noreg. Mostratinget er nemnt i dei eldste norske lovtekstene, Gulatingslovi og Frostatingslovi.
Mostratinget danar råma kring andre vendingi i det årvisse sogespelet Kristkongane på Moster (som til vanleg gjeng under namnet Mostraspelet), skrive av Johannes Heggland.