Skilnad mellom versjonar av «Desibel»
(Oppretta sida med «'''Desibel''', ''dB'' er ei måleeining som segjer noko um tilhøvet millom tvo verde. Måleeiningi vert serleg mykje nytta i akustikk og elektronikk. Mest kjent er…») |
(Ingen skilnad)
|
Siste versjonen frå 13. april 2020 kl. 16:48
Desibel, dB er ei måleeining som segjer noko um tilhøvet millom tvo verde. Måleeiningi vert serleg mykje nytta i akustikk og elektronikk. Mest kjent er det kanskje at ein mæler ljodnivå i desibel. Sidan desibel er eit tilhøvestal, vert einingi dimensjonslaus. Desibel er ikkje ei SI-eining.
Ljodintensitet kann uttrykkjast med formelen under:
- <math>I_\mathrm{dB} = 10 \log_{10} \left(\frac{I}{I_0} \right)</math>
- her er I0 den lægste ljoden ein kann høyre, og I er intensiteten åt den ljoden ein mæler.
Tilhøvet millom tvo spenningsverde kann uttrykkjast slik:
- <math>V_\mathrm{dB} = 20 \log_{10} \left (\frac{V_1}{V_0} \right ) = 10 \log_{10} \left (\frac{V_1^2}{V_0^2} \right )</math>
I elektronikken talar ein ofte um dB-milliwatt (dBm) eller dB-mikrovolt (dBuV). dB-milliwatt er effekt relativt til ein milliwatt med dB-mikrovolt er spenning relativt til ein mikrovolt.
Samanhengen millom effektforsterking og spenningsforsterking
Dersom me set upp inngangseffekten i eit forsterkarsteg som
- <math> Pinn = Vinn^2/Rinn </math>
og på same måten utgangseffekten som
- <math> Put = Vut^2/Rut </math>
kann me skriva effektforsterkingi som
- <math> Put / Pinn = ( Vut^2 * Rinn ) / ( Vinn^2 * Rut ) </math>
Forsterkingi i dB vert då
- N(dB) = <math> 10 \log_{10} ( ( Vut^2 * Rinn ) / ( Vinn^2 * Rut ) ) = 20 \log_{10} ( Vut / Vinn ) + 10 * log(Rinn / Rut) </math>