Skilnad mellom versjonar av «Gustav Indrebø»
(4 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
Line 1: | Line 1: | ||
− | |||
'''Gustav Indrebø''' (fødd 17. november 1889, død 3. august 1942) var ein norsk [[målvitar]], [[filolog]], [[historikar]] og [[målmann]]. | '''Gustav Indrebø''' (fødd 17. november 1889, død 3. august 1942) var ein norsk [[målvitar]], [[filolog]], [[historikar]] og [[målmann]]. | ||
+ | |||
+ | Dei viktugaste målpolitiske verki hans er [[Norsk Målsoga]] (1951) og artikkelsamlingi [[Kva er målreising?]]. | ||
== Livssoga == | == Livssoga == | ||
Line 14: | Line 15: | ||
I 1933 vart Indrebø dregen for retten av di han hadde kalla to offentlege tenestemenn i Bergen for «ein skam for standet sitt» av di dei ikkje ville nytte nynorsk i tenesta, jamvel om dei var pliktige til det etter Mållova av 1930. Indrebø vart dømd til å betale 600 kr i bot og 700 kr i sakskostnader, men det var ei utbreidd oppfatning i målrørsla om at Indrebø hadde rett. | I 1933 vart Indrebø dregen for retten av di han hadde kalla to offentlege tenestemenn i Bergen for «ein skam for standet sitt» av di dei ikkje ville nytte nynorsk i tenesta, jamvel om dei var pliktige til det etter Mållova av 1930. Indrebø vart dømd til å betale 600 kr i bot og 700 kr i sakskostnader, men det var ei utbreidd oppfatning i målrørsla om at Indrebø hadde rett. | ||
+ | |||
+ | == Målpolitiske artiklar == | ||
+ | |||
+ | * [http://sambandet.no/sambandet/visartikkel.php?ID=148&TAB=artikkel Sanning fær vera sanning – når det gjeld i-mål og a-mål òg.] | ||
+ | * [http://sambandet.no/sambandet/visartikkel.php?ID=149&TAB=artikkel I-mål og a-mål i framtidi.] | ||
+ | |||
== Litteratur == | == Litteratur == | ||
Line 25: | Line 32: | ||
* [http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1227566.html Gustav Indrebø] i [[NRK]] sitt fylkesleksikon for Sogn og Fjordane | * [http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/fylkesleksikon/1227566.html Gustav Indrebø] i [[NRK]] sitt fylkesleksikon for Sogn og Fjordane | ||
* [http://www.nynorsk.no/nmu/nynorsken/normering/krokvik.shtml Gustav Indrebø og hans veg] Artikkel av [[Jostein Krokvik]] | * [http://www.nynorsk.no/nmu/nynorsken/normering/krokvik.shtml Gustav Indrebø og hans veg] Artikkel av [[Jostein Krokvik]] | ||
− | |||
[[Kategori:Målfolk]] | [[Kategori:Målfolk]] |
Siste versjonen frå 15. april 2020 kl. 12:01
Gustav Indrebø (fødd 17. november 1889, død 3. august 1942) var ein norsk målvitar, filolog, historikar og målmann.
Dei viktugaste målpolitiske verki hans er Norsk Målsoga (1951) og artikkelsamlingi Kva er målreising?.
Innhaldsliste
Livssoga
Gustav Indrebø var fødd i Samnanger i Midt-Hordland, som son av lærarar. Familien flytte til Jølster i Sunnfjord då Gustav var to år gamal, deretter til Maridalen i Vestre Aker i 1901 der dei vart buande. Gustav Indrebø tok artium som privatist i 1908 på skulen Hauges Minde i Oslo. Etter artium gjekk han lærarskulen og arbeidde nokre år som lærar. Han hadde lett for å lære. Han byrja så å studere ved Universitetet, og tok filologisk embetseksamen frå 1913 til 1917. Faga hans var historie hovudfag og bifag i norsk og tysk. I åra 1921–1930 arbeidde han som dosent i norrøn filologi ved Universitetet i Oslo, før han i 1930 vart professor i vestnorsk målføregransking ved Bergens Museum. Han døydde brått av sjukdom i 1942. Bror hans var biskop Ragnvald Indrebø.
Fagleg innsats
Gustav Indrebø gjorde ein innsats på fleire felt. I filologien er arbeidet med Sverris saga (1920) og Gamal norsk homiliebok (1931) viktig. Som stadnamngranskar skipa han saman med professorane Magnus Olsen og Edvard Bull i 1921 Norsk Stadnamnarkiv, og han var den fyrste leiaren for arkivet. Som statleg namnekonsulent (frå 1923 til 1942) fekk Indrebø vidare mykje å seie for normeringa av stadnamn. Doktoravhandlinga hans frå 1924 er òg om stadnamn: Norske innsjønamn. 1. Upplands fylke. Indrebø skreiv dessutan fleire arbeid om språkhistoriske og språkpolitiske emne. Hovudverket Norsk målsoga kom ut etter hans død, fyrste gongen i 1951 (redigert av Per Hovda og Per Thorson). I 2001 kom Norsk målsoga ut på nytt (redigert av Johan A. Schultze og Oddvar Nes), då med eit tilleggsmateriale som ikkje kom med i 1951-utgåva.
Målmannen
Gustav Indrebø var målmann, og ein leiande stridsmann for Aasen-lina. Det kom ikkje minst til uttrykk i striden mot rettskrivinga av 1938. Indrebø sat i styret i Noregs Mållag frå 1928 til han døydde, og var formann 1930-1931. Han var dessutan leiar for Det Norske Samlaget 1923-1929. I desse åravar han med på å legge planar for Norsk Ordbok. Frå 1917 til 1921 var Indrebø filologisk redaktør av ei nynorsk bibelutgåve. Han la også mykje arbeid i å få gjeve ut Nynorsk salmebok. Ho kom ut i 1925.
Gjennom ei mengd artiklar og talar verka Indrebø som ideologisk førar for dei som la vekt på nasjonale synspunkt i målstriden.
I 1933 vart Indrebø dregen for retten av di han hadde kalla to offentlege tenestemenn i Bergen for «ein skam for standet sitt» av di dei ikkje ville nytte nynorsk i tenesta, jamvel om dei var pliktige til det etter Mållova av 1930. Indrebø vart dømd til å betale 600 kr i bot og 700 kr i sakskostnader, men det var ei utbreidd oppfatning i målrørsla om at Indrebø hadde rett.
Målpolitiske artiklar
Litteratur
- Edissen, Inger Indrebø. 1993. Gustav Indrebø - ei livsskildring. Bergen: Norsk Bokreidingslag.
- Midttun, Olav. 1968. Mål og menn. Oslo: Samlaget.
- Venås, Kjell. 1984. For Noreg og Ivar Aasen. Oslo: Novus.
- Vaagland, Per Ivar. 1982. Målrørsla og reformarbeidet i trettiåra. Oslo.
Bakgrunnsstoff
- Målstriden som romantikk Om Gustav Indrebø
- Gustav Indrebø i NRK sitt fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
- Gustav Indrebø og hans veg Artikkel av Jostein Krokvik