Årsmelding for Vestmannalaget 1995-1996

Frå Sambandet
Versjonen frå 12. april 2020 kl. 13:02 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Stjorni
På årsmøtet den 16. mars vart Leidulv Hundvin attvald til formann. I stjorni hadde Sveinung Ones bede seg fri og Bjarne Storheim vart vald i hans stad.Alle dei andre vart attvalde, og Gunnar Gilberg er nestformann, Lars Bjarne Marøy, skrivar, Finn Vabø og Bjarne Storheim stjornarmenn. Kassastyrar er som tidlegare Tørris Sørheim.
Varamenn: Olav Bakken, Torolv Hustad.og Ingebjørg Gilberg.
Kassastyrar Tørris Sørheim (utanum stjorni)

Målsmenn
Rådsmenn til Bygdelagsnemndi: Ludvig Jerdal, Finn Vabø og Brynhild Horvei (Ho hev seinare bede seg fri, og Lars Bjarne Marøy, som var fyrste varamann, hev rykt inn i hennar stad). Varamenn: Lars Bjarne Marøy og Gunnar Gilberg. Det Norrøne Grønlandslaget: Arne Holm. Ludv. Jerdal og Leidulv Hundvin. Ettersynsmenn: John Arthur Marhaug og Knut Brattebø. Fanevakt: Jon Askeland og Haldor Slettebø. Ettersynsmann for Vestmannen sin rekneskap: Leiv Flesland Bladstjorn for Tuftekallen: Eigil Lehmann, Gunnar Gilberg, Lars Bjarne Marøy, Sveinung Ones, Nils Aksel Mjøs og Leidulv Hundvin. Kyrkjenemndi: Ellen Vabø. Varamann Ingebjørg Gilberg.

Møte og samkomor
Med årsmøtet i 1995 hev laget havt ni samkomor. Sju av desse vart haldne på Bryggens Museum, medan fridomsmøtet i mai månad vart halde på Hotell Hordaheimen, og jolesamkoma i gildehalli til Kreditkassen.

Stjorni hev halde fem møte, alle i Kreditkassen sine lokale.

Møteverksemdi:

Torsdag 16. mars årsmøte med vanleg årsmøtesaker, og fyredrag av Ingjald Bolstad um skulestyrar Lars Eskeland.

Torsdag 6. april gjesta Jan Spurkeland oss, med kåseri, upplesing av eigne dikt, og song med gitarspel til.

På fridomsmøtet den 11.mai fortalde Ludvig Jerdal og Jørgen Tveiten frå tukthusåri i Tyskland under siste verdskrigen. Øivind Vabø spela.

Torsdag 21. september tala Ludv. Jerdal um dei danske heiderslagsmennen Jens Marinus Jensen og Jørgen Bukdal. På same møtet vart fru Ellen Jensen (enkja etter Jens Marinus Jensen) utnemnd til heiderslagsmann i Vestmannalaget.

Torsdag 19. oktober tala redaktør Kjartan Rødland um Presseskikk og folkeskikk.

Torsdag 13. november tala Arild Haaland um Rekstensaken. Han kom på kort varsel, då den uppsette talaren, Albert Henrik Mohn hadde meldt fråfall.

Torsdag 14. desember var den årvisse jolesamkoma, der domprost Halfdan Tsudi Bondevik var talar um Kyrkja i Noreg i 1000 år. Under bordseta var det fleire talar, og Ludv. Jerdal takka for maten og prost Arnfinn Haram var fyresongar.

Fyrste møtet i 1996 var 18. januar. Då tala forfattaren Gunnar Strandens um Alværgruppen. På dette møtet var det 52 tilhøyrarar, og det var rekordframmøte i dette arbeidsåret.

Torsdag 15. februar var siste møtet i arbeidsåret, og då tala professor Jarle Bondevik um Ivar Aasen.

Elles kann me taka med at lagsmøti og tilstellingane hev havt god søknad. Ein trufast flokk av lagsmenn hev møtt fram , og mange ikkje-medlemer hev ogso møtt på kvart møte. Dei siste månadene hev vore sers gledelege, då ikkje mindre enn seks nye lagsfolk hev kome til. Me ynskjer kvar einskild av dei hjarteleg velkomen, og me vonar at dei vil finna seg vel til rette og taka uppgåvor etterkvart som dei byd seg.

Elles er ungdomane på veg innatt i Vestmannalaget, og det me glade for.

Siste helgi i mai vart 100-årsminnet um folkeminnesamlaren Halldor O. Opedal høgtida i heimbygdi hans på Lofthus. Frå Vestmannalaget møtte Ludv. Jerdal, som skreiv fleire artiklar um Opedal i bladet Vestmannen.

Bladstyraren Jostein Krokvik la ned eit stort arbeid i høve jubileet, både med bladet og innsamling av lysingar til jubileumsheftet. Båe desse skular me stor takk.

I november fekk me innbjoding frå Språkrådet (i Oslo) um å vera med på eit seminar. Frå stjorni i Vestmannalaget møtte skrivaren Lars Bjarne Marøy.

Helgi 26.-28. januar -96 skipa Norsk Målungdom og Ivar Aasen-Sambandet til ein Aasen-konferanse i Bergen.Konferansen, eller seminaret, samla mykje folk og frå stjorni i Vestmannalaget møtte formannen, varaformannen og skrivaren. Elles var fleire av medlemene i laget med, og seminaret lova godt for nynorsken i framtidi.

Stjorni hev valt Leidulv Hundvin som målsmann for Vestmannalaget i styret for Opedalsfondet for åri 1996-1999.

Eiga
Laget hev luter i Det Norske Teatret og i Norsk Bokreidingslag. Laget stjornar òg Henrik Krohn og Hustrus Legat, og sameleis Fritz Monrad Walles fond. Det siste kann verdsetjast til umlag kr. 600 000,. Kreditkassen vaveitlar midlane til Henrik Krohn og Hustrus Legat.

Gåvor og ytingar
Frå Dr. Kari Øpstads Nynorskfond hev laget dette året teke imot kr. 1000,-, frå Halldor O. Opedals fond dei lovfesta kr. 4000,- frå heiderslagsmann Ellen Jensen Danmark kr. 1000,- og frå Fritz Monrad Walles fond hev laget teke imot kr. 10 000,-. Bondeungdomslaget og Begen kommune hev heller ikkje dette året ytt oss midlar. Ellen Jensen hev gjeve kr.1000,- .
Sjølv hev me ytt kr. 25000,- til Rustiromet, Urdi (+kr. 10 000,- som me betalte ut i kalenderåret 1995), til Norsk Bokreidingslag kr. 25 000,- (+ kr. 20 000,- som vart betalt i 1997), til Vestnorsk Utvandrarsenter 10 000,- og itl Vabøprosjektet kr. 5000,-

Bladet "Vestmannen"
Bladet Vestmannen hev ogso i dette året kome med 10 nummer. Bladet vert betre og betre, og me takkar bladstyraren Jostein Krokvik for godt og sjølvgløymande arbeid.

Lagsfolk og møteverksemdi
Heiderslagsmann Gerhard Garatun Tjeldstø døydde den 9. oktober, og eldste lagsmannen Halvard Foss, Oslo, døydde den 7. august -96 nær 104 år gamal. Ved årsskiftet hadde laget 125 lagsfolk, av dei sju heiderslagsmenn. Det er: Anna Bjørndal, Eigil Lehmann, Ludv. Jerdal, Alv Askeland, Ivar Kleiva, Jostein Krokvik og Ellen Jensen.

Møteverksemdi hev gjenge i same leid som åri fyrr med fyredrag og handskrive blad på kvart møte. Me takkar dei trufaste medlemene som hev møtt upp på kvart møte, og like eins alle ikkje-medlemer som hev møtt upp for å høyra gode fyredrag.

Bergen, mars månad 1996
Stjorni i Vestmannalaget
Leidulv Hundvin