Skilnad mellom versjonar av «Vestmannasynet»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
(Oppretta sida med «Fråsegn um Vestmannasynet, vedteki 18/2-1963 1. Me meiner det er rett mot oss sjølve og mot alle å gjera det som gjerast kann til å berga norskdomen, og me trur at alle…»)
 
 
Line 16: Line 16:
  
 
8. Me trur det er rett å arbeida for det synet og dei framgangsmåtane me her hev nemnt, jamvel um dette ikkje hev samtykkje frå alle nett no.
 
8. Me trur det er rett å arbeida for det synet og dei framgangsmåtane me her hev nemnt, jamvel um dette ikkje hev samtykkje frå alle nett no.
 +
 +
Fråsegni vart vedteki  på lagsmøte i Vestmannalaget den 18. februar 1963.
  
 
[[Kategori:Vestmannalaget]]
 
[[Kategori:Vestmannalaget]]

Siste versjonen frå 4. juni 2020 kl. 09:37

Fråsegn um Vestmannasynet, vedteki 18/2-1963

1. Me meiner det er rett mot oss sjølve og mot alle å gjera det som gjerast kann til å berga norskdomen, og me trur at alle nordmenn hev same skyldnaden til å vera med på det.

2. Norskdomen er uløysande knytt til det norske målet. Difor må nordmennene ikkje for nokon pris sleppa dette målet ned.

3. Skal det norske folkemålet i dag - det nynorske målet - duga til å halda uppe og berga norskdomen, må det halda eit sterkt og livande samband med dei reinaste og rikaste norske målføri, med gamalnorsk og med dei norrøne måli på Island og Færøyane.

4. Å blanda det norske målet upp med, eller jamna det til etter det danskætta målet i landet, bokmålet, vil etter vårt syn føra til full undergang for nynorsken og til utøyding av norskdomen. All røynsle til i dag peikar den vegen.

5. Me trur ikkje at den norske iblandingi i bokmålet hev nokor framtid for seg. So snart bokmålsfolket ikkje lenger ser nynorsken som nokon fårleg medtevlar, kjem dei til å skjota ut mesteparten av det norske tilfanget. Det ser me alt no sterke tildrag til. Enden på ei slik målblanding vert eit bokmål som er minder norskt enn det me hev i dag, og at norsk tunga og norsk kultur for alltid vert liggjande som eit underbruk under den danske.

6. Det hev synt seg i alle år at måljamstellingsvedtaket ikkje hev vorte etterfylgt, ikkje av våre eigne styremakter di meir. Vert ikkje dette vedtaket frå 1885 skikkeleg gjenomført heretter, kann det ikkje berga norskdomen.

7. Me tykkjer ikkje det er rett å leggja seg burti formverket eller skrivemåten åt bokmålet. Dei som brukar eit mål, må sjølve råda for korleis det skal vera.

8. Me trur det er rett å arbeida for det synet og dei framgangsmåtane me her hev nemnt, jamvel um dette ikkje hev samtykkje frå alle nett no.

Fråsegni vart vedteki på lagsmøte i Vestmannalaget den 18. februar 1963.