Skilnad mellom versjonar av «Utgangen på målstriden?»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Line 1: Line 1:

Av [[Jostein Krokvik]]

Av [[Jostein Krokvik]]

Fyre årsskiftet 1999/2000 var det ein ungdomsskulelærar som i ei avissamtale ytra seg um målstoda i skulen. Ymist vart sagt som me ikkje skal koma inn på, læraren kalla seg målmenneske, var nynorskbrukar og vilde målet vel. Me tek berre med kva læraren meinte um framtidi for nynorsken: Det er for tidleg å taka burt skriftleg sidemålsundervisning i dag, men med tidi trur læraren at dei tvo måli vil smelta saman.

Dette er ikkje nytt, folk hev høyrt det same i det endelause sidan 1930-talet og lenger; det er sjølve den samnorskpolitiske utviklingstanken.  Som rett nok ikkje åtte meir er at ein mållærar i skulen forkynner dette luftlege slagordet i 1999. Etter det samnorske samanbrotet!utviklingskraft enn at han trong hjelp av statlege tvangsråder, og som likevel tapte for riksmålet! Det tankevekkjande er at ein mållærar i skulen forkynner dette luftlege slagordet i 1999. Etter det samnorske samanbrotet!

Nedgangen for nynorsk

Prenta i Vestmannen nr. X XXXX

Den som analyserar nyktert ytre og indre nedgang for nynorsk sidan 1945, med tilsvarande uppgang for bokmål/riksmål, kjem vanskeleg til onnor slutning enn at vert det eitt mål i landet i synleg framtid, so vert det ei utgåva av bokmål/riksmål. Sjølvsagt vil eit og anna ordet frå nynorsk fylgja med, men det vil ikkje brigda hovudstrukturen i målet som heimfester det til eit upphav utanfor landet. Bokmål hev frå 1981 vunne att tyngdi av det som målblandingi vilde tyna, og målet hev i sumt gjenge lenger i tradisjonell leid enn til 1917.

Dei skulemålssigrane som stundom vert nemnde i målpressa, er utan undantak defensive sigrar som hindrar at nynorsken vert utkasta der han lenge hev vore hovudmål i skulen. Offensive nyvunne skulemålsval  finst det ikkje eitt av etter krigen, det er diverre sanningi. Eg held då utanfor dei målklassone som nokre gonger hev kome i dei større byane, Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Men det er her tale um so fåtalde elevar at dei ikkje er påvisande i statistikken. Etter upplysningar frå Statistisk Sentralbyrå ligg målprosenten i grunnskulen no millom 16 og 15 %. Nynorsk til einaste riksmål i landet er ei luftspegling i all den framtidi me kann tenkja oss, og i dagsens stoda vilde ei nynorsk eitt-måls-løysing på målstriden korkje vera ynskjeleg eller demokratisk. Det moderate bokmålet (riksmålet) hev synt eit haldfeste og ei kraft som Gustav Indrebø rett nok varsla um fyre krigen, og som hev gjort bokmålet til den vinnande parten so langt.

Det framtidsbiletet me i beste fall må rekna med, er ei tvomålsstoda der nynorsken i lange tider kjem til å slita med fylgjone av målblandingspolitikken. Sume vil halda ei slik tvomålsstoda for ein rikdom, og i alle høve bør målrørsla, alle greiner av henne, leggja upp arbeid og framdrift på dette grunnlaget. Dette er røyndomen, og ein påtenkt frammarsj utan feste i røyndom, men i ynskje, vil aldri føra fram. Tanken um tvo mål i landet hev visse positive drag for nynorsken, dersom målfolk tek tanken ålvorleg og nyttar han ut. Og ikkje gjeng rundt i samnorsk bakevja som til dømes den nemnde læraren ovanfor. Og fleirtalet av nynorskfolk i Språkrådet, som på siste årsmøte stadfeste at dei ikkje nett hev sett ljoset sidan sist, men gjeng fram på den vegen som til i dag ikkje hev vunne ein einaste skule!

Boteråd?

Eg skal ikkje freista på å taka upp heile årsakshopehenget som hev ført nynorsken mot avgrunnen, det er ei innfløkt sak. Men den som vil granska vegen til framgang, må gå til den sigrande parten. Det er der framgangsårsaker kann finnast. Eg skal samla meg um eitt sjølvinnlysande punkt. Riksmålsfolket hev heile tidi halde urikkande fast på at dei tradisjonelle riksmålsformene atter måtte godkjennast i skule- og lærebøker. Dette hev vore hovudargumentet. Og med dette vann dei fram, forenkla sagt. Bokmålet (riksmålet) stend sterkare i skulen no enn då skulemålsstatistikken byrja i 1930, truleg sterkare enn i 1917 (i åri fyre 1930 vantar statistikk). Og bokmålsgreini gjorde på siste årsmøte i Språkrådet det kloke vedtaket å jamstella dei ulike bokmålsformene.

Fleirtalet i nynorskgreini ser som tidlegare ut til å vera blindt og dauvt. Dei held uppe det ulærlege systemet med hovudformer (lærebokformer) og tillatne sideformer, eit system frå samnorsktidi som var ei hjelperåd til tilsikta målblanding. Betre gjer det ikkje stoda at mange diltar etter skrivande folk, bladfolk, skulelærde folk, lærarar og, diverre, sume knytte til målrørsla dei tykkjest tru at det mikroskopiske Språkrådet hev evna til å skapa ein god og levande nynorsk. Samstundes som det tradisjonelle målet, våre språklege røter, fær stempelen arkaisk. Me høyrer aldri um slik dårskap på bokmålssida. Det beste nynorskgreini på siste årsmøtet gjorde, var å sleppa til att i skulemålet hev (notid av ha(va), etter upptak av målsamlingsmannen Helge Sandøy som me trur godtek merkjelappen. Men sjølvsagt vert hev sideform, og dermed usynleg i lærebøker og ubrukande for velmeinande målrørslefolk som vedvarande trur nynorsken i dag bør ha ei form, ein tanke som var skynleg og forsvarleg på Aasens tid og venteleg so seint som i 1929 (då Indrebø skreiv (Einskap i rettskriving). I år 2000 er det den visse vegen til måldaude, for det vil sementera fast dei blandingsformene som Språknemndi og Språkrådet med statleg tvang hev ført inn i målet. Sidan kjem nye målblandingsformer som atter skal sementerast fast. Det vert steg på undergangsvegen. Med den medferdi offentleg nynorsk hev fenge etter krigen, er eit visst mangfelde innanfor målet det einaste alternativet som peikar seg ut. Mest av alt jamstelling og valfridom millom i-mål og a-mål. Mangfelde, jamstelling og valfridom er positive umgrep, vel verde å setjast øvst på målfana.

No er det ingen gjeve å segja for visst at ei boteråd straks vil føra til nynorsk framgang. Derimot vågar eg segja at utan dei tradisjonelle formene vert jamstelte i offentleg nynorsk slik dei tradisjonelle bokmålsformene er jamstelte i det målet, vil nedgangen halda fram. Grunnane kann vera fleire, men ein hovudgrunn er at den døyande trui på ei framtid for nynorsken, aldri livnar til att minder målet godtek sitt eige upphav og atter knyter seg til eigne røter. Slik bokmålet hev gjort.

Framtidsmålet

Under dei lange synsvinklane veit ingen nokon ting um framtidsmålet i Noreg. Like lite som um språket andre stader. Sume spår at måli på jordi vil minka. Kanskje det. Og kanskje ikkje. Det finst teikn som peikar i båe leider; til dømes vil store mål og deira talsmenn kanskje skjegla etter eit jordisk målherredøme. Men heller ikkje slike herremål, ordet tykkjest rettkome her, er ævelege. Dei hev si tid, lang eller stutt, so vert dei burte eller smuldrar upp i nye mål. Draget til mangfelde og differensiering er velkjent i biologien, og kanskje ovrar dette draget seg i tungemåli som, trass i alle spursmål, hev ei biologisk tilknyting ?  So vidt kjent er Noreg einaste land i verdi som kosta på seg eit offentleg organ til å blanda i hop tvo levande skriftmål til eitt målteknokratisk kunstprodukt. No treng nynorsken hjelp frå politisk hald, so ikkje målet vert offer for samnorskpolitikk etter denne politikken er avskipa for bokmål.

Prenta i Vestmannen nr. 5 2000

[[Kategori:Jostein Krokvik]]

[[Kategori:Jostein Krokvik]]

Siste versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:29

Av Jostein Krokvik