Tvo talor av kong Sverre

Frå Sambandet
Versjonen frå 14. april 2020 kl. 20:17 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

1. Fyre striden på Ilevollen

Kong Sverre heldt ein tale til mennene sine fyrr dei gjekk på, og tok soleis til ords:

"Her er ein stor her og fagert folk saman kome. Men det ser ein no, at me fær stor yvermakt å dragast med. Fylkingane åt kong Magnus stend yver heile vollen. med gylte våpen og dyre klæde. Men då var det eit velgjort verk, um de bar alt dette til byen i kveld. Sjå no, gode gutar, det er godt å ha tvo kår: det eine å vinna siger, det andre å døy med manndom. Ikkje er det som ein sende dykk til skogs på timberhogster, når de her skal skifta hogg med lendmennene åt kong Magnus. Det er ingi skam her å taka og gjeva store hogg; det høver her det som skalden kvad:

Det er kje som kol-ved å kløyva, at karlen feller ned jarlen.

So tala og ein bonde, då han fylgde son sin til herskip og gav honom råd. Han bad honom vera raust og hard i mannrøyningane: "Ordet lever lenger enn mannen," sa han. "Eller kor ville du stella deg, um du kom i strid og visste at der skulde du falla?" — Sonen svara: "Kva anna var å gjera enn å hogga hardast eg kunde til båe sidor? Faren mælte: "Men um ein kunde segja deg med vissa at du ikkje skulde falla — Sonen svara: "Kvi skulde eg spara meg for å gå fram som best?" — Faren mælte: "I kvar strid du vert stedd i, vert det eitt av tvo: anten må du falla eller koma deg burt. Ver difor djerv og uredd; alt er fyreåt laga. Ikkje kjem den ufeige i Hel, og ikkje kann den feige koma seg undan; på flukt er fall verst."

No kann de og vita det, birkebeinar. at det er ilt å søkja nåde hjå heklungane. Difor er det berre ein utveg: å stå fast og ingen framgang låna dei. Bra er det for dykk birkebeinar å få røyna sverdi på mjød-istrone til vikværingane. Me hev stor og fager her-styrke til å strida med: Dei hev ein stor mannfjølde som dei ikkje fær fullt gagn av. Dei hev mest av slike folk som var betre falne til brudlaupsmenner enn til hermenner, og er meir vane med mjøddrikking enn med herferd. Hirdi og merket mitt vil eg lata fara mot merket hans kong Magnus, av di ein kann venta den kvassaste strid der. Men lendmennene hans vil helder søkja seg andre utvegar, og bondemugen som dei hev nøydt med seg, vil ikkje skøyta um kven som fell, når berre dei sjølve er sårlause. Det veit eg og vel um alle trønder, at det er med dei som skalden kvad:

"Meg etlar eg møyi, hi munnfagre Ingunn, korso det fer når del finnast, fræge Magnus og Sverre."

Gakk no vel fram, gode gutar! Og Gud vere med oss!

Denne tala eggja birkebeinane. Dei trøysta seg no som fyrr til kongens fyresjå og fyretalor og det som hugen hans sa honom um striden.

Mot ovdrykk. Kong Sverre heldt ting I byen (Bio'r vin); tala han då som $0: »Me vil takka alle engelsmennene for }utkoma. dei som forer hit kveite og honning, fint mjøl eller Hæde SI oe me dg takka. alle dci menner. som hit hev fort lereft eller lin, vaks eller kjelar. Dei mennene vil Inc Og nemna tilsvårr venskap som er komne frå Orknøyane eller Hjaltland, Færøyane eller Island, og alle dci som hev (lutt slik van hit til dette landet, som me ikkje vel kann vcra forutan, og som landet botest ved. Men tyskarane som her er komne i stor fjølde og med store skip, dci etlar her ifrå å fora smør og skrei, som det er stor landorda i å fora burt, men forer i staden hit vin, som folk hev lagt seg etter, både mine menner og bys mennene og kjøpmennene. Av den handelen hev mykje ilt kome, men inkje god:. Mange hev her tynt livet sitt for den skuld, og sume lemene. Sume her andre mein av det all si tid; sume ber svivyrs ding, sume hev vorte såra eller dengde; og ovdrykken er det som valdar dette. Sudmennene skal hava mi store utakk for ferdi si. Og so framt dei vil halda liv eller gods, so fare dei burt her ifrå som snøggast! Ærend' deira hev vore til ugagn for oss og vårt rike. De må minnast kva ovdrykken er, kva han avlar, og kva han tyner. Det er det fyrste, som minst er 3 rekna, at den som held seg til drykken, han vanrøktar all gods avle; ovdrykken tyner og spiller all eigedomen hans; um mannen ryer var velhalden med gods, so vert han vesal og låk og fang, tun han Ikkje snur seg ifrå ovdrykken. Det er den andre skaden av ovdryks ken, at han tyner alt minne, so ein Rien,r ner av det som han var skyldig å hugsa, Det er den tridje, at då trår mannen etter alle vonde ting; han reddast Zig ikkje for å taka gods mcd urett. Den fjorde lasten mcd ovdrykken er at han eggjar mannen til ingen ting å tola, korkje ord eller gjerning, men å attergjelda alt med tvifald ilt mot det som var gjort. Og umfram det eggjar han til å leggja lastord på dei som sak. lause er. Det fylgjer Og ovdrykken, at mannen talmar ut kroppen sin, so han lyt tola mykje vondt, mødest av vaking. tyner blodet i alle ledene, spiller blodet til vanhelsa, og spiller dermed all helsa. Og når det hev bore so syrgjeleg til, at både eigedomen og helsa og vitet med er øydelagt av ovdrykken, so eggjar han ein til å øydeleggja det som ikkje fyrr er tynt: det er sjeli. Då eggjar han til i vanvyrda all rett sedugskap og alle rette bodord, og til å trå etter syndene. venda hugen ifrå den allmektige Gud og alt det gode. og ikkje minna seg noko av det som han hev gjort. Tenkje no på det, ovdrikkarar, når de skal skiljast frå alt, både drykken og livet, kven det er som då vil taka sjelil Minnest no kor ulik denne livnaden er den som skulde vera; for det skulde fylgja hov med alle ting. liermenner skal i fred vera blide som lamb, men i ufred hardsøkne som løvor. Kjøpmenner og bønder skal Og fara so med sitt stand, avla gods med rett um enn med meda, gjsta sine ting med vit og gjeva med milda. Men dei som er mindre skal vera takksame og tena kvar sin yvermann med god vilje og etter sine evnor.a Kongen enda talen sin so, at han bad mennene sine vera seduge og fred. same med bymenner og bønder og kjøp. menner. Denne talen fekk godt lov av alle vituge menner, og alle tykte det var vel tala.