Sådde vind og hausta storm

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:44 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

Bokmåliseringsframlegget som vart attendesendt

Målfolket finn seg ikkje i meir språkpolitisk sjølvtekt av Språkådet. Då fagnemndi i Norsk Språkråd heldt samkome i Oslo 14.november 1997, fullførde ho den fyrste lista på 52 meir eller mindre språklege vanskapningar som skulde tvingast inn i det nynorske ordfanget på rådsmøtet 12.-13. Februar 1998. Ein av medlemene i Språkrådet, Fridtjof Sørbø, vart meir enn fælen yver den skræmelege ordsamlingi. Han sende med ein gong eit avprent frå lista til seks personlege målvener i ulike landsluter og bad deim kvar på sin kant mæla imot framlegget so og sterkt som mogleg. Desse fekk sendingi: Ludvig Jerdal, Jostein Krokvik, Lars Bjarne Marøy, Håvard Tangen, Kjetil Aasen og Johan Schulze. Jerdal hadde mest tame og lengst røynsle i målarbeidet, både frå lagsliv og presse. Difor vart han beden um å vera uppmann og strateg.

Fagnemndi hadde nytt møte 26. november 1997 og sette upp ei liste med 81 nye framlegg til nedbrjoting av den nynorske ordskatten. Arbeidslaget dryfte saki med kvarandre brevleides og hadde ei samråding i Oslo dagen fyre årsmøtet i Språkrådet vart opna. Solvarmen og optimismen frå tingingane um eit nytt riksstyre fanst ikkje lenger på Voksenåsen, då Norsk språkråd samlast her i februar 1998. Det harde ordskiftet i pressa fyreåt tydde i minsto på at rådet hadde sådd vind. Det synte seg snart at nemndi hausta ein strid storm frå Vestlandet og fleire andre gode målstrok. Kritiske og harmfulle utsegner tikka jamt inn til sekretariatet åt Språkrådet på Voksenåsen kultur- og konferansesenter frå landsstyret i Noregs Mållag og dei store målsamskipnadene på Vestlandet, frå Kringkastingsringen og studentmållagi i Oslo og Bjørgvin og ikkje minst frå dei veldriven lagi innan Norsk Målungdom. Målstudentane ved universiteti og høgskulane var ikkje skvetne: "At nokre professorar tuklar med ordskatten i nynorsk, gjer han korkje meir demokratisk eller populær." Dei samnorske filologane i Språkrådet vart bedne um å stikka fingeren i jordi og heller verna det klassiske landsmålet. Ein traust målmannsflokk frå bygdene på Sunnmøre kom i ei sams fyreteljing med harde ord til Språkrådet som nytta kulturminneåret til eit skadeleg hogg mot morsmålet.

Det fyrste bodet um ei uppgjerd under sesjonen kom då rådet i plenum skulde dryfta saklista. Fridjov Sørbø hadde lagt merke til at mange av dei 133 illgjetne ordi var vedtekne med det som vart kalla dobbelrøysti åt formannen i fagnemndi. Det finst ingi dobbelrøyst for denne formannen, sa Sørbø. Berre formennene i styret og rådet hev ein slik eksklusiv rett. Mange av vedtaki vantar difor all legitimitet. Sørbø sa elles: Korkje språkrådet eller fagnemndi hev lovheimel til å tvangsautorisera glosor til bruk i skuleordlistone. Rådet hev einast rett til å avgjera korleis uppslagsordi skal skrivast.

Den lovstriduge sjølvtekti som rådet hev praktisera, må stoggast. Ein universitetsvald medlem i nynorskseksjonen, professor dr. Per Thorson, slo i si tid ned på denne misferdi åt Norsk Språknemnd og Samlags-ordlista. Men riksmakti sat den gongen trygt på tuva. Målfolket er ikkje lenger so tolsamt at det finn seg i meir språkpolitisk sjølvtekt. Og me vonar at den nye kulturministeren syter for at arbeidet med ordlistone, både i språkrådet og departementet, kjem inn att i rettslege former. Me ventar elles at det ikkje trengst eit søksmål mot staten for å gjera ende på denne grove og skadelege åtferdi mot nynorsk..

Då nynorskdeildi var ferdig med næst siste sak og skulde byrja ordskiftet um dei skamlause 133 ordi, gjekk formannen i fagnemndi, professor Jan Terje Faarlund, brått på talarstolen. Han reiste spursmålet um det ikkje var best å drygja med dette emnet til seinare. Mange av dei innkomne protestane "har forskrekka meg", sa formannen. Han la serskild vekt på den sterke utsegni frå Noregs Mållag. Etter dette innlegget var saki i røyndi burtteki frå programmet, og ho vart utan ordskifte formelt utsett til næste år.

I den nye stoda nøgde målfolket seg med eit fritt meiningsbyte. Likevel kom det fram upplysningar som ikkje var utan interesse. Den kvinnelege medlemen som oftast hadde tapt mot den fiktive "dobbelrøysti", kom med dette hjartesukket: "Me visste ikkje kva me gjorde!" Utanfor møtesalen gjekk samrødone livleg då resultatet vart kjent. Dei fleste kunde ikkje skyna at fagnemndi hadde våga seg ut på so djupt og fårleg vatn. Nærmast blinken råka vel han som sa: "Språkrådet kom ikkje i hug at den gamle og samnorskvenlege målgenerasjonen er ute or soga. No er det ein ny ungdom som hev teke upp att den klassiske tradisjon i norsk målreising."


Prenta i Vestmannen.