Sunnmøre Vestmannalag - ny lagsauke

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:33 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

<IMG SRC="../vestmenner.jpg" align=right width=400 height=200> Laurdag 18. september var det skipingsmøte for Sunnmøre Vestmannalag i Volda. Svein E. Kvamsdal helsa velkomne og sa at høgnorsklaget skulde vera eit folkeleg lag som lagde vekt på kulturskapande arbeid etter mynster frå Vestmannalaget i Bergen. Det vart òg vist til det arbeidet som Sigurd Slyngstad og Lars Festøy gjorde i det gamle og longo nedlagde Sunnmøre Høgnorsklag som dei tvo styrde med.

Olav Torheim var ordstyrar, og dei frammøtte gjekk til val etter eit <A HREF="stromnes.htm">språkleg fyredrag av statsstipendiat Frode Strømnes</A>, som me kjem inn på annan stad, og ei <A HREF="../sambandet/dagsetel.htm">innleiding um Vestlandske Mållag, arbeidsuppgåvor og høgnorske siktemål</A> av Lars Bjarne Marøy. Me må styrkja høgnorsken og auka lagstalet og lagslemstalet, sagde Marøy som nemnde dei faste høgnorsksamlingane tvo seinste åri. Me hev andsvar for nasjonal kulturarv, språkleg identitet, folkeleg mål, estetisk (vent og velflitt) mål. Og me må skapa vyrdnad for målet og ålmenne ideal gjenom høgnorsken og det norske innslaget i dialektane.

Den fyrste stjorni i Sunnmøre Vestmannalag er slik samansett:
Formann: Svein E. Kvamsdal
Skrivar/varaformann: Olav E. Torheim
I stjorni elles: Kjell Inge Bjørke, Jon Buset, Jostein Krokvik.

Det var ei framtidsrett stemning på møtet, og Kvamsdal meinte at eit lagsmøte i halvåret var eit minstemål, men helst burde det vera eit møte i kvartalet. Det vart fastsett dag for fyrste styremøtet.

Prenta i Vestmannen nr. 8 1999