Stortinget avskipar samnorskstrævet

Frå Sambandet
Versjonen frå 8. april 2020 kl. 15:36 av Olav Torheim (Diskusjon | bidrag)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Gå til: navigering, søk

Av Jostein Krokvik

Familie-, kultur- og administra-sjonskomitéen i Stortinget, ordførar Inger Stolt-Nielsen (H), la fram tilrådingi um målbruk i offentleg teneste den 30. april 1998. Tilrådingi knyter seg til Stortingsmelding nr. 13 (1997/199) frå Kulturdepartementet um same emne, umtala i Vestmannen nr. 3 i år. Stortinget vedtok tilrådingi 1. mai.

I Vestmannen kalla me denne stortingsmeldingi, saksjonera av riksstyrett 19.12.1997, for eit eintyeleg offentleg lineskifte, med di "den tilnærmingslinja mellom bokmål og nynorsk som tidlegare stod sentralt i offisiell norsk språkpolitikk, framstår som mindre aktuell"; i staden vert "måldyrkingsarbeidet snarare knytt til spørsmålet om korleis bokmål og nynorsk kvar for seg" skal kunna veksa best råd.

Det mest verdfulle frå vår synsstad er at ingen i stortingsnemnd eller Storting gjekk imot daudedomen yver den samnorskfreistnaden som, um han hadde vunne fram, hadde tynt både det norske og det norskdanske skriftmålet, både nynorsk og bokmål (riksmål). Det offisielle burtkastet av ein mislukka målpolitikk er soleis ein røyndom. Bokmålet fekk att sine umstridde tradisjonelle ord og former i 1981. For nynorsken stend mykje att.

Elles heiter det i tilrådingi at fleirtalet ynskjer at minstekravi til måljamstelling i styringsverket (25%) må uppfyllast. Ein legg vekt på at spursmål frå folk skal få svar på det målet spm spyrjaren brukar. Medlemene frå Framstegspartiet meiner derimot at mållovi bør avskipast, og den einskilde byråkraten brukar det målet han vil.

Fleirtalet meiner at Norsk språkråd må setjast i stand til arbeida med tiltak som tryggjer at norsk i komande ættleder vert eit fullgodt kultlur- og bruksmål. Saman med andre nye uppgåvor, m.a. på elektronisk kommunikasjonsplan, må sekretariatet i Norsk språkråd styrkjast, Meirkostnaden er pårekna til 3 millionar kronor.

Ikkje alle postar i tilrådingi er nemnde her. Avgjerande for oss er at både departement, riksskyre og Storting no hev sagt klårt nei til samnorsklina.

Prenta i Vestmannen.