Endrar Skriftmål og folkerøysting

Gå til: navigering, søk

Åtvaring: Du er ikkje innlogga. IP-adressa di vil verta lagra i den offentlege endringshistorikken til sida. Om du loggar inn eller lagar ein konto, vil endringane dine knytast til brukarnamnet ditt, saman med andre fordelar.

Endringa kan angrast. Sjå på samanlikninga under for å stadfesta at dette er det du ynskjer å gjera. Deretter kan du lagra desse endringane for å fullføra angringa.
Siste versjonen Teksten din
Line 1: Line 1:
 
Av [[Jostein Krokvik]]
 
Av [[Jostein Krokvik]]
  
Det hender me høyrer at norsk målstrid burde avgjerast ved ei folkerøysting. Folket skulde på landsplan velja millom nynorsk og bokmål, og mindretalet skulde deretter gjeva seg. På 1950-talet var dette eit velkjent herrop, og serhendes lyder ropet i dag.
 
 
Det er uhistorisk og fåvist - eller falskspel - å hevda at målstriden kunde løysast på slik vis. Striden hev tusund års rot, og mindretalet vilde sjølvsagt ikkje gjeva seg. Me skal likevel taka tanken på ålvor og sjå nøgnare på innhald og fylgd.
 
 
Bladstyraren i Vestmannen høyrer til dei som meiner at folkerøystingar burde innførast med bindande verknad i alle saker der dette høver. Sveits er i so måte eit godt fyredøme. Men det er ikkje alle saker i eit demokrati, vil vera, som bør eller skal avgjerast på landsplan. Det vil føra til utoleleg tvang mot mindretal. Tenk til dømes på alle dei politiske partii me hev her i landet. Det vilde vera økonomisk billegare med berre eitt parti, og ei folkerøysting vilde truleg gjeva eit einskilt parti tydeleg fleirtal. Men ei slik folkerøysting kom i seg sjølv til å vera eit brot på all demokratisk tanke. No hev ingen tenkt på ei antidemokratisk folkerøysting imot partimangfeldet. Men same umsyn gjeld for skriftmåli. Nynorsk og bokmål hev kvar si rot, det eine ei norsk, det andre ei dansk, og skiljet imillom dei er framleis klårt. Den samnorske tilnærmingspolitikken vilde med målteknokratiske tvangsråder skapa eitt kunstmål i landet. Men den politikken hev spela fallitt.
 
 
Noreg er ikkje åleine i Europa som hev fleire offisielle mål. I Sveits er fire, og det eine av dei, reteromansk, hev berre eit folketal på kring 50 000 bak seg. I vårt finske granneland hev dei tvo mål, og det er slutt på den tidbolken då prestisjetungt svensk fekk skuva til sides det finske folkemålet. Regelen er helst at det er fleire enn eitt mål i dei fleste landi ikring oss.
 
 
At ungdom i ålmennfagleg skule må få læra båe måli, er like klårt som at røystingar um skriftmål framleis trengst. Men røystingane må gå for seg nær grassroti, på kommuneplan, krinsplan, klasseplan - og på personleg plan der dette er rimeleg. Slik stoda vår er, vil dei fleste ha eit anna hovudmål i skulen på Oslo vestkant enn i vestlandsbygdene. Det må dei få lov til. Både den eine og hin. Ei røysting på landsplan um eitt skriftmål, vilde med vår målsoga og etter vårt skyn vera eit grovt brot på hevdsterke mindretalsrettar og eit stygt yvergrep imot det ekte demokratiet. Same kven som vann. Einsretting og totalitarisme vert aldri demokrati, endå um opningi er eit narrespel av ei folkerøysting. Slikt finst det mange døme på.
 
 
Romarane hadde eit ord, visst frå diktaren Terentius, "summum ius summa injuria", som i umtolking tyder at "den høgste rett kann verta den verste urett". I vårt tilfelle må me segja at brukar me jamvel den aller beste demokratiske regelen firkanta og utan gangsyn, so kann verknaden verta det motsette av demokrati. Ikkje minst i kulturspursmål som målsaki høyrer inn under, må fyrst og sist valfridom og valrett råda. Det er eit sannare folkestyre.
 
  
 
<i>Prenta i Vestmannen.</i>
 
<i>Prenta i Vestmannen.</i>
  
 
[[Kategori:Jostein Krokvik]]
 
[[Kategori:Jostein Krokvik]]

Merk deg at alle bidrag til Sambandet kan bli endra, omskrive og fjerna av andre bidragsytarar. Om du ikkje vil ha teksten endra under desse vilkåra, kan du ikkje leggje han her.
Teksten må du ha skrive sjølv eller ha kopiert frå ein ressurs som er kompatibel med vilkåra eller ikkje verna av opphavsrett (sjå Sambandet:Opphavsrett for detaljar).

LEGG ALDRI INN MATERIALE SOM ANDRE HAR OPPHAVSRETT TIL UTAN LØYVE FRÅ DEI!

Avbryt | Endringshjelp (vert opna i eit nytt vindauge)