Sanntidsoperativsystem

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

Eit sanntidsoperativsystem (Real-Time Operating System, RTOS) er eit operativsystem med dei eigenskapane som trengst til å stydja eit sanntidsystem.

Eit sanntidsystem er eit system som legg avgjerande vekt på at dei logiske resultati frå utreikningane ikkje berre er rette, men jamvel kjem i rett tid. Same kva slags last ein legg på eit sanntidssystem, skal systemet garantera responsar i rett tid.

Sanntidsystem finst i tri utgåvor, hard real time, firm real time og soft real time. I eit soft eller firm real time system kann tapte daudlinor føra med seg ei kvalitetsveikjing (td audiostreaming), i eit hard real time system kann det føra til katastrofe (td kjernekraftverk).

Døme på sanntidsoperativsystem hev VxWorks, QNX, eCos, pSOS og Windows CE.

Det seinaste tiåret hev sanntidsoperativsystem tufta på open kjeldekode vortne meir og meir populære, som med FreeRTOS og MBed.