Skilnad mellom versjonar av «Riddarspranget»

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk
 
Line 1: Line 1:
Segner. Riddarspranget. Innved skiftet millom Gudbrandsdalen og Valdres ligg Nedre Heimdalen med Heimdalsvatnet, ein gild fjelldal med framifrå hamn og reinsfjell. Nedre Heimdalsvatnet hev alltid vore i ord og spur, og vore eit av dei glupaste fisker, vatni i høgfjelli. det var mykje til eiga, den Heimdalen! Frå fyrsten høyrde Heimdalen Valdres til, og det kane ein sjå når ein ansar um korleis dalen ligg til, og korleis Valdres skiftet elles skjer til på dei kantane. Men korleis det kom seg at Heimdalen vart høyrande  
+
Innved skiftet millom Gudbrandsdalen og Valdres ligg Nedre Heimdalen med Heimdalsvatnet, ein gild fjelldal med framifrå hamn og reinsfjell. Nedre Heimdalsvatnet hev alltid vore i ord og spur, og vore eit av dei glupaste fiskevatni i høgfjelli. det var mykje til eiga, den Heimdalen! Frå fyrsten høyrde Heimdalen Valdres til, og det kann ein sjå når ein ansar um korleis dalen ligg til, og korleis Valdres-skiftet elles skjer til på dei kantane. Men korleis det kom seg at Heimdalen vart høyrande til Gudbrandsdalen, det skal de no få greida på.
  
til Gudbrandsdalen, det skal de no tå greida på. På Sambu på Vågå budde det ei gamal riddarætt som heitte Gjæsling. Dei var utav ei lendmanns:ætt som visst alt får til å røta seg på den tid Heilag: Olav kristna bygdi. Då Sverre var konge, var gamle Ivar Gjæsling den mek-tigaste mannen i Gudbrandsdalen, og etter hans dagar hev Ivars:namnet stedt halde seg i den ætti. Då dette gjekk fyre seg som her skal forteljast, budde det 6g ein Ivar Gjæsling på Sambu. Tidi er det ikkje so greidt å vita visst, men det kann no tenkjast å ha vore millom 1230 og 1300. Same belet var det ein riddar på Kvie i Valdres, Sigvat på Kvie. Det var både ein staut, røseleg kar og den mektigaste mann i Valdres:bygdene i dei dagar. Kvieætti var endå komi i giftarmålsskyldskap med kongs:ætti, so det var ikkje små: folk, dei Kvie:riddarane. Men imillom Ivar Gjæsling på Sambu og Sigvat på Kvie — han budde no elles på Melby — hadde det vorte hard uvenskap, so dei låg etter einannan både med odd og egg. Denne usams naden kom seg ifrå fyrst av strid um Heimdalen og fiskingi i Heimdalsvatnet. Valdrisane totte fulla at Nedre Heim: dalen låg på deira eiga so vel som Øvre Heimdalen, og når Sigvat på Melby låg i Øvre Heimdalen, so fiska han i Nedre H eimdalsvatnet og, um Ivar Gjæsling aldri so mykje hadde teke eigni på vatnet. Og råka han karane hans Ivar ved Osen, so dengde han deim og sette eld på bu og naust. Men kom Ivar der sjølv med mannskap og vilde taka hemn og forsvara eiga si, so torde ikkje Sigvat yppa seg; då var han ikkje lenge um å koma seg heim åt Melby att. For når det galdt um makti, so var Gjæslingen for tung for han Sigvat. Dette gjekk soleis ei tid: kvar gong Ivar freista å få tak på Sigvat for snikje:- ferdi hans i Heimdalen, var han burte; men når han visste at Ivar var heim åt Sambu komen att, hadde han sitt bruk i Heimdalen, som det skulde vore hans rette odel og eiga.  
+
På Sambu på Vågå budde det ei gamal riddarætt som heitte Gjæsling. Dei var utav ei lendmanns-ætt som visst alt fòr til å røta seg på den tid Heilag-Olav kristna bygdi. Då Sverre var konge, var gamle Ivar Gjæsling den mektigaste mannen i Gudbrandsdalen, og etter hans dagar hev Ivars-namnet stødt halde seg i den ætti.  
  
Men attåt denne uvenskapen Heimdalen kom det noko anna, sot: ikkje var fallegt til å døyva hatet mill% dei tvo. Nord i Skarvangen på Vågå voks det upp ei gjenta som var so for vakker, at ho var namnspurd for det, og vart kalla Skarvangs:soli. Ivar Gjæsling hadde øyde gardar og eigor uppi Skog: bygdi og Skarvangen, og fôr ofte der uppe, og då Skarvangscsoli var fullvaksi gjenta, fekk han hug å flytta henne til Sambu, so ho kunde skina der i garden Men fyrr han kom so langt, hadde Sigvat. Kvie på ei eller onnor vis fått høve til å råka Skarvangs:soli, han 6g, og med di han var den venaste av dei tvo, fekk nok han hugen hennar. Då dette kom for øyro hans Ivar Gjæsling, tok han gjenta til gards med ein gong. Han tenkte fulla det var lite trygt å ha henne uppi Skarvangen lenger, når hans argaste fiende hadde kasta augo sine på henne. Fyrr han kunde få tid til å gjera eit semelegt gjestebod på Sambu, laut han gjera ei ferd i kongens ærend til Dovre og Lesja, og kom til å verta burte i nokre dagar. Han tok med seg det meste våpenføre mannskapet sitt, og Sambu var det att berre arbeidsfolk og nokre få vaktmenner. Ikkje fyrr hadde Ivar Gjæsling ride ut or garden, fyrr Skarvangs:soli fekk sendt eit snarbod til Melby og varsla Sigvat um at no var ho sett i bur, og vilde han løysa henne ut, fekk han koma fort, medan hauken var burte. Etter dette bodet kom Sigvat med all si makt, drap vaktene og gardsfolket Sambu, tok Skarvangs:soli, og sette eld på garden. Då han reid nordetter imot Finnbrui med Skarvangs:soli på sål: knappen, vende han seg i sålen og såg attende ved Sambu, og då han såg logen stod til himmels, sa han: »No gjel raudhanen yver ulvehiet.« Han sprengreid for å koma ut or bygdi; for han visste, at kom »ulven« att no, og nådde honom, so såg han ikkje Valdres meir. Fyrr brandane var slokna i hustuftene på Sambu, kom Ivar Gjæsling att, og
+
Då dette gjekk fyre seg som her skal forteljast, budde det òg ein Ivar Gjæsling Sambu. Tidi er det ikkje so greidt å vita visst, men det kann no tenkjast å ha vore millom 1230 og 1300. Same belet var det ein riddar Kvie i Valdres, Sigvat på Kvie. Det var både ein staut, røseleg kar og den mektigaste mann i Valdres-bygdene i dei dagar. Kvieætti var endå komi i giftarmålsskyldskap med kongs-ætti, so det var ikkje småfolk, dei Kvie-riddarane.
  
 +
Men imillom Ivar Gjæsling på Sambu og Sigvat på Kvie — han budde no elles på Melby — hadde det vorte hard uvenskap, so dei låg etter einannan både med odd og egg. Denne usamnaden kom seg ifrå fyrst av strid um Heimdalen og fiskingi i Heimdalsvatnet. Valdrisane totte fulla at Nedre Heimdalen låg på deira eiga so vel som Øvre Heimdalen, og når Sigvat på Melby låg i Øvre Heimdalen, so fiska han i Nedre Heimdalsvatnet og, um Ivar Gjæsling aldri so mykje hadde teke eigni på vatnet. Og råka han karane hans Ivar ved Osen, so dengde han deim og sette eld på bu og naust. Men kom Ivar der sjølv med mannskap og vilde taka hemn og forsvara eiga si, so torde ikkje Sigvat yppa seg; då var han ikkje lenge um å koma seg heim åt Melby att. For når det galdt um makti, so var Gjæslingen for tung for han Sigvat.
  
 +
Dette gjekk soleis ei tid: kvar gong Ivar freista å få tak på Sigvat for snikje-ferdi hans i Heimdalen, var han burte; men når han visste at Ivar var heim åt Sambu komen att, hadde han sitt bruk i Heimdalen, som det skulde vore hans rette odel og eiga.
  
(13 nal' ilaai sancta‘st Kunue era so langt på heimleidi komen endå, sette han etter med det same. • Kvie:riddaren og fylgjet hans vann ikkje lenger med dagen enn burti Fugle: sæter ved Tesse. Der vilde han halda kvild myrkaste natti. Men han hadde otte på seg, og sette ein traust mann til 5 halda vakt. I grålysingi um mor: ganen kom han Ivar Gjæsling etter, og då han tottest vera viss på at han hadde skarven i Fuglesæter, var det kunsten å koma usedd yver Fuglesætermyrane. Fekk valdrisane sjå deim, so visste han Ivar at dei sette på skogen; Kvie: riddaren torde aldri gå imot honorn i ærleg strid. Difor let han mannskapet sitt skjera seg kvar si grøn lauvbuska, som dei skulde bera framfor seg medan dei gjekk yver myri. Dette gjekk vel og lenge, men so merka vakti at bjørke: skogen flytte seg, og vara Sigvat um det: »No ser eg skogen går,« sa han. Då Sigvat høyrde det, slengde han seg med ein gong på hesteryggen med Skarvangs:soli, tok beinaste leidi han fann, austetter fjellet innpå Veflyi. Våpen: sveinen hans fylgde honom; men det andre mannskapet hans nådde Ivar Gjæsling atti ved Fuglesæter, og hogg det ned til siste mann. Medan det stod på, fekk Sigvat ein liten undanmun, og det trong han vel, for Ivar var ikkje langt etter. Valdres:riddaren reid det hesten orka, for no galdt det livet. Ved enden av Veflyi tok han ned mot Sjo: dalen; for einaste utvegen han visste, ‘ar um han kunde nå nedmed Sjoa til eit sprang i elvefaret, utunder Sjolid: kampen, som han visste um. Men hesten hans heldt på og sprengdest, og attan: for honom seig Ivar næmare og næmare innpå honom. Det var so vidt han rakk fram eit steinkast fyre Ivar. Her var det ikkje tid til å eva seg um; difor tok han Skarvangs:soli under armen og skaut seg yver. Våpensveinen hans skaut Seg etter med det same, men då vende Sigvat seg og grytte han att og bak nedi kvile fossen. Det var fulla til å syna Ivar korleis han tenkte seg til å gjera med den som våga seg til å gjera
+
Men attåt denne uvenskapen um Heimdalen kom det noko anna, som ikkje var fallegt til å døyva hatet millom dei tvo.  
  
spranget etter honom. Det var ingen som torde våga seg, korkje Ivar Gjæs,- ling sjølv eller nokon av mennene hans. Spranget kann ikkje vera so langt at det er vyrdande for ein frisk kar, men lendet er noko uskaplegt, og ugodslegt å sjå med di Sjoa fossar og dundrar djupt nedi dei tronge klovane. Og dertil stod Kvie:riddaren på hi sida med nake sverd, og var ferdig til å senda kven som kom beint ned i ville gapet. På denne gjerdi berga Sigvat seg. Ivar Gjæsling og mannskapet hans snudde og tok på heimferdi, og Valdres:riddaren tok til fjells med Skarvangs:soli. Um mannskapet hans hadde sett livet til, kvar ein kryp, so kunde han likevel koma høg heim i bygdi att: Sambu hadde han brent, og Skarvangs=soli kom han med på sålknappen. For denne ranarferdi si laut Kvie: riddaren gjeva Ivar Gjæsling brev på Nedre Heimdalen til full eiga og odel for honom og hans ættmenner, med vatn, hamn og fjell, alt som Heimdal heiter, og alt som til Heimdals hallar. Men den trongdi i Sjoa som Kvie:riddaren sprang yver med Skarvangs:soli under armen, hev sidan heitt Riddarspranget, og heiter so den dag i dag.
+
Nord i Skarvangen på Vågå voks det upp ei gjenta som var so makelaust vakker, at ho var namnspurd for det, og vart kalla Skarvangs-soli. Ivar Gjæsling hadde øyde gardar og eigor uppi Skog-bygdi og Skarvangen, og fôr ofte der uppe, og då Skarvangs-soli var fullvaksi gjenta, fekk han hug å flytta henne til Sambu, so ho kunde skina der i garden. Men fyrr han kom so langt, hadde Sigvat Kvie på ei eller onnor vis fått høve til å råka Skarvangs-soli, han òg, og med di han var den venaste av dei tvo, fekk nok han hugen hennar. Då dette kom for øyro hans Ivar Gjæsling, tok han gjenta til gards med ein gong. Han tenkte fulla det var lite trygt å ha henne uppi Skarvangen lenger, når hans argaste fiende hadde kasta augo sine på henne.
Fossegrimen. Alle som i gamle dagar vilde vert ovkarar til å låta på fela, måtte få fosse grimen til å læra seg, for elles vart de ikkje stort av det med spelet. Fossegrimen var eit vasstroll som held seg under ein foss, helst ved eit kvern hus, og der gjorde han stundom eitkvai fantestykket med mylnarane, og stundoi let han so vent, at folk sat reint fo-fjetra, når dei fekk høyra spelet han Stundom spela han friske slåttar, mc stundom sette han slikt grøtelegt ljod fela si, at dei måtte gråta som høyr( på. Han hadde den gjerdi i seg me at han kunde laga seg i mange ska nader, ettersom han var i lag til. V; han erta, so kom han upp or vatnet slik stygg skapnad, at folk vart rei forfærde.  
+
 
 +
Fyrr han kunde få tid til å gjera eit sømelegt gjestebod på Sambu, laut han gjera ei ferd i kongens ærend til Dovre og Lesja, og kom til å verta burte i nokre dagar. Han tok med seg det meste våpenføre mannskapet sitt, og på Sambu var det att berre arbeidsfolk og nokre få vaktmenner.
 +
 
 +
Ikkje fyrr hadde Ivar Gjæsling ride ut or garden, fyrr Skarvangs-soli fekk sendt eit snarbod til Melby og varsla Sigvat um at no var ho sett i bur, og vilde han løysa henne ut, fekk han koma fort, medan hauken var burte. Etter dette bodet kom Sigvat med all si makt, drap vaktene og gardsfolket på Sambu, tok Skarvangs-soli, og sette eld på garden. Då han reid nordetter imot Finnbrui med Skarvangs-soli på sål: knappen, vende han seg i sålen og såg attende ved Sambu, og då han såg logen stod til himmels, sa han: »No gjel raudhanen yver ulvehiet.« Han sprengreid for å koma ut or bygdi; for han visste, at kom »ulven« att no, og nådde honom, so såg han ikkje Valdres meir.
 +
 
 +
Fyrr brandane var slokna i hustuftene på Sambu, kom Ivar Gjæsling att, og då han skyna at ranaren ikkje kunde vera so langt på heimleidi komen endå, sette han etter med det same.
 +
 
 +
Kvie-riddaren og fylgjet hans vann ikkje lenger med dagen enn burti Fugle-sæter ved Tesse. Der vilde han halda kvild myrkaste natti. Men han hadde otte på seg, og sette ein traust mann til å halda vakt. I grålysingi um morgonen kom han Ivar Gjæsling etter, og då han tottest vera viss på at han hadde skarven i Fuglesæter, var det kunsten å koma usedd yver Fuglesætermyrane. Fekk valdrisane sjå deim, so visste han Ivar at dei sette på skogen; Kvie-riddaren torde aldri gå imot honom i ærleg strid. Difor let han mannskapet sitt skjera seg kvar si grøn lauvbuska, som dei skulde bera framfor seg medan dei gjekk yver myri. Dette gjekk vel og lenge, men so merka vakti at bjørkeskogen flytte seg, og vara Sigvat um det: »No ser eg skogen går,« sa han. Då Sigvat høyrde det, slengde han seg med ein gong på hesteryggen med Skarvangs:soli, tok beinaste leidi han fann, austetter fjellet innpå Veflyi. Våpensveinen hans fylgde honom; men det andre mannskapet hans nådde Ivar Gjæsling atti ved Fuglesæter, og hogg det ned til siste mann. Medan det stod på, fekk Sigvat ein liten undanmun, og det trong han vel, for Ivar var ikkje langt etter. Valdres-riddaren reid det hesten orka, for no galdt det livet. Ved enden av Veflyi tok han ned mot Sjodalen; for einaste utvegen han visste, var um han kunde nå nedmed Sjoa til eit sprang i elvefaret, utunder Sjolid-kampen, som han visste um. Men hesten hans heldt på og sprengdest, og attanfor honom seig Ivar næmare og næmare innpå honom. Det var so vidt han rakk fram eit steinkast fyre Ivar. Her var det ikkje tid til å eva seg um; difor tok han Skarvangs-soli under armen og skaut seg yver. Våpensveinen hans skaut seg etter med det same, men då vende Sigvat seg og grytte han att og bak nedi kvile fossen. Det var fulla til å syna Ivar korleis han tenkte seg til å gjera med den som våga seg til å gjera spranget etter honom. Det var ingen som torde våga seg, korkje Ivar Gjæsling sjølv eller nokon av mennene hans. Spranget kann ikkje vera so langt at det er vyrdande for ein frisk kar, men lendet er noko uskaplegt, og ugodslegt å sjå med di Sjoa fossar og dundrar djupt nedi dei tronge klovane. Og dertil stod Kvie-riddaren på hi sida med nake sverd, og var ferdig til å senda kven som kom beint ned i ville gapet.  
 +
 
 +
På denne gjerdi berga Sigvat seg. Ivar Gjæsling og mannskapet hans snudde og tok på heimferdi, og Valdres-riddaren tok til fjells med Skarvangs-soli. Um mannskapet hans hadde sett livet til, kvar ein kryp, so kunde han likevel koma høg heim i bygdi att: Sambu hadde han brent, og Skarvangs-soli kom han med på sålknappen.  
 +
 
 +
For denne ranarferdi si laut Kvie-riddaren gjeva Ivar Gjæsling brev på Nedre Heimdalen til full eiga og odel for honom og hans ættmenner, med vatn, hamn og fjell, alt som Heimdal heiter, og alt som til Heimdals hallar. Men den trongdi i Sjoa som Kvie-riddaren sprang yver med Skarvangs:soli under armen, hev sidan heitt Riddarspranget, og heiter so den dag i dag.  
  
[[Kategori:Segner]]
 
[[Kategori:Segner]]
 
[[Kategori:Eskelands lesebok]]
 
[[Kategori:Eskelands lesebok]]

Siste versjonen frå 16. april 2020 kl. 19:20

Innved skiftet millom Gudbrandsdalen og Valdres ligg Nedre Heimdalen med Heimdalsvatnet, ein gild fjelldal med framifrå hamn og reinsfjell. Nedre Heimdalsvatnet hev alltid vore i ord og spur, og vore eit av dei glupaste fiskevatni i høgfjelli. det var mykje til eiga, den Heimdalen! Frå fyrsten høyrde Heimdalen Valdres til, og det kann ein sjå når ein ansar um korleis dalen ligg til, og korleis Valdres-skiftet elles skjer til på dei kantane. Men korleis det kom seg at Heimdalen vart høyrande til Gudbrandsdalen, det skal de no få greida på.

På Sambu på Vågå budde det ei gamal riddarætt som heitte Gjæsling. Dei var utav ei lendmanns-ætt som visst alt fòr til å røta seg på den tid Heilag-Olav kristna bygdi. Då Sverre var konge, var gamle Ivar Gjæsling den mektigaste mannen i Gudbrandsdalen, og etter hans dagar hev Ivars-namnet stødt halde seg i den ætti.

Då dette gjekk fyre seg som her skal forteljast, budde det òg ein Ivar Gjæsling på Sambu. Tidi er det ikkje so greidt å vita visst, men det kann no tenkjast å ha vore millom 1230 og 1300. Same belet var det ein riddar på Kvie i Valdres, Sigvat på Kvie. Det var både ein staut, røseleg kar og den mektigaste mann i Valdres-bygdene i dei dagar. Kvieætti var endå komi i giftarmålsskyldskap med kongs-ætti, so det var ikkje småfolk, dei Kvie-riddarane.