Radikal og konservativ i målstriden, - og moderate

Frå Sambandet
Gå til: navigering, søk

I den fyrre unionsstriden – striden um den politiske unionen med Sverike – var her tvo parti. Der var eitt konservativt motstandsparti: høgre. Det vilde ha alt soleis som det var og tråheldt på unionen. Sume vilde styrkja han.

So var det eitt radikalt parti, rotveltingsparti: vinstre. Det vilde løysa på unionen so mykje det kunde. Sume drøymde um å få han radt uppløyst.

Men striden vart lang. Sume vart trøytte, og vart liggjande etter. Dei tok til å slå av. Det fekk våga seg um me ikkje fekk alt, sagde dei. Me fekk tinga oss til det som var å få, og verta ferdige med unionsstriden og koma yver til andre uppgåvor. «Bare forhandling» var ordet deira fyre valet i 1903. Dei vart som ein tridje flokk, som nærma seg høgre. Fleire av dei gjævaste, av deim som hadde stade fremst i fridomsstriden, seig att-i denne flokken. Bjørnson var millom deim. Eg hugsar vel eg las artiklane hans i 1903.

Desse «moderate» etterliggjarane og chansesiglarane («samlingsmenn» kalla dei seg gjerne sjølve) vilde gjerne gjelda for å vera mætare enn andre menneske: frilyndte, fordomslause, umframt upplyste; og i ser var dei takksame for di dei ikkje var som desse tverrsette, einsynte, fanatiske vinstre-radikalarane.

Men sjå! Då 1905 kom, var det vegen åt dei hardstadige illgjetne radikalarane det bar like vel.

*

I den unionsstriden me no er uppe i – striden um målunionen med Danmark – er det òg tvo flokkar. Me hev eitt motstandsparti, som vil berga målunionen og tråheld på bokmål: so lite brigde burt frå den tilvande dansken som råd er. Det er dei konservative i denne striden. Ein finn deim serskilt innan det politiske høgrepartiet, men i andre politiske parti òg, ikkje minst millom antipodane til høgre, arbeidarpartiet.

Og me hev ein rotveltingsflokk, som vil løysa upp målunionen. Dei vil setja nynorsk igjenom, utan pruting eller avslag. Det er dei radikale i målstriden.

Men denne striden òg hev vorte lang. Og so vert sume av dei radikale trøytte eller modlause her med, og vert liggjande etter; dei vert moderate og nærmar seg meir eller mindre til dei konservative. Me fær gjeva noko etter, segjer dei; leita fram frå kvar landslut det som bryt minst med den tilvande dansken; nøgja oss med det me kann få. Me lyt verta ferdige med målsaki, og koma yver til viktugare uppgåvor. Jamvel frå ungdomsleidarar kann me høyra denne røysti no.

*

Det er ikkje noko merkelegt at det lagar seg flokkar av meir eller mindre høgre-orientera «moderate» i målsaki òg. Dette er ei ålmenn ovring, som alle store rørslor fær å stridast med med når dei hev vore til ei stund. Alle stader gjeng òg i si tid dei moderate heilt upp i høgre.

Det er ikkje noko merkelegt at mange dregst til denne flokken her hjå oss nettupp no. Fleire grunnar gjer det naturlegt. Millom fleirtalet av filologane herjar det reine bakstrevet. Sume politiske parti er mødde med målsaki, og vil gjerne få kvitta seg med henne, på kva vis det so skal verta. Dei sosiale og økonomiske spursmåli sluker interessa i den mun at det lite vert rom for åndelege og nasjonale hugmål.

Ein kann ikkje vera undren heller yver at dei moderate i dette høvet òg meiner dei er umframt fordomslause og frigjorde, og tykkjer at vanlege målfolk trælar under «treghet, sneverhet og særinteresser». Soleis plar dei «moderate» ha det alle stader.

Men det nye og løgne er at desse moderate her hjå oss, som vil nøgja seg med ei «måtehaldande» løysing, dei vil på døy og drepe kalla seg for radikale! Og dei som vil gå lengst med å slå spelet å ende og løysa upp målunionen, dei skal heita konservative.

No er folket vårt so gjenomloge når det gjeld målspursmålet, at ei usanning eller ein uærlegskap meir eller mindre kann ikkje gjera stort frå eller til, soleis. Men dei lyt koma i hug at sjølve faktum brigdar seg ikkje for di um dei misbrukar ordi. Dei som vil brjota heilast med dansken, representerar radikalismen i målsaki like fullt; og hine er like godt dei som nærmar seg høgre. Dei kjem til å siga lenger og lenger den vegen.

Det er eit ulukkelegt mistak òg, dersom dei trur at dei skal verta rikare med å slarva målreisingi ifrå seg, at dei skal nå lenger med dei andre uppgåvone då. Inkje folk vert rikare med å lata dei åndelege og nasjonale hugmåli fara. Slik uppgjeving er eit merke på åndeleg fatigdom, attåt den andre fatigdomen. Ikkje noko meir.

Men kjeldone til uppattnying, pantet på siger, er å finna der som trui og eldhugen og den uredde viljen er. Det skal syna seg i denne saki òg.


Den 17de Mai, 15. juni 1933